ELECTROCOMPANIET OBJEKT - “DESIGNED BY SVEIN ERIK BØRJA” (SEINT 80-TAL)
Det blir ikkje meir eksklusivt enn dette. Høgtalarane er designa av den kjende NRK-profilen og audiofile guruen Svein Erik Børja som gikk bort i 1992, og produsert i samarbeid med Per Abrahamsen og Electrocompaniet, betre kjend for konstruksjonen av forsterkarsettet på 25 Watt, den dag i dag høgt verdsett. Per Abrahamsen gjekk bort i desember 2022.
Objekt-skroget er eit komposittmateriale, epoxy og marmor, støypt på Porsgrunn porselen, og det vart truleg laga kring 40 par berre, avdi mange skrog mislukkast eller sprakk. Ein eigentleg serieproduksjon kom difor aldri i gong, også avdi Børja og Abrahamsen på eit tidspunkt rauk uklar om vidare produksjon og utvikling.
Eg finn ikkje mykje info om desse på nettet anna enn det eg sjølv har skrive. Meir om bakgrunnen finn du i dagboka frå januar -21, der eg fortalde om kvar eg har vendt meg for informasjon. Eg får ikkje med alt her, då hadde det vorte bok. Ver merksam på at ein del av informasjonen eg fikk var avhengig av kven eg spurde.
Sjeldan har det vorte laga høgtalarar meir i tråd med funksjonelle og akkustiske ideal. Ikkje berre skrånar fronten baketter, slik at alle 3 elementa står på same loddrette startstreken, men sidene møtest i ein topp. Nedst må ein høgtaler nødvendigvis har ein viss front og breidd for å hyse eit stort basselement og kabinettet bak, men oppetter til mellomtone og diskant bør kabinettet smalne inn for betre spreiing og stereoperspektiv. Du finn same tankegangen i dei vidgjetne eldre toppmodellane frå B&W (801) og KEF (105). So om du lurte på om eit breitt eller smalt kabinett er det beste, har du no svaret!
Fasongen er skulpturell og estetisk vellukka i den grad at dei vart “antatt" av MOMA (Museum of modern art) i New York, ukjend kva år. Det er ikkje mange forunt. Men dette er nok utelukkande på bakgrunn av utsjånaden. MOMA er ikkje eit hifi-magasin, det er derimot audiophile.no, og her har vi gjort ein grundig vurdering for å finna ut om Electrocompaniet Objekt er meir enn "berre eit kunstobjekt".
Sjølv om desse høgtalarane har ein del spektakulære eigenskapar, har dei og svake sider, som alle andre. Det fyrste problemområdet er bassen. Dette er store og tunge høgtalarar, som ein ekte high-endar, og dei var sikkert ikkje billege heller. Dei vert handsama deretter. Du forventar at dei skal kunne spela høgt og mektig, men det kan dei ikkje. Basselementet er berre 8 tommar, og såleis var det eine alt øydelagd grunna overbelastning (Seas CA21RE). Sidan samtlege element er limte fast i fronten i staden for skrudd eller bolta, tok det tid å finna ut korleis me fekk elementet ut, sjekka impedans og modell nr, og finna rett element på bruktmarknaden. Dei er difor eit mareritt å jobba med. Elementet måtte tersast ut med gjengeverkty, og samtlege element måtte ut grunna endringar/modifikasjonar me ynskte å gjennomføra. Me har meir info om element, delefilter og anna for dei som ynskjer, det er berre å ta kontakt.
Tidlege lytteinntrykk
Overgangen frå bass til mellomtone er kan hende høgtalaren sitt beste område. Denne er saumlaus og tonalt riktig. Overgangen til diskanten er meir problematisk, og sjølve diskantelementet har gått gjennom den vanlege modifikasjonen som er skildra i tidlegare dagbøker, t.d. aug. -22: Polstykket umiddelbart bak membranet har me dempa med eit stykke filt. Dette trikset er normalt utført på dei aller fleste ein-tommarar, men ikkje på Seas og Vifa sine trekvart-tommarar, avdi dei meinte denne resonansen, som uunngåeleg vil oppstå mellom membranet og polstykket, låg over det høyrbare området. Vel, då har dei ikkje lytta mykje! Då har dei rett og slett ikkje gjort jobben sin som utviklarar av kvalitetselement. Eg har fleire gonger gjort denne enkle modifikasjonen med lyttarar til stades, og ingen har vore i tvil om at det har gjeve reinare og behagelegare lyd med mindre forvrenging. Det er både logisk, naturleg og lett å forklara: Alle resonansar bør dempast so godt det let seg gjera.
PS. Den avbilda diskanten til venstre er delvis dempa, i motsetad til på Dali 7. Men ikkje heile flaten, so eg valde å lime på ei ekstra pute.
Høgtalarane var prega av ein litt oppsvulma, ujamn og dårleg definert bass. Dette var rett nok utan dempeføter. Bassporten på baksida er berre 11cm opp frå golvet, 20cm er etter mi erfaring minimum for rein bass. Bass-seksjonen er ikkje mindre enn 50 liter, og dette er mykje for ein 8-tommar. Det fører til dalande frekvensgang frå kring 200Hz og nedetter, til bassporten tek over og hever nivået att. Det er i alle fall slik eg trur det heng saman. Øvre bass manglar difor nivå og slagkraft samanlikna med t.d. Dali 7, som har ein 10-tommar i eit kring 40-liters kabinett. Det er meir vanleg. Pensjonert sjefsdesignar Bjørn Børja på SEAS sa seg faktisk samd i desse vurderingane gjennom epost, men peikte på at ein 10-tommar i so fall ville måtte monterast lenger nede i kabinettet for å få plass i breidda, og dette ville øydeleggja samanhengen og utsjånaden på fronten. Det har han sjølvsagt heilt rett i, men eg veit kva eg sjølv ville ha gjort. Men det er ei heilt anna sak, og då hadde dei kan hende ikkje vorte stilt ut på MOMA. P.S. Det var eitt par kvite (av 4 par) som vart utstilt, det fjerde paret sprakk, so då er det to par kvite att. Det kallar me samleobjekt!
Modifikasjonar og endelege lytteintrykk
Men høgtalarane vart ikkje laga for å stillast ut på MOMA. Det var garantert ein superseriøs freistnad på å laga noko heilt utanom det vanlege, og slik har dei og vorte. Kabinettet er det stivaste eg nokon sinne har banka på (framleis utan å koma inn), og fasongen eliminerer mange vanlege feil. Lyden er på fleire vis uvanleg rein og dynamisk. Høgtalarane tilhøyrer Stig Inge Bjørge hjå Lyra i Japan, men bur her hjå meg. Dei er rett og slett for tunge til å fraktast nokon stad. Han kjøpte dei brukt kring 2020, og saman modifiserte me dei i sumar til slik dei er i dag.
Fyrste modifikasjon var å byta til nyare bassar, Seas CA22RNX frå Prestige-serien, som anbefalt av Bjørn Børja - bror av Svein Erik. Me rekna med at desse ville tola meir juling (?). I same rennet fjerna me all demping (Rockwool), og erstatta han med Angel Hair frå Mundorf i Tyskland, eit kunstfiber (Tweron) som kan likna på Glava, men mykje finare. Mellomtonane måtte ut av same grunn, men er dei same. Det er og diskantene, men “modifisert” som nemnt over. Det er raskt og enkelt, sidan frontplate og magnet berre er klipsa saman. Til slutt vart høgtalarane plasserte på vanleg stad, oppå dempeføtene IsoAcoustics Gaia frå Multirom i Oslo.
Borte var den svulmande bassen, og Stig Inge stadfesta at lyden var betre på alle område. Han er nøgd og veldig glad i dei, sidan han kjende Børja og Abrahamsen personleg, og er sjølv ein del av HiFi-historia på denne tid. Men han innser og at høgtalarene ikkje er perfekte. Bassen er framleis noko ujamn og manglar nivå som omtalt, mellomtone og diskant vert difor noko framheva og ljos på moderne musikk og strøyming når vippebrytarane på baksida står på FLAT. Mellomtone og diskant kan dempast med to dB, men det er for mykje. Då vert lyden verkeleg flat. Eg enda ofte opp med mellomtone FLAT og diskanten på minus 2, men skulle ynskt ein finere gradering, t.d. 1dB. Eg trur eit litt større basselement hadde gjeve betre balanse mellom bass og mellomtone/diskant, slik at desse ikkje trengde vippebrytarar for nedjustering. Det hadde gjeve meir slagkraftig og markant bass. Det trengs, i alle fall når dei står fritt plassert i ei stor stove. Ja dei vart gode, men dei kan verta endå betre.
PS. Me både burde og kunne teke med kva musikk og låtar me har spelt, men har ikkje meir korkje tid eller krefter, og det hadde vorte for langt. Beklagar. Men berre spør. Kan hende eg svarar.
Oppsummering
Til sjuande og sist er lyd ein smakssak, frå desse høgtalarane som alle andre. Dei har sterke sider, men og svake. Stig Inge likar dei nok betre enn meg, som berre irriterer meg over at dei er so vanskelege å jobba med. Skal t.d. delefilteret - som eit neste steg - modifiserast med betre komponent, må bassane tersast ut att. Dei er som sagt limte. Men det let seg i alle fall gjera, eg har gjort det eit par gonger no. Men det er ikkje for alle. Eg ser at høgtalarane har vore herja med, i von om å få skifta ut den defekte bassen, utan at dei har klart det! Eg har litt problem med å sjå at liming er ei overlegen løysing i høve til skruer eller boltar, som på alle andre, men eg har aldri samanlikna, og skal ikkje uttale meg. Ja, eg sa alle andre, for eg veit i skrivande stund om ingen som limer elementa fast. Men det er ein del av det totale designet, difor respekterer me det. Me veit om omlag 10 par i dagleg bruk rundt omkring i landet, nokon av entusiastar som aldri ville finna på å selja dei, andre av kjende og vener av konstruktørane, gjerne som takk for hjelpa med konstruksjon og produksjon. Det skal godt gjerast å finna nokon brukt, og Stig Inge har ingen planar om å selgja sine. Men det var ei spanande soge, var det ikkje?
ØLSPALTA: SUMARØLPREGA JULISLEPP
Lars, som stadig er på polferd, har nappa med seg eit utval frå julisleppet: NUA Cold IPA frå NUA brygghus i Mandal, 6,5%, FREEDOM Pale Ale frå Slakteren Brygghus på eller i Mysen, 5,6%, EKEBY African Passion pale ale, 1570 Dilling, 6%, Pompøse Gøse frå Wettre Bryggeri, Asker, 6% og RAA Brewing Company pale ale, 1640 Råde, 5,5%.
Av desse likte me Nua Cold Ipa og FREEDOM pale ale best, moderat humla og balanserte.
Men me har og prøvd andre øl i det siste:
Sagene Lys, Oslo, 4,5%: Denne var verkeleg smaklaus, og når ikkje eingong opp til sumarøla me har testa tidlegare.
Peroni Capri, Capri style, 4,2%: Med sitron. Javel. Ok. Greitt da. Eg trur eg føretrekkjer den vanlege Birra Peroni. Ein sitronbåt skal eg vel sjølv klare å stappa ned i tuten om da brenn.
Cristiansands Bryggeri (CB) pilsner, 4,7%: Lite lukt, lite smak. Eg har smakt mykje godt øl frå CB, men frå denne var det lite å henta.
Ægir India Pale Ale, 6,5%: God, men over grensa bitter, som ei gamal lærerinne. Eg svelgjer tappert, men ikkje utan grimaser.
Nøgne Ø Old Salt Tavern Extra Special Bitter 6%: Den typiske engelske pubølen ESB er forlauparen til dagens Pale Ale, i fylgje etiketten. Eg hugsar eg drakk slike i England lenge før eg var turr bak øyrene. Luktar humle (east Kent Golding), og god smak av malt. Ein av Lars sine favorittar. Trass i ordlyden Extra Special Bitter er desse på langt nær so bitre som dagens typiske IPA, sjå over.
Nøgne Ø India Pale Ale American IPA 6%: Kveite i tillegg. Pussig nok opplever me han som mildare enn over, trass i informasjonen på etiketten. Eg opplever ofte APA som mildare, rundare og meir smakeleg enn IPA. Likevel for kvass for Knut Arve, som helst berre drikk pils.
Nei, me skal ikke testa jolaøl midt på sumaren, berre fortelja at av desse tre jolaøla, som Lars hadde med seg ein kald vårdag, og som me dessutan har presentert før, so var det ein som stakk seg ut: Vossajol frå L/L Voss Fellesbryggeri, 6,5%: Sprakalog (einer) kokt på koparkjele med open flamme og gjæra med kveik. Det er øl det. Dei to øla til høgre er laga privat, og er med for å syna at det vert laga mykje godt øl rundt i kring. Dei fall i smak, balanserte og runde.