tirsdag, 30 januar 2024 16:32

"I DAG SPELAR DET GODT" – Stig Arne si dagbok desember 2023 Spesial

Skrevet av

"I dag spelar det godt, og det smakar godt. Litt om lyden frå stereoanlegga våre heilt generelt, ispedd litt psykologi; og resten av jolaølet. 

Du har sikkert erfart det sjølv. Einskilde dagar eller kveldar spelar det berre betre enn andre, uvisst kva grunn, og nokon spelar helst berre om natta. Då er vist lyden reinare. Debatten går høgt i audiofile krinsar. Er dette reelt, eller berre innbilling? Kva som går føre seg i kraftverka våre tek eg ikkje stilling til, for det har eg ingen peiling på. Men me er opne for info. 

Minus og pluss vert - - -

Ein morgon eg kom ned i stova og sette på noko musikk, hadde eg denne kjensla. Eg byrja atter ein gong å filosofere om dette var verkeleg. Eg er fullstendig klar over at eige humør kan påverke det meste. Du treng ikkje vera psykolog for å forstå det. Den verste kulda var over, vatnet var tint opp att, og eg hadde i siste liten fått olje på tanken for oppvarming av huset. Alt var på stell. Eg var letta og glad. Det spelte  helsikes godt. Eg sette meg ned ved anlegget for å byta kanal, for på Nrk Jazz spelte dei berre gamal drit. Der oppdaga eg at bassen sto på pluss to, og diskanten på minus to. Ikkje rart eg hadde ein stor, feit og behageleg lyd! Eg sette kontrollane i nøytral posisjon, og då let det som det brukar låte. 

Dårleg

Eg vågar påstanden at dei fleste stereoanlegg let middelmåtig, om ikkje akkurat dårleg. Det er ikkje rart. Dei fleste forsterkarar let litt lyst og hardt, til og med dei dyre. Mange CD-spelarar spelar lyst og mekanisk- eller mørkt og rart. Platespelaren kan vera betre stilt, men er avhengig av god pickup, og mange MC-pickupar har eit løft i diskanten, pluss at dei treng ekstra elektronikk. Det dreg ned. Nrk og Spotify sender med låg oppløysing, som får moderne digitalt innspelt musikk til å låte komprimert og krampaktig. Høgtalarane er stort sett plasserte i hytt og pine eller der det var plass, sjølv om det ikkje var ideellt. Små høgtalarar, slik dei fleste har, har lite bass, og då vert lyden mangelfull og spinkel. Bassrefleksløysinga bidreg ytterlegare til å øydeleggja presisjonen og rytmen til det lille som er av bass. 

Er det rart at dette summerer seg opp til ein generelt umusikalsk lyd, som ingen kan nyta? Kvinnfolk, som er meir kjenslevare på lyd enn mannfolk, høyrer det. Eg har til dags dato aldri budd saman med ei dame som har vore nøgd med lyden frå anlegget mitt. Det gjeld forresten ein del mannfolk og. Eg hugsar særskilt ein leigebuar, som ofte kom opp frå kjellaren for ein prat, ein øl og litt musikk. Uansett kva eg kopla opp, var svaret “its a bit bright”. Ein kan verta litt fornærma der og då, men i etterkant kan eg seia at han hadde heilt rett! Ikkje før i det siste har eg byrja få ein viss kontroll på dette. 

Bass og diskant

Alle kjenner Nad 3020. Trur eg har snakka om den før ja. No nyttar eg radiovarianten 7020. Ikkje av di eg treng radioen, for den stakk jo NRK av med, men av di eg likar lyden. Han har større trafo enn 3020 (men dette er detaljar me skal koma attende til). Poenget er at du alltid kan lita på at ein velfungerande 3020/7020 spelar mjukt og musikalsk, og difor er ein trygg byggjestein i anlegget. Spelar det dårleg kan du leita etter feil andre stader. Grunnen til at eg akkurat no nyttar 7020 i staden for 3020, er at han har mange finessar som 3020 ikkje har. Til dømes mono-knapp, som er nyttig for alle som eksperimenterer med høgtalarar. Han har tilkopling for to sett høgtalarar; nyttig av same grunn. Og so har han regulering for bass og diskant. Det har 3020 og, og dette er jo fy-fy for ihuga audiofile, men eg nyttar dei stadig oftare, og no kan eg ikkje tenkja meg ein forsterkar utan. Sjølvsagt rører eg ikkje kontrollane under  sokalla “kritisk lytting”, som t.d. når eg skal prøva ut noko nytt. Men det er befriande å kunne skru diskanten litt ned på lyse innspelingar, og bassen opp på slanke. Og kassettar treng ofte mykje korrigering, særskilt dei du ikkje har spelt inn sjølv. Nokre er spelt inn med Dolby, andre ikkje, og det er sjølvsagt ikkje kryssa av for. Forsterkarane på 70-talet hadde alltid bass- og diskantregulering, men so kom minimalismen. Rotel RA 820 hadde berre volum og trykknappar for kjelde. Ikkje spelte han særskilt godt heller forresten. Han spelte reint, med ein fabelaktig bass, men var litt ljos og hard, noko ein faktisk kunne kompensert for ved å skru ned diskanten ein tanke, om han hadde hatt reguleringar. Rett nok kom minimalismen som eit svar på alt for store receivarar med alt for mange knappar, men det var vel for pokker ikkje turvande å fjerna alt. Det finst ein mellomting! På gode innspelingar frå CD og LP trengs normalt ikkje tonereguleringar. Men på strøyming nyttar eg dei stadig oftare - og med godt samvit.   

 

Moralen

Kva er så moralen i denne soga? Til helvete med minimalismen. Gje oss utstyr me har nytte av, med dei finessane me treng, og inngang for platespelar! Denne var vekke i mange år. Den gode gamle radioen - eller receiver - er det beste som har vorte laga for heimeanlegget. Og tonereguleringar - lenge utskjelt - burde vera obligatorisk i eitkvart godt utrusta anlegg. Som audiofil purist skydde eg lenge tonereguleringar, jamvel om eg hadde. Slik fanatisme er eg ferdig med. No er eg so gamal at eg gjer som eg vil. Du kan godt argumentera for at tonekontrollar med tilhøyrande elektronikk reduserer lydkvaliteten, men eg meiner at fordelane veg opp for ulempene.     

Dagens autokorrektur:

Bakvegg vart til velduftande bakverk, og sume til same, grannefolket vårt i nord. Jaja. Men det er ikkje heilt det same. 

 

ØLSPALTA - resten av jolaølet

Når eg skriv ølspalta unnar eg meg ofte noko godt i glaset; for å leska strupen. Ikkje av di eg skal syngja, men for å koma i rette stemninga. Akkurat no ryddar eg kjellaren for gamle jolaøl, og den i glaset (Borg) er frå - hald deg fast - 2017! So gamle trudde eg ikkje eg hadde. Og ikkje nok med det, han var godt drikkande, rett og slett kjempegod! Det var det ikkje alle som var, sjølv om dei gjekk ut på dato so seint som i 2021.  

Men so gamle øl ser eg ingen grunn til å (an)melda. Dei er vel dessutan melde tidlegare. Derimot tek me med dei me ikkje fekk plass/tid til førre månad - sjølv om det er litt seint. Men du har kan hende lurt unna nokre jolaøl i kjellaren du og? Du kan jo sjekka om du har nokre av desse, eller om dei framleis har att på Polet. Jula varer heilt til Påske!

7 F 7 sorter Christmas Ale frå byen millom dei sju fjell, 6,5%: 7 sortar malt, som seg hør og bør i jula. Aning myrk sjokolade og sviske (fruktig), ingenting dominerande, god balanse og smak!

7F Hyrdestund Christmas Blonde 6,5%: Kan nyttast både før og etter kosen, skal me tru etiketten! Ikkje nett jolaøl, men mykje smak likevel, mild og smakeleg. Veldig vellukka seier Lars. 

7F Falalalalator Christmas Dobbelbock 8%: Kraftigare enn 7 sortar. God malt pluss nete (nøtter) og rista brød. God øl!

Flåklypa Spesial Juleøl, 6%, laga av Nøisom i Fredrikstad. Verd prisen for etiketten åleine, med utdrag frå Flåklypa Tidende av Olram Slåpen. Klassisk jolaøl av det lette slaget, lett å drikka og godt likt. “Nytes best med korken av!”. 

Løkka Juleale frå Grynerløkka Brygghus, 8%: Relativt ljos farge, god lukt av humle og appelsinskal. Ganske lett, og bitter i ettersmaken, stemmer ikkje heilt overeins med etikett-teksten. 

Juleklokk 2021 frå KLOKK i Arendal, 8%: Kraftig, kaffi og myrk sjokolade, litt frukt. Kraftigaste denne kvelden, men likavel aromatisk og god. Klokk er dessutan favoritten vår når det gjeld mango-IPA.

Rothaus-Brau 1000 moh i Schwarzwald, 5,6%: Heilt ok om du gløymer alt om jolaøl.

7F Hans Gruber Yippee ki yay - Xmas IPA 6%: Kven er Hans Gruber? Turr IPA. Gløym jola her og. Betre eigna i slåtten.

7F John McClane Xmas orange cold IPA 6,5%: Samme her. Ubestemmeleg, og ingenting med jol å gjera. 

Voss Bryggeri Jolabrygg 6,5%, “tradisjonsøl frå Voss kokt i koparkjele”: Då er me over på jolaøl att. Denne er lettare syrleg, frisk (bær/frukt) og med klårt preg av heimabrygg. Obligatorisk for alle ølinteresserte. 

Haandbryggeriet Nissemor Juleøl 6%: Drammen. Lettare brent malt, noko kaffi/sjokolade, men og fruktig. Eple? Frisk og god, mor, med smakar som avslører seg etterkvart.  

Haandbryggeriet Nissefar traditional Christmas Ale 7%: Kraftigere enn -mor, meir eindimensjonal malt mot frukt, sviske og gamle eple; har me notert oss. “Røyksmak og djup sjokolade” hevdar etiketten, eple og sjokolade seier me.

Haandbryggeriet Bestefar 9%: ikkje overraskande den definitivt kraftigaste i familien, og saman med -mor den best likte. Stor tyngd, med vekt på kaffi.

Cervisiam eit eller anna "true norwegian jol stout” 10%, Oslo. Ikkje lett å lesa desse gotiske bokstavane. Ekstremt sterkt og søtt, toffee og fruktdrops.

Cervisiam Xmas “chocolate salty christmas Balls”, Imperial salty cinnamon maple pastry stout 10%: Småkakeøl. Sterkt, kraftig, søtt, kaffi. Heftige saker. 

Cervisiam Santa Mental, Santamental sour cream pie, 5,7%: Fruktbombe; feil stad og feil tid i fylgje Lars. Mykje ordspel, heilsprø “gatekunst” dekorasjonar på boksane og heftige smakar frå Cervisiam, lik dei eller ikkje.

Lervig naughty & nice Dobbelbock 8%, Stavanger: Definitivt mildare enn dei føregåande! “God” var alt me trong å skriva her. 

Endå eit par Nøgne Ø! Tre andre vart melde alt i oktober.

Nøgne Ø My big fat Greek X-mas Mahleb Christmas Stout 14%: Les etiketten for innhald og produksjon. For mykje å ta med her. Nydeleg sødme, men ekstremt kraftig og kaffidominert. Øl på grensa. Tek pusten frå ein. Som ein sterk likør til småkaker.

Nøgne Ø Norsk Jul Julebrygg 8% er krydra med honning, sprakje (einer) og pors, og gjæra med vossakveik, som no er eit internasjonalt omgrep. Også denne var so kraftig at me nesten fekk problem med å lura han ned svelget. Krev tilvenning.        

Eg lovar: Neste år skal me snevra inn omfanget. Sa eg det i fjor og? Mykje arbeid dette. 

 

Lest 1910 ganger Sist redigert torsdag, 01 februar 2024 16:02
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei