Sunday, 19 September 2004 23:00

NextBase SDV-17A3 - skjerm med innebygd DVD

Written by

Framleis er det vel utesesong. Fyrst i september startar vel leitinga etter ny inne-hifi, medan bærbar-sesongen framleis er i full gang. Kva så med filmsesongen – er bærbart interessant også der? NextBase har eit superprodukt…

 


av Arve Åheim, 20.september 2004  

Familien ferierer som regel i Sandefjord. Og det er over 700 km å køyre, noko vi helst gjer unna på ein dag. Då kan det bli kjedeleg i baksetet for dei yngre familiemedlemene. Det dukkar frå tid til anna opp brosjyrestoff som fortel om video i bil, men så langt har dette utanfor det vi har sett oss råd til å prioritere. NextBase kjem her med eit svært allsidig produkt som stettar mange behov.

Denne ”dingsen” er ganske enkelt ein LCD-skjerm på 7 ” med innebygd DVD-spelar. I motsetnad til konkurrentane er det ikkje hengsla lokk, så spelaren tek faktisk ikkje særleg mykje meir plass enn skjermen. Den er ganske tung, så her er skikkeleg tettpakka med deler. Det er heller ikkje plass til batteri, så dette må skruast fast på utsida om du ikkje har tilgong på andre straumkjelder. Batteriet er ganske stort, for det går trass alt mykje straum til å sjå ein spelefilm, sjølv på ein liten skjerm. Under utprøving greidde eg heilt fint å sjå ein spelefilm på to timar. Produsenten har gjeve opp ei speletid på inntil 3 1/2  time, noko eg ikkje prøvde ut. Men såpass lenge bør ein kunne spele om ein er på tur, tykkjer eg.

Spelaren er også utstyrt med 12volts inngang, slik at du kan bruke han i bil. Der er også øyretelefonutgang med volumkontroll, video og audio inn/ut. Den sistnemnde er utstyrt med teksten ”optical out”, men det går ikkje å stikke inn ein vanleg TOSlink-kabel her. Det skal sikkert vere ein spesialplugg av eitt eller anna slag. (Dette er ein av dei få tinga som ikkje fylgjer med som standard i den innhaldsrike ekstarutstyrspakken).

Biletet er ganske godt, og med widescreenformat, og klarer fint dagslys, om enn ikkje direkte sollys. Lydkvaliteten frå dei innebygde høgtalarane er gode nok til å få med seg dialogen på filmane, men det er langt betre å bruke øyretelefonar. Gjerne nokre som er betre enn dei medfylgjande øyrepluggane. Ein forgreiningsplugg gjer at to kan lytte på same tid, og nokre fleire er ikkje aktuelt. Ein så liten skjerm inviterer ikkje til at fleire enn to kan sjå i gongen.

Eg har brukt spelaren ganske aktivt nokre veker, og også latt familiens yngre garde bruke han. Han har fungert utmerka heile tida, både direkte, og som DVD-spelar tilknytta TV-en gjennom dei medfylgjande kontaktene. Det går litt tid til somme sceneskift, men i praksis er det ingen problem med bruken. Det verkar som byggekvaliteten er god, og NextBase kan godt fungere som DVD-spelar nr 2.

Det aller beste med denne saken, bortsett frå den rimelege prisen, er alt ekstrautstyret som er inkludert i prisen. Du får:

 

  • Fjernkontroll. Rot ikkje vekk denne! Du treng denne for å bruke ei rekkje funksjonar som språk og undertekstar. Berre dei aller mest nødvendige funksjonane kan brukast frå sjølve spelaren.
  • Leidning med scart-adapter. Du kan velje mellom scart eller rca-pluggar.
  • Batterielminiator/ladeapperat.
  • 12-volts sigarettennarkontakt. Spiralleidning, og du bør helst ha kontakt i baksetet for å unngå krøll. Under langtur opplevde vi at kontakta spratt ut to gonger, med påfylgjande irritasjon for sjåarane.
  • Forgreiningsledd, som gjer at to sett øyretelefonar kan brukast.
  • Eit sett øyrepluggar av ”tja-kvalitet” fylgjer også med. Her er det lurt å spandere litt ekstra, ikkje minst med tanke på lyttarane sin høyrsel. Lettdrivne, lukka konstruksjonar er betre. Då kan foreldrene høyre musikk på anlegget i bilen.
  • Ei lita veske til å oppbevare småsakene som høyrer til
  • Ei utruleg smart veske som held spelaren fast på nakkestøtta til framsetet. Skjermen er for liten til at tre kan sjå på same tid. Men dersom du har tre i baksetet, er spelaren ikkje dyrare enn at du har råd til to stk. Då vil du sleppe diskusjonar om kva for ein film som skal sjåast også, noko som er gunstig om du har stor aldersskilnad mellom dine baksetepassasjerar.

På langturen i starten på ferien skapte spelaren velsigna ro. Einaste problemet var på kronglete vegar, som kombinert med filmsjåing, gjorde passasjerane ganske så kvalme. Men om filmen vert for påtrengande, kan også spelaren brukast til CD med brukbart resultat. Diverre er 7" skjermar slik at dei ikkje kan sjåast på av meir enn maksimum to baksetepassasjerar i gongen. Eg må såleis investere i to spelarar til tre håpefulle. Men dette vil også gjere at eldstemann kan sjå litt meir avanserte filmar enn det jentene på 10 og 12 år ynskjer.

Økonomisk sett har NextBase skapt mykje problem for konkurrentane. Samanliknar vi med dei flottaste bilspelarane, har du råd til både navigasjonssystem og to NextBase i staden for desse. Du fristar heller ikkje nokon over evne dersom du plukkar spelarane av nakkestøttene når du går frå bilen. Dessutan har du også tilgjengeleg DVD på rommet eller i teltet når du stoppar
.


Konklusjon:

Eit innovativt produkt til lav pris. Pass på prisnivået, som varierer kollosalt, frå 2990 til 4500. Og prisane ser ut til å gå ned....    

importør: www.opticalstorage.no

Read 4908 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.