tirsdag, 31 mars 2009 23:00

Butikken til Audio-Aktøren

Skrevet av

Ei av eldsjelene bak Horten-messa er Terje Nilsen, som i alle år har drive firmaet Audio-Aktøren. Lenge var han utan eigentleg butikklokale, men no har han altså eigen butikk i Horten sentrum, eit lite stykke unna messeområdet. Vi tok turen innom...

 


Audio Aktøren heldt produkta sine i butikken, der dei hadde utstilling saman med Acoustic Tuning og Audio Stone.


Audiostone er eit utruleg spennande merke. Utgangspunktet var eitt av dei beste hifi-møblar verda har sett, eit rack basert på sunnmørsk entreprenørskap og produktutviklingstradisjon, med hifiutstyr som har både utprega norsk tradisjon og usannsynleg høg kvalitet (og pris, beklagelegvis) med seg. Men dei driv også Kablar frå Audiostoneimport av hi-endutstyr; Greske Epsilon med CD og DAC til den nette pris av 350 000 for settet (dei har også kome med eit riaatrinn i same kvalitetsklasse, og pris på rundt 165 000, Litophon høgtalarar, og heldigvis ASTINtrew elektronikk i meir anstendig prisklasse. Platespelaren og racka var ikkje på messa, men vil verte presentert seinare for det norske publikum. Det jobbast også med ein Litophon høgtalarrimelegare spelar bygd i ask – med det sjølvsagte namnet Yggdrasil. Her kan ein også velje arm sjølv, i motsetning til storebror Pythagoras, der Thalesarmen er ein fast del av konstruksjonen. 

Aktøren driv med ryddesal av Holfi for tida, og den som har interesse av desse nydelege produkta kan framleis rekke å gjere eit kupp. Verdas einaste Holfiplatespelar står iallfall utstilt i butikken… Den einaste Holfiplatespelaren i verda











Acoustic Tuning hadde sendt Plinius integrerte forsterkar til messa. Denne kostar 73000 (utan riaa, som kostar 8000 ekstra) og dreiv Litophonhøgtalarane. Dei har også ZenSati kablar, som er heilt nye i marknaden, og seiest å vere svært lovande. Vi skal komme sterkt attende til produkta frå Acoustic Tuning, for mange av desse har svært høg siklefaktor....

 

 

Lektor-utstyr

Eldre artikkel om AudioAktøren og Terje Nilsen

 

Lest 25803 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.