Sunday, 31 July 2005 23:00

Ny jaktmark, heimekino del 3

Written by

Ein audiofil på nye jaktmarker – Arve & heimekinoDet vart ei stund å vente på den tredje og siste artikkelen om heimekino, den som skulle handle om LYDEN - kanskje like viktig som bildekvaliteten? Unnskyldingar for lang ventetid er med dette overlevert...det var vanskeleg å bestemme seg for kor godt ein likte forsterkar- og avspelingsutstyr.

 

 

Av Arve Åheim mai 2004 - august 2005

Lyden på heimekino
Eg må innrømme å vere svært lydinteressert, så lydbiten har vore eit vanskeleg felt å arbeide med på denne "nye jaktmarka mi". Så langt har eg ikkje fått høyre multikanals lydattgjeving som fullt ut held mål etter mine krav uansett pris, og dei multikanalsanlegga eg vil karakterisere som gode, har vore frykteleg dyre. Det mest interessante av slik meir-enn-stereolyd eg har høyrt, er quadrofoniinnspelingar på 70-talet, og heller ikkje dette var overtydande når det kom til realisme. God stereo er eigentleg betre når alt er gjort rett, og ein kan sette seg i sweetspot – beste lytteposisjon. Mitt gode to-kanals anlegg har for meg vore eit godt balansepunkt mellom lydkvalitet og kva eg kan prioritere økonomisk, og eg er eigentleg svært fornøgd. Men dei nye 5.1 (for ikkje å trekkje inn endå fleire kanalar)-opptaka bør også opplevast på ein skikkeleg måte, og kino er ei oppleving ein gjerne vil dele med andre – det er ikkje lett å få optimale lytteposisjonar for 4 – 5 personar samstundes i stereosamanheng. Eit av dei gode argumenta for surroundlyd, er at senterkanalen gjer oss mindre avhengige av å sitte i sweetspot, altså kan fleire dele både lyd- og bildeoppleving. Om eg skulle halde meg til stereo, ville eg dessutan gå glipp av dei kunstnarlege intensjonane som produsentane har hatt med dette handlingsrommet. Lenge var intensjonen med skikkeleg hifi det å gjenskape ei musikalsk hending så likt lyden i konsertsalen som råd. Etter kvart har dette vorte mindre viktig, og "god lyd" har vorte eit mindre presist, men også mykje breiare omgrep. Det eksperimenterast med effekt langt meir avansert enn tidlegare. Dette vert spesielt interessant når produsentane kan leike seg med fem, seks eller sju kanalar i staden for dei to tradisjonelle anlegg har. Gamle stereo-fundamentalistar må berre godta realitetane; dette handlingsrommet vert brukt, så får ein innrette seg deretter. Som nemnt i tidlegare artiklar har eg styrt klar utfordringa å skape eit kombianlegg som skal takle stereo like godt som multikanal. Dette vert for vanskeleg og for dyrt for meg, og eg prioriterer difor to anlegg til ulik bruk. Iallfall i mitt tilfelle er dette mest fornuftig, spesielt fordi eg ynskjer å halde meg innan eit fornuftig budsjett. Rommet eg skal bruke, er mitt lytterom #2, eit "allrom" som er ein vinterhage på 4x6 meter, som skal romme mange av familiens aktivitetar. Dette er annleis enn lytterom #1, som i stor grad er innreia slik at arbeidstilhøva for mine to elektrostathybridar skal vere ideelle. I vinterhagen må heimekinoanlegget vere praktisk og estetisk slik at det ikkje kjem i vegen for familiens gjeremål i rommet. Difor er det aller beste at høgtalarane heng på veggen, leidningane skal vere ute av vegen, og resten av apparata samla på ein måte som er maksimalt praktisk.

Realisme eller kunstnarleg uttrykksmiddel?
Det vert andre mål her enn i stereoanlegget, der mine høgast prioriterte ynskjemål er stor realisme og nøytralitet i lydattgjevinga. Slike mål har eg erfart er vanskelege med mange kanalar. På kinoar med god inntening, der ein skulle tru at lydbudsjetta kunne vere romslege nok, er lyden klart unaturleg, THX eller ikkje. Ein må vere tidleg ute for å få dei beste plassane i sweetspot, og dessutan er det mykje merkeleg i miks og innstillingar. Klangbalansen kan også vere riktig merkeleg nokre gonger. Sjølve kinoformatet gjer det også frykteleg vanskeleg å oppleve at du er til stades i handlinga, når eit nærbilde av ansiktet til hovudpersonen lett kan fylle heile synsfeltet vårt (det ville elles vere lite ynskjeleg å oppleve å delta som tredje hjul på vogna i ein del scener, sjangeren dataspel er vel meir aktuell for å delta i biljakter og kamphandlingar). Så sjølv om effektane kan vere morosame, gjev surroundlyd ikkje den realismen i lyden som normalt kan oppnåast gjennom to kanalar. Ein gammal audiofil-fundamentalist kan rett og slett ikkje stille dette kravet. Dette er vel grunnen til at det er så vanskeleg å lage ein heimekino som tilgodeser alle gode to-kanals audiofilaspekt, og hovudgrunnen til at eg satsar på to ulike anlegg til hifi og surround.Det vert andre mål her enn i stereoanlegget, der mine høgast prioriterte ynskjemål er stor realisme og nøytralitet i lydattgjevinga. Slike mål har eg erfart er vanskelege med mange kanalar. På kinoar med god inntening, der ein skulle tru at lydbudsjetta kunne vere romslege nok, er lyden klart unaturleg, THX eller ikkje. Ein må vere tidleg ute for å få dei beste plassane i sweetspot, og dessutan er det mykje merkeleg i miks og innstillingar. Klangbalansen kan også vere riktig merkeleg nokre gonger. Sjølve kinoformatet gjer det også frykteleg vanskeleg å oppleve at du er til stades i handlinga, når eit nærbilde av ansiktet til hovudpersonen lett kan fylle heile synsfeltet vårt (det ville elles vere lite ynskjeleg å oppleve å delta som tredje hjul på vogna i ein del scener, sjangeren dataspel er vel meir aktuell for å delta i biljakter og kamphandlingar). Så sjølv om effektane kan vere morosame, gjev surroundlyd ikkje den realismen i lyden som normalt kan oppnåast gjennom to kanalar. Ein gammal audiofil-fundamentalist kan rett og slett ikkje stille dette kravet. Dette er vel grunnen til at det er så vanskeleg å lage ein heimekino som tilgodeser alle gode to-kanals audiofilaspekt, og hovudgrunnen til at eg satsar på to ulike anlegg til hifi og surround.

Nettopp dette unaturleg "morosame", er eit paradoks, for det kan utgjere ein vesentleg del av bodskapen og historia i filmen. Det vert naturleg å samanlikne med ordvalet ein forfattar brukar i ei historie. Og anlegget filmlyden reproduserast gjennom, kan då vere allegori til boka si utforming med t.d. illustrasjonar, fontar, omslag og generell utforming?På same måte som forfattaren sine meir eller mindre gjennomtenkte ord, kan "effekteri" føre til at vi opplever bodskapen på ein bestemt, gjerne sterkare måte enn om vi heldt oss slavisk til det naturlege og opplagte. Erkjenninga av dette har gradvis bygt seg opp, for det er ein lang veg dit i frå det eg kallar "hifi-fundamentalisme", det at idealet for lyd-reproduksjon er lyden i konsertsalen under innspelinga (motstykket til dette er dogme-filmane). "Fundamentalisme" innan dette vil etter mitt syn vere ei anakronisme som kunne ha sin rett i tidlegare tider då t.d. Charles Chaplin komponerte musikk som skulle spelast i samanheng med dei ulike filmane hans. Utviklinga av filmlyd frå "Den tredje mann"på 50-talet fram til i dag, gjer ein "high fidelity" synsvinkel ganske meiningslaus etter kvart. Sjølv om ikkje all filmlyd kan seiast å vere god, er tendensen i dag mykje større relativisme innan realistisk lyd.

Allegorien med litteratur kan ikkje førast for langt, for så sant ein meistrar lesekunsten, kan bokast opplevast direkte, medan reproduksjonsanlegget faktisk kan utgjere ein betydeleg grad av tolking av historia for oss. Ikkje berre skilnad i mono-stereo-surround, tenk på skilnaden mellom svart/kvitt og fargar. Men i mitt oppsett gjer eg dette enkelt. Her held vi oss til korleis vi skal unngå at lydreproduksjonen vert dillete eller direkte feil, slik at vi sit att med anlegget som eit filter mellom oss og bodskapen i filmen.

Konkrete prioriteringar:
Mitt lytterom #2 fungerer svært godt lydmessig (berre du ikkje spelar for høgt, då her er masse glasflater og eit flislagt golv), og det er normalt forbausande enkelt å få til god lyd. No vert det vanskelegare, for eit permanent oppsett gjer at det blir kompromiss med plasseringa av utstyret. Denne sørvendte glasveranden har tre veggar som ein stor del består av av vindauge og taket har også fire Velux takvindauge. (ikkje det ideelle kinolokale, nei!) Ein steinvegg og keramiske fliser på golvet gjer også akustikken svært livleg. Her er mykje blomstrar både om sommaren og i vinteropplag, og temperaturen svingar ein god del gjennom dagen, og gjennom året. Elektronikk og høgtalarar må tåle dette, samstundes som hektisk bruk av rommet gjer at så lite som råd må vere plassert på golvet og helst hengast på veggane.
Det er ynskjeleg at lydanlegget dekkjer andre behov enn heimekino. Tilgang på radio er fint når mor brukar rommet til systove, og pappa ville også gjerne kunne lytte til SACD fleirkanalslyd, utan at dette skal medføre større utgifter. Lydtrykk som stettar behovet for heimedisco er ynskjeleg for familiens yngste medlemer, medan mamma sine krav til diskret plassering har høgre prioritet enn det normalt vert høve til.
Altså gjerne veggplasserte høgtalarar som kan levere god lyd for minst 5 sitteplassar, og apparatur som består av så få og så små boksar som råd. Lyden skal absolutt ikkje vere håplaus å leve med for ein audiofil. Etter budsjettet bør desse lydmåla innfriast til ein kostnad på maksimum 30 000 inkludert kablar. Vi snakkar her om ei utfordring….

Kabel:
Desse verkar inn på lyden, men om eg brukar fornuft, trur eg ikkje kabelvalet er avgjerande på det lydkvalitetsnivået eg legg meg på her. Kompromissa i anlegget og plasseringa av dette, er uansett så omfattande at det ikkje verkar fornuftig å bruke mykje pengar på kabel. Til det skjulte røropplegget vert strekket til bakhøgtalarane på om lag 11 meter, så kabelen må iallfall vere 1,5 kvadrat, sjølv om bakhøgtalarar ikkje skal formidle all verdas detaljrikdom i lyden. Eg kjøpte inn rimeleg, svensk høgtalarkabel frå Ljudia og brukte denne til det skjulte opplegget, men har på lur eit sett gammal Monster Powerline 2 til senter- og hovudhøgtalarar, når eg ynskjer å vere meir kritisk.

Høgtalarval:
Utgangspunktet var altså at desse skal henge på veggen. Fylgjeleg stillast det store krav til at høgtalarane spreier lyden godt, og det er erfaringsmessig svært vanskeleg å få til. Spesielt er dette eit problem i diskanten. Dei oppsetta eg har prøvd ut, gjer at eg opplever at bakkanalane er ganske ukritiske. Det er svært lite informasjon som kjem ut frå desse høgtalane, og det er opplagde spareobjekt på totalinvesteringa. Hovudhøgtalarar og senterhøgtalar er det klart viktigaste. Den siste kan justerast på to måtar som eg fann positive. Det eg likte best, var å tone denne litt ned i nivå, og la hovuddelen av lyden komme gjennom hovudhøgtalarane. Eg tykte dette gav generelt den beste og mest naturlege lyden så lenge eg kunne konsentrere meg om å ha egoistlyd. Men til filmbruk for heile familien, burde senterhøgtalaren ha same nivå som hovudhøgtalarane. Kanskje endå litt kraftigare dersom nokon sat langt ute på sidene av lerretet. Her er det fint om elektronikken kan ha fleire innstillingar, ein for kino, ein for kritisk lytting, og helst ein for "ukritisk vandre rundt i rommet og høyre bakgrunnsmusikk og radioprogram". Til det siste fungerte Bose Lifestyle 28 best, sjølv om Mirage Omni- og Nanosat i praksis synte seg å vere nesten like bra på liknande plasseringar med skikkeleg god filmlyd. JVC og Sony sine receivarar hadde brukbare radioar, men krava til antennekvalitet var litt høgre enn Bose. God klangleg samanheng med hovudhøgtalarar må vere til stades, noko ein stort sett kan sikre seg med å velje same høgtalarprodusent i heile anlegget. Dette er det absolutt sikraste, og mange produsentar utviklar senterhøgtalarar som alternativ i sine ulike høgtalarseriar, slik at forbrukaren sikrar at den klanglege samanhengen er i orden, og at ein ikkje treng kaste bort tid med å eksperimentere. Den tøffe som har massevis av høgtalarerfaring og sjølvtillit, treng ein ikkje ta sånne snarvegar. Sjølv om det er tidkrevjande, går det an å ta sjansen på å handle ut frå kva ein høyrer. Nivå- og fasejusteringar er like viktig, og det gjer ein via elektronikken. Men ta høgtalarane med på heimlån før du avgjer å bruke blandingar av ulike høgtalarmerke. Eg gjorde mange erfaringar med dei merke og modellar som kom inn dørene i utprøvingsperioden, og vart overraska mange gongar (spesielt negative erfaringar med å matche senter- og hovudhøtalarar av ulik type. Dette er ein sport for vidarekomne. Men bakhøgtalarane er langt mindre kritiske) 

Delefrekvensar
Eitt av dei meir alvorlege problema med surroundlyd eg har erfart, er overgangen mellom subben og dei andre høgtalarane. Konstruksjonsutfordringane er dei same som med to kanalar. Det er ynskjeleg med små anlegg. Men små høgtalarar kan ikkje flytte mykje luft. Difor må subben ta seg av også det øvre bassområdet, der øyret er godt retningsbestemt. Dette grautar lyden. Freistinga vert også stor til å lage små subwooferar, som ikkje akkurat vert subb, når frekvensomfanget ikkje går djupare enn knapt 40 Hz. Eg har altså lyst på ein relativt skikkeleg subb, og konsekvensen er at hovudhøgtalarane må klare å ta seg av frekvensområdet nedover til iallfall rundt 70 – 80 Hz. Finnest det slikt som passar til å henge på veggen, og som spreier lyden til også dei som ikkje er plasserte i sweetspot? Eitt av dei meir alvorlege problema med surroundlyd eg har erfart, er overgangen mellom subben og dei andre høgtalarane. Konstruksjonsutfordringane er dei same som med to kanalar. Det er ynskjeleg med små anlegg. Men små høgtalarar kan ikkje flytte mykje luft. Difor må subben ta seg av også det øvre bassområdet, der øyret er godt retningsbestemt. Dette grautar lyden. Freistinga vert også stor til å lage små subwooferar, som ikkje akkurat vert subb, når frekvensomfanget ikkje går djupare enn knapt 40 Hz. Eg har altså lyst på ein relativt skikkeleg subb, og konsekvensen er at hovudhøgtalarane må klare å ta seg av frekvensområdet nedover til iallfall rundt 70 – 80 Hz. Finnest det slikt som passar til å henge på veggen, og som spreier lyden til også dei som ikkje er plasserte i sweetspot?

Å feste gode hovudhøgtalarar på veggen går normalt ikkje særleg bra. Men då eg prøvde Mirage sine Omnisat, var desse forbausande lette å ha med å gjere. Sjølvsagt var Tannoy Eyris ein langt betre hovudhøgtalar, spesielt når eg sat i beste lytteposisjon, der mangelen på senterhøgtalar ikkje sjenerte, og der delefrekvensen kunne setjast lavare – eg kunne faktisk klart meg utan sub her. Eg er ikkje i tvil om at eit komplett Eyrisanlegg (eit slikt står utstilt i butikken hos Stereofil) med god elektronikk ville bidra til langt meir tilfredsstillande lyd enn det eg enda opp med, men då måtte eg gjere kompromiss med plasseringa av høgtalarane, og budsjettet måtte meir enn fordoblast. Tannoy Eyris er ein fantastisk hovudhøgtalar, og dei billege Tannoy Fusion 1 gjekk greitt til bakkanalane, men det var uråd å finne ein god senterhøgtalar av dei høgtalarane eg hadde tilgjengeleg. Dette anlegget vart altså eit egoistanlegg, med svært god lyd i pappas godstol, og ganske triste greier alle andre stadar. Eit komplett Eyris-anlegg vil ganske sikkert gje fleire lyttarar lydkvalitetar av eit heilt anna format enn det eg fekk til her, men det skulle då berre mangle når prisen på eit sånt sprenger budsjettet med god margin (faktisk hadde Tannoy Eyris sin subwoofer åleine gjort ende på det). Blandingsoppsett vart prøvd ut, og eg kan iallfall konkludere med at Tannoy og Mirage absolutt ikkje bør blandast, ikkje eingong som bakhøgtalarar. Dei to merka er svært, svært ulike. Meir overraskande var kanskje at Tannoy og Epos ikkje passa særleg godt i lag klangmessig.

Mirage
Oppsett med Mirage vart altså til sist det eg enda opp med. Med to Omnisat som hovudhøgtalarar, og Nanosat senter/bakhøgtalarar var lyden lysare, mindre detaljert og mindre dynamisk nyansert enn Tannoy –oppsettet. Men eg opplevde lydbildet som minst like godt til kinobruk. Dessutan spreier lyden seg utruleg bra, og det var nesten ingen rimelege plasseringar i rommet som ikkje gav ei eller anna form for akseptabelt romperspektiv - ein svært viktig eigenskap når det lyttast til radio, eller heimekinoen er i bruk. Kompromisset var at lyden ikkje var skikkeleg naturleg når eg spelte SACDar med klassisk musikk. Det innspelte lydbildet kom berre fram i dei to-tre beste lytteposisjonane, og ut over dette var det anlegget/rommet sitt lydbilde som dominerte. Likevel var dette betre enn å sitte utanfor sweetspot med Tannoyoppsettet, som på si side gav mykje meir naturleg klangbalanse enn Omni- og Nanosat, som var litt for lys klangmessig om eg skal vere audiofilt kritisk, og dessutan dynamisk sett i ein heilt annan divisjon.
Med ein Omnisat som senterhøgtalar, og resten av høgtalarane Nanosat, vart det mindre dynamikk og meir retningsverkande bass frå subwooferen. Likevel vil eg ikkje karakterisere lydkvaliteten som vesentleg dårlegare, og høvet til å spare inn 1500 kr skal ein ta med seg – Nano fungerte som senterhøgtalar, sjølv om ein Omnisat vert noko betre. Dei klangmessige vanskane kan i stor grad kompenserast ved fornuftig bruk av elektronikken.Også eit reint Nano-opplegg fungerer godt, og prisen vert då 3000 kr mindre, som ein kan kjøpe mange timars filmunderhaldning for. Nano-subben gjorde ein utmerka jobb, både til film og musikk, og må seiast å vere eit funn til prisen. Men eg prøvde også min gamle BPS150 frå same produsent, ein sak som ikkje lenger er i produksjon. Denne hadde nok meir autoritet, og spreidde dessutan basslyden betre når eg brukte høg delefrekvens, noko som musikkattgjevinga tente merkbart på. Men til kinobruk opplevde eg at Nanosub gjorde ein like bra jobb, og sakna i svært liten grad det ekstra grepet den eldre modellen hadde med botnen.

Forsterkarar:
Det aller beste eg har fått demonstrert av surrond-elektronikk var diverre utanfor budsjettrammene. Eg bestemmer meg også for å satse på ein receiver, slik at det ikkje vert mange boksar som fyller opprommet. Det finnest mange produkt på marknaden, men eg avgrensar meg til å prøve ut fire ulike oppsett:

Bose Lifestyle 28, som tidvis dukkar opp på tilbod om lag på denne budsjettramma, og då med høgtalarar og kabling innbakt i pakken.   

Eigen artikkel om Bose Lifestyle 28 finn du her.











Onkyo DR-S2.2DVD-receiver til 12 000, alt som trengs i ein ganske lav boks som til gjengjeld er svært djup. Dessutan er han tung, til å berre skulle levere 5x30 Watt.



















ein pakke frå Sony til 10 000 med STR DB900 6.1 receiver



og den "altetande" spelaren DVP-NS955V



JVC receiver RS-EX1, brukt saman med Sony sin kombinerte spelar.              




Bose-systemet fungerte kanskje best ut frå dei målsettingane eg hadde sett opp, spesielt ut frå kinolyd og i dette å kunne plasserast fritt og ikkje dominere rommet. AcoustIQ-konseptet gjorde innstillinga av anlegget til ein leik, og i staden for at eg måtte finjustere og ombestemme meg fleire gonger, hadde systemet til Bose gjort at eg i laupet av ti minutt hadde fått ei innstilling som eg var 90% fornøgd med, og kunne bruke kveldane til musikk og film. Radiofunksjonen var også svært god, slik at Popquiz og andre musikkprogram kom heilt til sin rett. Einaste verkelege minus var mitt ynskjemål om å kunne spele SACD. Då mediet har fem kanalar, og hovudanlegget mitt berre to, må dette surroundanlegget ta seg av utfordringa om å kunne gje att innspelingane i fem kanalar på ein god (iallfall akseptabel) måte, og Bose har ikkje prioritert dette formatet. Elles: til rein musikkattgjeving må det innrømmast at dei andre oppsetta var meir presise, iallfall etter at eg hadde jobba ein del med innstillingar og plassering. Prisen på Bose Lifestyle er dessutan slik at budsjettramma ville verte sprengt, med mindre ein kan handle på tilbod. Eit mindre Lifestylesystem finnest, og burde kanskje prøvast ut?

Sony-pakken hadde 6.1-forsterkar, men det lukkast ikkje å få til fornuftig plassering av den siste, sjette høgtalaren, sidan lytteplassane mine er tett på bakveggen. Etter ein del prøving og feiling, vart det til at eg køyrde 5.1-oppsett. Sony-forsterkaren var den med kraftigast effekt, utan at det utvikla seg mykje varme frå apparatet, og kunne spele svært høgt. Likevel opplevde eg ikkje dynamikken som særleg nyansert eller presis. Referansen her var hovudanlegget mitt, og det var nok urettferdig mot eit såpass rimeleg surroundanlegg. Klangmessig passa ikkje Sony-receivaren særleg godt med Mirage-høgtalarane, og heller ikkje Tannoy Eyris kom skikkeleg til sin rett. Sony skal likevel få plusspoeng for skikkelege høgtalarterminalar, og den generelle byggekvaliteten var den beste av testobjekta.
Innstilling av surroundlyd var ganske omfattande, og handboka måtte lesast nøye. Lyden vart til slutt ganske bra, men eg kunne godt tenkje meg litt enklare prosedyrar. Dei ferdiginnstilte akustikkane var interessant å prøve. Nesten alle hadde fordelar på ulike måtar, men det var vanskeleg å bestemme seg for ein som passa best i den aktuelle samanhengen.
Det fine var avspeling av SACD, som gav spennande multikanalsopplevingar, utan at eg på nokon måte vart overtydd om at tokanalsanlegget mitt var gått ut på dato. Det er nok behov for meir arbeid med surroundoppsettet enn eg fekk til i denne utprøvinga. Radioen var grei nok, men eg skulle ynskje monoknapp ved lytting på svake kanalar, slik at eg kunne få vekk ein del støy. Det er nok behov for ei skikkelegare antenne enn det eg hadde tilgjengeleg. Pluss til den fine multiformatspelaren som gjorde ein ut frå prisen svært god jobb, og som hadde alle dei fasilitetar eg hadde behov for.

JVC-forsterkaren var litt enklare å stille inn enn Sony, og leverte lyd med litt meir varme, noko som kledde Omnisat godt. Forsterkaren vart ein god del varmare, utan at dette var forbunde med vanskar av noko slag. Elles var det også her vanskeleg å bestemme seg for eitt oppsett som var udiskutabelt best, utan at det eigentleg sjenerte kinolyden i særleg grad. Men eg skjønar at eit skikkeleg lydkritisk surroundoppsett krev at ein arbeider mykje med dette. Handbok vart finlese, og handlingsrommet utprøvd fram og tilbake, men heilt fornøgd med oppsettet ved bruk av CD eller multikanals SACD, vart eg ikkje her heller. Litt viftestøy frå forsterkaren til tider gjorde det ynskjeleg å plassere han eit stykke unna lytteposisjonane. Elles hadde JVC ikkje sett seg råd til skikkelege høgtalarterminalar. Dette er billegaste slag. Dei fungerte greitt i testperioden, men erfaringsmessig tapar slike fjørspente terminalar seg over tid og kan føre til dårleg kontakt.

Onkyo hadde den dyraste løysinga, ein boks der alt var innebygd til 12000 kr, noko som verkar dyrt, særleg då forsterkarane berre var oppgjevne til å levere 30 Watt pr. kanal. Eg vart forbausa då dette var den klart mest dynamiske forsterkaren i denne utprøvinga. Sjølv om nivået under avspeling låg litt svakt, var dei gode dynamiske eigenskapane av ein slik kvalitet at eg ikkje på eit einaste tidspunkt opplevde denne forsterkaren som noko svakare enn konkurrentane. Eg prøvde å vere svært nøye med at tilkoblingar og anna var i orden når eg samanlikna med dei andre, men alle resultat såg ut til å vere til fordel for Onkyo. Også denne hadde fleire menyar som skulle justerast, og på same pedagogiske nivå som dei andre, var også desse diskutable. Likevel var mitt lydlege inntrykk av Onkyo-receivaren ganske klart det beste. Om dette skuldast at ein DVD-receivar har kortare signalveg og er samansett slik at det er bra for lyden, eller om det rett og slett er Onkyo som har laga eit dyrare produkt, og med det gjort ein betre lydjobb, var vanskeleg å seie.

Sjølv om ein boks er meir lettvint enn to, er det ikkje utan utfordringar. Med så mykje elektronikk samla i ein boks, vert 2.2 ganske varm, og den innebygde vifta lagar merkbar støy. Boksen er også ein god del djupare enn dei andre, og den relativt høge prisen gjer også at budsjettet stressast ein del. Den innebygde DVD-spelaren tar heller ikkje SACD-formatet, så sjølv om CD let ganske godt, kunne ikkje desse fleirkanalsopptaka avspelast. Når det gjeld høgtalarterminalar, har Onkyo inngått eit underleg kompromiss. Senter- og hovudhøgtalarar har fått skikkelege terminalar, medan bakhøgtalarane har fått dei dårlege, fjørbelasta terminalar ein kjenner frå heilt billege konstruksjonar. Ettersom det ikkje er plass til allverda på baksida av dette lave kabinettet får ein ha forståing for løysinga, og bakhøgtalarane er ikkje særleg kritiske til lydkvalitet uansett, men heilt fornøgd er eg ikkje….
Eg fann ut at også Onkyo har rimegare pakkeløysingar med separat DVD-spelar og receiver som er meir naturleg samanlikningsgrunnlag, men fekk ikkje høve til å prøve ut dette i denne omgang.

Konklusjonen på elektronikkdelen er vanskeleg å trekkje. Den aktive subben eg brukte, avlasta nok forsterkarane elles ein god del, slik at Onkyo sine 30 Watt funka greitt nok til Mirage. Men å køyre denne forsterkaren som fulltone til Tannoy Eyris var i knappaste laget.
Ei endå viktigare innvending var dei ulike oppsetta ein kunne stille inn gjennom forsterkarane. Eg enda alt for ofte opp i slike mellomløysningar der det ikkje er vanskeleg å høyre massevis av skilnadar, men der eg ikkje greidde bestemme meg for om noko var meir naturleg, eller i det heile tatt betre/verre enn dei andre løysingane, berre annleis. Lettare brukarsnitt må til, og eg vel no å sette meg til å vente på neste års modellar.

Signalkjelder
Her må ein DVD-spelar ha lydlege kvalitetar som har fyrsteprioritet å vere gode nok til å stette behovet for dette i filmsamanheng, og dessutan gje eit godt bilde. Andreprioritet vert å kunne spele CD-ar med så god lydkvalitet at det ikkje er til ulempe for reine musikkopplevingar under bruk av anlegget i slike samanhengar. Den siste kvaliteten spelaren bør ha, er å kunne avspele SACD, slik at familien kan ha glede av surroundutgåver i dette formatet. 

Denne tek både SACD- CD og DVD-plater, og kostar berre 4000 kr, så dette er eit opplagt val. Eg samanlikna han med min eldre SACD-spelar i stereoanlegget, og finn altetaren ei aning lysare i klangbalansen, men elles vel så god som "gamlingen".

Det lukkast ikkje å finne andre aktuelle multiformat-spelarar. Dei eg kom over, var i så høg prisklasse at budsjettet elles hadde vorte sprengt.

Konklusjon:
Det vart vanskeleg å trekkje konklusjon på lydsida. Eg vart ikkje lydleg fornøgd. Kanskje eg stiller for strenge krav, at dette prisnivået rett og slett ikkje har gode nok produkt? Eller kanskje dei er for vanskelege i bruken? Mykje tyder på at eg ikkje fekk optimalisert alle fasilitetane som var tilgjengelege i dei ulike produkta. Dette må det arbeidast meir med, og eg lovar ny surroundartikkel om ikkje så lenge, der eg vil prøve ut andre og nyare modellar.
Men sjølv om eg ikkje vart fornøgd, (vanskeleg som eg er): Lyd har svært mykje å seie for den totale kinoopplevinga, og med alle desse løysingane får du resultat som ein offentleg kino ikkje kan klare for anna enn dei aller beste sitteplassane. Den filminteresserte vil med heimekino ha eit absolutt interessant alternativ til dyre kinobillettar for heile familien. Kanskje spesielt utanfor tettstadane, der husa har mange rom, og ikkje eingong Bygdekinoen kjem på besøk?
Kopling til andre lydprodukt som radio og musikk vil vere interessant for fleire enn min familie, og stette mange bruksområde, ikkje minst i multimediasamanheng. Det er gjennomførleg å ha ganske diskret og bortgøymd plassering av høgtalarar og anna utstyr med forbausande godt resultat, når ein prøver utstyr som er spesielt tilpassa dette, som Bose og Omnisat. Men eit reelt alternativ til eit skikkeleg hi-end stereoanlegg er iallfall ikkje aktuelt før i prisklasse langt over det denne prisramma gjev rom for. Høgtalarpakkar med basis i høgkvalitets høgtalarar, som i mitt tilfelle Tannoy Eyris, vil kunne komme langt på veg i retning kvalitetslyd. Men dette krev nok meir arbeid med oppstilling av høgtalarane, og er like kritisk til plasseringa av lyttarane i sweetspot som tilsvarande stereoanlegg. Dessutan kjem prisen på lyddelen minimum til å fordoble seg. Der plass og økonomi tillet det, tykkjer eg mi løysing med to ulike anlegg dei ulike bruksområda er best. Ein unngår då også brukskollisjon med bruksynskja til andre familiemedlemer.

Dersom ambisjonen er å klare seg med eitt høgkvalitets multimedia anlegg, vil eg bestemt tilrå at ein brukar mykje tid på å orientere seg i marknaden. Heimlån er obligatorisk, sjølv om dette medfører mykje bering og depositum som skal innbetalast. Ein må vere sikker på at anlegget passar godt til akkurat ditt bruksområde. Det er lett å gjere feilkjøp, så pass på å avtale rettleiing og oppfylging frå forhandlaren si side.

Sluttord om den nye jaktmarka
Dette var altså siste artikkel frå sesongen 2004/2005 om heimekino frå mi side. Mykje jobbing måtte til, og ikkje minst måtte eg tenke grundig igjennom korleis eg skulle prioritere når anlegget skulle setjast saman.Det har vore eit oppløftande erfaring om teknologisk utvikling. Spesielt bildesida har ein kvalitet som eg ikkje hadde forventa, og det til prisar som absolutt kan konkurrere med eit stort TV-apparat av god kvalitet. Og alt tyder på at det satsast vidare på å skape endå betre kinobilde til heimebruk. Sannsynlegvis kan kinoar med 35mm film telje sine dagar, når dei nye høgoppløyste projektorane dukkar opp framover. Ting som vart presenterte på Oslo Plaza er ein klar indikasjon om dette.

Dette var altså siste artikkel frå sesongen 2004/2005 om heimekino frå mi side. Mykje jobbing måtte til, og ikkje minst måtte eg tenke grundig igjennom korleis eg skulle prioritere når anlegget skulle setjast saman.Det har vore eit oppløftande erfaring om teknologisk utvikling. Spesielt bildesida har ein kvalitet som eg ikkje hadde forventa, og det til prisar som absolutt kan konkurrere med eit stort TV-apparat av god kvalitet. Og alt tyder på at det satsast vidare på å skape endå betre kinobilde til heimebruk. Sannsynlegvis kan kinoar med 35mm film telje sine dagar, når dei nye høgoppløyste projektorane dukkar opp framover. Ting som vart presenterte på Oslo Plaza er ein klar indikasjon om dette.

Når det gjeld lyd, er det også mykje å glede seg over. Det vi kan kalle "mid-fi-skiktet", prisnivået rundt 30 000 for lyden som eg har prøvd ut, leverer lyd som er langt meir tilfredsstillande enn det du kan rekne med på ordentleg kino. Det er i grunnen utruleg at ikkje kinosalane oppgraderer lyden sin i større grad, for du får langt betre heimelyd enn kva du kan rekne med i dei fleste kinosalar. Eg oppfordrar sterkt ansvarspersonar innan kino om å oppdatere seg på kva som faktisk er tilgjengeleg i dag, for ein pris som er konkurransedyktig over nokre kinosesongar for ein filminteressert barnefamilie.

Likevel er det eit godt stykke att før surroundlyden kan måle seg med skikkeleg hi-end stereooppsett, definitivt i det prissegmentet eg har undersøkt. Også når det gjeld optimal justering av anlegget har surroundpakkane eit stykke att før dei kan seiast å vere enkle å få til. Eit unntak her er Bose. Håpar det dukkar opp fleire produsentar som legg like stor vekt på å gjere jobben lett for sluttbrukaren.

Det ser ut som prisane er på eit akseptabelt nivå når det gjeld heimekinoprodukt. Men utviklinga går alltid vidare, og prismessig er det alltid håp om å få meir for pengane når neste års modellar dukkar opp. Sjølv om eg ikkje er heilt fornøgd med lydsida sine kvalitetar, trur eg at prisen på bildesida ikkje går særleg djupare om du skal ha skikkeleg widescreen heimekino. Til heimekino basert på DVD er det i dag greitt å kjøpe utgåande fjorårsmodellar til svært lav pris. For den som vil vente til teknologien har vorte endå betre, kan det vere vanskeleg å bestemme seg for å ta investeringa no, då det alltid er von om at utviklinga går vidare. Men prisane akkurat no, når lagera tømast for å gjere plass til neste sesongs modellar, er så låge at det ikkje er forbunde med stor tapsrisiko å slå til.

Eg aktar iallfall å fylgje med. Og til dei som sit på gjerdet og ventar: Neste sesong vert svært spennande!



Sist oppdatert : 22.10.2005 09:48:25

Read 4594 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.