Me har fortalt at utprøvinga av 9 og 10 måtte gjerast om att, av di eg var dum nok til å setja Mac-en direkte oppå radioane, slik at han strålte høgfrekvent smitte ned og påverka lyden til dels kraftig. Toppdekselet til desse radioane er jo berre ei treplate utan skjermande effekt. Eg oppdaga dette tilfeldig ved at ei kjend plate ikkje let som ho skulle. Eg visste jo at slikt gjer ein ikkje, eg berre gløymde meg vekk. No står Mac-en, som strøymer tapsfri (lossless) musikk frå Apple Music, ute på venstre sida.
Huldra 9 Mk 1
Eg har og fortalt at reparatøren vår informerte meg og Stig Inge om at H 9 fanst i to utgåver, den fyrste (15 W) med dei tidlege germaniumtransistorane, og Mk 2 (25 W) med dagens silisiumstransistorar. Me kunne ikkje lata vera å samanlikne dei to, sidan dei elles var identiske, so langt me veit.
Mk 1-modellen spelte veldig pent, men var ein tanke myrk og udefinert, og dette inntrykket heldt seg også i runde 2. Det kviler noko myrkt og innelukka over lyden, og dette let seg ikkje kompensera med å skru opp diskanten.
Huldra 9 Mk 2
Mk 2-modellen var i direkte samanlikning forbausande mykje ljosare og kjennest difor betre definert. Eg føretrekte denne, men i dag er eg ikkje lenger sikker. Mk 2-modellen spelar høgare, men eg er eigentleg ikkje heilt nøgd med nokon av dei. Også overgangen frå den varme tonen frå Beomaster 900 til H 9 Mk 2 var dramatisk. “Streng, hard, utrivelig og ubehageleg” har eg notert. Det er kan hende å overdriva, for i direkte samanlikning vert skilnadane framheva. Men det var slik eg kjende det der og då.
Huldra 10
Den fyrste H 10 eg prøvde spelte so dårleg at eg mistenkte at det måtte vera noko i vegen med han, trass i at han kom direkte frå reparatør. Johnny kom meg til hjelp.
“Stig, du må koma opp og henta nokre høgtalarar og forsterkarar. Ungane har sagt at om eg no ikkje ryddar i huset og garasjen, tingar dei konteinar og sender alt på Bjørko (den lokale gjenvinningsstasjonen). Det er for godt å kasta. Eg vil at dei skal koma til ein heim som kan ta vare på dei”. Lars starta opp pizzabilen og me spann avgarde. Av mange godsaker, meir om det seinare, kom me attende med ein Huldra 10, som synte seg å spela fortreffeleg, om du berre ikkje rører balansekontrollen, då sprakar det noko forferdeleg i høgtalarane. Eg vonar det kan ordna seg med kontaktspray.
Endeleg hadde eg ein fungerande H 10 som eg kunne samanlikna med H 11; favoritten so langt.
Huldra 11
Samanlikninga mellom 10 og 11 gjekk over ikkje mindre enn 4 kveldar, etter at eg hadde gjort meg kjend med H 10 i løpet av ei veke. Eg likte han relativt godt, og tenkte at "om det ikkje kjem noko betre min veg, kan eg faktisk leva med denne”.
Kveld 1: Eg byrja med H 10 denne kvelden, men resultatet var uansett forvirrande, eg klarte ikkje å dra ein konklusjon.
Kveld 2 tok eg til med H 11, det er viktig å byte på kven du startar med, for å gje begge like vilkår. Eg hugsar ikkje kva denne kvelden enda opp med, les vidare!
Kveld 3 starta med H 10 att, men midt i seansen, seint på kveld, ringde Stig Inge frå Japan, nett heimkomen frå Europa (Munchen-messa og familiesamling i Haugesund), på eit tidspunkt kor han normalt søv tungt (Japan er 7 timar før oss). "Ka i helvete", seier eg. “Eg er jet-lagga”, seier han, “og får ikkje sove”, og babla i veg. Det var koseleg, men når eg gjekk attende til lyttinga, hadde eg mista tråden, og var framleis utan konklusjon.
Kveld 4 fekk eg fred. Eg byrja nok ein gong med H 10, og litt heimabrygg i glaset styrka konsentrasjonen. H 10 spelar farleg godt til å vera ein gamal konstruksjon med kondensatorutgang. Dynamikken er god, og lyden er lettflytande og umekanisk har eg notert. Men mellomtonen er litt vissen og manglar djupne.
Huldra 11 ordnar opp i det. Han har ein annan autoritet og intensitet, myrkare, saftigere og kraftigare. Djupna i lydbiletet er betrakteleg betre, instrumenta er betre plassert, og meir naturleg portrettert. Det minner meir om det eg høyrer på konsert. H 11 er ein “heilt moderne konstruksjon", i fylgje reparatøren vår, DC-kopla, utan kondensator i utgangen. Dessutan spelar han høgare, 33 Watt i 4 Ohm om eg ikkje hugsar feil.
Musikken var heile vegen svenske Rymden, "Valleys and Mountains” frå 2023, stort sett kutt 2,3,4 og 5. Når eg først har “pugga” ei plate og eit lydbilete er det enkelt å nytta dette som referanse, i staden for å måtte hugsa lyden frå fleire utgjevingar. Denne gruppa var dessutan ny for meg, og spanande å lytta til. Eg har ikkje tenkt å kjeda livet av meg med sokalla “referanseplater” som eg har høyrt tusen gongar før. Men dette er ei smakssak og ei vanesak, andre får gjera som dei vil.
Tandberg Sølvsuper 12 (snikintroduksjon)
Skulle eg innvenda noko mot H 11, er det at han er veldig klår i lyden, naboen bemerka at Sølvsuperen hans er litt mjukare i klangen. Han kan ha rett. Eg har fått ikkje mindre enn to SS 12 av Johnny, desse er no under utprøving, so denne odysseen er langt frå over.
YMIST
Eg anstrengjer meg normalt på å vera høfleg og sakleg, men her i diverse-spalta må eg letta litt på trykket, elles sprengjer eg ein pakning.
So her kjem dagens slengbemerkningar, om redaktøren let det passera:
Ein audiofil er ein som berre likar sitt eige stereoanlegg.
Og kvar sumar brukar eg koma med eit stikk til fanatiske brukarar av solkrem, dei som knapt vågar seg ut utan å smyrja seg inn. Det siste eg har høyrt i so måte, er at ny forsking syner at krefttilfella faktisk har auka etter at bruken av solkrem skaut fart for ei tid attende. Eg har ikkje lese det sjølv, berre fått det referert, men det skulle ikkje undra meg. Uansett: Bruk hovudet og sunt bondevit. Sola er ikkje fårleg, det hadde vore verre om ho IKKJE var her. Alt med måte, det gjeld og i ølspalta.
Dagens autokorrektur/KI: bondevit vart til Bondevik. Ikkje mykje bondevit i ein kristen fanatikar, tenkjer no eg. Om han ikkje er bonde, då.
ØLSPALTA
Sumarøl (utan solkrem)
Panel: Som vanleg skrivaren og Lars, stundom utvida med Dag og Tore.
Lars har ved ved fleire høve lufta om sumarøl eigentleg er noko å skriva (heim) om, “du e jo heima”, seier han; sidan det berre er uttynna pils, grov sagt. Men me klarar ikkje å halda oss. Ser me dei i butikken berre MÅ me prøva dei, i år som i fjor. Alle er 4,5-4,7%, som er det sterkaste du får i butikk. (Heldigvis er Vinmonopolet vegg i vegg).
Grans utepils
Som ein Grans Pilsner utan humle, men ikkje heilt, for han er kraftigare humla enn dei andre, du kjenner det på lukta, og det står på boksen. Svakt søtleg og sumarblid maltsmak (L), dimed har denne ein smak og ein karakter, det kan me lika. Meirsmak! God øl.
Aass ankerpils
Inneheld kveitemalt. Denne har, som Aass Pilsner, ein karakteristisk lukt og smak av protein/leverpostei, eller brød, alt etter kven som snusar. Eg held meg for nasa, men Lars og Dag berre ler, og er ikkje plaga av det. Bak ligg ein frisk og lett søtleg maltsmak.
Isbjørn sommer (Mack)
Lite humla. Ljost på farge, men likevel preg av toffee-luktande malt, ein pussig kombinasjon, og litt uvanleg for ein sumarøl. Har ein karakter, og det er berre positivt, du likar det eller ikkje.
Tuborg sommerøl
Denne er både søtare (?) og bitrare enn Mack, men kolsyrestrukturen dreg ned seier Lars, eg er framleis ikkje heilt trygg på kva han meiner med det. Nøytral, har me notert. Litt lite notatar på denne, det tyder at han har passert utan prikkar.
Hansa Sommer
I år som i fjor og baketter er dette på sitt beste ein forbausande aromatisk øl, langt å føretrekkja for den vanlege grøne pilsner-varianten etter mi meining. Sumarblid og frisk, heilt utan usmakar. God lesk, sjølve oppskrifta på ein sumarøl. Me slår saman “lite"-varianten med den vanlege, sidan skilnaden var forbausande liten. Men kven vil ha lite øl! Me vil ha mykje.
Lars: Dag: Stig Arne:
1) Hansa 1) Hansa 1) Hansa
2) Isbjørn 2) Isbjørn 2) Grans
3) Røkla 2) Aass 3) Tuborg
4) 4) Grans 3) Isbjørn
5) 5) Tuborg 5) Aass