Monday, 27 September 2021 15:50

Vossajazz 2021 - sundag

Written by

Siril Malmedal Hauge

Denne konserten gjekk klokka 12 på morgonen - ja eg kallar det morgon - i Osasalen på Ole Bull Akademiet. Det var eit slit å koma seg opp tidsnok til å rekka det. Midt på natta. Osasalen er relativt liten og intim, noko heilt anna enn t.d. Vossasalen på Park, og lyden får difor ein heilt annan karakter. Han vert nesten som heime; i samanlikning. Det er fantastisk å koma so nær utøvarane, eg sit rett framføre trommeslagar Henrik Lødøen og både høyrer og ser korleis han byggjer opp og varierer tromminga etter kvart undervegs i låtane, til kvar einaste melodi. Ein slik endring i nivå, intensitet eller dynamikk får ein sjeldan med seg på plate, der går alt på full guffe. Null dynamikk. I alle fall på populærmusikk. Som regel betre lyd på jazzinspelingar heldigvis.

 

Eg kjenner ikkje Siril og gruppa hennar frå før, difor valde eg ut denne konserten på morgonkvisten. Siril fortel at ho spelar frå siste plata si, i hovudsak, men og litt frå tidlegaste. Smilande syng ho blide låtar i klassisk stil - kan ein kalla det slik? - og medmusikantane let seg smitta. Stemninga er blid og avslappa, og vetle blonde Siril nærmast svever framføre mikrofonen, voggande og nesten dansande. Nydelige låtar dette, slentrande vakkert, eg vart so oppslukt at eg nesten gløymde å ta bilete. Og lyden er heilt unik, det er eit vellukka lokale dette, eg har vel knapt høyrt so god lyd i det heile. Dette var akkurat det du trengte på ein sundagsmorgon. No bullshit, berre herleg musikk. Noko heilt anna enn preika, gudskjelov. Vil eg sjekka ut og lytta meir på denne musikken når eg kjem heim? Det kan du banne på. Og so lenge eg ikkje er på kyrkjekonsert med Mathias Eick er det faktisk lov å banna.     

 

Ingebrigt Håker Flaten: Tingingsverket (EXIT) KNARR

Klokka er åtte (på kvelden!) i Vossasalen på Park, vossingane si “storstove”, etter påbygginga på hotellet. Mamma Vossajazz  (Trude Storheim) kjem springande inn på scena, glad og blid som alltid, og fortel at me er vitne til hendingar denne helga som vil gå over i historiebøkene. Den eine er opninga av samfunnet laurdag kl. 4, midt i festivalen, som eg alt har snakka om, og den andre er at kveldens tingingsverk, som eg trudde “berre" var eit “avbestillingsverk” som siste konserten i festivalen, faktisk var sjølvaste tingingsverket, det 40-ande i sitt slag, og det fyrste og truleg siste som har vore både tingingsverk og avbestillingsverk i Vossajazz si soga. (Grunna dei ekstraordinære omstenda med covid, avlysingar, utsetjingar og anna).

Dei er alt på scena, litt av ei gruppe, 5 mannssterke og 3 kvinnesvake. Fyrste låt er kaotisk med mange elektroniske og rett og slett berre irriterande lydar, eg tenkjer “helsike, skal heile konserten vera slik, då går eg”. Tingingsverka har nemleg litt varierande rykte, nokre av dei er flotte, medan andre skal vera so forbaska “kunstneriske” at dei kokar vekk i flinkisme og navlebeskuing. Men når pianisten har knotta frå seg på synthen sin, er dei påfylgjande låtane mykje lettare å gå til. Me høyrer opptak frå folkeliv og dyreliv i bakgrunnen i starten av kvar einaste låt, som skal representera Ingebrigt sine (favoritt)stader dei siste par åra. Eg drøymer meg av garde til eksotiske og varme strok, plassar me ikke har fått lov å reisa til på lenge, og vert ganske paff når Ingebrigt etter ei stund avslører og ramsar opp dei aktuelle stadane: Austin, Trondheim, Chicago, Røros og Oppdal. Ikkje visste eg at dei hadde frittgående høns og heilage kyr på Røros! Denne spyrjeleiken var til og med vanskelegare enn Dag og Tid sin.  

Til venstre på scena står tre blåsarar, vidare to trommeslagarar sentrum bak saman med Ingebrigt på ståbass, deretter Oddrun Lilja på gitar, og pianisten, men den fordømte synthen, heilt til høgre. Dei to blikkfanga, eller “lookers” på scena, frå ein mannleg synsstad, var utan tvil blåserekka   med vetle, smålåtne og sjarmerande Mette Rasmussen på altsaksofon heilt til venstre, nærast publikum, og Oddrun Lilja på gitar, i ein svart assymetrisk lårkort kjole. Ho forsvann nesten bak den svære raude elgitaren, men det var ingenting i vegen med trakteringa. 

 

Til siste nummeret tek Ingebrikt på seg ein el-bass, og saman med Oddrun og blåserekka dreg dei i gang eit nydeleg og drøymande forløp som endar i ei energisk og livsbejaande avslutning. Aldeles nydeleg. Alt i alt var det relativt vellukka dette. Eg trur eg vil gje dei ståkarakter!  

Takk til Trude og Kari på Vossajazz-kontoret og alle hardtarbeidande friviljuge for å gjera festivalen mogeleg, takk for akkreditering og høvet til å høyra all denne flotte musikken, og deretter kunne skriva om han. -Me sjåast att i Palmehelga 2022, lovar Trude. Det er berre eit halvt år til. Fatt mot. 

 

Read 2488 times Last modified on Monday, 27 September 2021 16:48
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.