Stig Arne Skilbrei
Seniorskribent i Audiophile.no
Ein meir usannsynleg samanlikning kan vanskeleg tenkjast. Ein gamal billeg Tandberg-radio, nærast som ein hushaldningsartikkel å rekna, mot ein high-end rørforsterkar av uvanleg konstruksjon. Sidan Croft-en er ein rein effektforsterkar, har eg kopla han opp mot Electrocompaniet Pre 2 forforsterkar, ikkje av di det er den einaste eg har, eller den som passar best kva veit eg, men av di det har synt seg å fungera greitt, og at han har inngang for både MM og MC, og det er jo pokker so praktisk. Eg har diverre ingen Croft forforsterkar, men skulle ynskja eg hadde, etter effektforsterkaren sine prestasjonar å døma.
Ein gamal CD-spelar vart modifisert - til det verre. Og Stig Inge sitt stereoanlegg i bilen har og vorte modifisert, denne gongen heldigvis til det betre. Det har vore lærerikt.
I serien “du kan nesten ikkje tru at det er sant” er me no komne til del 3, like smalt, og om mogeleg endå smalare. Denne gongen om korleis ljos kan verka inn på lytteintrykket. Det kan verka trivielt, men det er viktig, som dømet i teksten har lært meg.
Eg har aldri før prøvd ut digitalkablar. Har ikkje hatt trong for det. Men no har eg brått digital koaksialkabel mellom CD-transport og DAC, og digital nettverkskabel (LAN) mellom ruteren og same DAC-en. Det har fått konsekvensar.
Del 1 av reportasjen frå årets Osafestival er alt presentert. Sjå gjerne denne for ein presentasjon av festivalen.
Avisa Hordaland spurde folk på Vangen om dei hadde høyrt om Osafestivalen. Nokre hadde, men ville ikkje delta. Dei om det. Dei yngste hadde ikkje eingong høyrt om festivalen. Slik er det når ein går med nasa nedi mobilen heile tida. Hadde dei løfta blikket litt, kunne dei sett at det hang banner på kvar einaste lyktestolpe gjennom heile Vangsgata, slik det brukar når det hender noko stort i bygda. Og Osafestivalen er definitivt eit slikt storhende.
Ein test mellom to forsterkarar enda opp med med ein test -med eller utan bananpluggar-. Det var slett ikkje planen. Ganske smalt, for ikkje å seia skikkeleg nerdete. Men bli med på reisa.
Me har vore vekke heile helga, og då må det skrivast ferdaminne, må vite. Eller messereportasje. Sei meg, korleis skriv ein eigentleg ein messerapport? Og grunnen til at eg spør, er at den vanlege troikaen - eller "gutta på tur" - har vore i Horten på den årvisse hifi-utstillinga. Også kalla “fesjå” her vest om det er sauer involvert, i dette tilfelle festivaldeltakarar.
Det har vore nok Tandberg for ei stund no. Over til noko heilt anna: Ein magisk boks til å forbetra lyden frå stereoanlegget, og ein forsterkar/radio eg aldri har sett før.
Ein bukett Tandberg. Siste verset? Neppe! Fleire er på veg. Men i denne omgangen har me samanlikna Sølvsuper 11 med 12, samt TR 220 og TR 2030. Ein av dei ein skikkeleg godbit, men berre utan den innebygde loudnessen.