tirsdag, 31 mars 2009 23:00

Excotic Audio frå Danmark

Skrevet av

Heilt ny for meg, men nokre svært så spennande agentur. Henrik Rasmussen & co har skandinavisk agentur på svært interessante produkt, og var på Hortenmessa på jakt etter norske samarbeidspartnarar.

Det var også danske innslag på messa. Excotic Audio er nye for meg, men dei har agenturet på dei legendariske Verdier platespelarane, og ikkje mindre enn fire ulike rørforsterkarprodusentar. Nokre av rørforsterkarane hadde rør av same storleik som vinflasker, og ville bydd på problem i tollen for våre danske vener om dei hadde innehelde alkohol. Desse forsterkarane frå KR Audio er altstå temmelege ekstreme i utsjånad, sjølv om dei berre leverer 42 Watt pr. kanal. Men vi snakkar her om eigenproduserte trioderør med tjukkare glas, kraftigare vakuum, og i singelend-oppsett, der også dei andre komponentane i forsterkarane er laga med full kontroll frå KR Audio.

Nokre av produkta har vi høyrt mykje om. Verdier toppmodell med eit av dei mest eksotiske senterleie som finnest, er av fleire rekna som verdas beste drivverk til vinylriggen. Den hadde ikkje tatt turen over Skagerrak, men vi fekk høyre ein svært så avansert slektning, der senterleiet var lagra på ein oljefilm, ikkje tjukkare enn det vi kan oppleve på vassoverflata i desse utsleppsaktuelle tider. Ein ekstrem spelar, som Rudi skal få teste så snart sjansen byr seg.
Eit anna produkt eg har høyrt mykje om, er Convergent Audio, som hadde ein forforsterkar som var i sterk konkurranse til min referanse ARC SP 10, og vart sagt å vere betre på fleire felt. Eg har aldri fått høyre merket, og trudde det for lengst var borte frå marknaden, men her er det altså igjen, med forforsterkaren SL 1.  Vi vil heilt sikkert komme attende til Excotic Audio!
Link til danske Excotic Audio

Lest 21652 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « AudioMedia Soga om Audio Note »