Saturday, 05 March 2005 23:00

Katie Melua - Call off the search [CD]

Written by

Katie Melua er eit relativt ferskt, men ikkje lengre ukjend namn i musikken. Albumet ”Call off the search” er blitt litt over eit år gamalt, men diverre har eg ikkje fått øyrene opp for det før nyleg. Og ja, eg meinar det når eg skriv ”diverre.” For sjølv om denne plata ikkje er revolusjonerande på nokon måte, har den noko ved seg. Les vidare så skal du få sjå...

 

 

No er eg sikker på at ein del av dykk allereie kjenner både artist og album, men for alle oss etternølarar, kan det jo vere greitt å få vite litt meir. Katie Melua var fødd i 1984, og har flytta mykje rundt. Ho har vakse opp i Batumi (Georgia), i Moskva og i Belfast, og går no på skule i London. Det var òg her ho blei oppdaga, og ho var altså 19 år då denne plata, debutalbumet, blei utgiven i 2003.

 

Katie Melua stiller i rekkja av unge artistar som har suksess med sine første utgivingar av heilt eller delvis sjølvkomponert musikk innanfor sjangrar som er langt unna all tyggegummipopen som dei fleste på same alder både lagar og høyrer på. Men sjølv om Norah Jones, Jamie Cullum, Joss Stone og no altså Katie Melua har dette til felles, er dei såpass ulike som artistar, at me ikkje skal trekkje den parallellen lengre no.

 

Det var Mike Batt som oppdaga Katie Melua, og det er han som står bak mykje av musikken på plata. Han har skrive seks av dei tolv spora, spelar tangentinstrumenta og er dirigent her. Melua sjølv har skrive to låtar, og dei fire siste er ulike coverlåtar. Og kva slags plate blir det ut av slikt? Det blir iallfall ei roleg plate. Stilen på låtane og arrangementa, kan få ein til å tenkje i retning av jazz, men albumet er nesten kjemisk fritt for improvisasjonar, så jazz kan me nok ikkje kalle det. Eit par av låtane har litt bluespreg, den eine er ein roleg honky-tonk-blues, og resten er roleg visepop. Katie Melua er vokalist og spelar gitar, og det er stort sett vokal, gitar, bass og enkle trommer som utgjer musikken på plata. Og sjølv om heile Irish Film Orchestra òg er med, er oppgåva deira stort sett til å vere stryke- og blåseunderlag.

 

Viss du no ryggar, ristar på hovudet og seier at dette høyrest utruleg kjedeleg ut, har du heilt rett. Det høyrest utruleg kjedeleg ut. Men det er det faktisk ikkje! Med så einsformig låtval, så enkel stil og så klassisk orkestrering og kunne dette veldig lett ha gått gale. Dette kunne ha blitt eit frykteleg kjedeleg album, eit album heilt utan særpreg nærast som ein parodi på balladen. Men kvifor blir det ikkje det her?

 

For det første er ikkje arrangementa heilt ”flate.” Nokre litt spanande akkordar og akkordskifte er nok til å gi musikken litt ekstra krydder. Men den viktigaste grunnen til at dette faktisk er ei plate det kan vere verd å høyre på, er Katie Melua. Ikkje gitarspelet hennar, men stemma hennar.

 

Den kan vere vanskeleg å skildre, stemma hennar, men den er iallfall lett å kjenne att. Ei blanding av rundheita til Eva Cassidy, sårheita og vibratoen til Edith Piaf og den tilbakelente kulheita til Norah Jones er der, i kombinasjon med den austeuropeisk/irske engelskaksenten hennar. Ho har inga kraftig stemme, men ein fin og spesiell klang som kan høyrast både høyrest vaksen og barnsleg ut på same tid.

 

Ei slik stemme vil, som Mike Batt seier, kunne fungere veldig bra både med jazz- og bluesstil. Kvifor han då ikkje har tort å satse meir på desse stilane på albumet, veit eg ikkje. Men eg trur det hadde vore spanande å høyre korleis Melua hadde takla låtar med litt meir futt i.  Det er jo lov å håpe at det vil kome på neste album.

 

Eg likar denne plata. Eg likar den godt, men for å vere heilt ærleg, er eg ikkje heilt sikker på kvifor. Den rører seg nær ei grense der det platte, kjedelege og veldig forutsigbare ligg på den eine sida. Heldigvis kryssar den ikkje over, men held seg til det rolege, småkule, underhaldande og melankolske. Det er altså eit eller anna der med Katie Melua og stemma hennar, som gjer at denne enkle og veldig rolege musikken glir inn hjå meg.

 

Men eg har eit ønskje. Katie (eller Mike Batt, viss det er du som bestemmer): Til neste gong, ver så snill og gi oss litt meir tempo, litt meir jazz og litt feitare arrangement. Så skal du sjå at dette kan bli enno betre...

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 6.mars 2005

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Dramatico

 

Kjøp denne hjå CDON!

Read 5646 times Last modified on Thursday, 23 January 2014 11:51
Tor Martin Brekkeflat

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.