Saturday, 22 July 2023 07:36

Nye- og gamle NADar – Stig Arne si Dagbok for juni 2023 Featured

Written by

Er ein nyare Nad betre enn den gamle, er Jamie McDell flink til å syngja, og smakar ølet godt?

Eg tilstår

Fyrst ei tilståing. Nei, eg har ikkje knabba solbriller. Men eg har endra forklaring. Eg var nok litt krass i kritikken i fjor, i skildringa av lyden frå diverse forsterkarar. Det gjeld t.d. Nad C 326 og Pioneer A-400. Dei fekk stort sett strykkarakter. Når det gjeld D 326, har eg ikkje so dårleg samvit. Dette er eller var den billegaste frå Nad, og ingenting reparatøren min ville ha noko med å gjera (dagboka august -21). Dessutan gjekk han tidleg sund. Kva skal ein med slikt. Han er alt på dei evige stereomarker og ureinar verda. Pioneer A-400 derimot har eit godt rykte, og denne har eg atter i huset, for ein dobbeltsjekk og ny sjanse. (Denne vil verte omtala neste gong. Her vil eg omtala ein annan Nad, C 355. Sjå under).  

Eg gjorde to grove feil i fjor når eg freista å testa ut utstyr. Eg lytta gjennom små tovegshøgtalarar. Det er i og for seg ikkje kriminelt, men desse er dels ineffektive (og dels (stort sett) for lyse), slik at du tvingar små forsterkarar til å spela høgare enn dei eigentleg klarar. Då vert lyden pressa. Dei har for små basselement, og klarar ikkje å levera eit tilfredsstillande og fyldig grunntoneområde. Når du skrur opp for å kompensera for dette, vert det berre endå meir skriking. Når eg no endeleg har større, meir effektive og ytedyktige høgtalarar i hus, som Yamaha NS 1000M og Dali 7 (den gamle med 10” bass) er eg ferdig med småhøgtalarar. Ha det bra. Eg saknar dekan ikkje. De har gjeve meg årevis med drittlyd, utan bass og boogie. Eg gjer unntak for nokre få klassikarar: Rogers LS3/5A og Quad electrostatic. Det er framleis fasinerande høgtalarar, sjølv om ingen av dei kan spela høgt. Men det er ei anna soge. Oppsummert kan eg seia at med større og meir effektive høgtalarar spelar sjølv små forsterkarar no betre og høgt nok, og lyden er avslappa og fullfrekvens. Det gjev eit mykje betre grunnlag for å vurdera ein forsterkar. Og eg har endeleg fått bass.   

Den andre tabben var å nytta dårlege kjelder. NRK kan ikkje lenger nyttast som kjelde. Lyden er for komprimert, og han vert tidvis hard og ljos. Spotify er noko betre, men framleis ikkje godt nok. Då står CD og platespelar att, og det er akkurat dei eg har tenkt å nytta frametter; når eg prøver ut utstyr. Elles lyttar eg til det meste, inklusive kassettspelar.    

  

NAD Stereo Integrated Amplifier C 355BEE (2007-2009)

Tove ringde meg og sa at forsterkaren hennar ikkje virka lenger. Javel. Kor har eg høyrt det før. Eg var innom og sjekka at det ikkje var CD-spelaren som hadde streika, eller noko anna elementært, men nei, det var nok forsterkaren. Eg tok han med meg heim, men fekk ikkje lyd i han her heller. Må nok te Ones (reparatøren min). I mellomtida installerte eg ein Pioneer A-400. Kan jo ikkje vera utan lyd veit du. Denne var ho nøgd med og betalte for. 

Det kosta litt å henta Nadden attende. Eg hugsar ikkje heilt kva feilen var. Relativt omfattande, truleg ein sprengd utgang. På grensa til at det lønna seg, kommenterte Ones. Men sidan dette i fylgje han var ein greit konstruert forsterkar, (i motsetnad til litlebroren 326 (aug. 2021), tenkte eg at det var strevet og utlegget verd, for då kan eg prøva han ut. Han har fått god kritikk på nettet, men kven har ikkje det. Du lurer ikkje meg.

Kombinasjonen C 355, Nrk og Yamaha NS 1000 var ikkje god. Lyden var ljos, hard og kantete. Eg vurderte å gå over til Spotify, men kom i hug det eg nemnde ovanfor, og sette på ein CD, Gil Evans Orchestra, 4 spor, der kutt 3 er Little Wing av Jimi Hendrix. Då vart resultatet eit heilt anna. På kutt 1 og særskilt det rolege kutt 2 var lyden desidert mjuk, i den grad at eg trudde eg måtte skru opp mellomtonen og diskanten på Yamaha-ane. Det gjorde eg  ikkje, sidan eg etter mykje eksperimentering og vurdering av tekniske data meiner å ha funne ei innstilling som passar. Men meir om det i ein komande omtale av Yamaha NS 1000. Men lyden var som sagt overraskande mjuk, som om det var dårleg trykk i springen. Det var slett ikkje behageleg, snarare ubehageleg, som om noko vanta, noko som heldt attende. Definitivt ein mangel. Likevel var trompeten ganske pressa kring 10 min. ut i kutt 3, og 4 min. ut i siste kutt 4. Ein merkeleg kombinasjon.

Overgangen frå C 355, som er ein “halvgamal” Nad, til mine gamle Nad 3020 og 7020 (varianten med radio innebygd, men elles identisk) var vanskeleg. Det var hardt å gå frå ein 80-Wattar til ein på 20. Det tok tid å venja seg til. Bassen på C 355 var sjølvsagt kraftigare, og transientane meir dramatisk. Men var det rett? Eg klarte ikkje heilt å forholda meg til denne lyden. Det let kunstig, og eg fekk ikkje kontakt med musikken og instrumenta. Eg lytta vidare til 7020, som fekk tena som “referanse”. Etter kvart vende eg meg til den nye lyden, og er ikkje i tvil: Dette er eit heilt anna og mykje betre resultat. Transientane er ikkje like dramatiske som med C 355, men langt meir naturleg, slik eg opplever det. Det gjeld også det musikalske. No kjenner eg att instrumenta og atmosfæren på scena (dette er ein live-konsert).

Ein annan ting overraska meg: Nad 7020 (som er identisk med 3020) var raskare og meir presis i mellomtonen. Det mjuke preget som plaga meg med C 355 var borte. Og likevel var trompeten på kutt 3 og 4 mindre pressa. Ein besynderlig kombinasjon av dugleikar! Ein siste observasjon: I starten på kutt 4 ligg eit tydeleg “sus” bak venstre høgtalar på C 355. Dette var noko redusert på 7020. Kva betyr det? Har C 355 meir informasjon eller meir forvrenging? Mange forsterkarar har langt meir forvrenging enn me er klar over, særskilt i mellomtone/diskant. Det forklarar òg den pressa lyden på blåsarar. Eg veit om ein låt som er ein god test på dette; kjem attende til det. Men du høyrer det eigentleg på all musikk med mykje energi i overtonespekteret. Nad 3020/7020 er ein av få forsterkarar som er fri for dette. 

Konklusjon

Konklusjon er litt bastant. Oppsummering er eit betre norsk ord. Nad C 355 er ein forsterkar med ein meir “moderne" lyd enn den gamle 3020, på godt og vondt. mest på vondt, etter mi meining, men det er sikkert mange som vil lika han. Han er kraftig og detaljert. Men han har fleire feil, og passar dårleg med komprimert digital lyd. Den opphavelege 3020/7020 er ein langt meir musikalsk forsterkar. Ingen imponator, men ein musikkelskars beste ven. Kvifor kvar nye generasjon av Nad-forsterkarane etter 3020 berre vart stadig dårlegare, er ei gåte. Men likevel eit faktum, etter mi meining, og mange andre: Nad 3020 er stadig på toppen av lister over “Dei beste forsterkarane gjennom alle tider”. Dei nyare er sjeldan nemnd. Og eg har sjølv prøvd dei fleste. Men om du har ein 3020 eller tilsvarande effektsvak forsterkar, unn deg ein litt stor høgtalar, om kona tillet. Då kan du spela høgt nok sjølv med ein 3020. Om dette ikkje er viktig, kan han til og med driva eit sett Quad. Og det er det ikkje alle som klarar like godt.     

Jamie McDell

Ein nydeleg låt strøymde ut or høgtalarane nede på kafeen, men so lågt at det ikkje gjekk å Shazama han. Eg spurde jentene bak disken, og dei (ho) vart veldig glad for at eg likte spelelista ho hadde laga. Artisten var Jamie MC Dell, og eg leita ho fram på Spotify dagen etter; albumet med same namn (2022). Sjangeren er country, ikkje min normale diett, men me er ikke fanatiske, er me vel? Fleire av låtane kunne like godt kallast folk, singer/songwriter eller americana, og særskilt “something more” fenga meg. Ein nydeleg og sår låt om familie og kjærleik (trur eg). Stemma hennar er særprega med ein rask vibrato. Men eg vart skuffa over lyden på innspelinga, som var grå og flat, og dette drog ned på opplevinga. Men gjett kva? Eg spelte same kuttet dagen etter, og då spelte det heilt ok - til og med godt. Forstå det den som vil. Kan hende avdi eg hadde trykt “oppdater” på Spotify? Om ein ikkje gjer dette fortløpande, har eg opplevd at lyden har vorte gradvis dårlegare til det ikkje lenger vil spela.  

Ølspalta

Lars er ein hund etter nyhenda på -polet; eg er den som tek seg av kvardagsølet, stort sett. No har Lars vore på polet att, og me går rett på sak, har ikkje heile sumaren på å få dette fotografert og publisert veit du: 

Ægir Brageskål Jubileumsøl 15 år, 12,5%: 

Sterkt og søtt. Som Lars brukar kalla det: Småkakeøl. Med rette eit jubileumsøl. Nesten som ein dram. Høveleg for feiring.  

Ægir Double IPA 

var utruleg god. "California Style IPA”, sterk denne og, 9%. Ikkje rart kommentarane våre er litt korte. 

Skudenes Bryggeri Parasoll 

humlepils 5,4%. "Godt øl, dårleg språk (på boksen)”, vert det kommentert. 

Hamna Gård 

Pale Ale frå Frøya, 6%, med lokal malt frå Trøndelag (Bonsak). Særs godt likt. Veldig god.  

Solna Bryggeri 

Popcorn Creaam Ale 5,5 %. Smakar  som ein vanleg pils, men evt “med eit hint av popcorn? Prøv sjølv. 

Graff Edelweiss

kveitebrygg, “100% norsk korn”. Og det kan me setja pris på. Typeriktig. 

Wettre Bryggeri 

(i 1392 Vettre), Big Pic Grisette, 5,5%: Her vart me nok sett litt ut av ordbruken og har berre kommentert “lang nok”, orsak “grei nok”.

Kinn

Frå Kinn har me smakt oss gjennom troikaen GAMLEGUTEN, SLÅTTEØL og SOMMARØL. Gamleguten held 7% og kan lagrast i 5 år, men me drakk han med ein gong for å vera sikker. Slåtteølet held 6% og varer vonaleg til høyet er på låven. Det kunne minne om heimabrygg (spissøl). Me likte desse to betre enn Sommarølet (5,5%), men det betyr ikkje at sommarølet ikkje var godt, berre at dei to andre var so utruleg gode. 

Og med det ynskjer me god sumar og god turk i slåtten.       

Read 2474 times Last modified on Saturday, 22 July 2023 11:24
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei