onsdag, 24 mai 2023 14:26

Spotify, Apple Music og Vestlyd – Stig Arne si dagbok april 2023 Spesial

Skrevet av

 

Me har gjort ein delvis mislukka freistnad på å samanlikna Apple Music med Spotify, blitt vettskremt av Vestlyd, og forført av Kåre Opheim. Kva vert det neste? At Golfstraumen snur?

Spotify, Apple Music eller noko heilt anna? Del 1

Eg har installert eplemusikk i von om at dette skulle låta betre enn Spotify. Dagens versjon av eplemusikk (tidlegare iTunes) seiast å vera lossless, dvs. CD-kvalitet. Eg har gjort meg kjend med eplemusikk ei stund, men ein meir grundig samanlikning med Spotify gjorde eg her ein kveld nyleg. Eg er ivrig tilhengar av blindtestar, for her er so mange fordommar, påverkarar og anna hysteri og snobberi der ute at synlege testar berre endar opp med det som er dyrast og har det rette merket.  

No er det ikkje alltid like lett å arrangera blindtestar av praktiske grunnar, so eg inviterte Helge til å lytta saman med meg; han er hundre prosent usnobbete og seier alltid det han meiner. Eg let han bestemma gangen i “testen", slik at han kunne kjenna seg komfortabel med framdrifta, i staden for å vera slave av mine metodar. 

Me gjekk ei stund fram og attende mellom eple og Spotify, og avslutta med ei CD-plate med same musikken, dvs fyrste låten frå The Great Divide med Willie Nelson; ei samling coverlåtar. Denne er godt innspelt, høveleg up-tempo, dynamisk og avslørande.

Apple  - Spotify

Helge var heilt klar. Han føretrekte Spotify med god margin, og eg skjønar kvifor. Spotify var varmare og meir dynamisk, medan Apple var blassare, litt anemisk og kunstig. Eit merkeleg resultat. I dagane som fylgde sjekka eg litt rundt. Eg fann ut at eg har Apple Music versjon 1.0.6.10, og mistenkjer at denne ikkje er den nyaste. Kan eg ha lasta ned feil versjon? Eg finn ingen trykk-knappar for innstillingar, og er lei av å leita. Eg skal få ein spesialist til å hjelpa meg, når han berre kjem att frå Spania. Resultatet er med andre ord førebels. 

Spotify-CD

Ingen av oss var i tvil om at CD var eit framsteg. Lyden var tonalt liknande som Spotify, men betrakteleg strammare og betre detaljert. Kva DAC må eg ha mellom Mac og stereoanlegget for å henta inn dette forspranget? Ein eg på ingen måte har råd til?   

HiFi Klubben og Vestlyd V 15C

Eg tilstår at eg let med fasinera av denne halvt hifi - halvt PA-høgtalaren (han ser i alle fall slik ut) på Horten-messa i fjor. Bassen var noko for seg - uvanleg klår og spenstig. Alt anna let grautete etterpå, uansett pris og storleik. Korleis har dei fått dette til?

Demonstranten frå HiFi Klubben visste på dette belet lite om han. No veit me litt meir. Han vart testa i det svenske Hifi & Musik i marsnummeret, og her har dei forklart korleis han er bygd opp. Det er ikkje uvanleg å kombinera ein 15-tommar med ein diskant, altso eit enkelt to-vegs system, i PA-verda. Då er diskanten som regel eit effektivt horn, og delefrekvensen rundt 1500Hz. Ein vanleg HiFi-diskant ville brenna opp i freistnaden på å spela so langt ned i frekvens. Og ein stor bass bør ikkje trekkjast særleg høgare opp. Ein HiFi-høgtalar med like stor bass (15”) vil som regel alltid vera 3-vegs, og dermed ha eit meir komplisert delefilter. Det går ut over både lyd og effektivitet.

Men Vestlyd er tovegs, og har løyst delefilterproblemet på ein enkel og intelligent måte: Normalt vil ein nytta ein delefilterspole i serie med bassen for å skjera vekk mellomtone og diskant. Men då får du to spolar etter kvarandre, for basselementet sin talespole er og ein spole. Dette er ugunstig. V 15C manglar delefilterspole, i staden er talespolen laga med høgare induktans enn vanleg. Saman med nøye utrekna membranvekt har ein dimed fått den avskjeringa ein ynskjer, og eliminert heile filteret. Elementet er direktekopla til forsterkaren! Ikkje rart her er bass og presisjon heilt utanom det vanlege. Løysinga er på ingen måte ny, dette har vorte gjort før, men er likevel uvanleg. Men diskantelementet må naturlegvis skjerast av nedover, i dette tilfelle so moderat som 6 dB pr. oktav, altso ein einaste kondensator (truleg). Men med låg delefrekvens, 1100 Hz, er her også designa inn eit overlast-filter, for om diskanten ryk må heile elementet bytast, sidan diskanten er bygd inn i bassens midte. 

Bladet har òg målt frekvensgangen, og denne har tydeleg preg av hengekøye, men er elles jamn og ryddig. Kabinettet er utan tvil for lite for eit slikt stort element, og bassen difor svulstig. Diskanten har og ein stigning, men ikkje meir enn bassen. Likevel kommanderte eg grillane på, då eg var innom HiFi Klubben ein snartur ein dag eg hadde eit ærend i Bergen. Det er dramatiske greier dette her. Du føler nesten at du kan riva ned hus med ein slik 15-tommar. Inventaret skranglar. Bassen er kolossal, og stemma til Mark Knopfler er som om han var der. Den stigande diskanten var ikkje plagsam, noko eg var redd for. I alle fall ikkje med grillen på. 

Eg tykkjer framleis at dette er ein djupt fasinerande høgtaler. Det han kan, gjer han betre enn praktisk talt alt eg har høyrt i same storleik og til same pris. Det han ikkje kan, må du berre sjå bort i frå. Det kan vera godt å ha ein Rogers LS3/5A i bakhand, for å roa nervane litt.

Vestlyd har og naturleg nok vorte diskutert på nettet, t.d. på hifisentralen, og publikum er som vanleg delt i to. Også dei som aldri har høyrt han er ivrige i diskusjonen, og det er ikkje uvanleg. Eg skulle ynskja at dei kunne finna på noko anna å gjera. Er det tydeleg nok, eller må eg verkeleg seia “hald kjeft”? Evt. ein litt høflegare variant, som dei nyttar i Nordfjord: Tei deg. Ein skal jo vera høfleg. Eg veit det. Beklagar. Men det er vel lov å verta irritert ein gong i mellom.  

Kåre Opheim Dream Team


Onsdag 10. mai vart me til del ei stor oppleving på Voss Gamle Kino. I regi av Voss Jazzklubb fekk Kåre Opheim utfalda seg med utvalde musikarar, dvs. Andreas Ulvo, piano, og Stein Urheim, gitar. Kåre er ein kjend trommis frå Vossebygda, og har spelt med “alle”, seinast Sigrid Moldestad på Vossajazz. Men no var det han sjølv som sat i førarsete. Repertoaret var jazz, det gjekk til og med rykte om frijazz. Men det var kan hende noko dei berre terga meg med. For dette var både harmonisk og lyrisk. Dei hadde visst ikkje øvd særleg mykje, sa dei, og heller ikkje avtala seg i mellom kva som kom neste, likevel verka dette komponert, for ikkje å seia symfonisk! Dei kjenner kvarandre. Det bylgja fram og attende dette, heile tida i varierande tempo og intensitet, frå den eine til den andre, og stundom i lag. Frå rolege parti til eit helvetes leven. Han trengde neppe meir gymnastikk den kvelden han Kåre. Kåre slår ikkje trommer, han spelar trommer, og var like mykje solist denne kvelden som dei andre, for ikkje å seia den førande solisten. Han synte denne kvelden at han kan uendeleg mykje meir enn å sitja bakst mot veggen og berre halda rytmen. Ei ubetaleleg oppleving, som hausta stor fagnad frå eit ståande og klappande publikum når det heile var over.           

Kom mai du skjønne promille

Eg måtte ringa Hansa. Dei har to ulike “radler” på 2,4%, dvs. lettøl. Den eine ser du til venstre på biletet, ein gul boks med halvparten øl og hin halvparten sitronbrus eller noko slikt. No har dei fått ein ny kalla Shandy, det engelske namnet på same type øl, men denne er 4,7%. Kva for noko? Ein Shandy skal vera 2,4% den og, slik du får han i kyrkjetida i England på ein sundag. Då får du ikkje noko sterkare før kyrkjetida er over. So kva har Hansa tenkt her? Folk kan faktisk finna på å drikka ein Shandy og køyra bil etterpå! 

Det var Siv som tok telefonen. Siv kunne ha satt over til ein slik ekspert for å gjera det enkelt for seg sjølv, men dei sat i møte, og dessutan skjønte ho godt kva eg snakka om. Eg insinuerte at dette er uheldig og forvirrande for ein som i alle fall har litt vit på øl. Om det rett og slett var ein tabbe frå Hansa, kan boksen i verste fall vera feilmerka? Det er han heldigvis ikkje. 

Forklaringa er at Hansa har hatt suksess med dei to Radler-variantane, og ville sjekka ut marknaden med ein sterkare variant, som dei valde å kalla  Shandy, for å skilja han frå Radler-variantane.    

Eg tykkjer framleis at namnet er mistydande, men ølen var god han (Shandy Grapefrukt, 4,7%), som ein sumarleg og oppfriskande drykk. Det er dessutan ikkje uvanleg å blanda øl med saft. Det har eg vorte tilboden mange stader i verda, under ulike namn. Men dei mest kjende her på berget er nok Radler (tysk) og Shandy (engelsk). Saft eller brus vert i utlandet ofte kalla limonade, soda eller soft drink, heilt generelt.   

Neste på biletet er ein Tsjekkar, Staropramen (pilsner), som finst både på flaske og i boks, alt etter kvar du kjøper han. Hugsar eg ikkje feil, er pol-varianten på flaske litt over 5%. Nydeleg lukt av humle, og ein viss substans, altso ikke berre vatn. Ein rein smak utan usmakar. Ein utsøkt øl. 

Rygr Pilsner 4,7% er relativt ny for meg, kjøpt på Rema 1000. I motsetnad til nesten alle andre av Pilsner-typen har denne faktisk smak og karakter. Prøv!

Mack Isbjørn smakar praktisk tala ingenting, men har heller ingen usmakar, og kvalifiserer dimed godt som iskald sumardrykk.

Kort omtale av dei på neste bilete: Aas Anker var drikkande, Aass Pilsner var det ikkje. Ringnes Pilsner treng eg litt meir tid på, han er stundom god, og stundom veit eg ikkje heilt. Skjærgårdspilsen er berre god i båt, medan Grans utepils med eit visst hell òg kan drikkast inne.         

 

Lest 533 ganger Sist redigert torsdag, 25 mai 2023 19:22
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler