Førjulstida er travel, me presenterer difor ein omtale av nokre pickupar til T4P-platespelarar, som alt var klar. Og omtalen av årets jolaøl frå Vinmonopolet, som naturleg nok er mest aktuell om me klarar å publisera før jul. Eller jol som me seier her på vestlandet; frå heidensk tid. Opphavleg ein fest for solsnu.
5 PICKUP-AR TIL T4P-PLATESPELARAR
Eit par dagar eg ikkje hadde noko anna som brann under føtene, leita eg fram nokre pickupar, som eg har hatt liggjande lenge utan å ta meg tid til å prøva dei ut. Dei er av typen T4P, les under.
T4P-platespelarane var ei nyskaping frå Technics, gjerne i form av dei små, på storleik med eit plateomslag. Du hugsar dei? Dei er søte som ein nyfødd kvelp, særskilt den brune. Dei hadde ein spesiell montering for pickupen, kalla T4P-fatning, der P står for P-mount. Berre T4P-pickupar kan monterast på ein T4P-platespelar, men dei kan og monterast på vanlege platespelarar via ein liten brakett (sjå bilete).
Ideen var god: P-mount var “plug and play”. Alle pickupane etter denne standarden har same vekt og signalstyrke (output), og stifttrykket står fast på 1,25 gram. Ingen innstillingar! Pakk ut spelaren, legg på ei plate og trykk Play! Skulle nesten tru det var Steve Jobs som hadde konstruert han. Sjølv om P-mount spelarar ikkje nødvendigvis har det beste ryktet mellom audiofile, kan det gå mykje verre med ein dårleg satt opp og justert pickup på ein billeg spelar av vanleg type.
Med CD-spelaren sin innmarsj døydde platespelaren ut som ein dinosaur, i alle fall i høve til det omfanget dei eingong hadde. Den vanlege platespelaren har overlevd, men ikkje den med T4P-fatning. Det finst likevel mange i bruk, og det er framleis mogeleg å få tak i både stiftar og heile pickupar til dei. So kvifor ikkje? Eg har teke føre meg dei pickupane eg har til rådvelde til min Technics SL-7, og prøvd dei ut. Du har muligens ein slik spelar, evt. ein annan modell?
Sjølv har eg alltid ein Technics SL-7 i nærleiken, i tilfelle alt anna sviktar. Han tek liten plass og er rask å kopla opp. Det er lynkjapt å byta pickup. Berre ein skrue er skrudd inn frå sida for å låsa pickupen fast. Skru denne ut til han ikkje vil lenger (ikkje heilt ut), då kan du nappa pickupen ut og setja inn ein ny. Og det er ingen grunn til å rynke på nasa av desse pickupane. Eg veddar på at dei fleste P-mount pickupane er identiske med dei vanlege, berre med ei anna organisering av pinnane på baksida til montering, sjølv om dei vanlege ofte er tilgjengeleg med endå finere nålesliping. Og dyrare modellar. Men me snakkar ikkje high-end. Me snakkar om smarte, enkle spelarar som heile familien kan bruka, og som eg sjølv stundom nyttar når alt anna er berre rot og kaos.
Særskilt aktuelle modellar for seriøs avspeling av LP-plater er etter mi meining Technics SL-7 og -10. Det finst mange andre, både frå Technics og elles. SL-7 og -10, som eg veit mest om, er praktisk tala identiske. Begge er direktedrivne, og SL-7 er faktisk tyngre enn -10. Men -10 er utstyrt med MC-pickup og innebygd step-up, og difor dyrare. SL-7 kom seinare og har eit litt anna design. SL-10 kan naturlegvis og utstyrast med MM-pu, her er utvalet større. Berre ikkje trykk inn MC-knappen om du vil unngå å søla ut heile kaffikoppen, for då kopler du inn 20dB ekstra gain.
Ortofon OMP 20 (ganske ny)
Den opphavelege Technics-pickupen, 207 om eg ikkje hugsar feil, vart bytt ut med OMP 20, som eg likte betre. Med den vidgjetne Concorde-fasongen er det han som tek seg best ut frampå armen. Særs elegant. Eg har rekna dette som ein god pickup, lenge. Men når eg no gjekk laus på ein ny runde med utprøvingar, avdi eg fann plass for platespelaren på ein liten krakk kloss i anlegget, og avdi eg fekk låne ein Pickering som eg gjerne ville prøve (sjå under), vart eg i tvil. Bassen var mektig, men stemma til Nils Lofgren var litt tynn, og gitarstrengane framheva, på "Acoustic Live". Lyden var tydeleg, men analytisk i ordets negative forstand. Eg ville prøva Pickeringen.
Pickering TL-3 (brukt, tilstand ukjent)
Pickeringen korrigerte dette. Han hadde ein fyldigare mellomtone, og ein rolegare og mindre briljant klang på gitarstrengane, særskilt dei lyse. Kan hende ikkje like detaljert, men langt lettare å lytta til. Eg tok meg ikkje eingong tid til å reingjera stiften, so alt i alt må eg seia at dette var godt levert. Eg likte han. Men kven av dei let mest korrekt? Eg flytta plata over på ein stor Technics av vanleg type, med arm med SME-fatning og Audio Technica VMN 740 ML, ein heilt ny og mellomdyr MM-pickup, kring 5000 kr. Denne har fått gode omtalar og fekk tena som referanse. Han låg ganske nær Pickeringen i tonal balanse, og alt i alt spelte denne riggen naturlegvis hakket betre. Sidan Stig Inge stadfestar at plata til Lofgren er utan kritikk, reknar eg AT og Pickering som meir korrekte enn OM 20.
Shure M92E (relativt ny, lite brukt)
Denne gav og ein liknande frekvensgang som Pickering og AT. Fyldig mellomtone, realistisk gitar, lite å trekkja for. Ein heilt grei pick-up, men eg lurte på om kanalbalansen låg litt til høgre. Dette kan fort henda med serieproduserte pickupar laga av maskiner. Den eine kanalen kan spela litt høgare enn den andre. Det heiter toleranse på fagspråket.
Grado MT Pluss (alder og tilstand ukjend)
Eg fann ikkje pluss-symbolet på den nye Mac-en, so eg måtte skriva det slik. Eg hadde fleire Grado Signatur 8 i ungdommen, for dei som hugsar desse. Dei var geniforklart av Harry Pearson i undergrunnsbladet The Absolute Sound, men eg hadde varierande glede av dei. Men denne synte seg å spela like godt som dei andre, om ikkje betre. Også her ligg balansen litt til høgre, eg må sjekka om denne høgtaleren står nokre millimeter framføre den venstre. Det skal ofte ikkje meir til. Alt i alt ei behagelig overrasking. Eg har dessutan alltid likt utsjånaden på Gradoane. Dei er annleis enn andre, og lett å kjenna att.
Pioneer 250 T (tvilsam tilstand)
Det skal ikkje mykje undersøkingar til for å finna ut at dette er ein Audio Technica tinga av Pioneer. Han spelar heilt greitt, men har stundom problem med s-ane, eit teikn på dårleg sporing som resultat av slitasje eller uttørka og stivna gummioppheng. Låten “sticks and stones vart litt til “schticks and schtones”. Spelte truleg betre då han var ny.
Oppsummering og vurderingar
Alle pu var montert i ein Technics SL-7 med tangentialarm, og difor ingen antiskating. Pickupen ligg difor dønn stabilt i rilla, og det er lett å høyra at sporinga av dei notorisk vanskelege s-ane er betre enn på tradisjonelle spelarar med S-arm og antiskating. Ingen lesping på s-ane, med unntak av ein sliten Pioneer 250 T.
Det er verd å merka seg at alle pickupane spelte relativt likt, med unntak av Ortofon og ein sliten Pioneer. Kan dette tyda på at mange pickupar, so lenge dei er fornuftig konstruert vil låte relativt likt, når dei er konstruert etter ein standard, der dei har nær identiske data? Ein interessant tanke i alle fall. Er dette so langt ein kjem med kjende ingrediensar i oppbygginga? Ting kan tyda på det. No var ikkje dette ein særskilt grundig eller uttømande utprøving, eg berre hygga meg med god musikk og det eg hadde for handa. Men likevel. Eg meiner eg høyrde det viktigaste, og alt i alt var resultatet oppløftande. Betre resultat kan sjølvsagt oppnåast med meir eksklusive variantar av både pickup og spelarar, men då vert og prisane noko heilt anna. Det er berre å ganga med 10, og byrja spara.
ØLSPALTA: JOLAØL FRÅ POLET
Vossajol 6,5% frå Voss Fellesbryggeri v/bryggmeister Rune Midttun prøvde me alt 7. november. Denne er ein smakseksplosjon av urgamle bryggjemåtar. Overgjæra med kveik, kokt på koparkjele over open flamme. Smakar av heimabrygg, jolaøl, og røyk. Ein klår favoritt, som skil seg ut frå dei aller fleste andre. Må prøvast.
Ei tid etter gjekk panelet (Lars og skrivaren) laus på nokre gamle favorittar frå utlandet. Chouffe 10% er kraftig, Carolus 10% er nydeleg med lukt av toffee. St. Bernhard var det svak usemje om, vanskeleg å kategorisera, men god.
Under ein pinnekjøtmiddag der panelet var utvida med Dag, drakk me Mack Julebukk 9% (god maltsødme med karamell), Graaf Tre Konger 10% (veldig kraftig) og Wettre Julekula 8%. Prøv sjølv.
Endå nokre før me gyv laus på klassikarane:
Samuel Smits 6% er heller ljos, nøytral, ikkje overdriven julete eller jålete, men veldig god. Vidare Små Vesen 6,5%, og Tøsse 6,5%, der begge tenderte mot stout. Me likte Spitsbergen frå Svalbard bryggeri 7% og Samuel Smits best.
Klassikarane
Då er me ved klassikarane på 0,33 liter små glasflasker, 6,5% sånn omlag:
Hansa, godt likt men ikkje den mest smaksrike. God i lengda. Dahls har alltid vore aromatisk, og i år betre enn nokon sinne. Ringnes er stabil frå år til år, alltid lett å kjenna att, om so i blinde. Dag likte Mack godt, og meinte han kom seg etter å ha stått i glaset ei stund. Løkka er tilsett rug og noko kraftigere enn dei andre, likevel godt likt.
Favorittane i år vart Dahls og Løkka.
Øla på det siste biletet, som startar med Nissemor og Nissefar, lyt finna seg i å stilla i "open klasse”, kategori “prøv sjølv”. Me var for feststemte til å gjera kvalifiserte vurderingar. Men det tyder ikkje at dei ikkje var gode. Kjøp so mange du har råd til eller orkar å bera heim, og gjer dine eigne vurderingar, med føtene på skammelen og bakgrunnsmusikk. Litt lyt du gjera sjølv og.
God Jol og Godt År.