Displaying items by tag: Stig Arne

Ikkje for å klaga, men det har vorte mykje skriving i det siste. Platemelding, Oslo-messa, februardagboka, Vossa Jazz to reportasjar, og brått er det tid for dagbok att. Og inn i mellom vert ein forstyrra av ytterlegare jazzkonsertar, Påske, fest og fyll. Og alt er friviljug, og ubetalt. At du gidd. Men slik er livet, og slik vil me ha det. Kulturarbeid har aldri vore lukrativt.

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

Av og til gjer ein feil som er so elementære at det ikkje er til å tru. Eg vert flau. Ein skulle tru eg var ein røynd audiofil. Og det er eg vel forsovidt og, dette har vore hobbyen min i 50 år. Like lenge som Vossajazz, lommekalkulatoren, fargefjernsynet og sveisen til presidenten i Amerika. Men likavel. Eg gjer feil. Eg trøyster meg med at professorane er dei mest ubehjepelege av alle, i alle fall i teikneseriane. 

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under
Wednesday, 26 February 2025 18:24

ÅRET SOM GJEKK – STIG ARNE SI DAGBOK JANUAR 2025

Dempematerial som fyk rundt i stova, ny dac, høgtalarar, forsterkarar og platespelarar frå golv til tak. Og nokre øl før å roa ned att. 

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

Det har skjedd ein del endringar sidan eg skreiv om DAC-ar og Spotify mot Apple music. Det er tid for oppsummering, revurdering og ei orsaking eller to.

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

Eg har hatt desse lenge. Eg og Edvin, som budde i kjellaren hjå meg, pakka dei opp i hagen i Gullfjordungsvegen, der eg budde før, på Voss ein solfylt sumardag. Me slepte dei ned frå hovudvegen.

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

Eg nyttar ein triveleg kveld i Fredrikstad før Horten-messa med Karl Erik og Arve som bakgrunn for å forklara litt om kva eigenskapar eg meiner eit godt stereoanlegg bør ha. Og i november kom jolaølet både til polet og butikkane, og dette vil nok prega ølspalta ei stund. 

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

Ein tur innom Lars Tørressen i Bergen var det eg hadde lyst å skriva om til denne utgåva, samt ølspalta naturlegvis, inkludert øl du ikkje får tak i. Om du ikkje valfartar til litteraturfestivalar. 

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

På eit av redaktøren sine arbeidsbord etter Hortenmessa i fjor oppdaga eg ein liten dings, som synte seg å vera ein heil liten forsterkar, men i miniformat, og digital. Sjølvsagt. (Klasse D-forsterkere er vel strengt tatt ikke digitale forsterkere – Red.anm.) Elles er det ikkje mogeleg å få han ned i den storleiken - i alle fall ikkje når han leverer 40 watt, meir enn dobbelt so mykje som ein Nad 3020. Eg vart forviten, og dum nok til å spørja om eg fekk låna han for utprøving. No har eg endeleg fått gjort det, kloss i årets messe, slik at eg kan ta han med attende. Me skal jo til Horten, Arve og.  

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

Me prøver om att ein “Nad-beater”, kven “beats the dust” denne venda? So har me litt info om musikklivet her i området i haust, og me kan avsløra at det vanlege panelet drakk nokre øl i mai i år.

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under

 

Me har gjort ein delvis mislukka freistnad på å samanlikna Apple Music med Spotify, blitt vettskremt av Vestlyd, og forført av Kåre Opheim. Kva vert det neste? At Golfstraumen snur?

Published in Stig Arne si dagbok
Tagged under
Page 1 of 8