Sunday, 12 February 2017 18:22

Krix Equinox mk III, høgtalarstativ frå Solid Tech, og åtte gummihalvkuler frå Isonode Featured

Written by

Er store høgtalarar betre enn små? Er dyre høgtalarar betre enn rimelege? Er svarte høgtalarar betre enn kvite? Fordomar er ikkje enkelt…..og av og til får ein overraskingar.

 

Eg fekk altså tilsendt eit sett ganske små høgtalarar av det australske merket Krix, modellen Equinox, i nyaste mk 3 - utgåve. Høgtalarar av denne storleiken har gjerne vorte kalla ”bokhyllehøgtalarar”, men for all del – ikkje sett høgtalarar i bokhylla. Då mister du sjansen til å oppleve ein god del av potensialet slike høgtalarar gjerne har. Små høgtalarar skal stå på stativ – gode stativ, og plasserast unna alt som kan gje refleksjonar, og i høgd slik at diskanten er ørlite lågare enn øyrehøgda du har i lytteposisjon. Difor leverast Equinox med eigne stativ som verkar å vere skreddarsydde i denne samanhengen.

 

Plassering

Fyrst vil eg glede dei som ikkje likar å vinkle høgtalarane innover – desse høgtalarane spelar absolutt best peikande rett fram.. Dette gjer lydbildet svært detaljert, og med litt finjusteringar vert scenepresentasjonen svært realistisk, noko av det mest realistiske du kan få til når det gjeld instrumentplassering.

Det neste momentet er plassering nær bakvegg. Ja, du kan gjere dette for å få litt meir markering av bass, men det er ikkje sikkert du kjem til å gjere dette i større grad enn du føler er absolutt nødvendig. Dei svært gode perspektiveigenskapane er såpass storarta at du gjerne vil ha så mykje av desse som råd. Og då er det ikkje alltid så veldig viktig å få litt ekstra basstrykk. For å gjere så mykje ut av perspektivet som råd, er det best å sette dei framme på golvet, ein meter eller så frå det meste. Og gjerne med stor avstand mellom høgtalarane, du skal ta ganske hardt i før du får ”hol i midten”.

Eg prøvde dei også til nærfeltslytting, der eg sat i eine hjørnet av ein likesida trekant, med sider på 1,8 meter, og høgtalarane langt unna alt anna. Det fungerte svært godt, sjølv om mykje av lyttinga var med høgtalarane ein halvmeter frå bakvegg.

 

Stativ og underlag – eit must

SolidTech-stativa som var vedlagt fungerte som sagt veldig godt, og eg har ikkje problem med å sjå at Paul meiner at dei er ein del av eit integrert høgtalarsystem. Høgda finn eg heilt passeleg, men eigentleg er ikkje Equinox særleg kritiske på dette feltet. Så lenge du har diskantane litt under øyrehøgd, kan det tålast ganske mykje variasjon. Så du treng ikkje tenkje på å få nøyaktig rett stativhøgde ut frå akkurat di rygglengde og din godstol. Du kan også tillate deg å justere avstanden, slik at perspektivet vert rett, og musikarane får naturleg storleik.

Det er likevel noko styr med dei. Monteringa må gjerast nøye, og stramming av skruar må gå føre seg i rett rekkefylgje, slik at du får rør og soklar både stabilt og tett. Sett fyrst lausleg på topplatene. Deretter vert det lett å skrue på botnplatene, der du skal stramme skruane godt. Etterpå skrur du av topplatene igjen. Røra skal nemleg fyllast med sand med uvanleg stor eigenvekt. Du kunne sjølvsagt bruke slikt du måtte ha for handa (NB ta ikkje sand med mykje fukt eller saltinnhald, det har eg brent meg på ein gong), den tunge spesialsanden har vesentleg større eigenvekt. Røra er dessutan utforma på ein resonansdempande måte, slik at dei ikkje får tendensar til å ”ringe”. Utsida er ruglete, medan det indre er delt i tre like store kammer. Du treng ikkje nødvendigvis fylle heile røret, og eg innbiller meg at det kanskje kan vere ein fordel å ha varierande mengd sand i dei tre sirkelsektor-kammera. Slike ting kan ein eksperimentere med, og det er ein del å hente – også med underlag Ettersom det er tre parallelle kammer som går gjennom heile røret, kan du eksperimentere med fyllingsgrad (du kan t.d. endre tyngdepunktet) totalmassen kan reduserast, og det kan eventuelt brukast endå tyngre fyllstoff enn spesialsanden, andre materiale ( som til dømes blyhagl) for å få vekk det som finnest av resonansar.

Så fylgjer det med spikes. Slike og anna underlagsmateriale vert oftast viktigare dess lettare høgtalarkonstruksjon du har. Eg prøvde forsiktig ut desse standardspikane, men var redd for å skade underlaget. Eg har flytande parkett, noko som ikkje er det gunstigaste for lyden. Spikes bør eigentleg drivast ned i golvet, og sikre fullstendig kopling mot dette. Men ho som har betalt halvparten av parketten ville neppe sette pris på det (før vi fekk parkett skjedde det mykje rart….)

Eg har også eit rom #2 med flislagt golv. Her sette eg stativa med spikes på svært forsiktig ned. Det fylgjer også med nokre ”tiøringar” som kan setjast mellom spikes og parkett, slik at du ikkje lagar merke, men dette koplar ikkje så godt.

Men Paul hadde også sendt med to sett ”Isonode” absorbsjonsputer, nokre halve, sjølvfestande og mjuke gummiballar som sikkert kan limast under mange apparat. Paul tenkte eg skulle feste dei mellom høgtalar og stativ, men dei gjorde underverk under stativa om lag der spikane kunne vere. Av og til kan slike mjuke matter stele dynamikk, men her skjedde det motsette – dynamiske nyansar vart faktisk tydelegare.

Til sist skrur du på plass topplatene av pleksiglas, og plasserer høgtalarane på toppen, med anten fire Isonodar, eller klattar blu-tack (det kom også med i sendinga) mellom. Og vips – høgtalarsystemet er klart til bruk.

 

Lyden over tid

Når du har rigga Equinoxane opp skikkeleg, og med finjustert plasssering, er det ein del kvalitetar som gjev seg til kjenne i det same musikken startar. Det aller fyrste du legg merke til, er at dette ikkje høyrest ut som små høgtalarar. Her teiknast eit stort og svært truverdig lydbilde, som har uvanleg potensiale for å få til realistiske proporsjonar mellom det meste. Du kan lurast til å tru at det er linjekjeldekonstruksjonar om ein ikkje hadde sett anna. Men likevel er små høgtalar si absolutt sterkaste side, evna til pinpointing, veldig tydeleg. Når du så får lyst til å utforske dette fenomenet nærare ved å sette på svært gode tredimensjonale opptak, merkar du at dette er kopla saman med ei veldig, luftig atmosfære, realistisk mellomtone, og tydeleg artikulert øvre bassområde. Dess meir du spelar av dei gode opptaka dine, vert du meir og meir imponert over desse kvalitetane. Måten detaljar i vokalprestasjonar kjem fram, er heilt i toppklasse. Vidare har vi dei dynamiske kvalitetane. Her i huset er det ASR Emitter 2 som står for kreftene, så Equinox får rikeleg av det som trengs for å spele så høgt som eg vågar. Under slike arbeidstilhøve får vi alle slags nyansar veldig godt fram. Ein del klassiske strykekvartettar presenterast så variert at det er kjem i absolutt referanseklasse.

Etter kvart oppdaga eg ei anna uvanleg sterk side ved Equinox – den låge lytteterskelen. Her overgår dei faktisk mi referanse mbl 101E2, som best trivest når eg skrur litt opp. Alle høgtalarar (kanskje med unntak av visse hornkonstruksjonar) har eit ”beste” lydtrykkområde der dei gjer jobben betre enn på andre. Somme er veldig fasinerte av kor høgt og valdsamt høgtalarar kan spele, men det vert gjerne slitsamt med lange lytteøkter med over 100 dB, og skadeleg er det også. Bortsett frå til festbruk og åleine-heime-festar er det langt viktigare å klare jobben når det spelast lågast. Slik som elektrostatar, som er i stand til å formidle musikkinformasjonen også i bakgrunnsmusikksituasjonar. Diverre er det slik at konvensjonelle høgtalarar ofte ikkje greier dette, og ein må dra på litt for å komme over ”lytteterskelen” til høgtalaren. Så oftast likar eg å dra på litt når eg brukar mbl 101E2, som altså er i sitt ess når dei får dra på litt. No kan dei sjølvsagt spele lågt og, men det vert altså mykje betre når det skruast opp. Equinox sine kvalitetar innan nyansering, oppløysing og detaljformidling er der heile tida, og kjem umiddelbart fram også ved lyttesituasjonar der det spelast svært lågt. Dette er hyggjeleg for eventuelle naboar, og gjer dessutan at du tåler lange lytteøkter utan å verte sliten, og i praksis aukar du faktisk konsentrasjonsevna. Ein glimrande høgtalar for til dømes musikkanmeldarar.

Eg tok også sjansen på å dra til litt på volumet, og spelte til dels høgre enn det eg brukar. Eg ville sjå om desse småtassane verkeleg kunne måle seg med høgtalarar som kunne ”tale høgt”. Og det kunne dei – til ei viss grense, sjølvsagt.

Etter å ha forlate komfortsona for hyggjeleg lytting og inn til bråkebøtteland vart den dynamiske nyanseringsevna mindre imponerande. Bassen tapte også noko av fylda. Men dei små Krixane greidde faktisk å spele retteleg høgt før eg meinte det var fare på ferde.

Om du på liv & død skal spele så høgt som eg gjorde, vil det nok vere lurt å vurdere ekstra basshjelp i kraft av ein subwoofer. Men hovudføremålet med desse høgtalarane er ikkje å løyse øyrevoksen, men å glede seg over musikkopplevingar der klangnyansar og dynamiske detaljar er viktig, og som lett kan registrerast. Eg likte dei særskilt godt med tanke på klassisk musikk, men faktisk greidde dei utmerka formidling av det aller meste, også rock når du heldt lydstyrken til eit sømeleg nivå. I mitt referanseoppsett hadde dei svært mykje effekt å ta av, men Paul kan fortelje at dei også greier seg godt på relativt små forsterkarar.

 

Konklusjon

Dette er ingen «liten høgtalar» som spelar overraskande godt ut frå storleiken. Det er faktisk ein skikkeleg god høgtalar.

Krix Equinox mk III (eg har ikkje prøvd dei andre utgåvene) er ein høgtalar som er lett å arbeide med. Dei har uvanleg flotte hifi-eigenskapar, spesielt innan alt som har med nyansar å gjere- både dynamiske og slikt med lydbildet på gode opptak, og dei er lette å plassere, sjølv om dei påverkast av kva slags stativ du brukar. Dei gjer heller ikkje skam på signalkjelder eller elektronikk av høg klasse, så bruk gjerne tid på å finne gode partnarskap. Dei er ikkje avgrensa til nærfeltslytting i små rom, men greidde seg svært godt i begge mine lytterom på 24 og 41 m2.

Når det gjeld avgrensingar er det lite å nemne. Eit uvanleg godt hifi-kjøp, spesielt for kritiske lyttarar med allsidig musikksmak.

 

Importør og forhandlar: www.PMaudio.no

Pris: frå 8995 og oppover, alt etter kva overflate du ynskjer. Stativ kjem i tillegg (4200 kr)

Read 8226 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.