Friday, 26 August 2005 23:00

ProAc Studio 140

Written by

ProAc er britiske høgtalarar på sitt beste. Fleire modellar har oppnådd den største æra ein konstruktør kan få - å verte kopiert.
Dei kjente modellane er ganske dyre, og sjølv om finish og deler absolutt kan forsvare prisen, er det nok mange som freistar å bygge sjølv for å spare.
ProAc har no ein ”Studio”-serie der prisen er mindre enn Response-modellane, utan kompromiss når det gjeld finish og design. Og lydkvalitet.


Av Arve Åheim 27.08.05

 

Utsjånad
ProAc Studio 140 er ein pen sak, som kan leverast i ei rekkje treslag. Når du studerer fineringa, ser du at det er utsøkt handverk, og du vil ikkje skamme deg over utsjånaden. Ein høgtalar som kanskje er litt stor, men likevel på ingen måte prangande. Smal breidde gjer at du fint kan leve med høgda på godt meteren. Diskantelementa er i tillegg plassert assymetrisk, ganske nær innerkanten av kabinetta, som har tydeleg merking for venstre og høgre høgtalar, som er viktig å passe på for å få skikkeleg tredimensjonalt lydbilde. Utforminga av kabinettet er svært gjennomtenkt, og høgda gjer også at diskanten kjem passande høgt opp frå golvet. Elles er det separate terminalar for bass og diskant, som er kopla saman, men som også lett kan tilpassast biwiring. Ei ekstra botnplate gjer grunnflata til høgtalaren litt større enn kabinettmålet, og er altså ein ekstra tryggleik for å hindre høgtalarvelting. Alt i alt ein nydeleg, gjennomtenkt sak som liknar sterkt på resten av familien, (sjå omtale av modell 125 på Audiophile/ProAc Studio 125) men som toppmodell i Studio-serien er 140 utstyrt med to bass/mellomtoneelement. Bassrefleksporten er i botnen av kabinettet, og botnplata med spikes som skal skruast til kabinettet er ein del av bassporten. Den må difor brukast, om du ikkje vil eksperimentere med kortare bassport. Dette designet er brukt med stort hell på mange høgtalarar, og har ofte som gevinst kraftig bass som ikkje er avhengig av at høgtalaren står tett på side- eller bakvegg. (noko vi skal sjå nærare på)

 

 

 

Lyd og plassering
Bassattgjevinga synte seg straks å vere langt kraftigare enn på modell 125, og du må for all del ikkje ha for lite rom til Studio 140. Mitt lytterom #3 på godt 10 m2 var håplaust, og lytterom #2 var heller dårleg med sine store glasflater og livlege akustikk. Her hadde eg problem med bassattgjevinga trass i stor takhøgd og grunnflate på 24 m2. Det vart rett og slett for mykje av det gode, kanskje ikkje om du er ein bassfreak, men iallfall dersom du vil ha nøytral og presis bass. Det kan vere skilnad på dei medleverte spikes og Soundcare, som eg brukte (har så langt eintydig fått best resultat i mine rom med Soundcare, men andre opplever det annleis i sine lytterom, så her må du avgjere sjølv)
Først då dei kom inn i mitt største lytterom på 41m2 kom bassen under kontroll. Bassrefleksopninga mot golvet gjer det rett nok lettare å plassere høgtalaren i rommet, men samstundes trengs ein viss avstand til alle veggar, og spesielt hjørna. Høgtalaren treng iallfall eit minimum på 70 – 80 cm avstand til alle flater, helst meir. Dersom du kjem særleg tettare på veggane enn dette, vil bassen lett virke buldrete og upresis. Men det faktum at høgtalarane ikkje treng (les: bør slett ikkje ha) hjelp i bassen frå veggrefleksjonar, gjer også at Studio 140 har gimrande perspektiveigenskapar, då dei same veggane gjerne skapar problem med perspektivet. Å bruke tredjedelsregelen i plasseringa opplevde eg som ganske ideelt. Elles finn eg ei forsiktig vinkling innover som best for perspektiveigenskapane.
Mellomtone og diskant har ProAc sine kjenneteikn; saumlaus overgang, og dessutan verka det som diskanten hadde endå betre kontroll og nyanseringsevne enn den noko mindre Studio 125. Også perspektiveigenskapane verka betre enn på ”veslebror”, men krava til større rom gjorde samanlikninga på dette feltet vanskeleg. Det er likevel ingen tvil om at ProAc Studio 140 har uvanleg god attgjeving av rom og dimensjonar, noko av det betre eg har vore borte i av ”vanlege” høgtalarkonstruksjonar.
Mikrodynamikken verka nyansert og fin, men eg følte eg ikkje fekk ut fortissimo og makrodynamikk skikkeleg. Og det reknar eg med skuldast forsterkarane eg brukte under utprøvinga.
Skal du nyte godt av desse høgtalarane sine gode eigenskapar, er konsekvensen at du må koste på deg skikkeleg forsterkarutstyr. Studio 140 stiller langt strengare krav til forsterkar enn dei mindre Studio 125, som heller ikkje skal avspisast med billegaste type forsterkar – perspektiv krev topp utstyr. Ein tøyler ikkje dei doble basselementa i 140 utan ein forsterkar med mykje krefter og god kontroll. Bruken av Creek A50iR eigna seg ikkje til høgt volum, og importøren tilrår biamping om Creek skal brukast. Copland CTA 520 var betre, men eg var ikkje heilt fornøgd før rørforsterkaren som var laga av byggesett vart tilkobla. Då vart det orden på tinga, så helst ville eg prøvd ut nokre effektforsterkarar i elite-serien for å kunne fastslå det fulle potensialet til Studio 140, noko det ikkje var råd å få til reint praktisk i testperioden. Det vil vere lurt å legge tid og andre ressursar i å finne ein optimal effektforsterkar og annan elektronikk for å få Studio 140 heilt fornøgd. Det er altså ein del arbeid som skal til for å få desse høgtalarane til å låte perfekt, noko som er regelen mellom dei verkelege superhøgtalarane.

Konklusjon:
Studio 140 har på alle måtar potensiale for å vere ein betre høgtalar enn den mindre Studio 125, sjølv om slektskapet er udiskutabelt. Det spelast høgre, djupare bass, endå meir presis diskant og med endå betre perspektiveigenskapar. Likevel bør du vurdere nøye kva du kjøper; for 140 er ganske kritiske høgtalarar, både når det gjeld elektronikken og rommet dei skal brukast saman med. Dessutan er også oppstillinga av høgtalaren kritisk for forløysinga av potensialet til denne konstruksjonen. Toppmodellen i Studio-serien er på same måte som andre høgtalarar i dei dyrare prisklassane ganske krevjande- kompromiss bør unngåast så langt råd er.

Kan du innfri desse krava, er ProAc Studio 140 ein flott høgtalar i prisklassen, som vil by på svært mange kvalitetar. Men om det må gjerast kompromiss på desse felta, ville eg heller gått for ein av dei mindre høgtalarane i Studio-serien.

Tekniske data frå produsenten:

Impedanse: 8 ohm, minimum 4 ohm
Frekvensområde: 25hz to 30Khz
Driftsevne: 91db 1 watt/1 mete r
Bass/Mellomtone:  2 x 165mm (61/2”) skjerma magnet.
Diskant: 1" (25mm) silke-dome 
Mål (cm): 104h x 19b x 28d
Vekt: 20kg/stk
Pris:                         20 245 kr/par

Importør: www.taaimport.no

Butikk: www.lyrichifi.no

Read 6651 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Related items

More in this category: « QLN 604mk II ProAc Studio 125 »