Wednesday, 04 August 2021 13:50

Sumar og trådlaus – Stig Arne si dagbok for Juni 2021 Featured

Written by

Noko forseinka som vanleg, men ikkje so seint at ikkje bærbare høgtalarar framleis er aktuelt? Pluss musikk og som vanleg ølspalta, denne gongen med lakk og lær. 

JBL GO 1, 2 og 3

Det er framleis sumar, sist eg sjekka, og me nyttar difor høvet til å presentera endå eit par USB-høgtalarar. Av særskilt interesse for meg og Stig Inge Bjørge, Lyra pickup-mannen som har busett seg i Japan, er seinaste utgåva av blåtann-høgtalaren JBL GO, dvs GO 3. Eg har tidlegare omtala GO 1, som me begge vart forelska i og har nytta mykje. Det var "dings-oholikar" Stig Inge som presenterte meg for denne for mange år sidan; eg fall pladask for denne søte høgtaleren som gjer underverker med lyden kopla opp mot ein smart-telefon eller ei datamaskin. I starten skjønte eg ingenting av denne teknologien, og trudde lyden vart overført gjennom den oransje leidningen som fylgde med. Seinare forstod eg at denne berre var for lading, og at lyden vart overført trådlaust. (Det er ikkje alltid eg heng med i utviklinga. Eg er fyrst og framst tilbedar av det gode gamle stereoanlegget). Ein USB-høgtalar inneheld m.a.o. ein mottakar for USB-signalet frå mobil eller PC/Mac, ein omvandlar til analog, og ein liten forsterkar til å driva høgtalarelementa.  

GO 2

Takka vera Power sin retur-garanti kjøpte eg ein slik for 500 kr og byrja lytta. Eg var frykteleg spent på korleis han ville klara seg mot GO 1, som eg har fleire av (sånn for sikkerheits skuld; i fleire ulike fargar). Eg har derimot ikkje GO 2 lenger, såpestykket, som eg ikkje likte, det gjorde ikkje Stig Inge heller, so der er me heilt samde. Den var heller lys, kvass og irriterande. Stig Inge har uansett behelde sin, slik at han kunne samanlikna lyden frå alle tre, og har teke bilete av heile trioen. Stig Inge er litt meir samlar enn meg.

GO 3

Medan GO 1 var bassrefleks, har 2 og 3 slavebass, av openberre grunnar: for å vera vasstett. Elles ser hovudhøgtalaren ut til å vera den same, knappe 2”, og elektronikken sikkert mykje den same, men forsterkaren i GO 3 er skremt opp frå 3 til 5 Watt. Han spelar difor litt høgare enn GO 1.

Då Stig Inge fekk greie på at eg hadde kjøpt ein GO 3 for å omtala han i Dagboka, kjøpte han sporenstreks den same, for å vara med på testinga frå Tokyo. Eg kan difor rapportera om begge sine funn.

Eg starta med tale frå NRK, Abels Tårn, eit vitskapsprogram, og spelte om att og om att ein sekvens der ein mann og ei dame samtala. Damestemmer seier mykje om frekvensspekteret høgare oppe enn menns. Damestemmer er fantastisk til å testa lyd, for kva var dei første lydane du høyrde? Mest sannsynleg stemma til mor di og kan hende jordmora, medan far din sat vitskremt i ein krok. Stemmene verka reinare og betre balanserte på GO 1, sidan denne resonnerer mindre. GO 3 vibrerer kraftig, muligens grunna slavebassen, som har ei viss vekt, og har store utslag i bassen. Eg misstenkjer at resonnansane alt i alt er tilsikta, for å gje auka tilskot til grunntoneområdet, men det kan óg sjåast på som forvrenging.

Til musikk valde eg Lars Bremnes “Spelle for de gale", ei plate eg meiner er godt innspelt, og her vart volumet skrudd opp på fullt for begge høgtalarane, slik Stig Inge rådde meg til. Dermed vart det konstatert at GO 3 kunne spela ein del høgare enn GO 1. Go 3 høyrdest både ljosare og myrkare ut enn GO 1, merkeleg nok, alt etter kva låt som vart spelt. Eg fann ut at han spelar litt ljosare enn 1, men har samstundes meir bass, difor vert bassrik musikk myrk, medan bassfattigare vert ljos. GO 1 har ein jamnere karakter, og spelar reinare grunna mindre vibrasjonar i kabinettet. GO 1 er etter mi meining den mest “hifi-riktige”, den mest nøytrale og til sjuande og sist den eg vil føretrekkje.  

Men GO 3 er på ingen måte utan sjarm. Medan GO 1 er involverande men litt inettervend, er GO 3 utettervend og medrivande. Han spelar høgt, og med masse bass og ein litt markert mellomtone og diskant er det nesten slik at musikken hoppar ut or han, sprell levande. So dette er gjerne den rette høgtalaren for fest-løva, medan GO 1 er for den sindige og lyttande. Stig Inge er ikkje akkurat ei festløve, han likar best mindre selskap, men føretrekkjer uansett GO 3, medan eg held meg til GO 1. Det har ingen av oss nokon som helst problem med. Det har hendt før óg. Det hadde vore kjedeleg om me alltid var samde. Stig Inge beheld sin, medan eg kjem til å nytta meg av retur-retten for min. Om eg ikkje ombestemmer meg. Eller det kjem nokon og snappar han. (Venninna mi likte han. Med sitt tekstil-liknande ytre er eg freista til å kalla han “damemodellen”).

 

Harman Kardon Onyx (kort omtale) 

Det er grenser for kor mykje ein slik liten høgtalar som GO klarar. Satsar du på eit utsvevande liv på plenen i sumar kan me rå til større høgtalarar, som Bang & Olufsen frå førre Dagboka, eller  Som “dameveska” til Harman Kardon. Denne har eg høyrt ved fleire høve, som til dømes hjå Linda, der eg har teke biletet. Denne har ein stor, balansert og vaksen lyd med djup bass. Linda fekk utruleg nok sin gratis ved kjøpet av ein ny Samsung mobiltelefon, grunna koreanske Samsung sitt oppkjøp av både Harman Kardon, JBL og fleire. Eg misunner henne denne høgtalaren, men reknar han som einaste fordelen ved å kjøpa ein Android-telefon i staden for ein iPhone. 

 

Bang & Olufsen Explore (Stig Inge bryt inn igjen)

Stig Inge plukka og opp ein B&O ‘Explore’ som også er ein blåtann-høgtalar, men kostar 5.5 gonger (pr. stk) so mykje som ein JBL GO 3 (I alle fall i Japan der han bur). Her er hans eigne ord: Han ser ut som ein litt feit, overvokst ølboks. Men han er kjempesolid laga, og ser ut til å tåla det meste, og vil muligens overleva Armageddon. (Dette kunne likna litt på deg, Stig Inge). Kvar ‘Explore’ veg faktisk 631g, men han er berre 124 mm høg og 81 mm i diameter (dvs omlag so høg som ein ølboks, men litt «feitare» med sine 81 mm (ølboksen er berre ca 65 mm). Tar forbehold om at det kan væra skilnad på ølboksar i Japan og i Noreg! Prisen pr. stk. ‘Explore’ i Noreg ser ut til å vera NOK 1999 (medan ein aktør freistar å forlanga 2730 i fylgje prisjakt.no)



Lytting til kun ein Explore:
Her er achilleshælen «vanntetthet». Han er so vasstett at fyrsteinntrykket var at diskanten ikkje kom ut av høgtalaren i det heile. Men heldigvis blei dette inntrykket revidert etter meir lytting, og ved å vri litt rundt på sylinderen. Han har nemleg to stk. fulltoneelement på 1.8 tommer (ca. 4.6 cm), eitt på kvar side av høgtalaren. Men det skal lytting til for å finne ut kvar disse er langs periferien av sylinderen. Kvart element vert visstnok drive av sin eigen 30W D-klasse forsterkar. (Skal elles vedde på at det må finnast digital korreksjon av frekvensgangen inni der ein stad, men B&O seier veldig lite, og vil ha deg til å godta at teknikken alt er teken hand om av ingeniørane, så alt du treng å gjera er å opna øyrene. (De sel trass i alt ikkje til audiofile, men til menigheita.

Uansett fann eg ut at ein einskild ‘Explore’ let både kraftig og dynamisk, sjølv om han på ein merkelig måte også har ein litt innelukka lyd i diskanten som hemmer han i å opna seg fullt ut.

Explore vert styrt av ein iOS app (eller Android app), og du kan endra lydkarakteren etter lyst og behag. Etter kvart som eg vart van med ‘Explore’ og appen, fann eg ut korleis han kunne brukast og stillast inn (inkludert posisjonering av ‘Explore’ reint fysisk).



Freistande 2-vegs system
Undervegs fann eg ut at ein kan legge til nok en ‘Explore’ og manøvrera appen til å konfigurera eit stereo-system. Her i Japan er det så lett å bestilla med Amazon Prime, så kjem vara på døra neste dag.

Litt sjonglering med plassering og slåsskamp med appen, så var eg i gang med full stereo. Eg driv ofte med brei høgtalarplassering med innvinkling (noko Stig Arne hatar), men har funne ut at dette virkar best med fasereine høgtalarar.

Så har eg spelt Blue Note ‘Tone Poet’ speleliste (finst både på Apple Music og Spotify), og deretter litt The Beatles og rett over til ei rekkje YELLO melodiar.

Stereo ‘Explore’ betyr NOK 4000, så du må ha kreditten i orden, og elles «vera viljug». Men eg må innrømma at eg likar resultatet. Dette er for meg ein førebels «high end» av Bluetooth systemet. Eg er klar over at det ikkje stoggar her. «Sky is the limit» som ein seier rundt ikring i verda, og dette gjeld ikkje berre Richard Branson, Elon Musk, og Jeff Bezos – men også nokre hakk lengre ned, der det finst fleire som kan henge med.

Det eg likar særskilt er fulltonelyden, som er relativt fri for faseforvrenging. Han skapar ei besnærande romkjensle, og dette er ikkje «rommet» som Richard, Elon, og Jeff strebar etter, men di ordinære leilegheit på jorda. (Sitat slutt)

Musikk: Kari Bremnes

Då eg høyrde at Jonas Vedde Ødegård (BV Event) hadde engasjert Kari Bremnes til konsertserien sin “Hagekonsert” på Park Hotel, vart eg opprømt. Kari er mest som ein nasjonal heilagdom å rekna, det er ikkje mange artistar som er oppe på hennar nivå. Eg har høyrt henne tallause gongar, men mest på Jazzkonsertar med fullt band, og då eg høyrde at ho skulle opptre “berre” med pianisten sin, vart eg skuffa. Men ikkje meir enn at eg naturlegvis møtte fram. 

 

Eg sat litt for langt framme; bestemte meg for at eg ville sjå ho. Lyden strauk difor forbi meg på begge sider, men var likevel klår og dramatisk, når du sit so nær. Stemma var fantastisk skrudd av mannen bak miksebordet, naturleg og detaljert. “Pianisten” synte seg å vera mykje meir enn ein pianist, han sat mellom fleire syntar og hadde ei heil rytmegruppe under knottane sine. Han (Bengt Egil Hansen) har fylgt Kari lenge, det var lett å kjenna att lydane hans frå plateinnspelingane. Jonas seier at ho ikkje reiser nokon stad utan han. Forståeleg, når han kan erstatta ei heil gruppe, sjølv om “trommemaskina” av og til let litt gamaldags, nesten som noko frå danskebåten. 

Kari var i perlehumør, og starta med den fyrste songen ho skreiv i karrieren. Eg måtte etterkvart koma meg ut for tømming av det du veit og nytt påfyll, men det var ikkje enkelt når nydelige låtar kom som perler på ei snor. Eg nytta høvet under den einaste låten som ikkje var heilt min rytme. Det var på hengande håret. Med berre to personar på scena vert låtene meir avkledd enn vanleg, og står desto sterkare fram. Kari er óg ein framifrå sogeforteljar og stor humorist. Me humra og lo til skarpe observasjonar og morosame historier frå ein lang karriere. Me såg at ho koste seg, og rosa publikum. Ho lea seg friere på scena enn eg har sett før, og kunne sverge på at ho gjorde eit dansesteg og to. Eg kjeda meg ikkje eit sekund. Ein magisk konsert. Heilt klårt millom dei beste eg har hatt gleda av å vera tilstades på. Sjølv om det berre var ei syngjedame og ein pianist. Berre, du liksom. 

 

Ølspalta: Vinsnobbane

Dag sende meg ein øltest frå ei avis, eg trur det var Dagbladet, men skal ikkje nødvendigvis hengja ut akkurat dei, det klarar dei godt sjølve. Han gjorde meg merksam på karakteristikken dei gav på Hansa Pils: Han smakte gummi og lutafisk. Dag ringde, og me held på å le oss i hel. Testpanelet  besto visst av vinmeldarar, og der i garden går det mykje i lakk og lær. 

Men gneisten var tend. Dagen etter kjøpte eg nokre Hansa og drakk slike ei stund. Konklusjon? Han smakte gummi. Eg diskuterte det med Lars. Han forklarar at gummi er ein karakteristikk som under visse høve kan oppstå i vin. Javel. Og då kan han oppstå i øl og? Javel. Kan henda skal me ikkje le so hardt av vinmeldarane likavel. Sjølv om dei nesten ber om det med sine fargerike skildringar. Men det med lutafisk er eg framleis utrygg på. For lenge sidan jul til at eg kan kalla fram smaken og lukta av lutafisk.

 

Før Covid ei gong mellomlanda eg i Schiphol, Nederland. Eg leitte etter ein høveleg bar for å fordriva tida, og støytte på ein Heineken-pub. Ikkje akkurat det eg hadde tenkt, men ok, er du i Nederland kan da vel passa med ein Heineken, attpåtil på tapp. Han smakte naturlegvis som pilsner flest, men overraska med mykje meir smak enn tilsvarande på boks eller flaske (her heime). Men eg klarte ikke heilt å setja namn på det. Igjen kom ein vinmeldar meg til unnsetning, denne gongen Merete Bø, utflytta vossing og for tida vinjournalist hjå DN, som testa Heineken og hevda han hadde smak av bakverk. Akkurat! Og kvifor ikkje? Øl er jo bryggja på byggmalt, dei fleste, og lagar me ikkje brød av slikt og? Så det burde vel ikkje undra nokon. Eg hadde berre ikkje tenkt på det. Takk, Merete. Eg skal lova å ikkje le av vinmeldarar meir (to fingrar kryssa bak ryggen).

Edvin hadde med ein Warsteiner her ein kveld, som eg grein meg til å få smaka på. Men det var vel eigentleg ikkje verd tårene. Kan ikkje seia at her var smakar som det er verd å skriva heim om. Ringnes Skjærgårdspils, derimot, var rein og fin i smaken, som ein sommarpils skal vera. Mindre smak enn vanleg Ringnes pils, men desto betre, i alle fall på ein varm sumardag. Skål! 

 

Read 2875 times Last modified on Saturday, 07 August 2021 19:38
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei