INSEKT
Sett frå universet er me ørsmå. Derifrå er det ingen skilnad på ein elefant og ein mygg. Men me har ein viktig eigenskap sams. Alle dagaktive dyr er avhengige av ljos. Har du sett korleis insekt navigerer etter ljoset, at dei om kvelden og natta krinsar kring varme ljospærer, til dei turkar ut og døyr? Opplysinga av dei store byane i moderne tid kan vera ein av mange årsaker til at insekta døyr ut. Dei kan ikkje slå av ljoset, gå til sengs og lata att augne slik som oss.

Men me vert trekte til ljoset slik som dei. Det er difor bilane/bilistane brukar køyreljos om dagen, då ser me motgåande trafikk tidlegare. Blikket vert trekt mot ljoset.
LJOSSETTING
I lengre tid har eg vore plaga av at stereoperspektivet i stova mi har lege litt til venstre, som om balansekontrollen var feil stilt. Uansett utstyr. Tenk deg eit familiefoto der alle står på venstre side! Det hjelper å skru balansen litt mot høgre, men eg kjenner at det likevel er noko som ikkje stemmer.
Eg har sjølvsagt vurdert asymmetrien i rommet. Begge høgtalarane står litt til venstre grunna ein peis som står i vegen på høgre sida, og ein trappegang. Og taket skrånar frå venstre og opp mot høgre. Det er positivt for å unngå ståande bylgjer, med det kan føre til at venstresida får mest støtte i bassen. Det er lågare under taket der. For å motverke dette har eg plassert høgtalarane godt ut i frå sideveggane, og denne noko smale oppstillinga har og gjeve eit perspektiv med mykje betre fyll i midten.
Eg var framleis ikkje nøgd, og skulda på refleksjonane frå panoramavindauget på venstre side. Å dra for gardinene hjalp noko, men kjende at eg framleis ikkje var i mål.

Å FYLGJA LJOSET
Dei snakkar om å "sjå ljoset”, men her ein kveld slo eg det av. Eg irriterte meg over ein lampe på venstre side, som var litt skarp. Eg brukte å dempa han med å festa eit stykke avispapir rundt skjermen når eg lytta om kveldane med "romantisk" ljos, men denne kvelden skrudde eg lampa av, slik at det meste av ljoset kom frå indirekte ljos på høgresida. Og mirakelet hende, for å nytta eit slikt omgrep i desse søte jolatider. Då flytta synet mitt og øyrene fokuset over mot ljoset og lydane på høgresida, og eg kunne atter setja balansekontrollen i midtstilling. Sidan har eg ikkje hatt problem med ubalanse i perspektivet. Mennesket er i sanning eit insekt.

YMIST
Det er ikkje alt som trengs skrivast om.
ØLSPALTA: MEIR JOLAØL
Fyrst ei retting. I førre ølspalta summerte me opp favorittane so langt: Dag og Lars sine var Ringnes sin 6,5%-variant, det skulle stått Ringnes og Dahls Kong Vinter. Det var ingen sensur, noko eg sjølvsagt vert skulda for. Kva skal ein med fiendar når ein har slike vener.
Denne gongen er me over i ein meir open klasse, inkludert utlendingar.

Belgiske Nice Chouffe 10% er maltdriven utan å vera for søt eller kraftig, trass i høg prosent. Balansert og god.
St. Feuillien Cuvee de Noel 9%, også belgisk, har gjeve opp to ingrediensar på etiketten: Malt og lakris. Det fyrste er ganske opplagt, det andre ikkje. Men det er ikkje uvanleg å setja til lakris i øl og brennevin. Integrert og ikkje plagsomt seier Lars, eg ser skeivt på han. Smak og behag.
Etterpå delte me ein Ringnes 9% berre for å sjekka kva nivå me låg på, og vart faktisk ikkje skuffa. Og det er jo bra. Det er mange nok skuffer i den kommoden allereie.
Graff Brygghus, Tromsø, Tre Konger 10%: Lukt av søt og tung parfyme, toffee, sjokolade og frukt. Søt og kraftig. Ettersmak av humle (Chinook).

Bestemors Jul 6%, Lindheim Ølkompani, Gvarv i Telemark: lukta er litt “belgisk", frisk og fruktig. Lett syrleg. Harmonisk, men lett, like eigna til ein sumardag på plenen som til jol.
Bestefars Jul 6%, Også Lindheim, maltrik halvmørk amerikanskinspirert øl i fylgje etiketten. Lukta er litt belgisk her og, men kraftigare enn bestemor, noko turr. Lars likte han godt. God framføre peisen.
Sterk JOLAGÅVA frå sjølve Voss 6,5%, L/L Voss Fellesbryggeri. Overgjæra, ufiltrert og upasteurisert. Gjær: Kveik frå Voss. Høveleg humla. Øl vert ikkje meir autentisk enn dette. Ei perfekt blanding av jolaøl og heimabrygga gardsøl. Som vossing er eg vel ugild, men dette er ei smaksoppleving. "Ta toget til Vossevangen”, som Ove Thue syng i ein av songane sine.
I same andedrag presenterer me Maltøl Norwegian Farmhouse Ale 7% frå Ægir Bryggeri i Flåm. Me er framleis på vestlandet, gjæren er kveik, og stilen er heimabrygg. Mange likskapar med Jolagåva. Også eit “må” øl.
Eg legg til ein svenske eg har hatt gleda av å smaka fleire gonger, seinast i kveld: Eriksberg Juløl mørk lager, 5,6%. Eg har notert meg dette bryggeriet etter fleire vitjingar i Sveariket: dei lagar framifrå øl. Denne “tidløs juløl” er rik på smak og balansert. Ein god munnfull som gjev meirsmak, kan hende den viktigaste eigenskapen ved ein god øl. Kan kjøpast i den vetle ølbutikken “Systembolaget” rett over grensa. Dei har vin og. Fotografert ved sidan av Eriksberg “karakter”, som me må koma attende til, sidan det ikkje er jolaøl.
