fredag, 28 juni 2024 19:23

Karakterfulle forsterkarar – Stig Arne si dagbok 2023 Spesial

Skrevet av

 

Åremålsdag og vitjing frå “soloppgangens land” - atter ei gong - har gjort at me er lovleg seint ute med ny dagbok. Men her kjem nokre gamle forsterkarar og ein “ny”, ein MAC og ein DAC og litt øl.  

KARAKTERFULLE FORSTERKARAR

Det er vanskeleg å finna gode forsterkarar. Mange spelar middelmåtig til dårleg, ofte matte og likegyldige, eller harde og påtrengande. For dei fleste tykkjest dette å vera godt nok, men ikkje for ein som er litt meir kresen. Sjølv likar eg å testa yttergrensene, og då kan det låta verkeleg stygt, særskilt når små forsterkarar på 20-40 Watt strever med å driva små eller trøgdrivne høgtalarar. Då byrjar det fort å skrika, og det klarar eg berre ikkje. Det er jo nesten som å vera gift. 

Rotel RA 820

Eg har prøvd ut ein del klassikarar opp i gjennom tidene, og denne figurerer ofte langt oppe på listene over Best Buys uansett årgang. Han spelte på mange måtar godt, men vart til sjuande og sist for hard i lyden. Men du verda for ein bass. Stram som eit bikkjeskinn. 

Technics Stereo Receiver SA-5370

Denne lurte meg nesten. Han er frå 70-talet, og spelar kraftig med sine 60-70Watt. Akkurat det ineffektive høgtalarar treng. Eg var begeistra. Men det djupe lydbiletet synte seg berre å vera ein tunell utan lys i enden. Det eg hugsar best i ettertid var den grå/svarte atmosfæren og heller kunstige lyden. Saman med matchande platespelar SL-7 var dette eit pent par, men eg trur eg held med meg til platespelarane frå Technics heretter. Eg har sjeldan eller aldri sett ein Technics-forsterkar på ei Best Buy-liste. Men eg gjev aldri opp jakta på god lyd der du minst ventar han. I kjellaren står ein Kenwood og ein Sanyo. 

Yamaha Natural Sound Stereo Amplifier CA-710

Denne skreiv eg om i same artikkel som Technicsen, i februar 2014. Han er lesen over 7000 gonger, og det er fullt fortent, særskilt med tanke på at "Nydelige Nora” figurerer på siste biletet! Eg las nyleg gjennom for å finna modellnemningar, og koste meg og humra. Konklusjonen er uansett, når eg no fyrst har teke meg bryet med å summera opp ein del forsterkarar (og ein ny som kjem lenger nede), er at denne spelte verkeleg fint, mjukt og naturleg, mykje som ein Nad 3020/7020. So denne har eg teke vare på, og skal koma attende til.

Sony TA-F30

Og då er me endeleg ved kveldens “testobjekt”, ein som eg IKKJE har omtala før. Eg nemnde han som snarast i april-dagboka, då eg og var oppteken med diverse forsterkarar, og m.a. erfarte at Electrocompaniet sin effektforsterkar (25W) trivst best med tilhøyrande forforsterkar. Sonyen er noko meir utførleg omtala i mai-23, men her kjem nådestøyten: No er ha grundig utprøvd. Eg vart utruleg begeistra for denne forsterkaren, han spelar stort, fargerikt og engasjerande. Verkeleg ein augneopnar. Eg googla, og fann ein omtale av han i ZSTEREO, ein veldig artig plass som du bør sjekka ut, med test av mange klassikarar i alle kategoriar. Modellen dei hadde testa var rett nok ein TA-F35, men dei ser nesten identiske ut, og det er store sjansar for at innmaten og er ganske lik (bortsett frå at sistnemnde er 40W mot 30). F35 fekk god kritikk, men ein test mot Nad 3020/7020 frå min eigen stabel tålte han ikkje. God som han var, vart lyden for anstrengt, medan 7020 spelte vidare som den mest sjølvsagde ting i verda, med stor ro og musikalitet, fullstendig uaffisert. 

So det var den forsterkaren. Nok ein gong vart eg nesten lurt. Er det turvande å seia so mykje meir? Ja, at eg gler meg til å samanlikna vidare med Yamaha, Electrocompaniet 25W, og eit par uventa kandidatar frå Tandberg.

Og so var det kassettspelarane då, som eg har lova å koma attende til. Travelt!  

MacBook Pro

Stig Inge har forsynt meg med ny Mac. Den gamle virka framleis, so eg skjønte ikkje poenget. Men det er han som bestemmer over denslags, det er han som har peiling, so eg måtte berre lyda. Og den nye maskina er flott den, litt slankare og lettare, og det er jo ein føremun i seg sjølv. Den gamle maskina hadde ussel lyd, med to høgtalarar ein eller annan plass som var so små at eg aldri klarte å lokalisera dei. Difor hadde eg alltid med meg ein JBL GO når eg var på reis. Den nye har to langsgåande perforerte område på kvar side av maskina (sjå bilete), med ein eller annan form for høgtalarar under, tydelegvis mykje større enn på den gamle, so her er potensiale for mykje betre lyd, tenkte eg. Der tok eg grundig feil. Ja lyden er mykje større, men det let heilt redselsfullt. Lyden er myrk og rar, og det høyrest ut som om alt er ute av fase. Kva i helsike er det Apple har gjort her? Har “special effects”-avdelinga gått fullstendig amok? For dette er ikkje akseptabelt. Sjølv ikkje den simplaste reiseradio spelar so dårleg som dette. Eg veit dei røykjer mykje rart borti California, men på jobb??? Takke meg til danskane som berre tek ein øl i lønsjen. So eg må nok halda fram med å ta med meg ein blåtannhøgtalar på reis. 

Og når eg fyrst er ute med kritikken: Eg har ei lommelykt frå billegkjeda clas ohlson. Ho lyser når det passar ho. Ikkje eingong ei lommelykt klarar dei å få til å virka! Eg handlar heller på den lokale jarnvarebutikken i sentrum.  

DAC 

Men heime er det heldigvis slik at lyden frå Mac-en går rett forbi dei innebygde høgtalarane og ut via ein USB-C inn/utgang, til ein ny DAC, Gustard R26. Ny dac att, med andre ord. Eg har nett teke han i bruk, so all omtale må venta. Det gjeld og andre ting om internett og strøyming.

Travelt!   

ØLSPALTA

Coors 4,3%

Eg kjøpte denne på måfå på den lokale Coop-butikken. Ingen lukt, ingen smak. Eg ringde Dag, som eg visste hadde vore i området ("the Rockies”, oppe i nordamerika) og smakt han. God øl, seier han. Me andre er meir reserverte. Eg står på mitt. Men heller ingen usmak. God på ein sumarsdag i Death Valley.

Norrlands Guld 4,7%

Denne kjenner me godt frå Systembolaget i Sveariket, der han er noko over 5% trur eg. Også denne fann eg til mi store overrasking på Coop-en på 4,7%, og han er retteleg god - og rimeleg! Det gjekk eit par boksar før eg oppdaga at han verkeleg bar namnet med rette: Ein fantastisk fin myrk gyllen gulfarge og tilhøyrande smak, lett søtleg. Denne kjem eg til å kjøpa meir av. Lars lyser opp og slår straks over på svensk når han får ein slik i hende.

Grans Pils

Har Grans frå Sandefjord dårleg rykte? Det er i so fall ufortent. Nydeleg lukt og smak av humle, litt turr og bitter avslutning. Også denne er rimeleg, so det er heilt greit å ta turen inom Rema 1000. 

Becks 4,6%

Denne tyskaren frå Bremen har levd eit omflakkande tilvere her i Voss. Han var rimeleg på Kiwi i mange år, so flytta han over på Coop, og no må me kjøpa han på Meny for 36 kr. Eg må likevel ha han. Han har vore ein favoritt i mange år, sjølv om han er ljos og eigentleg ikkje smakar so mykje. Om du berre bemlar og ikkje kjenner etter, vil han smaka som alle andre pilsner. Men når han ikkje lenger er iskald vil smakane tre fram. Den dag i dag er eg ikkje sikker på om det er malten eller humla som er mest bidragande til den særeigne smaken, men Edvin seier korrekt at han smakar korn, samstundes har humla ein eigen karakter. Han er utan det tunge gummiaktige preget mange øl har. Eg må visst ein tur i kjøleskåpet. Det er fredag i skrivande stund. 

Lest 877 ganger Sist redigert søndag, 30 juni 2024 18:39
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei