tirsdag, 31 mars 2009 23:00

Renaissance Audio

Skrevet av

Frå Bergen kom Roald Mikkelsen, og gjorde som vanleg (?) tryllekunstar med lyden...

Høgttalarane sto eit bra stykke frå bakvegg, peikande rett fram, og spelte noko klassisk musikk som eg ikkje kjenner, og Keith Jarrett live. Det var kjekt å høyre kor godt han har lukkast. Lydbiletet var verkeleg djupt, med fiolinrekkja laaangt bak, og med verkeleg atmosfære kring live-opptaket til Keith Jarret. Og alt dette med ein heilt standard Sony XA5400SA CD-spelar, og ein relativt enkel og liten integrert forsterkar; Kora explorer 90, med rør i forforsterkardelen, og 60 W transistorert effekt-del. Kablane var av eigen produksjon, naturlegvis.

Høgttalarane var Usher Dancer Mini S-1, og Roald var ikkje den einaste som demonstrerte med Usher. Dei er tydelegvis populære, og, etter kva me kunne konstatera, vellydande. Detter er ein ny modell til kr 29995,- pr. par. Dei er golvståande to-vegs.

Elles hadde Roald med seg forsterkarar frå sitt nye agentur NuForce, med masse spennande elektronikk.  Det vart ikkje tid til å fordjupe seg i desse, men den interesserte kan ta kontakt med Renaissance Audio, eller ta ein kik på www.nuforce.com

Lest 8890 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien PureSound »