TANDBERG
I oktober skreiv eg om Sølvsuper 12 C, varianten med kassett på høgre sida. Denne kom nyoverhalt direkte frå reparatøren, til og med kassettdelen virka, med nye strikk. Eg likte han faktisk godt, og same radioen (men utan kassett) spelar veldig godt borte hjå Styvane i nabohuset.
Varianten med kassett er upraktisk brei, eg likar best radio og kassettspelar kvar for seg. Difor er denne til sals, men eg har framleis ein SS 12 utan kassett, som eg gjerne prøver att seinare ein dag. Det er ein sjarmør. 12 C er alternativet for dei som vil ha alt-i-eitt og har ein brei benk. Og masse gamle kassettar. Det er vidare verd å notere seg at Sølvsuper og Huldra gjekk parallelt i mange år, med SS som ein rimeleg variant, og Huldra ein meir påkosta serie.
HULDRA 9
Men til poenget: No har me prøvd ut fleire Tandbergar. Den nye reparatøren vår sette ein kveik i meg og Stig Inge då han fortalde om Huldra 9, som finst i to variantar: Mk 1 med den fyrste varianten av transistorar, nemleg germanium, på 15 Watt, og ein Mk 2, med dagens silisiumtransistorar, på 25 Watt, begge i 4 Ohm, slik praksis var før. Han antyda at det var mange som føretrekte den gamle med germanium. Dei er elles i praksis identiske, i fylgje reparatøren, med berre små ytre detaljar til å skilja dei frå kvarandre. Er det ikkje likt seg! Det er alltid slik at sume sverjer til den gamle teknologien, medan andre til den nye. Nesten uansett kva det dreier seg om. Eg og Stig Inge vart raskt samde om at dette måtte me finna ut av, og ein av kvar vart skaffa til vege. Dei er ikkje vanskeleg å finna, og heller ikkje dyre. Det er ikkje alltid ein kan samanlikna to ulike teknologiar so enkelt som dette.
Mk 1
Eg vende meg raskt til lyden frå Mk1, han var myrk og behageleg, kan hende til og med litt for myrk, og kan hende difor heller ikkje veldig detaljert. Eit problem er at han ikkje kan spela særskilt høgt med sine 15 Watt i 4 Ohm, som er endå mindre i 8 Ohm. Eg er velsigna med ei stor stove. I eit mindre rom kan det gå bra.
Mk 2
Overgangen til Mk 2 var overraskande stor, på kanten til brutal. Han er monaleg ljosare. Ikkje so mykje at eg reknar det som eit problem, eller uriktig, det var berre at overgangen var so stor. Hadde eg lytta i motsett rekkefylgje, ville eg nok reagert annleis. Då ville Mk2 vore referansen, og Mk1 alt for myrk! Om eg skulle trekkja ein konklusjon, ville eg nok føretrekt Mk2 med sine 25 Watt, sidan denne spelar noko høgare. Reparatøren humrar godt når eg fortel om funna mine. Det er like mange meiningar om dette som det er lyttarar, ler han. Silisiumtransistoren vert rekna som raskare og meir robust, og har difor konkurrert ut den gamle.
HULDRA 10
Interessa for Tandberg var kveikt, og H 10 eit naturleg neste steg. Eg hadde ikkje mindre enn to eksemplar av denne nede i gangen, skaffa til veges for ei evigheit sidan, då ein skribent i gamle ærverdige Audio (eller var det Fidelity?) som eg sjølv skreiv for, hevda at fonosteget i H 10 var noko av det beste som hadde vore laga, og kunne gjerne verte nytta i eit moderne anlegg. Begge vart leverte til reparatøren for sjekk, og det best fungerande kom i retur. Eg var ikkje imponert. Lyden var dårleg definert, og bassen sprakk opp. Han kunne ikkje eingong spela like høgt som H 9. Reparatøren antyda at Huldra 10 var oppskrytt, og etter dette eksemplaret å døma kan eg ikkje anna enn å gje han rett.
HULDRA 11
I fylgje reparatøren er H 11 og 12 identiske, med unntak av små detaljar i utsjånaden, difor går eg direkte vidare til H 12, som etter min smak er penare, med gul skrift på svart bakgrunn på skalaen. H 11 er meir blåleg, som Sølvsuper 12 og TR 2075. Dette er jo sjølvsagt berre ei smakssak. Men for sikkerheits skuld skal eg sjølvsagt prøva H 11 og. Rapport kjem seinare. Har ikkje tid før denne dagboka må på trykk.
HULDRA 12
Etter å ha spelt lenge på Sølvsuper 12, Huldra 9 to variantar og Huldra 10, kom Huldra 12 som endå eit sjokk. Som reparatøren sa, “Huldra 12 er ein moderne forsterkar”. Hugsar eg ikkje feil, har H 11 og 12 ikkje kondensator på utgongen, slik dei eldre. Frå fyrste tone strøymde ein fyldig, behageleg og robust lyd ut av høgtalarane, og skuldrane sokk ned, eg høyrde meg sjølv sukka: Ah. Endeleg. Dette kan eg leva med. Med sine 33 watt i 8 Ohm har H 12 også meir å rutta med, slik at lyden vert rolegare og meir sjølvsikker.
Sidan har han stått der og spelt. Det har ingen hast å kopla han ned. Eg kosar meg med musikken like mykje som nokon sinne. Det er eit stort og flott apparat dette, faktisk litt for stor til å vera praktisk, i alle fall om han skal stå i ein stabel. Seinare radioar frå Tandberg hadde ikkje lenger Huldra-namnet, men TR. Altso TR-serien, og då var me attende til “standard” 43 cm breidd, medan Huldra 12 er 55! Men slik var vel trenden på denne tida, tenk på dei store amerikanske og japanske receivarane. Dei var svære, eg har ein Pioneer SX 850 nede i kjellaren som og er over 50 cm brei, og svintung, på nærare 100 Watt. Denne er til sals.
Huldra 12 var dimed den siste Huldra, og slik sett eit veldig kjekt produkt å eiga. Ikkje avdi eg er samlar, men avdi han spelar godt. Det finst i fylgje reparatøren og ei utgåve på 60 Watt, særmerkt med kjølefinner på baksida. Det er rimeleg å tru at denne er ganske lik TR 2060, som og er på 60 Watt. Eg har ein slik, som eg ikkje har prøvd på lenge, men det kan endra seg, og rapport fylgja. Om nokon har ein H 12 på 60 watt, so gje eit ord.
Med H 11 og 12 vart vri-knappane større og lettare å skru på, og trykk-knappane større. Dei går lettare ut og enn dei gamle apparata, som verkar meir russiske i samanlikning.
SAMANFATNING
Om eg skal oppsummera so langt, er Huldra 12 apparatet å ha. Tidlegare apparat frå Tandberg er tydeleg meir gamaldagse og “mekanisk" å bruka, og spelar ikkje like høgt. Om du ynskjer å utforska lyden frå farne tider, vil du kan hender gå endå lengre attende, til røyr-radioane? Det finst kan hende gullkorn der og? Men då må du ha effektive høgtalarar. Dei ytte ikkje mange Watt desse. Me høyrer gjerne frå deg om du har røynsler frå desse “kabinetta".
Merk at eg framleis ikkje har samanlikna H 12 med dei forsterkarane eg vanlegvis nyttar. Eg kjem dit ein dag, men det har ingen hast. Det vert desto meir spanande. Inntil vidare er eg veldig nøgd med H 12, og tenkjer at denne kan stå seg godt i konkurranse med mykje anna, nytt eller gamalt.
PS.
Desse gamle apparata har inn- og utgangar etter den gamle tyske industristandarden DIN, slik av overgangar mellom dei og moderne apparat med phono-pluggar er turvande. Om du ikkje finn slike overgangar i butikkane, kan ein radioreparatør hjelpa deg. Eg har teke eit par bilete, og modellen bak dei delikat lakkerte neglene er leigd ut av Obben Modellbyrå.not. Det er umogeleg å ta slike bilete utan tre hender.
ØLSPALTA
Det er like irriterande kvar gong. Eg VEIT at eg har teke vare på eit avisutklypp, men finn da ikkje att. Eg finn da sjølvsagt i morgon, når det er for seint. Jaja. Men eg hugsar poenget. Ein forskar og forfattar bak ei ny bok har (igjen) teke føre seg drikking og dagen derpå, og undersøkt kva som kan hjelpa mot fyllesjuka, og kva som berre er mytar. Han skriv det som me veit frå før, at det er viktig å eta godt osb., men på spørsmålet om det er hjelp i å drikka vatn undervegs, var svaret både ja og nei. Og der er me nok litt usamde. Eg har alltid eit glas vatn på nattbordet, og når eg vaknar ein gong eller to utpå natta for å lata vatnet, tek eg eit par supar. Då kan eg vakna om morgonen og vera i grei form. Om ikkje, vaknar eg med turr munn, fløyel på tunga, og skallebank. Det slår aldri feil. Og mange eg kjenner seier det same. Som alltid: Eg er glad i vitskaplege undersøkingar. Men me gjer og våre eigne røynsler og vurderingar. Rett svar er etter mi meining berre eit rungande JA. Jamvel utan alkohol får eg ilt i hovudet om eg drikk for lite vatn. Og er du i eit varmt utland, er solstikk ein overhengande fare om du ikkje passar på.
Om få dagar skal eg og eit par til frå panelet sjekka ut nokre “eksklusive” jolaøl frå Kinn og Ø (store flasker) som me har teke vare på, og ikkje rakk på i julestria. Det er kan hende ikkje noko å rapportera om, no på etterskot. Me fer sjå.
I mellomtida kan me presentera nokre andre som har falle i smak den siste tida. Staropramen (polvarianten) er berre 5%, men ein verkeleg god pils, varleg krydra med ein nydeleg humle både i lukt og smak.
Rychtar Premium, også 5% og frå Tsjekkia, både luktar og smakar protein (leverpostei) og brød. Det kom samstundes både frå meg og Lars. Smak og behag. Dessutan: Når ein øl heiter Premium, kan du vera ganske sikker på at det er ein pilsner. Uansett kva språk resten av teksten er. Og teksten er eit problem for Stig Inge i Japan. Han snakkar perfekt japansk, men lesa og skriva er verre. Kona kan lesa for han, men bryr seg ikkje katten om øl. Eg har difor “undervist" Stig Inge litt om kva undertekstar som wit, ale, blonde, og anna tyder. Det gjev ein ide om kva øl han har kjøpt. Ofte må eg sjølv tenkja meg om, for det er ikkje ende på trendar og tradisjonar.
Ringnes Julebokk 9% er framleis å få tak i på det lokale polet vårt, dette er ein verkeleg god øl og har lenge vore det. Dahls er diverre selt ut. Ikkje rart. Han var utruleg god. Sjekk det lokale polet ditt for kva som er att. Du må ha jolaøl i alle fall fram til Påske, som er sein i år, so du må bunkra so det munar.
Norrlands Guld, som mange vil kjenna att frå Systembolaget i Sveariket, 4,7%, no på COOP i tillegg, er det ølet eg no til dags ofte tyr til som ein god kvardagsøl. Smakar ikkje berre vatn som dei fleste andre billege øl, men har substans - i mangel på eit betre ord. Eg jobbar med saka. Han bit litt på tunga, dvs. dei har spandert litt meir humle på han enn andre industriøl.
7F Syv Fjell, Bergen, skuffar sjeldan. Amber Ale og India Pale Ale er gode øl, og verd teksten på boksen åleine. Om du aldri har lese ei bruksrettleiing, les denne. Ein fryd å lesa, og god å drikka.