Arve Åheim
Skribent i Audiophile.no
Marantz sin SA 11 er den beste måten eg kjenner til for å lytte til SACD i stereo. Her er ein annan to-kanals spelar til godt 1/3 av prisen. Kor mykje av dei lovpriste kvalitetane til storebror er til stades i veslebror?
Published in
Digitale signalkilder
SACD og CD - to svært aktuelle format som ser ut til å ha livets rett. Problemet er å finne ein boks som klarer begge format like godt. Her er Marantz sin toppmodell, SA 11S1 som klarer dette svært bra. Heller kostbar, men likevel ei fornuftig investering.
Published in
Digitale signalkilder
Det finnest i dag mykje spennande musikk innspelt på SACD så vel som på vanlege CD-plater. Det er spesielt spennande å kunne høyre kva som ligg føre i fleirkanalsutgåver, men for å få oppleve dette, må du ha ei multimaskin, noko som typisk har kosta ein del fram til no.
Oppo imponerte stort med ”nynorskspelaren”. Her er ein oppfylgjar – rett nok utan begge målføre, men til gjengjeld med SACD-avspeling. Til berre 2000 kr – kan slikt halde mål?
Published in
Digitale signalkilder
Tagged under
100 000 kr er mykje pengar!
Med forsakingar på andre felt ein slik sum medfører, er X-01 ikkje noko for gjennomsnittsentusiasten. Spennande å teste, men i utgangspunktet stiller vi ekstreme krav til ein så dyr SACD-spelar. Eg forventa at alle lydparametrar ikkje berre skulle vere svært gode, men ganske unike.
Det er hardt å melde at krava mine stort sett vart innfridde.
Published in
Digitale signalkilder
Tagged under
Eg skal fortsette mitt djupdykk i Vincent sin produktkatalog med ein kikk på toppmodellen av CD-spelarar - og dette ser slett ikkje dårleg ut..
Published in
Digitale signalkilder
Tagged under
Vincent har med forsterkarsettet SA-T1/SP T100 presentert meir lydkvalitet for pengane enn nokonsinne, og det med smakfull design og god brukskomfort. Det er klart at CD-spelaren CD-S6 i same design då må prøvast ut. Kan denne leve opp til forsterkarane?
Published in
Digitale signalkilder
Tagged under