Tandberg (1933-1978)
Tandberg har ein særskild plass i hjarta til nordmenn, og det er ikkje rart. Opp i gjennom åra, sidan starten i 1933, har dei produsert ei mengd glimrande produkt, både flotte og gode, og det finst mange samlarar, difor er prisane ofte høge for dei mest populære produkta. Sjølv er eg ingen samlar, eg prøver ut produkta eitt og eitt, etter kvart som eg tilfeldigvis kjem over dei, om prisane er akseptable. Dei eg ikkje ynskjer å halda på, går vidare. Om eg og Stig Inge har vorte i overkant ivrig, skuldar eg på den lokale reparatøren vår. Han er Tandberg-entusiast, og har kveikt interessa vår med kunnskapen sin, som han ivrig deler. Nokre apparat hadde eg frå før, slik som Sølvsuper 12 under, men har ikkje før no teke meg tid til å prøva ut. For det er jo liksom ikkje eit audiofil produkt? Men som Audiophile.no sin kontainer-dykkar elskar eg å prøva ut alt som lyser opp når eg slår det på. Merke, rykte og pris spelar ingen rolle, det er alltid noko å læra frå alle produkt. Og det gjev deg eit uvurderlig oversyn. Du kan ikkje setja pris på eit godt produkt om du aldri har prøvd eit dårlegare.
Tandberg er diverre historie. Grunnleggjaren Vebjørn Tandberg gjekk bort i 1978.
Tandberg Sølvsuper 12
Kring 1975 lagde Tandberg ein prøveserie på 500 Sølvsuper 12. Dei var utrygge på om det var plass for denne i marknaden. Han vart raskt ein suksess, og vart følgd opp av Sølvsuper 12C i 1977, der C står for Cassette. Det finst og ein variant med både platespelar og kassett!
SS 12 kosta kring 2250,- ny, 12C truleg ein tusenlapp ekstra. I fylgje reparatøren min var kassett-delen kjøpt inn frå Japan. Men han treng ikkje vera dårleg av den grunn. Trass i utbreiinga i norske heimar, har eg aldri sett test av han. Er ikkje det litt rart? Er ingen audiofile interesserte i Tandberg, og korleis dei let? Er Tandberg berre for samlarar, som ikkje bryr seg døyten om korleis det spelar, berre det kjem lyd ut?
Eg såg fram til å ta jobben, og betraktar det som eit kupp. Det er eit under at ingen har nytta seg av moglegheita. Det er jo eit ikonisk apparat dette, frå den tida radioane hadde flotte finerte kabinett, tunge og solid konstruerte. Og den blå skalaen, muligens inspirert av McIntosh i Amerika. Det var ei enkel avgjerd, sidan eg hadde ein fullt fungerande SS 12C nede i gangen. Gudane veit kvar han kom i frå. Eg har huset fullt av hifi, og kan ikkje hugsa alt. Han har vore ein tur inom reparatøren, for å sjekka at alt fungerte. Kassettdelen fungerer og, med nye reimer. Eit litt upraktisk apparat dette, sidan det er so breidt. Det kan ikkje setjast oppå eit apparat med vanleg breidd. Evt. kan eit anna apparat setjast oppå på venstresida, slik at kassett-delen stikk ut til høgre. Det var jo kanskje litt lurt, i alle fall originalt. Men om du har ein brei benk kan apparatet få spela seg ut i si fulle breidd, med platespelar, CD-spelar eller kva det måtte vera på sidene, og ei lita datamaskin på toppen. Men spørs kva kona seier. Ho har gjerne sett seg ut noko anna for den plassen. Eg er ofte måpande vitne til at sjølv vaksne tøffe karar ikkje kan få ha eit stereoanlegg i si eiga stove. Eg trudde dei var tøffe i alle fall, men dei er vist berre tøffelheltar.
Oppkopling med DIN-pluggar
Men lat oss ikkje harselera meir kring dette. Det har eg sikkert alt gjort ein gong for mykje. Eg sette Sølvsuperen på vanleg plass, han stakk ut frå skammelen på begge sider, det ser ikkje fint ut, men drit i det. So måtte eg leita fram DIN-pluggar for oppkopling. Høgtalarpluggane, slike små med ein flat pinne for negativ og ein rund pinne for pluss, er eg ikkje særskilt begeistra for. Høgtalarleidningane skal helst skruast fast for god kontakt og kontant og robust lyd. Av same grunn likar eg heller ikkje bananpluggar, dei er som regel ikkje strame nok. Eg var ei gong vitne til at sjølv ein lyttar totalt utan teknisk kompetanse høyrde at bananpluggar let dårleg. Men DIN-pluggane har ein stor fordel: det er ikke mogeleg å snu om på pluss og minus, noko mange klarar med moderne tilkoplingar, med dårleg og bassfattig lyd som resultat.
På linjenivå er det betre, med den runde 5-pins-pluggen, men du må ha ein overgang frå phono-pluggar til DIN om du vil kopla til CD-spelar eller noko for strøyming på eit slikt gamalt apparat. Bruk Tape-inngangen, for gamle radioar har ofte berre denne i tillegg til Phono, dvs platespelar. Eg skal leggja ved bilete av desse pluggane.
Kvifor?
Kva er poenget med å etablera eit stereoanlegg rundt ein gamal Tandberg-radio? Nostalgi kan vera eitt av dei. Og at dei til og med spelar ganske godt, kan du lesa meir om under! Det er flotte apparat dette. Du kan jamvel vera heldig å få ein slik gratis, frå nokon i familien som var på nippet til å gje han vekk til ein loppemarknad. Men hugs at det er 40 år gamle apparat dette, kondensatorar må kan hende bytast, og skalalampene lyser ikkje lenger. Du kan rekna med ei utgift på nokre tusen kroner. Men so har du og fått ein pryd for heimen, kan hende eit arvestykkje, og eit stykkje norsk radiohistorie, som er uendeleg mykje meir verd enn noko nymotens skrammel som varer akkurat ut garantitida. For til ein slik gamal radio, som er eit stort kontrollsenter, kan du kopla til i prinsippet kva du vil, og regulera volum, bass og diskant med gode handgripelege knappar.
Øyrevenleg lyd
Eg trudde eg hadde alle naudsynlege overgangar mellom phono-pluggar og DIN-pluggar liggjande, men ikkje akkurat den eg trengde sjølvsagt, so eg fekk ikkje kopla til nokre kjelder, og brukte dei fyrste dagane til å spela av gamle kassettar, med dårlege opptak av elendig musikk. Det let redselsfullt, heilt til eg fann ein kassett med god lyd og grei musikk. Det var ein augneopnar. Ingen brum, lite sus, og eit ope lydbilete. Og denne kassettspelaren, eller rettare kassett-delen av radioen, er herleg enkel å bruka, heilt utan unaudsynlege knappar og reguleringar, ikkje eingong opptaksnivå, oppdaga eg nett no. Det vert tydelegvis gjort automatisk. Heller ingen Dolby, som ikkje gjer anna enn å øydeleggja lyden.
So snart eg hadde fått overgang hjå reparatøren, kopla eg til Mac-en via ein DAC, slik at eg kunne spela NRK og Apple Music, via Tape-inngangen. Forsterkaren kan berre yta 22 Watt i 4 Ohm, tilsvarande 12 Watt i 8 Ohm i dette tilfellet, i fylgje reparatøren. Det er akkurat litt for lite for meg, og viss du har små ineffektive høgtalarar. Meir moderne forsterkarar har gjerne minimum 20 Watt i 8 Ohm, slik som t.d. NAD 3020, og det er akkurat nok til å spela favorittmusikken moderat høgt, etter eit par øl. Men har du eit rolegare sinnelag enn meg, og betre hørsel, er det høgt nok.
Viktigare er den godlynte lyden, heilt utan skarpe kantar. Dette er generelt behageleg å lytta til, i kontrast til dei verste døma på “japselyd” som kom seinare med dei store produsentane frå austen, som Sony og andre, og som sende Tandberg og mange andre inn til regjeringa. Krafta i basstromma er ikkje all verda, dette er ikkje PA akkurat. Men bassen er forbausande djup og fyldig. Denne forsterkaren er glad i bass. Lydbiletet som vert teikna opp bak og mellom høgtalarane er ganske djupt og utan tåke. Ikkje like detaljert og presist som t.d. Nad 3020/7020, som fekk tena som referanse, men likevel. Det er greit nok dette, alderen i betraktning, og perfekt til ein roleg kveld med ost, kjeks og raudvin. Kven du no måtte ha i sofaen.
ØLSPALTA
Det var på tide å rydda kjøkenbenken for gamle flaskar og boksar som (muligens) ikkje var melde. Men når eg ikkje fann fleire notat gav eg opp, panta boksane og bossa flaskene, for å rydda plass til DEN STORE ÅRVISSE JOLAØLTESTEN!!!
Men me byrjar varleg. Lars, Dag, Tore og meg har framleis ikkje vore samla alle, men ein viss utveksling av røynsler har funne stad, i fyrste omgang med butikkøl, maks 4,7%.
Av dei tre fyrste eg prøvde var Aass etter mi meining den mest smakelege, med Hansa og Mack bak. Muligens er Dag og Lars usamde om andre og tredjeplassen, men pytt.
Eg og Lars hadde ei samkome med Grans, Tuborg, Ringnes, Frydenlund og Rygr Hokunatt 0,33, der den siste skil seg klårt ut, som kraftigere enn dei andre. Han smakar som stout/ porter. Tuborg var ikkje like smakelig som tidlegare, med litt flau -eller vassen- utgang. Også Ringnes hadde ein litt flau utgang, dei kunne godt spandert litt meir humle, for å gje meir bit i smaken. Men elles likte med godt både Grans, med ein fantastisk raudfarge, den godt balanserte Ringnes-en, og Frydenlund.
Men ting kan endra seg, øla er framleis ferske. Det er endå over ein månad att til jul. I neste dagbok trur eg me konsentrerer oss om pol-variantane. Det er jo det som er jolaøl.
Finast boks: 1) Mack
2) Grans
3) Frydenlund