Saturday, 15 February 2020 15:30

Kva rolle spelar bassen? Stig Arne si dagbok januar 2020 Featured

Written by

Godt år og godt nytt tiår! Eg trudde at etter nyttår skulle eg få god tid. Det fekk eg ikke. 

Eg var ikkje før komen inn i det nye året før eg braut ankelen. Det hende i eit slalåmrenn. Eg er medlem i ein klubb/organisasjon som organiserer renn i alpint. Med startnummer, elektronisk tidtaking og det heile. I andre omgongen kolliderte eg med ein port og gjekk overende. Det var jævleg vondt, og på sjukehuset vart det konstatert brot. So no hinkar eg rundt på krykker. Eigentleg ikkje noko stort problem, men alt vert so tungvint og går  frykteleg seint. Men eg skal ikkje klaga. Det er betre med beinbrot enn kreft. No har eg prøvd begge deler. 

Då kan du tru at eg har hatt god tid til å skriva. Det er for so vidt rett. Men når ankelen murrar klarar du ikkje konsentrera deg om noko som helst. Då er det Paracet og Botox - eller var det Ibux? - som hjelper. Og når det heller ikkje hjelper, eit par akevittar i tillegg. Men då skal du kan hende ikke skriva so mykje. Eg ser forresten av historikken min at eg ikkje har skrive noko sidan oktober i fjor. Det stemmer ikkje heilt, for i desember rapporterte eg frå Osafestivalen. Den ligg på “reportasjar”, men kunne kan hende ligga på Dagboka og, slik at det ikkje ser ut som om eg ikkje har gjort noko på 4 månader? Men ok, lat det gamle liggja, no er det nytt år, og for å koma kjapt i gong har eg tenkt å skriva om eit par nylege hendingar som er raske å skriva ut. Og litt om øl, sjølvsagt. 

Kva rolle spelar bassen?

Her ein dag tykte eg lyden frå stereoanlegget var betre enn vanleg, men tenkte ikkje så mykje over det. Det var vel dagsformen, eller ein god dag på e-verket. Dagen etter hadde eg same kjensla. Det let pokker so godt! Eg vart forviten. Dette måtte sjekkast. Eg gjekk bort til forsterkaren, som har tonekontrollar. Har du sett på makan. Bass-kontrollen sto på kvart over 12. Dette fungerte flott på musikk, eg fekk ein feit fin lyd. Det fungerte forresten dårleg på radiostemmer, som vart for feite. Det var vel då eg oppdaga at noko var som det ikkje skulle vera. 

Dette fekk meg til å tenkja. Eg forsto etter kvart kvifor eg likte lyden betre når bassen var skrudd opp eit hakk. Dritthøgtalarane mine har berre eit 6,5” basselement, og slike har vanlegvis ein stigande frekvensrespons. Det blir med andre ord litt tynt i grunntone-området samanlikna med større element. Ein 8-tommar eller 10-tommar hadde vore meir høveleg. Med bassen skrudd litt opp fekk eg med andre ord ein betre balansert lyd, og dette passa bra på mykje av musikken. Det gjekk opp for meg at eit godt balansert grunntoneområde kan hende er det viktigaste for lyden totalt sett, om han skal høyrast naturleg og truverdig ut. Ikkje det at eg ikkje visste det, men det er greitt med ei påminning. Men uansett, som den audiofile puristen eg er, skrudde eg sjølvsagt kontrollen attende til 0. Der gjer han og minst mogeleg skade på lyden, teknisk sett. Og ein audiofil skal jo helst ikkje ha tonekontrollar i det heile. Det er vel eit faktum at i dette tilfellet er det enklaste det beste. Minst mogeleg til å forkludra lyden. Og som sagt, ekstra bass grautar til radiostemmene. Hugsar du dei gamle radiokabinetta? Dei hadde ofte ein vendar for “tale”, “konsert”, “jazz” og eit par andre. Slik var frekvensgangen tilpassa. Ein tankevekkjar. Eg prøvde, for mange år sidan å få reparatøren min til å fjerna/kopla ut tonekontrollane på ein Nad 3020. Han fekk det ikkje til, sidan dei var del av eit tilbakekoplings-krinslaup. Kan hende like greit? Eg kan ikkje hugse kva tid sist eg brukte bass- eller diskantkontrollen, men no ser eg at dei kan hende ikkje er so dumme likavel. Etter denne opplevinga kan det godt hende eg kjem til å bruka dei oftare i framtida; for å kompensera for dårlege innspelingar eller kva det måtte vera. Men hugs å stilla dei attende til 0 før du slår av anlegget for kvelden. Det har hendt at eg har spelt med mono-knappen inne i dagesvis før eg har oppdaga tabben. Lat oss berre innrømma et me ikke alltid er like flinke. Hovmot står som kjent for fall. 

Her kan det høva å sitera naboen, Erlend. Eg var borte hjå han ein kveld for litt musikk og ein øl, og la merke til at lyden var uvanleg feit. Eg kjenner jo anlegget hans. Eg gjekk bort til forsterkaren. “Eg ser loudnessknappen er trykt inn. Har du kome bort i han ved eit uhell?” “Nei”, svara han. “Hugs, Stig Arne, at her i huset er me ikkje audiofile, me er musikarar”. Det vart ikkje snakka meir om hifi den kvelden.

Kva rolle spelar straumforsyninga?

Alle hifi-apparat har ei straumforsyning - som regel bygd inn i apparatet. Men med mobiltelefonar og datamaskiner har me vendt oss til utvortes staumforsyningar - eller sokalla ladarar. Og me hugsar “batterieliminatorane” til reiseradioene. Eg strøymer musikk frå Mac-en min til stereoanlegget via ein HR dac. 

Mac-en må ladast innimellom. Og når maskina er lada opp, bør du kopla i frå laderen att, elles risikerar du å “koka” batteriet, har eg vorte fortalt. Det same gjeld naturlegvis mobilen. Og her ein kveld eg nappa laderen ut, høyrde eg faktisk ein skilnad. Det trudde eg ikkje eg ville gjera. Eg har faktisk høyrt det same ein gong før, men var usikker på om det var innbilning eller ikkje. Men denne gongen var det tydeleg. Dvs, skilnaden er liten, men han er der. Lyden vert litt mindre mekanisk, mindre påtrengande, meir naturleg, litt meir lettflytande, og med større djupne i lydbiletet. Eg svergar ikkje på at eg hadde klart å høyra det i ein blindtest. For dette er ørsmå skilnader i lyd som du kan hende ikkje høyrer når du prøver, men som du kan oppdaga i ein augneblink når du ikkje ein gong tenkte på det. 

Men det burde ikkje forbausa meg at eg høyrde det. Eg har gjort same testen på ein Radionette Kurer reiseradio som hadde nye batteri, og batterieliminator i tillegg. Inn med pluggen frå eliminatoren, og du lyttar til straumforsyninga. Ut att med pluggen, og du lyttar til batteria som straumforsyning. Som i teorien er det beste. Men i praksis? Eg tykte alltid det let sprekare med batterieliminatoren tilkopla. Kva er konklusjonen no, når eg føretrekkjer Mac-en på batteri? Eg er ikkje sikker. Eg hoppar ikkje like raskt på konklusjonar no, som eg gjorde før. Eg tenkjer meg om litt, og prøver på ny. So får me sjå kva det endar opp med. Men det er utvilsomt behagelegare å lytta til batteri åleine, etter ein lang dag.

Ølspalten: Me har ein vinnar

Beklagar, men eg er ikkje heilt ferdig med juleølet. Ei flaske gjekk under radaren. Det lokale polet mitt hadde utruleg nok ikkje tinga (bestilt inn) Hansa sitt beste jolaøl, Juleale, 9%. Dette har Hansa naturlegvis laga for å konkurrera med dei to store, Ringnes og Aass, som begge har to alternativ (6% og 9%). Eg har altså berre smakt Hansa sin Juleøl 6%. Og denne var heilt grei, men ikkje noko særskilt. 

So kom Edvin på vitjing frå Bergen med ein påse øl, og drog opp ein Hansa med GRØN etikett (den vanlege Juleøl har raud). Eg gjorde store auge. Javisst, denne har eg drukke tidlegare, men hadde heilt gløymt han, sidan polet ikkje hadde han i år. Eg grein meg naturlegvis til å få smaka ein skvett, og fekk seinare naboane i vest, Steinar og Sigrid, som også bur i Bergen (til vanleg), til å kjøpa nokre til meg der. Dei kjøpte eit restlager på 11 flasker. Eg skulle gjerne hatt nullar bak. 

For eit øl! Dette er noko av det beste eg har smakt på årevis, uansett kategori. Eg samanlikna både med Ringnes Julebokk og Aass tilsvarande, som eg framleis har eit par att av, med nabo Lars til stades. Me var begge samde om at Hansa ikkje skjemde seg ut mot nokon av dei. Eg utropar hermed Hansa Juleale 9% til vinnaren av årets “jolaøltest". 

Smaken er rik og kraftig, og tydeleg to-delt. Det fyrste som slår deg er maltsmaken, so søt og kraftig at han kan minna om “barley-wine”. Slike gjev meg alltid assiasjonar til frukt, det må vera svisker, fikje eller dadlar  eller noko slikt, utan at eg kan forklara kvifor. Lars kalla det “overmoden frukt”. So kjem smak nummer to rullende innover tunga, ein kombinert uppercut av alkoholstyrken og humle. Eit fantastisk øl med andre ord, med markant smak av både malt, humle og alkohol. Dei svakere juleøla har ikkje dette stikket av alkohol, og er ofte litt for dårleg humla, og då kan smaken verta litt kjedelegare og eindimensjonal. Men her har Hansa truffe midt i blinken på alle punkt, og produsert ein vinnar. Du kan gjerne kalla smaken kompleks, men det er berre eit moteord i mangel på betre karakteristikkar. Smaken er eigentleg enkel, med lett definerbare komponent. Det er slik eg vil ha både øl og vin. Eg har berre ei flaske att, og gler meg alt til neste jul. Må hugsa å minna polet på å bestilla inn.    

Read 3873 times Last modified on Saturday, 15 February 2020 15:55
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items