onsdag, 26 februar 2025 18:24

ÅRET SOM GJEKK – STIG ARNE SI DAGBOK JANUAR 2025 Spesial

Skrevet av

Dempematerial som fyk rundt i stova, ny dac, høgtalarar, forsterkarar og platespelarar frå golv til tak. Og nokre øl før å roa ned att. 

Fyrst litt Ztigosofi: I den store samanhengen var 2024 ikkje eit godt år for verdsfreden, og 2025 teiknar til å verta endå verre. Ei narsissistisk bølle har for andre gong vorte vald til å styra eit stort vestleg land, og ein kommunistisk mordar i aust legg under seg naboland. Endå lenger aust styrer ein annan eineveldig kommunist, som til liks med kollegen sin har endra lovene i landet slik at dei kan sitja til “evig" tid. At verdssamfunnet (SN/FN) ikkje har verktøy til å gjera noko anna enn å sitja å sjå på at diktatorar og andre toskar køyrer verda på ræv, kan verta undergangen vår. 

Med skjelvande hender (det kan vera alderen og) leiter eg fram noko musikk på Apple Music. Kva anna kan ein stakkar gjera enn å opna ein kork, venta på effekten, og freista å konsentrera seg om musikken?

Med eller utan stimuli var HiFi-året 2024 likevel eit godt år for meg, heldigvis, og endeleg. Ein ny DAC har forbetra lyden frå Mac-en betrakteleg, og høgtalarane har gått gjennom timesvis med arbeid og oppgradering. Og, men det er litt hemmeleg endå, har eg funne radioar frå gamle gode Tandberg som gjer at eg må gnika meg i augne når eg ser mellom og bak høgtalarane, og ikkje heilt kan trur det eg høyrer. Eg kjem attende til det. 

I parentes må eg leggja til at eg innser at tida har rent i frå meg. Eg er ganske akterutsegla når det gjeld moderne HiFi. “Streamingforsterkar”? Kva pokker er det? For det fyrste er alt dette nye utstyret helsikes dyrt, for det andre har eg alt huset fullt av forsterkarar. Og alt anna. Og ein Mac, slik at eg kan strøyma av hjartans lyst. Og eg trur at den nye DAC-en min har innebygd strøymar, dessutan. Eg har det eg treng, sjølv om det er eldre utstyr. Det er eg og, so det passar bra. Men etter det eg kan vurdera er det stor interesse for det klassiske. Og so får ungdomen ta seg av alt det nye. Og redaktøren. Eg gidd ikkje. Men eg har sjølvsagt alltid augene opne for nytt utstyr, nytt eller gamalt. 

DEMPING

Det er mogeleg eg går litt langt attende no, men av dei tinga eg er stolt over å ha “funne ut av”, eller eksperiment med i det siste, er innvortes demping av høgtalarar. Eg jobba mykje med å lytta til ulike dempematerial i eit par gamle Dali 7 (bassreflekskabinett), og Yamaha NS 1000 Monitor (lukka kabinett). Førstnemnde har eg alt skrive om, sistnemnde var verkeleg pakka med Glava, og ganske strypte i bassen. Eg fjerna ein del av Glavaen, og då pusta dei lettare. Samstundes var det heilt openlyst at skumgummi var ubrukeleg til demping, medan Glava, porolon, filt og liknande porøse matter verka godt. Poenget er at basselementet stråler like mykje lyd ut baketter som frametter, og utstrålinga baketter i kabinettet må dempast mest mogeleg effektivt for å unngå resonansar og buldring, men ikkje so mykje at elementet ikkje har eit kabinett i det heile. Elementet må sjå inn i eit kabinett av rett storleik. Det er sikkert ikkje so mange som vurderer dette, men sjølvbyggjarar bør gjera det! 

DAC 

I dag treng alle stereoanlegg ein dac, om du vil kopla til ei digital lydkjelde. Fyrst ut var jo CD-spelaren, men den har innebygd dac. Datamaskina har og innebygd dac, om du tek signalet ut via hovudtelefon-utgangen. Men kvaliteten er ring. Kjøp ein ekstra/utvortes DAC, om ikkje forsterkaren din har ein slik bygd inn. So nye forsterkarar har eg aldri hatt. Ein utvortes Gustard R26 gjorde underverker. Ikkje eit apparat eg kjende til, men Stig Inge gjorde. Denne tek signalet inn frå ruteren via kabel, og matar det inn i stereoanlegget via utgåande kabel. Eg styrer alt frå Mac-en ved hjelp av Apple AirPlay. Eg skjønar knapt korleis det verkar, men det gjer det. Det var Stig Inge som kopla det opp. Eigentleg er dette alt for komplisert for min smak, men eg har ikkje noko val. Det einaste som er enklare er ein mini-dac som Audioquest Dragonfly, men til redusert lydkvalitet. Eller du kan halda deg til CD-spelaren og platespelaren. 

HØGTALARAR

Etter å ha kopla opp eit par gamle høgtalarar med 10 tommars basselement, var det ingen veg attende. Små anemiske kasser som står og skrik er historie. Eg klarar det ikkje lenger. Dei kan ikkje på nokon måte formidla krafta og dynamikken i musikken slik dei skal, og kan knapt kallast HiFi. Eg brukte lang tid i fjor på å samanlikna fleire sett store og klassiske høgtalarar, og landa på Dali 7. Fyrste gongen eg høyrde eit par slike såg eg potensialet i dei, og har seinare brukt lang tid på å finpussa dei. Mykje av dette er fortalt før, men det siste er at eg har blokkert bassporten, slik at dei no er lukka. Det kravde justeringar, som eg endå ikkje er heilt i mål med. Men det vert nok ein artikkel av det. 

FORSTERKARAR

Her er eg heller ikkje heilt i mål. Klassiske forsterkarar og radioar/receivere står på rekkje og rad, derimellom fleire gamle frå Tandberg. Eg skreiv om dei i førre dagboka. Sidan har eg gjort nye oppdagingar, og fleire apparat er på veg, nokre av dei hjå reparatøren for sjekk. Dette vert spanande. 

PLATESPELARAR

Også her har det skjedd store ting. Etter mange år med fokus på andre ting er no ein svær gamal klassikar kopla opp, ein arm er montert, ein til ventar. Jepp, han skal ha to armar montert. Fleire spelarar ventar, deriblant ein Linn LP12 som eg aldri har prøvd, og mengder av pick-upar ligg klar. Eg vert visst ikkje arbeidslaus med det fyrste. Det var ikkje mykje hjelp i å pensjonera seg.         

 

ØLSPALTA

 

“Brød inn, eple ut”, seier Lars. Me smakar på Frydenlund Pilsner, som eg tilfeldig oppdaga fanst i to versjonar på COOP: Frydenlund Pilsner og Frydenlund Premium Pilsner. Eg kjøpte sjølvsagt ei tå korje (ein av kvar), og ringde Lars. Me starta med Pilsner. -Tydeleg brødsmak, hevdar Lars, -og eple i utgangen. Me er samde om at det stemmer, sjølv om eplet ikkje var like framtredande som brødet. Ølet er elles ikkje særskilt kraftig, men heilt kurant å drikka. Frisk og rein smak, utan sjenerande bismaker. Svakt mot det turre. 4,5%.

Frydenlund Premium Pilsner: Nokre dagar etter var eg atter i same butikken og freista finna ut om dette var same ølet i ny boks, eller ein ny variant. Det fann eg ikkje ut av, for Pilsner-varianten var borte. Uansett VAR det ein liten skilnad i smak, Premium var LITT fyldigare og LITT søtare. Men det var ikkje større skilnad enn det godt kan vera mellom to parti. 4,6%. Humle: Hallertau Mittelfruh.

Etter desse drakk me ein OSLO IPA meiner eg å hugsa. 5,6%, og dobbelt humla, men framleis drikkande. Overgangen til Grans Pilsner tenkte eg ville verta dramatisk men faktisk ikkje, for denne Grans er betre humla enn dei fleste “industripils”, med ein tydeleg humle både i aroma og smak. Ein god, billeg pils. 

Nokre dagar etter kjøpte eg ein Seidel Pilsner etter gamalt (4,5%), berre for å sjekka korleis han smakar no til dags. Eg drakk mykje av denne i gamle dager, han var billeg og drikkande, med denne var ikkje etter min smak. Både lukt og smak var kraftig prega av protein/brød/leverpostei. Men ingenting i vegen med det, om du likar denne stilen. “Produsert i Norge for Norgesgruppen”, so gudene veit kven som lagar han. Ein Aass Pilsner (4,7%), også denne i ny boks meiner eg, smakte ganske reint i samanlikning, men tilsvarande lite. Saaz-humle.

 

 

Lest 777 ganger Sist redigert onsdag, 26 februar 2025 18:38
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler