Friday, 07 February 2014 12:43

Signalkabelen Paradox The Link RCA - Paradoxal Kabelmoro, andre akt.

Written by

The Link

På dette feltet har eg meir erfaring, og har tidlegare registrert at rett signalkabel kan føre til ikkje berre merkbare, og kanskje endåtil markante kvalitetshevingar av lyden, slik at du mislikar å gå attende til referansen når du samanliknar.

Les meir:

Denne artikkelen er fortsettelsen av Nettkabelen Edison Coil - Paradoxal kabelmoro, fyrste akt.

Dette gjeld spesielt kablar som går frå pickup til riaatrinn, men også elles. Inntil nyleg har eg operert med separat forforsterkar og effektforsterkar. Kablane her kan vere viktige, men ikkje alltid.  Eg har inntrykk av at nokre transistorkonstruksjonar nesten ikkje bryr seg i det heile, medan andre er ganske kritiske.  Det har nok mest med impedansetilpasningar å gjere.

Frå signalkjelda til forforsterkaren er det spesielt viktig å tenke på skjerming, slik at ikkje utstyret sine trafoar, straumleidningar eller anna skapar interferens. Nokre av referansekablane mine (installasjonsleidning av massiv kopar med Eichmann Bulletpluggar, laga av Stig Arne Skilbrei) er meir vare for ytre påverknad enn t..d Viablue sine (desse kan ligge i skikkeleg ”fuglereir” utan at lyden forringast nemneverdig). Ut frå dette, vart Stig Arne sine elles utmerka kablar helde utanfor samanlikninga då eg gjorde dei siste vurderingane av signalkablane. Men det er uansett lurt å tenke gjennom korleis kablane er plasserte innbyrdes om anlegget skal vere optimalt. Eg har tidlegare opplevd kablar som let dårleg, trass i høg pris, men dette skuldast dårleg terminering. Dårleg handverk er altså ein faktor som du må passe deg for. Eg har også måtte kaste kablar som i utgangspunktet har verka solide nok, men etter mange års bruk har dei rett og slett vortne utslitne, slik at det ikkje er skikkeleg kontakt, eller at det rett og slett har vorte brot på leiarane. Så kabelkvalitet går vidare enn det du kan avsløre med ein A/B-samanlikning på butikkanlegget.


Signalkabelen frå platespelar til riaatrinnet

Fyrste utprøving vart gjort ved at eg spelte vinyl på godt oppvarma anlegg ein halvtime eller så, og at eg etterpå skifta både kabel frå pickuparm til riaa, og vidare kabel til forsterkaren. Her brukar eg begge stadar Viablue-kabel, ein etter måten rimeleg kabel med grei terminering, som er godt utprøvd, og gjekk deretter over til Paradox.

Og her vart det tydeleg skilnad på lyden, men ikkje slik at eg utan vidare kunne applaudere den fleire gonger dyrare Paradox-løysinga. Lyden flytta seg litt klangmessig, og vart merkbart meir distinkt. Perspektivmessige nyansar som t.d. korleis Harry Belafonte i Carneige Hall snur på hovudet når han syng, vart ei lita aning tydelegare. Som fyrsteinntrykk verka det som om anlegget vart meir nøytralt, og at det fekk større nyanseringsevne. Men eg fekk også eit inntrykk av at noko av den eksplosive energien i kraftige musikalske passasjer dempa seg. Dette merkast mest tydeleg på innspelingar med markant bass som Dance with a Stranger, medan det knapt kunne registrerast på gode innspelingar av symfonisk musikk (døme: ”Vårofferet” på EMI). Ikkje sånn å forstå at det var som å slå av bass-boost på mp3-spelaren til tenåringen, eller ein loudnessknapp. Vi snakkar om langt mindre markante endringar , men der iallfall merkbart på mitt anlegg.

Eg skifta mellom Paradox og kablane frå Viablue, fleire gongar, og prøvde etter kvart også å skifte kabelen mellom riaatrinn og forsterkar. Det synte seg at den viktigaste kabelen var den som gjekk frå pickuparm til riaa, slik eg forventa ut frå tidlegare erfaringar. Men både graden av innverknad, og måten kablane påverka lyden var ulik, alt etter kva pickup eg brukte, og etter innstillingane eg gjorde på Manley Chinook. Desse endringane gjorde vesentleg meir av seg enn kabelskift.


Eit lite eksperiment på sida

Kabelskift må sjåast i eit perspektiv der du jaktar på dei siste hindringane før perfeksjon. Så for å hugse på kva eg eigentleg jakta etter, tok eg også ei lytting med dei tarvelegaste av alle audiokablar, dei utskjelte ,svarte ”lakrisreimene” som fylgjer med allslags utstyr, eller som kan kjøpast for ein femtilapp kvar som helst. Å ja, lyden vart noko dårlegare, utvilsamt, og eg måtte passe nøye på at dei låg fritt unna andre leidningar. Men lyden vart slett ikkje utåleleg, ikkje slik at karakteren av pickupen vart annleis, eller at anlegget etter eit kvarters tilvenning kunne seiast å vere ute av stand til å gjere ein ganske så grei jobb.

Attende til Paradox frå skoreimene. Meir dynamikk. All støy forsvinn. Merkbare forbetringar i heile frekvensområdet, spesielt bassen vart meir markant og tydeleg, meir naturleg mellomtone. Men sjølv dette ganske ekstreme hoppet i kabelkvalitet kan vanskeleg kallast ekstrem endring, berre ei ganske større endring  av nyansering og meir harmonisk attgjeving enn mellom Viablue til Paradox.

For moro skuld tok eg eit sett veldig korte Viablue-kablar på 40 cm, og brukte dette. Dette kravde at eg flytta på riaatrinnet på ein litt risikabel måte, men det gjorde at eg registrerte betre dynamisk nyanseringevne, og kanskje endå meir markant bass.

No er det urettferdig å ikkje gjere ei samanlikning der det også brukast 40 cm Paradox-kabel, men det er rimeleg grunn til å anta tilsvarande kvalitetsheving på innkorting av også denne. Kort kabel er det beste, så lenge du held signalet borte frå interferens og andre plager.


Mellom signalkjelde og forsterkar

Signalet må også vidare frå riaatrinn, og her har eg kanskje svakaste punktet i anlegget – nesten tre meter signalkabel frå platespelarkroken fram til min ganske nye ASR integrerte forsterkar, som ikkje godt kan plasserast kvar som helst. Eit så langt kabelstrekk er ganske kritisk. Når eg har prøvd ut kablar her, har det innimellom vore viktig å ha kontroll på interferens frå alt anna av kabel som må ligge i det same området. Eg føler det som svært positivt å sleppe kabel mellom for- og effektforsterkar, men det har altså ein pris – langt kabelstrekk frå platespelar. Difor plasserer eg riaatrinnet like under platespelaren. I staden for å utsette pickupsignalet for ulempene med ”lang reise”, overlet eg dette til det meir robuste linjesignalet. Her nyttar det ikkje med lakrissnor (ja, eg har prøvd. Støy! Ikkje akseptabelt. Eg vurderer balansert kabel)

Skiftet mellom Viablue og Paradox var som venta mindre her enn det som skjedde før riaatrinnet. Men begge kablane heldt støyen unna på ein glimrande måte, sjølv då dei låg saman med nettkablar.

Den vidare nyanseringa av endringa var vanskeleg å sette ord på. Det verkar som Paradox er ei aning meir harmonisk, at frekvensområdet vert eit hakk meir naturleg og heilskapleg attgjeve. Viablue gjer også ein utmerka jobb, med kanskje ei viss ”loudnesseffekt” (ja, eg overdriv sterkt no). Det vil vere ei utfordring å høyre kva som var kopla opp om eg ikkje var klar over dette i utgangspunktet.

Er kabelskift mellom signalkjelder verkeleg så lite med tanke på tre meter signalkabel? I så fall skulle det bli spennande å gjere samanlikningar mellom kablane eg brukar frå CD-spelaren. Så dette vart neste fokusområde.

Då eg starta lyttinga, hadde eg på førehand skifta til Paradox. Det var vanskeleg å høyre skilnad frå det eg var vand med som referanse, og fyrst då eg gjekk attende til Viablue, kunne eg høyre ei endring av lyden. Og ved nytt skifte, er det slik at kabelbytet fekk ei lita, men registrerbar endring av lyden, i same retning og grad som  det tre meter lange strekket frå riaa.

Også med ein meter kabel frå CD-spelaren slepp Paradox gjennom ei aning meir av mellomtone og diskant, medan Viablue har denne forsiktige fokuseringa på ting som skjer i bassområdet. Døme på kutt der dette synte seg kan vere 30-årsjubileums-CD-en til Kirkelig Kulturverksted, der dei kvinnelege vokalane vert meir tilbakehaldne via Viablue, og er noko meir definerte via Paradox. Korsong opplever eg også som betre.  Men for all del: hugs at vi snakkar om ganske små nyansar.

Sidan eg hadde mange Paradox-kablar å velje mellom, var det naturleg å prøve ut skilnaden på korte og lange strekk mellom CD-spelar og forsterkar. Og i motsetnad til mykje anna eg har prøvd, kunne eg faktisk ikkje registrere skilnadar å nemne. Paradox på 1 meter og 3 meter høyrest i praksis heilt like ut.Og då eg samanlikna to separate monokablar med ein stereokabel, var det heller ikkje råd å registrere noko. Diverre fekk eg ikkje prøve ut om dette var tilfelle også med riaasignalet, men her var det uråd med kortare kablar.

Siste signalkjelda eg prøvde ut, var Sonos-boksen eg stremar musikk frå harddisk og Spotify frå. Dette var rimeleg bortkasta. Trass i Sonos sine mange kvalitetar, var bruk av dyr kabel å kaste perler for svin, spesielt når det vart spelt frå Spotify. Ved harddiskavspeling var det litt meir å hente, men nei, Paradox vert så til dei grader overkill.

 

Pris på ThelLink RCA Stereo er kr. 19.990,-

Produsent: Paradox Audio.

 

Les også Paradox kabelmoro - Overture.

Les også Paradox Edison - Paradox kabelmoro, fyrste akt.

 

Les også Paradox Mk II - Paradox kabelmoro, tredje akt. 

Les også Paradox kabelmoro - finale.


Read 9826 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.