torsdag, 24 august 2023 17:36

Alt for vitskapen – Stig Arne si dagbok for juli 2023 Spesial

Skrevet av

Me prøver om att ein “Nad-beater”, kven “beats the dust” denne venda? So har me litt info om musikklivet her i området i haust, og me kan avsløra at det vanlege panelet drakk nokre øl i mai i år.

Pioneer A-400

I førre dagboka skreiv eg om NAD C 355BEE. Og her kjem utprøvinga av Pioneeren, som lova. Eg er i ei “testboble", og då får hagearbeidet berre venta eit par dagar. Eg lånte Pioneeren attende frå eigaren for ei ny vurdering og ein ny sjanse. Eg var muligens litt hard med han i fyrste omgang. Eg prøvde han ut med små tovegshøgtalarar, og desse kan korkje spela høgt eller spela bass. Resultatet vart ein tunn og skrikande lyd. Akkurat slik eg ikkje vil ha det. Etter tallause konsertbesøk ynskjer eg ein lyd som minner meir om konsertsalen. Eg vil ha ein stor og fyldig lyd med eit solid bassfundament, ein eigenskap som du berre får med store høgtalarar, med element frå 10” og oppetter. Slike kasser er diverre litt store, men det får våge seg. Eg bur for tida åleine. Og skulle det dukke opp ei dame som gjev meg valet mellom ho og høgtalarane, er valet enkelt.  

Men attende til utprøvinga: Eg kunne ha spart meg. Resultatet er visst at eg denne gongen skriv ein endå meir knusande dom. Forsterkaren høyrest ut som noko frå framtida, etter at robotar har teke over verda; musikarane er erstatta av maskiner med kunstig intelligens (AI), og musikkinstrumenta smidd av hardt og kaldt stål. 

Bakgrunn 

Dette var Pioneer sin freistnad på å skapa ein minimalistisk audiofilforsterkar, i samarbeid med engelske audiofile og teknikarar, og Abbey Road Studios. Sånn sirka og kort fortalt. Han er lettare voluminøs, ikkje meir enn vanleg breidd (42 cm) men relativt høg, med mykje luft inni. Sikkert for å imponera nokon, men med eit slikt tynt og flimsete topplok vert i alle fall ikkje eg imponert. Nad 3020 er bygd som ein tanks i samanlikning - sjølv om han var endå billegare. Men Pioneeren er kraftigere, 50 Watt. Og tyngre, med større trafo. Slik sett kan han samanliknast med Nad 7020, som er radiovarianten av 3020, men elles identisk, med unntak av større trafo. Eg kjøpte i si tid Pioneeren for 1500 kroner berre for å prøva han ut, sidan han har eit godt rykte i England, forståeleg nok. Eg sette meg føre å finna ut om han fortener dette ryktet, slik som fleire andre konkurrentar, som t.d. Rotel RA 820. Og samanlikninga er, som vanleg, med Nad 3020/7020, sidan det er denne alle freistar å konkurrera ut. 

A 400 er velsigna enkel. Etter oppkopling kom det lyd ut or han etter fyrste forsøk, nærare bestemt Gil Evans Orchestra, Little Wing; live. Eg let meg imponera av bassen, som er djup, fyldig og presis, og det kan spelast plenty høgt nok (med store høgtalarar). Eg greip meg i å tenkja at eg skulle ynskja 3020 kunne spela slik bass. Men utetter kutt 1 klarte eg ikkje heilt å knyta meg til musikken, sjølv om alt let reint og klårt. Det same gjeld kutt 4. Instrumenta let ikkje slik eg er van med på konsert. Det let kunstig, og litt ljost. Og atmosfæren på scena er stort sett fråverande.

Samanlikning

Eg byter over til Nad 7020, (som sjølvsagt har stått til oppvarming. A-400 var òg varm før eg byrja spela). Etter ti sekund hadde eg høyrt det eg trengde å høyra, for eg har jo høyrt desse to forsterkarane før, og kjenner plata godt. Men eg tvinga meg gjennom heile testprosedyren. Alt for vitskapen. Begge skal ha like vilkår. Og skilnaden var som ein avgrunn. Det var som å koma attende til ein ny og grøn planet, der det finst menneske og instrument slik me kjenner dei. Imponatoreffektane og den kunstige og glasaktige lyden er borte, og erstatta av ein innsmigrande og naturleg lyd, slik eg høyrer han på verkeleg. Borte er assosiasjonane til HifFi, og attende er musikken. Du må gjerne le av meg, men det er slik eg ser det: Det er musikken mot maskinene. 

Det er Shakespeare mot Chat GPT. 

Vurderer eg å behalda Pioneer A-400 i “samlinga" mi? Ikkje eitt sekund. Eg kan ikkje sjå at Pioneer har laga noko vitugt etter 70-talet og Silver-serien av receivarar. Det var stordomstida til japanske Pioneer. Fortener den nyare A 400 ryktet sitt? Ikkje eitt sekund. Kva med Nad C 355BEE, som eg prøvde ut i førre Dagboka? Den må vel inn i Nad-samlinga mi? Nei takk. Eg har alt huset fullt av Nad 3020 og 7020, og dei skal ingen stader. Men eg er ingen fanatikar. Som ukueleg optimist prøver eg ut alt eg kjem over, og det skal eg halda fram med. Men eg vert ofte skuffa. Det går fint. Det vert ein vane.  

Musikklivet

Ver merksam på  Den Forvitnelege Countryfestivalen 15 -17. september, Osafestivalen 28. - 30. oktober, årleg musikkfestival (på Voss denne og), og oppstart Voss Jazzklubb 30. september i Gamlekinoen på Voss med plateslepp frå Uttrågata Blueslag, pluss to andre artistar. I baren: Øl frå Fellesbryggeriet på Voss, bryggja eksklusivt for denne storhendinga. Dette går du glipp av på eigen risiko.

 

Ølspalta

Eg nørte ein mistanke om at me hadde hoppa over ein øltest attende i tid, som eg har notatar på. Eg leitte i papirdagboka mi og fann notatane frå ein seanse heilt attende i mai, som eg gjerne vil rapportera i frå, sidan me no eingong har ofra både pengar og helse til bate for lesarane. Og eg har teke vare på flaskene for fotografering, dei har stått i vegen på kjøkenet i månadsvis. Hardt arbeid må ikkje gjerast til inkje. Øl me har prøvd ut seinare får berre finna seg i å venta til neste Dagbok. Nu kjør vi, som svenskane seier:

Voss Fellesbryggeri Gardsøl frå Voss, 4,7%

Dette er ein øl du MÅ prøva. Kornet (bygg) er frå norske bønder, og kveik (urgjær) frå ein gard på Bulken (nær Voss, nedre vassenden retning Bergen). Det minner om heimabrygg/vossabrygg, det beste ølet i verda inntil det motsette er bevist. Verdfull orientering på baksida av flaska, i skarp motsetnad til  tomt skryt og floskane du normalt ser. Lett, litt som spissøl, med smakar som du ikkje finn i andre øl. Særprega og særs godt. 

Kinn Bryggeri Kveldsbris, belgisk pale ale 5,5%

Bygg og kveitemalt, og humle frå England, Tyskland og USA (East Kent Golding, Hallertau Mittelfruh og Amarillo). Om eg ikkje har rota det heilt til seier notatane at dette ølet har litt av same karakteren som Gardsølet. God balanse, særs god.

7F Fløien IPA 6,9% (7 Fjell, Bergen)

Typisk IPA, litt for kraftig humla, mindre malt. Dag: Godt soveøl? Lars: Torneroseøl.

7F Ulriken Double IPA 8,5%

Kolossalt kraftig humla.Turr og bitter. Men smakeleg etter at fyrste sjokket hadde lagt seg. Amerikansk humle. 

7F “soul patch” Black IPA 7%

Laga i samarbeid med Ægir i Flåm. Black syner til ein slags stout, uansett var dette kan hende den best likte av dei tre. Lars: God kombinasjon av frukt og malt, fint humla, godt balansert. Godt likt av panelet. 

Grieskirchner Wiener Lager 5,3%

Frå Austerrike denne, med bygg og kveite. Rein fløyte samanlikna med 7F DIPA. Alkoholsvak men god. 

Grolsch Pilsner 5%

Og denne er frå Holland. Lite smak, og fylgjeleg heller ingen usmakar. Vanleg pils. God venteøl før middagen er servert. Dag: Bør vera kald. 

This Is How Vienna Lager 5,3%

Frå Piteå, nord i Sveariket (Sverige). Artig heimeside. Lars: Dominerande malt. Dag: Mild og rund. Må vera avkjølt. 

Verdant Velvet Overground Oatmeal Stout 7%

Frå Rødovre i Danmark. Etikettforfattaren har tydelegvis eit nært tilhøve til popgruppa Velvet Underground. Bygg og havre. Lars: smakar frysetørka kaffi. Passe godt likt. 

 

Lest 2439 ganger Sist redigert fredag, 25 august 2023 05:35
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler