tirsdag, 31 mars 2009 23:00

PureSound

Skrevet av

Frå bergensområdet har vi ein ny og lovande importør av spennande hifiprodukt.

Importøren Pure Sound hadde også teke turen frå Os utanfor Bergen. Dei var noko vekkgjøymt på eit lite rom, men publikum fann fram. Dei var sikkert ikkje like stressa som Arve og meg, som skulle rekka alt. Bassen var verkeleg ei utfordring i dette rommet, sidan høgttalarane, eit sett golvståande Nola med to bassar kring 8” , går ned til 28Hz. Men sidan dette er eit lukka kabinett gjekk dette fint, om ein ikkje skrudde for høgt opp. Inn gjennom vindauget bak anlegget skein sola, og blenda deg litt i forsøket på å opna augene for lyden bak og mellom høgttalarane. Når utstillaren var ute for ein røyk, og eg lova å passe anlegget i mellomtida, nytta eg høvet til å trekkja for gardinene, og kunne hygga meg med god lyd frå pure sound CD-spelar (ca 12.000,-) og Audio Space forforsterkar og CI Audio effektforsterkarar. Sistnemnde er visstnok nye 500W monosteg, switch-mode, men med trafo (analog straumforsyning).
Test av Pure Sound A 30 integrert rørforsterkar Test av Pure Sound A 8000 CD-spelar

Lest 8044 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Renaissance Audio AudioMedia »