Wednesday, 31 December 2003 23:00

Wonderbrazz - Bopa II Opera

Written by

Wonderbrazz… hmm… Eg kom plutseleg til å tenkje på noko heilt anna enn musikk nett no. Rare greier. Men Wonderbrazz er iallfall ei dansk gruppe som kom med ei ny plate, "Bopa II Opera," i februar. Med trompet, trombone, saksofon, tuba og perkusjon samt litt innleigd rap og gitar i bandet, tek jo dette til å høyrast spanande ut.

 

 

Musikk: *****
Lyd: ****
Label: Telarc


Og spanande er det! Wonderbrazz er ei blåsegruppe som spelar "gladjazz," på ein lett, men moderne måte. No har eg sikkert skremt vekk mange lesarar allereie, men det var ikkje meininga. Musikken deira ligg nær dixieland og New Orleans i stilen, på same måte som musikken til norske Brazz Brothers. Wonderbrazz kan kanskje skildrast som ei yngre og meir moderne utgåve av Brazz Brothers. Det er kanskje i kompet at ein finn dei største likskapane. Tuba er det einaste bassinstrumentet, og i perkusjon har ein eit lett men stadig pågåande driv.

Men når Wonderbrazz blir oppfatta som langt meir moderne, er det ikkje berre på grunn av at dei har blanda hip-hop og rap inn i musikken sin. Det delvis av det høge drivet heile vegen, men enno meir av feite akkordar, ein litt meir moderne måte å spele soloar på og litt mindre tradisjonelle bassliner. Eg har ikkje eit vondt ord å seie om Brazz Brothers, dei er eit knallband, men eg brukar dei berre for samanlikninga.

Musikken her er altså ei blanding av litt forskjellig. Og dette er ei blanding som fungerer! Bandet held eit veldig høgt driv, og det swingar heile vegen. Dette er jazz med mykje improvisasjonar, og dei sit og som dei skal. Heile bandet er med, og alle spelar tøft og får det til å groove. Låtane på denne plata er delvis eigne og delvis arrangement av eldre jazzlåtar. Spora her er eigentleg frå dei tre tidlegare platene til bandet, utgivne mellom 2000 og 2003. Me snakkar altså om ei samleplate, men lat oss ikkje henge oss opp i det.

For uansett korleis eg ser på det, er dette ei verkeleg bra plate. Den har futt og driv, den swingar heile tida, og den er spesiell. Eg får lyst til å høyre dei tre originale utgivingane til Wonderbrazz, og eg håpar dei har tenkt å halde fram med å spele saman.

TMB

 

 

Read 4045 times Last modified on Tuesday, 28 January 2014 14:15
Tor Martin Brekkeflat

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
More in this category: Mahler Symphony no. 6 »