Saturday, 22 January 2005 23:00

Audio Pro Qube

Written by

Har du behov for høgtalarar som ikkje dominerer opphaldsrommet? Utan å koste allverda, men likevel i stand til å skape god lyd? Her er to svenske lettplasserte luringar.

 



av Arve Åheim Sist oppdatert: 23.01.2005 22:09:59

 

Ein av dei mest markante personlegdomane innan skandinavisk høgtalardesign var Stig Carlsson. På 50-talet lagde han ein høgtalar som stod på golvet og fyrte oppover. Denne vart lagt merke til, ikkje berre for utsjånaden som fort gjorde at klengenamnet ”kolboksen”, men også for uvanleg god lyd. På 60- og 70-talet utvikla Carlsson rundstrålande høgtalarar for Sonab, som var rekna for å både ha svært god lyd og vere svært lette å plassere. Dei var så vellukka at dei opplevde den store honnør å bli kopierte, m.a. av ein høgtalarfabrikk på Sunnmøre. Seinare lagde Carlsson fleire glimrande konstruksjonar under eige namn i OA-50-serien, som også har denne rundstrålande karakteristikken. Også amerikanske Amar G. Bose har skapt sin eigen designstrategi ut frå målingar som syner at det meste av lyden vi får i øyret er reflektert. Så må Mirage sine rundstrålande Omnisat-modellar nemnast. Og her kjem altså Audio Pro med eit tilbod i same sjanger.

 

Qube er ein ganske liten høgtalar som må stå på golvet. Men det er om lag det einaste kravet til omgjevnadane som vert stilt frå denne upretensiøse saken. Namnet forklarer utsjånaden treffande, om enn ikkje heilt presist. Grunnflata er eit kvadrat med 25 cm sideflater, men høgda er 33 cm. Dette inkluderer tre cm høge føter (ein slags ”snille” spikes i plastmateriale), og toppstoff (ikkje fronten, nei). Tek du av dette frontstoffet, er kuba skoren over på skrått, slik at sjølve høgtalarkabinettet er 30 cm høgt i det høgste hjørnet, som du bør plassere lengst frå lytteposisjon. Det lavaste, næraste hjørnet er berre 20 cm høgt, medan dei to resterande hjørna er 25 cm høge. Såleis er namnet rett ut frå at volumet til høgtalaren er ei kube med 25 cm sider (fin matteoppgåve for ungdomsskuleelevar…). Høgtalaren er ein tovegs bassreflekskonstuksjon, med høgtalarelementa monterte på den skrå topplata, og bassport peikande mot golvet. Bassportane leverast med skumgummiproppar som kan takast ut. Dette gjev meir bass, men også ei viss henging, så om du vil ha stram bass og ikkje har for stort rom, bør du prøve å ha desse monterte, slik eg hadde i to av lytteromma mine (på  10 og 24 m2). Dempinga måtte fjernast i mitt største lytterom på 41 m2, elles vart høgtalaren sine dynamiske evner for svake til å gje fornuftige lydtrykk. Men eg tykte proppane stort sett forbetra bassen, iallfall så lenge eg plasserte høgtalarane tett opp til vegg. Og ved hjørneplassering er det heilt påkrevd å ha pluggane inne. Eg vil ikkje tilrå dette, for bassen vert svært brutal. Men i eit ikkje for breitt rom kan også dette vere eit alternativ.

Undersida av Audio Pro Qube. Du ser dei ikkje alt for tillitsvekkjande "spikes" som ikkje skadar underlaget, og kabelterminalane som er av grei type. Bassporten kan tettast med den grå skumplastproppa du ser på teppet.

Klangeigenskapane til Qube gjev ein viss assosiasjon til Black Diamond, men kjem til kort på tre felt der Black Diamond er langt betre, og såleis er Audio Pro sitt billeg-highend-alternativ. For det fyrste manglar Qube den gode oppløysinga av toppoktavane som gjev stor detaljrikdom og gjenskapar mykje av det ekte lydbiletet. (Dette kan delvis skuldast diskantelementet, som er ein soft dome, for å kunne spreie diskanten skikkeleg i rommet.) Ingen stor sak for den som vil ha lydbilete – Qube lagar sitt eige lydbilete, som er svært naturleg, stort og flott, men altså ikkje det ekte som finnest på innspelingane.  For det andre gjeld det botnfrekvensane, der Qube ikkje har same autoritet som den større slektningen sin. Denne slit rett nok også med å gje att hjerteslaga på DSOTM på referansevis, men gjer det langt betre enn Qube. Sjølv om Qube klarer det musikalske av dette albumet, vil du sakne autoritet i bassen om du er vant til dette. Audio Pro gjev opp frekvensområdet til å gå ned til 42 Hz, og det er tydeleg at det ikkje er meir å hente herifrå. Eg prøvde ACE 2 subwoofer, som forbetra bassen definitivt, men som prismessig kanskje passar saman med dyrare ting. Likevel er bassattgjevinga godkjent ut frå mine forventingar. Åleine manglar ikkje Qube bass ut frå kva dei fleste vil forvente frå ei lita kasse på 15 liter, og med den rette plasseringa vert du heller positivt overraska over kor bra bassen høyrest ut.

Dei to høgtalarelementa. Diskanten er ein rimeleg rundstrålande dome, ikkje så godt oppløyst som Audio Pro sine dyrare konstruksjonar. Men utprega musikalsk å lytte til.

Den siste innvendinga mi går på graden av kontroll, der Black Diamond er ganske eineståande i prisgruppa si, med eit stort dynamikkområde om du har tilgang på ein god og kraftig forsterkar. Men når du tenkjer på at Qube kostar berre 2/3 av storebror, og når bruken er vanleg lytting til ikkje spesielt krevjande musikk, (skal vi seie mesteparten av musikken på marknaden i dag?), er ikkje dette nokon vesentleg mangel. Ingenting å irritere seg over, iallfall ikkje før du gjer samanlikninga og vert bevisst på skilnaden. Dessutan ser det ut som rundstrålande høgtalarar generelt har visse problem med dynamikk, så problemet må vegast opp i mot fordelane av perspektiveigenskapane.

Qube er morosam og lærerik å plassere. Du vert fort klar over at inga plassering er direkte ”feil” for denne høgtalaren – det måtte vere plassering parallelt med eller bak lytteposisjon – men at du set fokus på spesielle sider ved lydattgjevinga. Såleis er det eit glimrande pedagogisk verktøy for den forsøkslystne. I mitt lytterom 2  (ca 4x6meter) greidde eg å få ping-pong-effekt og hol i midten av lydbiletet når eg plasserte Qubene godt over 2/3 av avstanden på kortveggane, og meg sjølv midt på langveggen, men bortsett frå dette er det vanskeleg å øydelegge det ganske gode lydbildet Qubene ser ut til å levere uansett.

Som hovudhøgtalarar i eit surroundoppsett synte Qube perspektiveigenskapar som kan lure folk til å tru vi er på eit heilt anna kvalitetsnivå enn det prisen skulle tilseie. Dessutan var behovet for senterhøgtalar langt mindre enn vanleg. Problemet mitt her var at eg ikkje hadde matchande bakhøgtalarar. Det kunne vore moro å prøvd 4 Quber i ein slik samanheng, sjølv om to høgtalarar åleine greidde å få forbausande mykje ut av kinolyden – betre enn nokre pakkeløysingar eg har fått demonstrert.

Qube likar forsterkarar med litt musklar, og skikkeleg utstyr medførte vesentleg skilnad på lydkvaliteten. Dei kan absolutt spele rock, men det er grenser for kor høgt du bør spele. Berre meir utagerande elskarar av rå musikksjangrar vil sakne lydtrykk, for Qube spelar godt utan at volumet treng vere så høgt at naboane klagar og katten forlet rommet. Rundt 50 gode Watt gjer susen.

Elles gjekk det aller meste av plasseringseksperiment bra, så det skal alvorleg mykje til før du får problem. Eg opplever likevel at nokre trekk er fornuftige:

-         Hjørneplassering bør helst unngåast. Bassen vert svært forsterka av dette (på ein negativ måte), sjølv om lydbilde og perspektiveigenskapar er greie nok også under slike tilhøve.

-        Unngå å ha gjenstandar mellom deg og høgtalarane­. Ingen høgtalar kan lage godlyd om du sperrar for diskant og mellomtone.

-         Lik avstand til næraste vegg er viktig. Eg opplever best lyd når dei står ganske nær til helst sideveggen, men bakveggen kan også vere bra. Står dei inntil sideveggen, og avstanden til bakvegg er over meteren, er det ikkje så farleg om dei ikkje er har lik avstand dit.

-         Prøv å få tilnærma like omgjevnadar for høgtalarane. La ikkje den eine stå langs veggen og den andre fritt i rommet.

-         Vil du ha absolutt fullt potensiale ut av høgtalarane, bør du ikkje fylle opp rommet mellom dei med for mange gjenstandar. Dei tåler likevel ganske mykje før lydbildet vert dårleg, og dei er skjerma slik at dei ikkje verkar inn på TV-en.

-         Dempeputene har pluss og minus. Eksperimenter sjølv og finn ut kva som fungerer best for deg.

 

Konklusjon:

Dette er ein rundstrålande høgtalarkonstruksjon. Slike konstruksjonar byr på mange fordeler, og det er lett å la seg begeistre av denne musikalske sjarmøren som også er lettplassert og rimeleg. Sjølv om mange vil hevde at det ikkje vert seriøs high-end ut av slike konstruksjonar, byr Audio Pro Qube på utsøkte musikalske eigenskapar som kan lure dei fleste, og dessutan skape eit lydbilde som rett nok ikkje er det ekte du finn på betre referanseopptak, men som til gjengjeld høyrest svært truverdig ut i så å seie alle samanhengar. Alternativa til denne lyden er anten å tråle bruktmarknaden etter dei mykje etterspurde Carsson-høgtalarane, eller kjøpe langt dyrare høgtalarar frå Bose.

  • Ein luring av ein høgtalar!
  • Data frå produsent:
  • Frekvensområde:    42 –28000Hz
  • Delefrekvens             4200 Hz
  • Spelar 87 dB på 1 Watt 1 meters avstand
  • Vekt 9 kg/stk.
  • Pris: 3990/paret


Importør: www.nebyhifi.no

Produsent: www.audiopro.com

Read 5870 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.