Tuesday, 22 August 2006 23:00

Fire ulike spelarar av sølvplater

Written by

Denon DVD 1920 - Onkyo DV-SP503E - Pioneer DV-989AVI - Rotel RDV-03

Det kryr av avspelingsmaskiner for ulike format, og mange har behov for å spele meir enn CD. Her er ei omtale av fire kvalitetsspelarar på ulike ambisjonsnivå. Felles for dei er at dei klarer både god lyd og skikkeleg bilde.


Av Arve Åheim, juni 2006, publisert 23.august 2006 

Denon DVD 1920
Denne spelaren er ikkje på nokon måte prangande, og signaliserer på alle måtar at han er ein del av mid-fi segmentet.  Prisen er også så lav at det er tydeleg at det er andre produkt Denon satsar på når dei skal imponere.

Dette er altså ein slik sak du kjøper fordi du er fornuftig. Kva får du så for pengane?

Eigenskapar og design
Aller først må det nemnast at designet er tilpassa Denon sitt forsterkarutstyr, så eg prøvde spelaren spesielt ut saman med receivaren AVR 2106. Tar du straumuttaket frå denne, har du full kontroll på heile heimekinoen din gjennom ein fjernkontroll, så nær som nokre val som må gjerast gjennom DVD1920 sin medfylgjande. Men dei meir daglegdagse funksjonane er altså tilgjengelege gjennom felles fjernkontroll, og sannsynlegvis ganske lettvint å tilpasse med ein programmerbar, sjølv om eg ikkje hadde tilgong på slike i utprøvingsperioden.

Så har du ein del smådioder på fronten som du knapt legg merke til før dei aktiviserast. Men då kan det hende at augebryna vert heva. Her er HDMI, DVD-A, SACD så vel som symbol for det meste av sølvplateformat du kan tenkje deg. Denon har tydelegvis lagt nesten alle kostnadar i spelaren inn på å betale lisensar.

Endå meir fornøgd med produktet vert du når du snur spelaren, og finn uttak for RGB, HDMI, SCART,S-video, coax og optisk digital, og sjølvsagt 5.1- signaluttak. Berre eigne stereouttak manglar, noko som du må omdefinere spelaren til via oppsettmenyen og fjernkontrollen.

Lyd-og bildekvalitetar
Resultatet når det gjeld lydkvalitet kjem mykje an på korleis du brukar denne poteta. Det mest nærliggjande var å bruke spelaren i surroundanlegget, der HDMI-koplinga til Sanyo Z4 var utprega beste måten eg fekk bildekvalitet på. Utmerka på alle måtar, og definitivt ein av dei mest kostnadseffektive måtar bildesida i heimekinoen kan ivaretakast.

Lyd er litt vanskelegare å velje rett oppsett på. For meg er det viktig korleis dei 6 analoge kanalane fungerer, då eg legg stor vekt på SACD-kvalitetane. Sidan det ikkje er råd å overføre SACD-signala digitalt (iallfall ikkje på produkt i folkeleg prisklasse), har altså spelaren hovudansvaret for lyden. Du kan ikkje bruke forsterkaren sine digitale fasilitetar utan å konvertere lyden ein gong til, noko som slett ikkje er ynskjeleg. Uansett kor god kvaliteten på slik konvertering er, vil faren for kvalitetstap vere til stades.

Slik spelaren fungerte som surround DVD-spelar, var det svært lite å utsette på lydkvaliteten. Sjølv om DVD1920 er ein lett, liten boks til låg pris, er det ein fullverdig sak til heimekino. Og eg vart dessutan skikkeleg imponert over måten både DVD-A og SACD vart attgjeve på. Spelast CD må eg vel seie at dette var heilt ok, men at eit par vesentleg dyrare reine CD-spelarar eg hadde i hus under utprøvingsperioden gjorde langt meir ut av mediet (vi snakkar då om apparat som kostar over 10 000). Men sjølv om dynamikk og perspektiveigenskapar ikkje akkurat forbløffar i stereooppsett, er det ikkje snakk om anna enn rimeleg høg kvalitet for pengane også når det gjeld CD. Og i surroundanlegget er det absolutt ingenting å klage på. DVD-1920 er absolutt musikalsk og hyggjeleg å høyre på, utan korkje hard eller varm klangfarging.

Akkurat SACD var kanskje eit lite hakk betre enn når eg brukte min noko tilårskomne reine Sony SACD-spelar, men det er kanskje ikkje så rart? Og sjølv om det er råd å få betre SACD-spelarar -  eit viktig poeng med DVD-1920 er nettopp å ha ein liten boks som spelar alle viktige format på ein anstendig måte. Her genererast ikkje særleg varme, og her er alt du treng av kontaktar, slik at spelaren kan brukast i alle tenkjelege samanhengar. 



Onkyo DV-SP503E


Onkyo sitt bod på ein rimeleg spelar som er i stand til å takle alle sølvplateformat er prisa ein del høgre enn Denon, og manglar dessutan HDMI-uttak. Men spelaren taklar både dine heimebrende plater med stillbilde i JPEG-format og masse anna. Elles har spelaren alle vanlege tilslutningar, også fleirkanals analogutgang, slik ein må på SACD på normale apparat. Bildeutgangane er anten komponent, S-video eller vanleg phono, med brytar der du vel ein av desse, om du ikkje vil bruke scart. Fronten er enkel og grei, med ekstra funksjonstastar som tilsvarer menysystemet på fjernkontrollen. Her kan du altså klare deg heilt utan fjernkontroll om du vil. Men her er også litt ekstra handlingsrom , kva informasjon du vil ha vist i displayet, lysstyrke, progressiv søking – litt smånyttig småsnacks som er fint å ha når du berre vert vant til å bruke det.


Avspeling av SACD var god og skikkeleg, og diskantattgjevinga var tatt vare på slik vi forventar oss frå mediet, og SP503 kjem godt ut av direkte samanlikning med DVD 1920, men som venteleg ikkje på høgd med Pioneer sin mykje dyrare spelar. CD-attgjevinga er også god og nøytral, med ein karakter som gjer det lett å lytte og finne detaljane i musikken, om enn ikkje slik at vi får bruk for dei aller beste superlativa. Når det gjeld DVD og film, er det sprut i fargane, og ei klar forbetring av kva du får ut av Denon DVD-1920 når du ikkje brukar HDMI-utgang. Digital bildeoverføring er det einaste direkte saknet for den som skal ha ein skikkeleg kvalitetsspelar. For den som er på jakt etter ein god multispelar med høve til å spele alle sølvplateformat på marknaden, er DV-SP503E ein skikkeleg sak, med lydkvalitet heilt i tråd med kva du kan forlange til prisen, og dertil ekstra godt gjennomtenkt brukskomfort. Om du ikkje har TV eller projektor med HDMI-tilkopling, er dette eit rimelegare alternativ enn den dyre DV-989AVi frå Pioneer, og eit hakk betre enn Denon DVD-1920.



Pioneer DV-989AVI
Dette er den definitivt dyraste spelaren i testen, som Pioneer har utstyrt med det aller meste, og alt eg kan komme på å forlange. Eit litt prangande logo på fronten fortel alle innan ein 7-8 meters avstand at her er det HDMI-utgang, men baksida syner også to vanlege coax og to S-video videoutgangar, komponent, to scart (der den eine også kan brukast til inngang), og lydsida har coax og opisk digitalutgang, s400, separat fleirkanal og stereoutgang. På framsida er dei vanlege kontrollane, men også ekstra knappar for innstilling av korleis du vil spele av SACD-platene dine.

Dette er ein spelar med høge lydambisjonar for alle format sølvplater. Og det vart sjølvsagt med ein del forventningar eg kopla til apparatet i surroundoppsettet. Lat oss seie det enkelt; eg vart ikkje skuffa på noko punkt. Og det sjølv om eg ikkje fekk prøve å overføre SACD-signalet til forsterkaren digitalt i denne omgong (ja, 989AVi skal kunne gjere dette).

Surroundlyden var storarta, og alle mine ynskjemål om å høyre multikanalsopptak på ein skikkeleg måte vart innfridde, i den grad innspelingane inviterte til dette.

Det gjekk sjølvsagt fint å bruke dei digitale utgangane, men med unntak av lyden eg fekk via Rotel RSX-03 overgjekk den innebygde DAK-en umiddelbart og eintydig dei andre receiverane eg hadde til utprøving. Lyden var så god at det var nødvendig å prøve DV-989AVi i to-kanalsanlegget i rom #1, der han gjorde ein fenomenal jobb, spesielt med SACD. Berre i minne og notatar om Marantz sin fine SA11S1 og nokre få, svinedyre konkurrentar, framfører SACD-innspelingar på ein måte eg kan hugse som merkbart betre. Så kom turen til CD, sølvplateformatet som er meir utbreidd enn noko anna, og som trass alt er viktigast for dei fleste av oss. DV-989 gjorde den klart beste jobben også innan CD-avspeling. Også mine to DVD-A-plater vart også attgjeve slik at spelaren kom øvst på pallen også i dette formatet.

Som alle andre musikkavspelarar har DVD-989 ein eigenlyd som ikkje er så lett å beskrive. Det går på å formidle litt varme og snert i dynamikken, på same måte som mange rørprodukt kan gjere i eit godt anlegg. Om du vil ha ei direkte samanlikning, kan eg seie at spelaren har eit snev av den musikalske entusiasme som t.d. den rørbaserte CD-spelaren frå JoLida har. Men også ein flott detaljrikdom som det er lett å verte glad i.

Etter kvart som utprøvinga gjekk framover, vart eg berre meir og meir fascinert av denne spelaren. Den kostar meir enn dobbelt så mykje som den nest dyraste i denne testen, det er så. Men det er ikkje SÅ dyrt med tolv kkr, trass alt....Om du ynskjer å lytte til alle sølvplateformata, er DV-989 det opplagde val om du vil koste på deg ein svært god spelar som taklar alle desse. Alternativet er å kjøpe fleire spelarar, konkret ut frå kor sterkt du prioriterer dei ulike formata. Er CD det viktigaste i heimen, vil nok mange ha ein svært påkosta sak til dette, medan dei to øvrige formata kanskje må klare seg med meir audmjuke saker. Personleg tykkjer eg det er dumt, for 989 får så mykje ut av både DVD-A og SACD at det er skikkeleg moro å spele desse formata.

Bildesida er også ein draum. HDMI-uttaket er nok beste måten å få signalet fram til projektoren, men her er skilnaden til dei tradisjonelle uttaka mindre enn på Denon DVD1920. Dette er ein draum for heimekinoen, med ein nyanseevne på fargar og rørsler som eg ikkje har sett maken til i billeg-segmentet. I all mi begeistring må eg likevel minne meg sjølv og lesaren på at han kostar meir enn dei tre andre spelarane i denne artikkelen til saman!

Rotel RDV-03
Her finn du berre analogutgang for stereosignal på lyden, og det er tydeleg at Rotel tenkjer at mest mogleg av den digitale handsaminga av lyden skal gå føre seg i receivaren. Ut over dette er det berre digital coax og optisk som tappar lyden. Bildet er anten via scart, komponent, s-video eller vanleg phonokontrakt.

Spelaren er i eit design som passar godt til RSX-03, og er eit utmerka val til denne receivaren. Sidan Rotel ikkje har ambisjonar om å spele av SACD, treng ein ikkje bruke store ressursar på analogsida. Denne held nok mål for mange musikkentusiastar, men dei fleste aktuelle kjøparar satsar nok på ein receivar med god DAK innebygd. For meg som trass alt har fått sansen for SACD er dette eit minus, men for den som skal ha ein heimekino og som elles spelar CD i to kanalar – eller brukar eitt av dei innebygde ”syntetiske multikanalsoppsetta” i receivaren, er dette ei heilt grei løysing.

Når det gjeld lyd, er det ingenting å utsetje på RDV-03. Det er ein spelar i høg klasse, god nok til å vere rein CD-spelar for folk som ikkje stiller ekstreme krav om dynamikk, og heilt topp saman med RSX-03. Bildesida er også eit hakk over dei to rimelege konkurrentane, men det er meir å hente om du tredoblar beløpet og går for Pioneer 989 - her er det eit stykke att. 

Konklusjon:
Dei fire spelarane eg har prøvd ut i denne omgang, er ganske ulike. Det er likevel ikkje lett å seie kva som er mest for pengane, og nesten uråd å seie kva som er ”best” sånn generelt. Her oppsummerar vi berre skilnaden på dei fire spelarane (poeng får du som held lommeboka bestemme):

Konklusjon:
For den som ventar på blålaser, men som har behov for å spele alle typar sølvskiver, er Denon DVD-1920 eit opplagt val. Den kostar svært lite samanlikna med andre spelarar som har tilsvarande fasilitetar, og er vel det mest fornuftige for den som har sett kvaliteten på HDMI-overføring av bilde. Er du på jakt etter ei rimeleg maskin som kan takle alle format, er det ingen konkurrentar til DVD1920. Pris like under 3000, og med anstendig lydkvalitet for både CD, SACD og dei ulike DVD-formata. Og via HDMI-uttaket er bildekvaliteten så god at det overgår ikkje-digitale alternativ med tydeleg margin.

Pris: 2 998,00

Link: http://www.hifiklubben.com/NO/

Same HDMI-uttak får du også på den langt dyrare Pioneer DV-989AVi, og dessutan skikkeleg solid lydkvalitet, som på alle punkt grundig forbetrar det du kan få ut av Denon sitt rimelege alternativ. Det er vel knapt nokon annan spelar som tek alle format så seriøst, og du skal bruke alvorleg med kronasje, gjerne kjøpe separate apparat om du skal gjere det betre enn Pioneer sin toppmodell. Spelaren er altså eigentleg ikkje dyr ut i frå kva fasiltetar og lydkvalitetar du får att for det du betalar. Men med ein pris som kanskje gjer spelaren litt urettferdig å samanlikne dei andre med?

Pris: 11 998,00

Link til importør: www.pioneer.no

Om du ikkje treng HDMI, men framfor alt ynskjer å prioritere lydkvalitet frå alle media høgt, er Onkyo DV-SP503E noko av det mest fornuftige du kan velje. Bildesida er grei, men ikkje så god som Pioneer, og heller ikkje så god som Denon DVD-1920 om du brukar HDMI. Her er også ein del komfortable fasilitetar som kan vere interessante for mange.

Pris:3995,00 

Link til importør: www.mono.no

Link til produsent: http://www.eu.onkyo.com/

Endeleg har vi eit apparat som er tilpassa kinoentusiasten med behov for topp lydkvalitet. Rotel RDV-03 er ein kjempespelar, og har ein symbiose med RSX-03-receivaren av svært høg klasse, både når det gjeld lyd og bilde. Det du ikkje får med denne kombinasjonen, er HDMI-overføring eller SACD-avspeling. Men klarer du deg utan dette, slepp du å betale høgre pris enn 3 995,00.

Link: http://europe.rotel.com 

Importør: www.nebyhifi.no

Read 11142 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.