Wednesday, 20 February 2019 21:17

CD-spelar? – Stig Arne si dagbok februar 2019 Featured

Written by

Folk strøymer musikk som aldri før, og CD-spelaren er korkje so populær eller so turvande som han eingong var. Testar av CD-spelarar vik plassen for testar av DAC-ar og nettverksapparat, kva no det er.

Men me kjøper framleis CD-plater om det er noko heilt spesielt me vil ha, gjer me ikkje? Vel vitande om at lydkvaliteten er betre enn MP3-kvalitet og derikring. Og me har mengder av CD-plater, so ein CD-spelar lyt me ha! Og helst ein liten stabel, for me er komne dit at den gode gamle CD-spelaren har vorte gamal og grinete. Han nektar å spela visse plater eller visse spor, eller han har byrja hoppa, nett so stiften på platespelaren når du gjekk uforsiktig over golvet i gamle dagar. Kven hugsar ikkje den tida, og no er han komen att. CD-spelaren er tydelegvis i ferd med å gå ned for telling grunna utbrent laser, eller kva veit eg. Då er det lurt å ha ein i reserve eller to, for ein brukt CD-spelar får du for ein slikk og ingenting no til dags. Og sidan han ikkje vert brukt so ofte som før, treng ein heller ikkje vera so forferdeleg kritisk på kvaliteten. Eg har endå ikkje høyrt ein CD-spelar som har lete so dårleg at ikke utstår å høyra på han. I nauda. 

 

Denon DCD-820

Ein nabo ville at eg skulle sjå over nokre hifi-komponent som hadde stått under ei seng og samla støv i årevis. CD-spelaren, ein Denon DCD-820 ville han gje vidare til guttungen, som del av eit anlegg me har samarbeidd om å setja opp.

Ein CD-spelar er ein relativt grei komponent å evaluera. Han enten virkar, eller so virker han ikkje. Sett støpselet i veggen, trykk inn PÅ-knappen og vent. Lyser han opp? Flott. Sett i ei CD-plate. Om laseren klarar å lesa TOC-en (Table Of Contents), vil han fortelja deg at plata har 12 spor, til dømes, og er klar til å spela. Trykk Play, og sjå at sekunda går. Han virkar. Jippi! Trykk Neste, og sjekk at han klarar å spela alle spora. Gjer han det, er det ikkje mykje anna du treng å gjera enn å gje han ein vask, og reingjera utgangsbøssingane på bakplata med raudsprit, rensespray eller kva du måtte ha for handa. Du kan sikkert bruka ein skvett vodka og om du ikkje har noko anna. Og ein til deg sjølv. Drypp litt på den tjukke enden av ein piperensar. Q-tipsen vert for tjukk.

Du treng ikkje skru av toppdekselet for å sjekka innmaten, for dei aller fleste CD-spelarar har deksel utan lufteriller, sidan ein slik spelar utviklar minimalt med varme. Dimed vil han ikkje verta full i støv, slik ein forsterker ofte vil.

Forresten, vent litt: Mange eldre spelarar har problem med å køyra CD-skuffa ut og inn. Det kan skuldast inntørka olje eller grease i deler av transporten. Om du ikkje får gjort noko med det, er det berre å venja seg til å hjelpa transporten litt ut og inn. Trykk Eject, og dra skuffa ut. Og hjelp ho inn att med eit forsiktig trykk. Dersom der er ei reim som dreg skuffa ut og inn i staden for tannhjul, kan denne ha strekt seg med åra, og slurar, som viftereima på ein bil. Dei fleste kjenner den lyden. Ein radioreparatør kan som regel skaffa ny reim, eller du kan gjera som eg har gjort eit par gonger: Klypp av reima ein halv centimeter, og lim ho saman att med lynlim. For mange år sidan skaffa eg ein billeg brukt CD-spelar til ei venninne, som hadde fylgjande unote (spelaren, ikkje dama): Skuffa gjekk ut, og lynraskt inn att. Trikset var å halda att skuffa i stilling ut med makt, leggja i CD-plata, og sleppa. Spelaren er framleis i bruk! Alt vert ein vane. 

 

Du må ha fjernkontroll

DCD-820 har ei merkeleg finesse: Han har ein “variable” utgang som den einaste (med unntak av den digitale), og om spelaren ikkje har vore i bruk på ei stund regulerar han utgangssignalet ned til -20dB. Eg skjønte ingenting når eg kopla han opp i anlegget og byrja spela, for alt virka, men volumet var so lågt!

Etter litt detektivarbeid fann eg til slutt ut at volumet kan regulerast frå fjernkontrollen, som eigaren heldigvis hadde. Men eg betrakter dette som dårleg gjennomtenkt. Eg har kjøpt mange brukte CD-spelarar opp gjennom åra, og typisk for dei fleste er at det ikkje fylgjer med fjernkontroll. Eg har ikkje ein einaste fjernkontroll i anlegget mitt. Kva skal du med det, om du ikkje er rullestolsbrukar? Om du ikkje maktar å gå dei få metrane bort til stereoanlegget, bør du kan hende vurdera livsstilen din. Men i dette høvet er du altså avhengig av fjernkontroll.

Og kva skal du dessutan med ein variabel utgang? Har du ikkje volumkontroll på forsterkaren? Denne type finesser, og mange andre, som du eigentleg ikkje har bruk for, gjer berre ein ting: Å redusera lydkvaliteten på eit elles godt produkt. Eg er ganske forbanna på dei store produsentane som på denne måten både fordummar og undervurderar kundane sine. Me vil ha vellydande produkt som er enkle å bruka, vil me ikkje? 

 

 

Lydkvalitet

Endeleg oppkopla gjev spelaren eit positivt inntrykk. Lyden er jamn og samanhengande, ingenting stikk seg ut, og ingenting kjennest kunstig, feil eller irriterande. Lyden er behageleg og høfleg, eg trur dette er ein lyd dei fleste kan lika og trivast med. Eg brukte ei krevjande plate til lyttetesten, Håkon Kornstad med KORK (kringkastingsorkesteret), live, her er både vokal, saksofon, og symfoniorkester. Lyden har korkje same perspektiviske djupna eller er like detaljert som dei beste spelarane eg har, og kjennest heller ikkje like tilstadeverande. Men hugs at dette er ein rimeleg spelar, han kosta kring 2500 kroner i si tid (90-talet?). Han er relativt lett, 4kg, og har sideveggar og bakveggar av plast, ein tydeleg indikasjon på innsparingar. Kjøparen var vel student på den tida spelaren vart kjøpt, og hadde ikkje råd til noko dyrare. Om ikkje, hadde det nok vore lurt å gå eit hakk opp.

Uansett, det grunnleggjande er i orden, og den kyndige kan alltids sjekka internett for forslag til modifikasjonar og forbetringar. Det mest åpenlyse er å sjekka utgangen for forenklingar, som t.d. om eventuelle muting-krinslaup og utgangskondensatorar kan fjernast. Uansett, etter at toppdekselet hadde fått ein omgang bonevoks for bil ser spelaren nesten ut som ny. Eg trur den nye eigaren vert nøgd. 

 

Ølspalten           

Kjempetabbe

Basert på heller lunkne røynsler med Hansa Julebrygg sin butikkvariant, som eg tykkjer har ein litt rar og heller overdriven søtsmak, kjøpte eg ikkje Julebryggvarianten på polet, berre den vanlege Juleøl. Kjempetabbe. Her ein laurdagskveld hadde ein av gjestene med ein Hansa Julebrygg, polvarianten, som me samanlikna med ein av mine Hansa Juleøl (frå polet denne og). Julebrygg-varianten var suveren, smaksrik og kraftig, og fullt på høgde med kva som helst jolaøl me prøvde etterpå. Etter dette smakte Juleøl-varianten heller tamt, sjølv om denne og er god. Skulle ynskje eg hadde kjøpt mengder av Julebrygg. No veit eg ikkje om han er råd å fa tak i lenger. Skal sjekka på måndag. Det er sundags kveld når eg skriv dette. 

 

Færder

Færder mikrobryggeri held til i Tønsberg, og i jolagåva fekk eg ein trepakning (sjå bilete) kjøpt på Polet, kalla Gull, Røkelse og Myrra. Heilt fantastiske øl alle tre. Røykjelse smakte stout/porter, Myrra som ein jolaøl, og Gull drakk eg nokre dagar i førevegen og hugsar ingenting av. Men eg hugsar at han smakte. Spør gjerne etter Færder neste gong du er på polet. 

 

 

Nøgne Ø

Her ein kveld drakk eg og Lars oss gjennom nokre poløl, sjå det biletet som byrjar med Nøgne Ø til venstre, kalla “Hopped barley wine”. Denne var heilt usannsynleg kraftig, søt og god, i den grad at alle dei andre på biletet forsvann i skuggen av Ø, sjølv om dei var gode. Må prøvast! Ikkje ein øl du drikk mange av, men du verda for ei smaksbombe. Som å drikka den finaste konjakk, ein tysk Eiswein eller ein italiensk Amarone. Eg kan ikkje minnast at denne ølen står attende for noko eg har smakt, heller ikkje belgisk klostervin. Det er no godt ein ikkje treng vera munk eller bu i kloster for å laga god øl.

 

 

  

Read 6377 times Last modified on Friday, 22 March 2019 19:52
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items