tirsdag, 29 april 2025 05:02

Kan du SJÅ lyd? - Stig Arne si dagbok mars 2025 Spesial

Skrevet av

Ikkje for å klaga, men det har vorte mykje skriving i det siste. Platemelding, Oslo-messa, februardagboka, Vossa Jazz to reportasjar, og brått er det tid for dagbok att. Og inn i mellom vert ein forstyrra av ytterlegare jazzkonsertar, Påske, fest og fyll. Og alt er friviljug, og ubetalt. At du gidd. Men slik er livet, og slik vil me ha det. Kulturarbeid har aldri vore lukrativt.

Men da hjelpe ikkje å gje seg, som han sa. So her kjem marsdagboka, om usynleg lyd.  

STILLE SOM LYDEN

Lyd kan målast, men ikkje sjåast. Du kan måla lydstyrken i Decibel (dB), men det er og stort sett det heile. Og det har vore eit problem for høgtalarprodusentane i alle dagar. Dei måler og måler, men ser ingenting. Dei er heller ikkje samde om kva målingar som er viktigast for lyden. Ikkje rart at alle høgtalarar let ulikt, og få let godt. Men det finst likevel måtar å vurdera ein høgtalar på, som kan gje ein peikepinn på korleis han vil låta. 

Du kan ikkje sjå på ein platespelar-pickup om han let godt. Det er plent umogeleg. Heller ikkje ein DAC, ein CD-spelar eller ein forsterkar. Du kan få ein indikasjon ved å vurdera produsent, vekt og pris, men det er ikkje tilstrekkeleg. Brått kan det dukke opp ein NAD 3020, som spelte fletta av det meste, uansett pris. Og kven kunne vita at Tandberg Huldra 11 spelte so godt? Eg har hatt han i kjellaren i tiår utan å vita at han var ein juvel. Den skal me koma attende til, men ikkje i dag.  

JA

Eg meinte nei. Det går framleis ikkje an å sjå lyd, slik som t.d. vatn. I vatn er det berre å tilføra farge, so kan du sjå rørslene i vatnet. Men du kan koma langt med å vurdera høgtalaren fysisk. Det er ingen stereokomponent som er so “fysisk” som ein høgtalar, og heller ikkje so stor, med unntak av dei minste. Høgtalaren avslører seg sjølv. Han står på utstilling, med element som puppar utan bh. Me tek jo sjølvsagt av grillen. Han (ho?) kan vera stor eller liten, med små eller store element, eitt, to eller mange, lett eller tung, dyr eller rimeleg. Det siste gjeld for so vidt mange komponent, men ein høgtalar avslører i stor grad seg sjølv, der han står og tek opp alt for stor plass. Livet hadde vore ryddigare i mono. Er du ein vaksen audiofil som har slost med ein del av dei, kan du i stor grad gissa deg fram til korleis han vil låte. Det fylgjer fysiske lover. Og du kjenner produsentane. Du veit kva dei står for, og kva dei typisk nok har prestert over tid. 

Og har du ikkje høyrt høgtalaren, har du sikkert sett ein test av han, med oppgivne data og måleresultat. I motsetnad til mange andre komponent, er desse data relativt lett å tolke, og fortel mykje om lyden. Har du lært deg å tolka ei frekvenskurve på eit XY-diagram, er du vidarekomen. Der vil du sjå at mange høgtalarar har ein stigande frekvensgang mot mellomtone eller diskant, sokalla “tysk lyd”, og det klarer eg ikkje å høyra på. Det vil låta lyst, tynt og irriterande.   

KONTAKTANNONSE

I lesarbrevspalta på eit norsk HiFi-magasin etterlyste ein lesar ein gjennomgang av dei ulike høgtalartypane sin verkemåte og bruksområde. Eg hadde lyst å svara, men det er sanneleg ikkje gjort på eit par liner, so det vart aldri gjort. Men eg hugsar spørsmålet endå, sjølv om det er mange år sidan. På tide å plukka opp stafettpinnen, so kan me springa i alle fall kortaste etappen.  

HØGTALARELEMENTET

Verkemåten til eit høgtalarelement er ganske enkel, men det tek litt tid og nokre skisser å forklara. Det har eg korkje tid eller krefter til no, er som vanleg seint ute. Men straumen frå forsterkaren går gjennom ein spole (i eit magnetfelt) på veg til membranen, for å auka elementet sin verkningsgrad. Gjera det meir effektivt med andre ord, dvs. spela høgare. Denne spolen er kritisk. Han er vinda av tynn kopar, isolert med lakk. Får spolen for mykje straum, går han varm, lakken smeltar og spolen kortsluttar. Gjenvinningsstasjonen neste. 

Dette hender med ofte med sokalla fulltone-element, slike som du ser i gamle radioar, TV og billege høgtalarar. Ein liten spole kopla til eit lite og lett membran klarer å gje attende heile frekvensområdet, men kan ikkje spela høgt, og går heller ikkje djupt i bassen. Det er ikkje spolen dimensjonert for. Men mellomtonen kan vera verkeleg god! Det er i hovudsak eit mellomtone-element dette. Eit interessant element for entusiasten som ikkje spelar høgt. 

Dei aller fleste vil ha ein høgtalar som kan spela høgare, med meir bass, og meir diskant; med unntak av kona. Då er ein større to- eller trevegshøgtalar ikkje til å koma forbi. Eit større basselement med større og tyngre membran, og kraftigare spole, vil kunne gå djupare i bassen. Diskantelementet har ein liten og lett spole og eit lite membran for å kunne levera diskanten, og er verna av ein kondensator mot bassen. Om diskantelementet ved eit uhell får tilført heile frekvensområdet vil det knekke saman umiddelbart. Det er konstruert for å berre spela diskant.

20 liter og mindre

Ja, du kan i stor grad sjå korleis høgtalaren mest sannsynleg vil spela, kva han kan klara, og om han passar behovet ditt. Kor stor er han? Er han tung og solid, eller liten og lett? Er elementa små eller store? Eit lite kabinett inntil 20-25 liter med maks 8” basselement er ikkje særskilt effektivt (typisk 85-88 dB) og vil ikkje kunne spela særleg høgt, og heller ikkje rekkja djupt ned i bassen. Ein god allrounder kan hende, men ingenting for ein rockar, og heller ikkje meg. Ein endå mindre vil tape endå meir i autoritet og kraft. Det er skilnad på bulldog og puddel. Musefis.  

40 liter og meir

Frå førti liter og 10” basselement byrjar det henda spanande ting for dei som har ei større stove og vil ha det til å svinga litt meir. Alt anna likt er eit større kabinett meir effektivt enn eit lite, og eit større element spelar høgare og vil rekkja djupare ned i bassen. Effektiviteten kan vera 90 dB, og lyden får tilført makt og mengd. Eit større membran er tyngre, og vil respondera på lågare frekvensar. Det er likevel ikkje tyngre å driva for forsterkaren, slik mange trur, av di eit større element har meir magnet, og er meir effektivt kopla til lufta. Det set større mengder luft i sving.   

Herifrå går det berre oppover. Til 60 liter for ein tolv-tommar, og over 100 for ein 15. Og nedover; i bassen. Har du vore på konsert og opplevd 18” tommarar i bassen, og ein heil stabel med høgtalarar oppå der, og forsterkarar på 1000 Watt? Eg kjenner blodet brusa. Det er magisk. Høgt og uanstrengt, og med ein bass som slår deg i mellomgolvet som  knyttneven til Mike Tyson.   

Du kan diverre ikkje utan vidare bruka eit slikt anlegg i ei vanleg stove. Det er tilpassa store lokale og vil ikkje låte godt i stova di. Eg har prøvd. So då sit eg her med eit heilt vanleg stereoanlegg for heimebruk, men med so store høgtalarar som eg har plass og råd til. For det er problemet med gode høgtalarar, som kan handsame heile frekvensområdet frå djupbass og opp: Dei er store, tunge og dyre. Har du sambuar, eller endå verre kone, er du ferdig. Er du ungkar og vill og galen, endar du gjerne opp med Klipsch, Cerwin Vega eller Vestlyd. Men billege og lette partyhøgtalarar er ikkje nødvendigvis det beste. Det finst meir “seriøse” alternativ med betre balansert lyd. Ein plass mellom reiseradio og disko. Kle deg godt og pakk ei stooor niste. Det kan verta ei lang reise.

ØLSPALTA

Panel: Heil ved. 

Skrivestove: Stig Arne

 

La Trappe Trappist Dubbel 7%, Nederland

Stor flaske, seriøst preg. Fruktig aroma. Lett å gå til, alle likte denne. Ei nydeleg øl. 

 

St. Pierre, belgisk klosterøl Blonde, 6,5%

Du kjenner at det er ein belgier sjølv om han er ljos. Lett og fruktig, antydning til pære? Likevel ikkje favoritt.  

La Goudale, 7,2%, fransk

Me anar eit snev av belgisk tradisjon i denne og. Han er ljos (Blonde), og heller ordinær, og sparsomt humla.

 

VIKING Gylltur, 5,6%, glutenfri, Island

Og då var det slutt på den belgiske smaken. Lett og godt ljos øl, seier Dag. Svak maltsødme. Han har ein karakter, utan at me heilt kan setja fingeren på det. Me må nok prøva fleire. 

Kukko Pils, 5,5%, finsk

Morosamt namn på ein hane. Ljos sommarøl. Har ein viss karakter, men ikkje framtredande. Dag og Lars var nøgde. Kunne vunne sumarøltesten, seier Lars.   

Den får me ta oss av seinare.       

Lest 1020 ganger Sist redigert tirsdag, 29 april 2025 13:24
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler