Som eg har fortalt tidlegare, reparatøren har sett griller i hovuda våre. Han har tuta øyrene fulle i Tandberg. Eg byrja med å prøva ut ein Sølvsuper 12, heldt fram med Huldra 9 Mk1 og Mk2, avdi desse har ulike utgangstransistorar, deretter Huldra 11 og 12, og til slutt TR 2060. Me har ikkje publisert nokon konklusjonar, om eg ikkje hugsar feil, og det er ein grunn til det. Som eg snart kjem fram til; må berre halda dykk på pinebenken litt til. Det gjev meg slik ei pirrande kjensle i skadefryden min. I tillegg kjem at slike gamle radioar/forsterkarar, 50 år og eldre, kan endra karakter med åra, alt etter bruk og handsaming. Eit lite brukt apparat kan oppføra seg nesten som nytt, ein godt (mis)brukt apparat kan låte dårlegare. Viktige komponent kan ha endra verdi grunna elde og temperatur. Høg varme, frå apparat som har stått på kontinuerleg på dårleg ventilerte stader, turkar ut komponenta. Til dømes er brum ein typisk indikasjon på uttørka kondensatorar i straumforsyninga. Difor vil eg gjerne prøva ut to apparat av same typen, om eitt ikkje oppfører slik eg har grunn til å tru at det skulle. Og då vert det mykje arbeid. Om dette ikkje er rett oppsummert, skuldar eg på at eg berre har lese Grunnbok i elektronikk for vidaregåande skule. Ikkje alle har det eingong.
Eg sette meg ned ein kveld for å lytta, alt var taima og tilrettelagt, lyset var dempa, og godt i glaset. Eg landa på Ryan Adams, Live at Carnegie Hall. Det er ei plate eg kjenner godt. Merk at det manglar ein B i Ryan, eg snakkar ikkje om Bryan Adams. Det er ein annan kar. Me spelar ikkje “Summar of -69”. Det skulle ta seg ut.
Det let godt, stor og varm lyd. Men etter kvart vart lyden nesten litt for god, dynamikken var voldsam og gitaren eksploderte. Eg fatta mistanke. Noko var feil. Denne plata har ikkje låta slik før. Eg pausa musikken, klødde meg i hovudet og såg meg rundt.
Då såg eg det. Mac-en (Apple Music) sto rett oppå radioen, på tynne føter. Og radioen har topplok i finert sponplate, ikkje metall. Mac-en har mengder av IC-ar som jobbar på høge frekvensar, og stråler høgfrekvent støy rett ned i radioen. Det gjeld alle digitale apparat. Du kan heller ikkje setja ein CD-spelar rett oppå ein forsterkar og rekna med at det går bra. Og du kan ikkje setja to CD-spelarar oppå kvarandre for utprøving. Den tabben har eg og gjort. Dei stråler støy inn i kvarandre. Alt dette veit eg. Det er berre so fort gjort å gløyme det. So snart eg hadde flytta Mac-en ut til venstre for radioen, vart lyden slik eg kjenner han, og eg kunne halde fram med å vurdera radioen.
Problemet er at eg trur eg har gjort same tabben på fleire av Tandberg-apparata. Det vert som i spelet: Rykk attende til start. Eg prøver i alle fall, so godt eg kan, å gjera dette skikkeleg, og ventar med å uttala meg før eg har prøvd apparatet grundig ut, og kan stå inne for konklusjonen. Ny runde med lytting vil verte gjennomført, og resultatet publisert når den tid kjem. Tandberg har laga ei mengd flotte apparat, og det er ikkje urimeleg å tenka at fleire av dei og vil låte godt. Ikkje alle, det klarar dei færraste produsentane. Eg reknar ikkje ein Tandbergradio som eit samleobjekt, slik mange gjer, men eit potensielt HighEnd-produkt. Me grev etter gull, og gjer oss ikkje. Fylg med i neste bolkjen, og beklagar forseinkinga.
ØLSPALTA
Denne gongen har eg gjort det enkelt for meg sjølv, men desto meir eksklusivt: Mikrobrygg frå Japan, som stig Inge har sendt meg bilete av. Eg har ikkje smakt dei, so dei får tala for seg sjølve. Nyt synet frå dei flott dekorerte boksane.