KARAKTERFULLE HØGTALARAR DEL 3: VINNAREN TRER FRAM
Då er me komne fram til del 3 og siste i trilogien vår om karakterfulle høgtalarar. Det er naturleg nok vinnaren som står for tur, og heilt uventa var det vel ikkje, men det overraska meg likevel. Me har helde namnet hemmeleg til no, og vil halda fram med det eit par setningar til. Målet var å prøva ut tre par store og dugande høgtalarar, som eg har hatt ståande lenge; og bestemma meg for kven av dei eg vil bruka for framtidig lytting og glede. Eg freistar å unngå å få huset fullt, og heller kvitta meg med dei eg ikkje vil bruka vidare. Eg er ikkje samlar, det berre ser slik ut. Me har prøvd ut to par so langt, Electrocompaniet Objekt, og Yamaha NS-1000 Monitor, begge høgtalarteknologi på sitt beste. Men det var det tredje og langt meir fåmælte paret, og dei desidert billegaste, som stakk av med sigeren. Men ikkje utan litt pleie. Ikkje det at dei ikkje var gode i utgangspunktet, men små modifikasjonar har gjort dei aldeles glimrande. Mine damer og herrar: Les under om - trompetfanfare! - ein gamal travar: Dali 7.
Dali 7 (1983 - )
Det starta med at ein kamerat ringde og ba meg sjekka høgtalarane hans, dei var byrja å (for)vrenga i bassen. Eg skjønte kva det var. Det var denne flerr-flerr-lyden som oppstår når skumgummikanten rundt basselementet har smuldra opp. Nye ringar vart tinga, og limt på. Framgangsmåten er skildra i Dagboka frå februar -23. Etter dette kopla eg opp for å lytta, mest for å sjekka at alt fungerte, men og for at eg var litt forviten. Nei, eg hadde jo ikkje tenkt å skaffa meg slike, må vite, som purist hadde eg lenge helde meg til langt mindre og meir “audiofile” tovegs-høgtalarar. Daliane virka tungdrivne, og det fekk meg til å undrast over at basselementet var heilt pakka inn i skumgummi, noko eg stussa over då eg skrudde ut elementet og keik inni. Eg berre måtte prøva. Eg skrudde bassane ut att, fjerna denne delen av skumgummien, og lytta att. Det gjorde susen. No fekk bassen pusta; og fornya liv. Ikkje berre det: Eg noterte meg at mellomtonen var nydeleg. Men eg fortrengde det. Eg hadde som sagt ingen planar om å skaffa meg slike beist. Ikkje akkurat kjøleskåp, men mindre kan og gje skilsmål.
Den gode mellomtonen gløymde eg likevel aldri, og då eg kom over eit par på FINN til ein rimeleg pris, slo eg til. Dei hadde fått nye kantar (“refoaming”), men var elles i stusselig stand, med sår og skader. Mange timar har gått med, til formtre og andre knep for å gjera dei presentable. Det er ein flott høgtalar, slank og høgreist (95cm) i ekte finer, og platene er 3cm tjukke inklusive finer. Dali var opphavleg ein møbelverkstad, og det synest. Kabinettet er på ingen måte so fri for resonansar som Objekt eller Yamaha, men dei er i særklasse. Alt i alt er Daliane med sine 25 kilo ganske tillitsvekkande konstruert. Tilsvarande i dag ville kosta mykje. (Etter ein omgang teakolje rett før fotografering er dei no verkeleg flotte). Innvortes er kabinettet dempa med skumgummi, eit etter mi erfaring totalt ueigna materiale. Dette er gjort grundig greie for i dagboka frå juni -22, under "demping av høgtalarar”.
Dali 7 vart etterfyltgt av Dali 7a med metalldiskant, men elles identisk så langt eg veit.
Modifikasjonar
Det fyrste eg vil rå deg til å gjera om du har eit slikt par, er å skru ut basselementet og fjerna all skumgummien som omkransar denne, som skildra ovanfor, eller endå betre, riv ut all skumgummien, og erstatt han med Glava eller tilsvarande. Pass på å ikkje tetta passasjen mellom basselementet og porten, og heller ikkje blokkera vegane oppetter og nedetter i kabinettet; forbi avstivingane. Heile kabinettet trengs som resonanskasse. Klipp eit hol i dempematta over den store delefilterspolen til bassen for betre ventilering, for denne går varm når du spelar høgt. Det hadde førre eigar tydelegvis gjort, for skumgummimatta hadde utruleg nok smelta utover denne, slik at eg i starten ikkje klarte å lokalisera han på printkortet. Han var heilt tildekt. Det var eit helsikes arbeid å verta kvitt denne “pelsen”. Eg vågde ikkje bruka reiskap i fåre for å skada spoletråden, so eg måtte pirka vekk alt med tommelfingerneglene. Eg hadde såre tommeltottar i fleire dagar etterpå. Plassèr kabinettet på dempande puter av ei viss høgd, slik at dei kjem opp frå golvet. Eller spissar om du føretrekkjer slike. Eg nyttar same puckar som under Electrocompaniet Objekt i del 1, dvs IsoAcoustics frå Multirom i Oslo.
Den andre modifikasjonen er og enkel. Skru ut diskantane, bruk eit lite skrujern til å løysa ut plastikk-klipsa som held frontplata og magneten saman, lim eit lite stykke dekorasjonsfilt på polstykket, og knepp delane saman att. Denne prosessen, korleis og kvifor, er grundig forklara i dagboka frå august 22, med bilete. Det gjev reinare og betre oppløyst diskant, grunna mindre resonansar, og difor lågare forvrenging.
Endå litt meir data
Det er ikkje all verdas info å finna på nettet om Dali 7 og denne fyrste serien frå Dali, som vart lansert då testane enno var i bladform, og ikkje på internett. Difor tek me med litt her. Dali vart fyrst importert til Noreg av Loyd`s, ei einmannsverksemd i Tønsberg, og distribuert i Voss og omland av Johnny Pedersen si verksemd Kurant import, før Audioscan og seinare HI-FI Klubben tok over. Prisen var kring 2500kr - pr stk. Dali 7 fekk særs god omtale både i High Fidelity og Hi-Fi & Elektronikk, begge danske. Mellomtone- og diskant-elementet kjem frå Vifa, og Bassen (10”) frå Peerless, igjen begge danske. Om eg ikkje har blada framføre meg, hugsar eg frekvensgangen. Han er spikrak, heilt utan toppar og den vanlege stigninga mot mellomtone og/eller diskant, som gjev denne ljose, harde og overlag kunstig analytiske lyden. (PS. Har du framleis desse blada, ta kontakt!) Denne viktige målinga har ein tendens til å brenna seg fast i hovudet mitt. Eg kan frekvensgangen på alle klassiske høgtalarar utanat. Han syner om all musikken spelar med same styrkje eller ikkje. Difor er Dali 7 ikkje utstyrt med nivåreguleringar for mellomtone og diskant, slik både Objekt og Yamaha er. Her er det korkje mogeleg eller naudsynt å skru, for frekvensgangen er rett i utgangspunktet. Det er herleg å sleppa å justera heile tida, for det vert ein aldri ferdig med. Opplever du balansen som feil, skal du heller sjekka resten av anlegget. Med eit relativt stort basselement er effektiviteten ganske høg, til stor hjelp for effektsvake men populære og gode forsterkarar som Electrocompaniet 25W og NAD 3020. Yamaha NS-1000 var endå eit knepp meir effektiv, men so har jo denne eit endå større basselement (12”).
Vaksen lyd
Her er mykje gjort rett. Konstruktøren har starta med eit relativt stort og effektivt basselement, og fylgt opp med mellomtone og diskant av liknande effektivitet, som då ikkje treng dempast. Eller omvendt: Han har fyrst valt seg ut mellomtone og diskant, og deretter eit basselement med like høg effektivitet. Resultatet er det same. Diskantelementet har ingen lydforringande motstand i serie med seg. Resultatet er høg effektivitet og jamn frekvensgang. Dali 7 har all den bassen som Objekt med 8” basselement ikkje har: kraft og fylde; og ein jamn, tydeleg og tilstadeverande bass, som frå ein stor høgtalar. Han kan rett nok ikkje måla seg med Yamaha, som har endå større basselement i eit lukka kabinett, med sjokkerande kraft og heilt reine kantar for start og stogg. Men Dali har jamnare frekvensgang, større fylde, og går djupare i bassen. Han har ein tonal balanse som gjer at eg endeleg, etter vekeslange kampar med Objekt og Yamaha, kan setja meg bak i stolen og sukka: -Ah. Daliane kan i utgangspunktet tykkjest vera myrkare og sløvare enn konkurrentane, men lat dei spela ei stund, og musikken blømer mellom høgtalarane med djupne, dimensjonar og musikalitet. Lyden vert aldri pressa eller hard, markert eller kunstig detaljert. Mellomtonen er behageleg tilbakehalden, og diskanten detaljert, men aldri kvass. Men den største overraskinga var likevel denne: Dali 7 har betre djupne i lydbiletet og betre stereoperspektiv enn begge, truleg grunna flatare frekvensgang, og eit godt utvikla delefilter. Objekt har akustisk sett riktigare utforma kabinett, og Yamaha har langt meir påkosta element, men det er Dali som har treft den beste balansen, og er det mest vellukka kompromisset. Med dei omtalte modifikasjonane er dette ein musikalsk og ganske komplett høgtalar, som eg vil føretrekkja framføre dei to andre med god margin. Det var eg faktisk ikkje heilt førebudd på. Og eg har støtte frå eit framtredande medlem av smakspanelet i ølspalta, som er her ofte. Han har høyrt alle tre, og har sagt det lenge: Daliane er dei beste du har. Han fekk rett.
Oppsummering og vegen vidare
Med stort basselement, jamn frekvensgang og høg effektivitet, spelar Dali 7 med større autoritet enn moderne høgtalarar med fleire mindre bassar. Det er difor eg gjerne brukar slike gamle konstruksjonar heller enn nye. Men det er ein bassreflekskonstruksjon, og dei som har fylgt meg ei stund veit kva eg meiner om slike. Bassen kan på ingen måte måla seg med Yamaha i fart og presisjon. Det rytmiske elementet i musikken er difor ikkje so presist og eggande som det kunne vore. Og det har eg tenkt å gjera noko med. Neste steg er difor blokkering av bassporten og optimalisering av kabinettet for den nye situasjonen. Om naudsynleg finna eit anna element som passar betre til lukka kabinett. Dette vert spanande. Fylg med i neste bolken! Men lat meg til slutt understreka at alle dei tre omtalte høgtalarane i denne serien har framifrå kvalitetar, det er difor dei er her. Kven DU eventuelt ville føretrekkja, vil naturlegvis avhenge av personleg smak, plassering, og resten av anlegget. PS. Yamaha-ane er til sals.
Men so langt er eg ferdig med denne trilogien. Neste dagbok vil ta føre seg Tandberg Sølvsuper 12, ein ny DAC, og eit par tidlegare konklusjonar eg lyt gå attende på. Det svir, men det er straffa.
OSAFESTIVALEN 2024
OBS! Osafestivalen 2024 går av stabelen på Voss 25.-27. oktober. Gå glipp av denne på eigen risiko. Sjekk gjerne festivalreportasjen min frå i fjor.
ØLSPALTA: SEPTEMBERSLEPPET
Lars heiter ein mann; slik byrjar ofte dei norrøne sagaene. Ja, Lars har vore på polferd, og kjøpt opp septembersleppet på det lokale Vinmonopolet. Ikke so langt unna altso. Kvar mann sitt pol. So samla med oss, Lars, Dag og meg og gav oss i kast med oppgåva, og blota til ære for ølguden Ægir.
Switchback ALE, 5% alkohol, 100% eigd av dei tilsette, frå Vermont i USA. Raudøl, midt i blinken for meg. Passe humla og svakt karmellisert malt, nydeleg. Likt av alle. Send meir.
OSLO Mexican Lager, 5,4%. Karakteristisk for meksikansk øl er sitrus-smaken, og denne er og tilsett Yuzu, japansk sitron. Sumarøl. Litt seint for september?
7F Smiteren IPA, 5%: Bryggjemeister Gahr Smith-Garhsen er som vanleg ute med ordspel og ablegøyer i teksten på boksen, åleine god nok grunn for å prøva ein boks. Men overhumla etter vår smak.
The Pinstripe Red Ale, USA, 5,2%. Endå ein raudøl. Steikjande god seier Dag; balansert. Høydare hevdar Lars, god malt med søtlege tonar. Skrivaren samtykkjer på det ivrigaste.
Trysil DUGURD, 5,9% oatmeal stout, “perfekt valg for ein solid frokost”! Det var vel ikkje akkurat til frukost eg ville ha drukke denne, men som Lars seier, om du ikkje likar havregraut til frukost, drikk denne! Ja bettede.
FINN glutenfree IPA, 6%, frå Skåne. Ljos, kraftig humla, kan minna om 7F. Passar til krydra Thaimat? Lars peikar på at samansetjinga av humle betyr meir enn graden av humling. Que?
TIH How to get Juicy, hazy IPA, 6,4%, svensk: “Kan drikka da nett so saft” (min kommentar). Fruktig, herleg sumardrykk. Me rakk akkurat å drikka han opp før hausten kom kastande.
Ægir Honey Bee, smoked honey gose, 6%. Eg fann ut at honey gose, visstnok ein ølstil, kan bety honning-gysar, og denne er definitivt mot det syrlege, med mjød i bakgrunnen?
Monkey Brew DIPA, double IPA, 8%, Trondheim. Dag og Lars: Humle og malt i fin eining. For min smak var han overhumla.
Dagens autokorrektur: "syrlege" vart oversett til dyrlege. Ikkje heilt det same, men ein dyrlege kan vel og verta sur.