Sunday, 18 February 2018 08:26

Øyretelefonar – kva skal vi bruke dei til? Utprøving av Mitchell & Johnson Featured

Written by

Alle treng øyretelefonar av og til, men til ulik bruk.  Av og til vil vi ha musikk utan å forstyrre andre. Andre gongar vil vi ha musikk til arbeid og trim. Og nokre av oss bur så trangt at det er liten vits med kvalitetshøgtalarar. Det er også dei av oss som brukar øyretelefonane som høyrselsvern. 

Kva er mest fornuftig?

Sjølv om behova kan variere, er det visse ting eg helst ikkje vil ha på hovudet – eller inne i hovudet, om vi snakkar om øyreproppar, den mest tvilsame kategorien høgtalar eg veit. Desse stikkast inn i øyret, og har mindre luft mellom seg og trommehinna enn godt er. Du skal spele med svært så moderat lydstyrke for å sikre deg mot langtidsskade av øyrene. Dessutan blokkerer dei mot trafikklydar m.m. like effektivt som eit sett sov-i-ro.

Små, samanleggbare øyretelefonar er eit betre alternativ, men det aller beste er klokker som ligg utanpå øyret. Her kan du velje mellom opne og lukka konstruksjonar. Dei fleste likar opne, då ein kan få input frå omverda, men dei har til ulempe at dei også verkar andre vegen, og du risikerer å forstyrre dei andre i rommet.

Støydempande øyretelefonar er fantastiske ved at dei fjernar mykje av jamn støy frå fly- og båtmotorar og mykje anna. Så til reisebruk er dei fine, sjølv om dei ikkje har siste ordet når det gjeld oppløysing, dynamikk og klang.

Vi får også nemne at det finnest trådlause øyretelefonar, som er fine når du skal jobbe i kontorlandskap  - mine favorittar når eg jobbar på pc med førebuingsoppgåver og rettearbeid i lærarjobben. Men skal eg vere kritisk, må eg innrømme at eg så langt ikkje har funne modellar som er fullt ut lydleg og musikalsk tilfredsstillande.

Mine favorittar har vore Stax sine toppmodellar. Desse elektrostatiske og svinedyre greiene har større oppløysingsevne enn alt anna, sjølv ikkje elektrostathøgtalarar greier heilt å henge med. Men desse superøyretelefonane er heller ikkje perfekte – dei må ha eiga straumforsyning, boksar som skal vere tilslutta 230V, og som veg fleire kilo. Dei er altså ikkje utandørsalternativ, du må halde deg i godstolen. Dei vert litt valdsame på jobb, og sjølv om dei har ganske så nøytral frekvensgong, er det mange som saknar litt guffe i bassen.

Livet er altså ikkje enkelt. Med øyretelefonar. Men det finnest gode kompromiss.

 

Mitchell & Johnson

Dette firmaet har eg ikkje vore klar over før eg såg ein diskusjon på nett. Her er det snakk om hybride øyretelefonkonstruksjonar – ein kombinasjon av dynamisk bass og elektrostatisk diskant. Og det utan fiksfakseri med ekstra straumforsyning eller innfløkte tilkoplingar og justeringar. Korleis har dei fått det til? Konseptet kallast «Hybrid Electrostatz Technology System» Dei fortel at det brukast ekstremt tynne elektrostatiske panel, som ikkje treng høge spenningar. Meir om prinsippet kan lesast på heimesidene til selskapet. https://www.kickstarter.com/projects/214784295/mitchell-and-johnson-electrostatz-headphones/posts/1468902?cursor=12266253

Eg bad om utprøvingsmodellar, og fekk tilsendt to utgåver. Eg pakka sjølvsagt ut den dyraste, ein svært så forseggjort sak med øyrekapsel av heilved, og forbausande godt tilpassa bøyle, som kunne klappast saman. Dei vart også leverte med eit greitt etui som gjer det fint å ta øyretelefonane med seg. Sjølv om dei er romslege rundt øyrene, er dei relativt fysisk små. Og dei sit ganske stramt på hovudet, sjølv om dei ikkje opplevast trøyttande på nokon måte. Så for meg passa altså modell MJ 2 svært godt, og tenderer til å vere det beste eg kan hugse å ha hatt på hovudet.

 

 

Lyden

Det var med visse forventningar eg plugga inn MJ2, så det var ikkje fritt for at eg steila litt då eg opplevde lyden. Sjølv om bass og detaljar var til stades, var dynamikken merkeleg tilbakehalden og «selektiv» , spesielt i diskantområdet. Det verka ikkje skikkeleg lineært, så eg tenkte det var behov for innspeling, og lot CD-spelaren gå på repetisjon med Yello «The eye» ei natt. Og ganske rett, diskanten hadde løysna litt over natta. Men ikkje heilt, og eg kan garantere at desse øyretelefonane vil endre seg radikalt dei fyrste dagane du brukar dei. Sakte og sikkert vart diskanten meir og meir oppløyst, samstundes som heile bassområdet vart klarare og meir tydeleg definert.

Og etter fjorten dagar var eg kraftig imponert over lydkvaliteten. Dette var imponerande på alle måtar. Meir tilfredsstillande bass har eg faktisk ikkje opplevd frå nokon øyretelefon. Og når også diskant og mellomtone etter kvart vert superoppløyst, klarer eg ikkje å komme på ei meir fornuftig øyretelefoninvestering. Eg har ein del erfaring med Stax, og må vel seie at dei to toppmodellane har endå meir oppløysing. Men slike Staxar eg snakkar om kostar ti gonger prisen på MJ2...

 

 

 

Eit billegare alternativ – mykje av det same?

Eg hadde også fått tilsendt nokre litt rimelegare modellar frå M&J: GL2. Kanskje ikkje fullt så hyperelegante, men med koppar eller «Kabinett» i tre, dei også. Dei sit ikkje fullt så støypt på mitt hovud som MJ2, men det finnest nok dei som ser dette som eit pluss. Dei slepp ut noko meir lyd til omgjevnadane, fekk eg høyre av kona. Altså ei påminning om å moderere seg med lydstyrken til helsemessig gunstige nivå. Og så har dei ein svært lik lydsignatur: svært oppløyst mellomtone og topp, og ein fast og presis bass, med veldig god dynamikk.

Også GL2 treng relativt omfattande innspelingstid før membranane er slik dei skal vere. Det høyrest i starten litt tilknappa ut med merkeleg dynamikk, men det kjem seg ein god del etter eit par døgn med musikk. Så endrar det seg litt etter litt (eg lot telefonane ligge igjen på jobb med lyd på, i håp om at det ikkje forstyrra kollegiet i kontorlandskapet et sit i), til eg no etter snart tre veker ikkje registrerer endringar.

GL2 kan også brettast saman, men tek større plass enn MJ2. Dei har dessutan ikkje skikkeleg etui, berre ein pose av plysj. Men du får veldig god lyd og sparar fleire tusen, så det er eit godt alternativ for mange av oss. Likevel - MJ 2 er nok den modellen eg ville gått for. Etter å ha gjort direkte samanlikningar mellom dei to modellane i tre veker er det ganske tydeleg at den er best lydmessig sett. Så passar han svært godt på mitt hovud. Han vil også langt på veg gjere nytta i støyfylte miljø på reise. Sjølv om han ikkje har elektronisk støydemping, held den lukka konstruksjonen bråk ute langt på veg. Og han har veldig god lydkvalitet, så god at ein kan ta han med seg på Hortenmessa for å vurdere ymse signalkjelder når ein ikkje har tilgang på referansehøgtalarane sine.

Moet Audio fortel at dei køyrer introduksjonstilbod, og det ser ut som prisen på MJ2 er knapt 4000 kroner, noko som eg reknar for eit svært godt kjøp. Og då spørs det kva ein då skal seie om GL 2, som kostar noko over halvparten, 2200 kr. Nei, dei er ikkje så gode som Storebror, så du må nesten sjølv finne ut kor høgt du skal legge lista.

 

Konklusjon

Mitchell og Johnson er eit firma vi må halde auge med. Dei to setta med øyretelefonar eg har fått prøve ut, har imponert stort. Prisane er langt frå avskrekkande, og spesielt MJ2 er eit av dei mest fornuftige kombinasjonar mellom lydkvalitet, fleksibilitet, komfort og pris eg veit om.

 

Read 5907 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.