Artikkelen er oppdatert og utvida 31.3.2026
FINLAND
Flyet var ikkje mykje å skryta av, eit sånt lite leikefly med propellmotorar, men jaggu sparka da godt i frå på rullebanen. På denne korte flyturen med Finn Air på to og ein halv time var det naturleg nok ikkje rare serveringa, men me fekk servert ein finsk spesialitet, tydelegvis: Blåbærjus, “Nordic Heritage”. Langvegsfarande og andre som ikkje skjønte betre, valde vatn. Smakte fortreffeleg, sidan flyet letta før fuglane og eg ikkje hadde hatt stort mellom leppene sidan kvelden i førevegen. Frå flyet fekk me fugleperspektiv på Finland: Flatt og kaldt. Og med fleire innsjøar enn eg rakk å telja.

I gamle dagar var Jolanissen norsk og budde på Nordpolen, men her på flyplassen Helsinki Vantaa driv han eigen butikk året rundt. Eg trur han bur på bakrommet i den travlaste perioden. Slik har finnane med kløktig marknadsføring knabba Jolanissen frå oss. Frå Kaffet Helsinki er det moro å sitja og sjå på alt som går forbi og sørvisdamene, som eg sjølvsagt måtte plaga, ei frå Thailand og ei som var heimafrå kunne fortelja at finnane drakk øl og Vodka, kan henda mest øl. Ikkje heilt russiske altso. Kan hende drikk dei anna og når ingen ser på. Dei kunne fortelja at dei har lite og ingen kontakt med den russiske sida av grensa, slik verda ser ut no. Det er dessutan ikkje sprekt med engelsk-kunnskapane korkje i Finland eller Japan.
På vegen heim fekk me diplom med stadfesting på at me hadde floge over Nordpolen. Dette er noko Finn Air tydelegvis er byrge av og nyttar aktivt i marknadsføringa si. Turen tek då to timar lenger på distansen Helsinki-Tokyo, sidan ingen får lov av den russiske massemordaren å fyka over Russland.

JAPAN
Ein tidlegare- og svært ferdavand- kollega har fortalt at han meinte kinesarane var smarte, men japanarane berre rare. Dei har budd på ei øy litt for lengje. Det er ei morosam generalisering, men stemmer neppe. Lars Tørresen frå Bergen som og var på reis i Japan og slo seg saman med oss nokre dagar, meiner at det meste av løysingane i Japan er smartare enn i Vesten. Det er freistande å trekkja fram toaletta: Eit fullelektronisk vidunder med ljos og trykk-knappar, der loket går opp automatisk når du kjem inn på badet, og spyler ned før du har fått gjort i frå deg. Og det snakkar til deg. “Tørk deg bak sjølv” svarar eg når eg er ferdig, men ikkje på japansk, for då hadde eg nok fått meg ein sprut.
Mange er fascinert av landet og ynskjer å vitja det. Og visst er det rart der, men for meg som har vore der fleire gonger, er det ikkje fullt so spanande, og tidvis irriterande. Og det er vel det vestlegaste landet i Asia. Men det er fantastisk å oppleva kor imøtekomande og venlege japanarane er, ja nærast karikert høflege. Lett framoverbøygde bukkar dei og gjev deg ting med begge hendene, som eit ritual.
MAT

Og maten deira er noko for seg sjølv. På tradisjonelle japanske matstover kjem små rettar på små fat i ei endelaus rekkje, og du anar ikkje kva det er, korleis det smakar, kva som skal etast i lag med kva, kva som kjem neste, og kor tid hovudretten kjem. Han kjem ikkje. Det er dette som er middagen. Som om tapas nokon sinne har vore middag. Det vert som noko frå Ikea: Du må setja det saman sjølv, jamvel steikje det sjølv på store steikeplater midt på bordet. Eg må kursast. Men heldigvis er servitørane hjelpsame, og det trengs. Ein gong tenkte eg: No hadde da vore godt med ein hamburger, noko eg elles aldri har tenkt. Men eg sa ingenting.

Frå venstre: Stig Inge - CEO i Lyra, Jonathan Carr - sjefskonstruktør i Lyra, Sig Arne - seniorskribent i Audiophile.no
Masker
Me har jo sett at japanske og kinesiske turistar i Geiranger og andre stader går med masker, sjølv om lufta her oppe i nord er den reinaste som finst. Men omfanget overraska meg. Vurderingsgrunnlaget er “berre" 14 millionar menneske i Tokyo, verdas nest største by, men eg er rimeleg sikker på at om lag helvta av dei nyttar maske. Skal du tena pengar, er det berre å pakka symaskina og reisa. Det vart ikkje betre under pandemien, og det er heller ingen teikn til at japanarane kastar maska med det fyrste, i motsetnad til resten av verda. Eg snakka med mange og brukte ein heil kveld på å googla fenomenet, men oppgivne moglege årsaker sprikar i alle retningar. Hjelper det å gå med maske, og i so fall mot kva?
Er japanarane mindre sjuke enn andre i trongbudde samfunn? Det er forresten mykje mindre fedme i Japan enn i vesten, men det har neppe noko med maska å gjera. Dei tek ho vel av når dei et. Ein japansk doktorstipendiat i utlandet hadde ein interessant teori: For fleire hundre år sidan nytta aristokratiet i Japan viftene sine for å skjula mimikk og latter bak dei, noko som visstnok var uhøfleg. I so fall er dette ein eldgamal kulturell tradisjon som ikkje ser ut til å bleikna med det fyrste: Japanarane er so høflege at dei ikkje vil pusta på deg ei gong. For meg verkar det unaturleg å dekkje til luftvegane, so lenge du er frisk i alle fall, og eg ville gjerne sett heile andletet på folk. Det har tydelegvis vorte ein vane for mange, eller ein slags sosial konvensjon. Eg kan ikkje fri meg for at det kviler noko lettare nevrotisk over det, for ikkje å seia fanatisk, og minner meg litt om meir eller mindre heildekkande klede frå ein annan religion. Japanarane er forresten shintoistar, ein slags natur-religion med innslag av keisardyrking, men utan å vera plagsamt religiøse av seg.

Byggjetradisjonar i Japan
Eg likar byggjetradisjonane i Japan. Store prangande bygg har aldri interessert meg, derimot likar eg å gå gatelangs i tverrgatene, for å sjå korleis vanlege folk har det. Der står husa stabla nærast som bøker i ei bokhylle, og mellom mange av dei får du knapt plass til ein sykkel. Plenar er det ikkje plass til, eg har endå til gode å sjå ein japanar nyta kaffien sin i sola, slik me gjer her oppe. Men somrane i Japan kan vera varme, og då er det naturleg å søkja skugge. Eller dei er vel på jobb. Å sitja i sola er meir naturleg for oss i kaldare strok med lite av ho.


Og bryggjetradisjonane.
Me likar det japanske ølet. Det har kremaktig skum og smakar nydeleg. Om det er tyskarane som har lært japanarane å bryggja øl, slik som for mange andre veit me ikkje, men det står ikkje attende for tysk øl, som og er å få kjøpt. Det er som regel dei gamle sake-produsentane som no bryggjer øl i tillegg. Dei mest populære drykkane ser ut til å vera risvinen sake, pluss øl og whisky. Me var og på fleire konsertar, stort sett jazz, i uvanleg små lokale.

Ymse
Det høyrer med til soga, som det heiter, at frå det rimelege hostellet mitt i 8. og øvste høgda hadde eg utsyn direkte til Mount Fuji. Stig Inge kunne fortelja at på eit vanleg hotell kunne du rekna med å måtte betala ein betydeleg slant ekstra for dette! Det er knappe 3000 meter høgt om eg ikkje hugsar feil i farta, og kan sjåast frå vidt ikring.

Eitt bilete syner mine kunstar med spisepinnar, som eg fekk skryt for. Har måtta lært meg dette frå tidlegare turar. Fisken du ser på biletet skulle etast heil. Ingen problem, han er mindre enn meg. Men når du både må reinska og eta større fisk, seier eg at spisepinnar er ein ubrukeleg reiskap. Beklagar, Japan. Men det finst faktisk meir moderne oppfinningar som er langt betre eigna. Men so lenge maten er kutta opp i små stykkje, som er tradisjonen, går det veldig fint. Men det tenkjer eg dei gjer med kniv.


Og at han som brakte kunsten å bryggja øl til Japan faktisk var nordmannen William Copeland, døypt Johan Martinius Thoresen, og ikkje ein tyskar, som tidlegare fortalt. Han emigrerte til USA før Japan, der han skipa Spring Valley Brewery, og seinare Kirin Brewery Company, eitt at dei fire store i Japan, saman med Asahi, Suntory og Sapporo. Det har vore nordmenn i Japan før meg.


Neste gong skal eg skriva om det eg kom for: Lytta til god musikk frå stereoanlegga til Stig Inge og venene hans.
