lørdag, 29 april 2023 17:43

LS3/5A og andre små eller store - Stig Arne si dagbok for mars 2023 Spesial

Skrevet av

Med eller utan solkrem; vår og sumar trugar, med ulempene det fører med seg for hobbyen vår. Men me klarar uansett aldri å lata vera å prøva ut stadig nye høgtalarar. Og ta ein øl eller to. 

Små eller store?

(tekst og bilete dette avsnittet: Stig Arne Skilbrei og Stig Inge Bjørge (Lyra))

Høgtalarar kjem i alle storleikar og fasongar, og spelar vidt forskjellig. Mange hevdar at høgtalarane er viktigaste komponenten i stereoanlegget av den grunn. Det er ikkje nødvendigvis rett. Har du ein illelåtande forsterkar - og dei er det plenty av! - spelar det ingen rolle kor gode høgtalarane er. "Shit in, shit out"! Men det er det ikkje alle som høyrer. Den store skilnaden mellom ulike høgtalarar derimot, er meir iøyrefallande. 

Som kontainerdykkar kjem eg stendig over nye høgtalarar, og gjer nye erfaringar. Det hjelper òg at nesten-nabo Terje driv bruktbutikk. Han tilkaller meg når han har fått tak i noko, og saman prøver me det ut. Stig Inge kjøper òg stadig nye høgtalarar. Anten av generell interesse, eller avdi han og teknikarane hans meiner dei kan gjera nytten som “monitor” for utviklinga av pick-upar eller anna utstyr. 

Sjølv har eg funne mun i eit par gamle Dali 7, som har synt seg å vera forbausande nøytral og dugande all round, når du berre har retta opp i eit par feil og manglar. Du ser bilete av han i tidlegare dagbøker. No har eg vent meg til dei, og fryktar at det kan verta vanskeleg å gå attende til mindre høgtalarar att. Men det er likevel noko djupt fasinerande med små “high end”-høgtalarar. Det er veldig lite dei klarar av både bass og lydstyrke, og det er fordømt irriterande, og gjer at dei er vanskelege å leva med i lengda. Realistiske lydnivå og konsertopplevinga kan du berre drita i. Men mellomtonen kan få ein nesten magisk kvalitet, som større høgtalarar strever med å kopiera. Grunnen er enkel: Mindre kabinett, mindre resonansar, og mindre kompleksitet (dei er nesten alltid to-vegs, medan større som regel er tre-vegs). 

Rogers LS3/5A

Såleis har både eg, Stig Inge og Lars Tørressen i Bergen opptil fleire par med Rogers LS3/5A, som var den minste studio-monitoren utvikla av BBC og lisensiert til Rogers og andre. Dei er vel er eit av dei beste, eller i alle fall mest kjende, døme på denne typen. Og ein godt kjend vidareføring av denne er Kef LS 50. Det var Kef som laga elementa som var godkjende og brukte i alle LS3/5A, anten det var Rogers, Audiomaster, Harbeth eller andre som produserte dei. Kef hadde sin eigen variant, Kef 101, med enklare delefilter, men denne oppnådde aldri same suksess som BBC-variantane. Stig Inge har dessutan ein variant med utvendig delefilter i eit nesten like stort kabinett som sjølve høgtalaren. Den heiter Sterling LS3/5a V2 med «Premium Crossover». Han har og kjøpt ein ny amerikansk høgtalar med namnet Vanguard som ikkje er lisensiert, berre «inspirert» av LS3/5a. Stig Inge likar denne best av alle LS3/5a-relaterte høgtalarar han har høyrt og prøvd så langt. Han har litt større kabinett som minkar «humpen» i mellombassen, og delefilteret er basert på «Harsch» prinsippet med målet å oppnå reinare fasegang. Og han er rimeligare; direkte frå produsent kring 800 amerikanske dollar pluss frakt.

Det er og interessant å vita at det finst nyare LS3/5a lisenshøgtalarar, som t.d. Sterling, som er laga med norsk-produserte SEAS-element  spesialkonstruerte for å gje omlag same karakteristikk som dei opphavelege KEF-elementa. Og det nyaste er eit relativt nytt merke FALCON, som har kopiert dei originale KEF-elementa. Det ser ut som dei har klart denne jobben ganske godt, sidan dei vert rekna mellom dei beste på marknaden i dag, frå det me kan lesa. Men dei er kostbare. Dei er og dei einaste som har vorte konstruert til 15 ohm impedans, slik dei opphavelege LS3/5a, som Rogers produserte i store tal i si tid, og som framleis vert rekna som dei beste. Falcons 15-Ohms-versjon er nok eit nikk til det. 

Det å studera alt som har vorte gjort med LS3/5a i alle variasjonar og typar er et universitetsstudium verdt. Både omfattande og komplisert.

Technics SB-C700

I 2015 kom ein høgtalar som har gått under radaren for meg, ein Technics SB-C700 som er forbausande lik LS 50 i konsept. Kabinettet er liknande, elementet sit midt på ein boga front, og elementet er koaksialt. Kven som har kopiert kven er likesælt, for der stoggar likskapane. Technics sitt element er noko større (6,5” mot LS 50 sin 5”), og elemementet er flatt, ein kjend Technics-spesialitet, frå den gongen Technics sin store “honeycomb”-høgtalar var direkte konkurrent til Yamaha NS 1000. SB-C700 er alt ute av produksjon, truleg grunna vantande sal eller marknadsføring, eller ein litt lite innsmigrande utsjånad. KEF sin variant er utan tvil penare. Stig Inge er ikkje samd med meg der (som ofte skjer), han meiner at Technicsen er skjønnnare å sjå på. Javel. Han prøver ut Technicsen “as we speak”, som det heiter på nynorsk; og han er alt imponert over lyden som han seier er naturleg og involverande, medan det manglar volum i bassen. Han har stilt dei opp litt på sida og framføre sine Wilson Audio ‘SABRINA’ som er ein av referansane hans. Heldiggrisen. Eg har berre ein måte å hevda meg på: Wilson har 8” bass, Dali har 10. Æddabædda.  

Og eg ser fram til å kopla opp mine eigne LS3/5A att, når eg får tid. Eg har eigentleg aldri prøvd dei skikkeleg ut. Når eg no har to par, skal det penaste paret vera urørt, medan det andre skal eksperimenterast med. Eg har nemleg nokre idear. Ein høgtalar er aldri so god at han ikke kan forbetrast - eller øydeleggjast. 

Yamaha NS 10

Eg har nemnt det før, men er so heldig å ha to av dei mest akta og vidgjetne høgtalarane i det heile, Yamaha NS 1000 M, og pygmeen NS10 M. Begge mykje nytta i studio og kringkastingsstasjoner verda rundt. Dei store har eg fått av Stig Inge for lenge sidan, dei små av ei venninne, nyleg - for ei flaske vin, som ho framleis ikkje har fått. Begge para er snart klare. NS 10 har fått ny diskant, og dei har eg høyrt litt på. Dei spelar forferdeleg. Dei er ALT for lyse, og det er ei kjend sak. Men dei har òg positive sider. Kabinettet er lukka, og bassen presis. Elementa held høg kvalitet, og kabinettet er tungt og forseggjort. Delefilteret ser enkelt ut, og det skal ikkje vera noko problem å dempa diskanten ned til akseptabelt nivå ved å justera motstandsverdiane - vonaleg. Eventuelt redusera seriekondensatoren ein smule. Eg trur det ligg ein god høgtalar inni desse! Stig Inge har gjort meg merksam på at NS 10 finst i fleire ulike variantar enn eg var klar over, han har (sjølvsagt) òg eit sett, varianten M Studio Monitor. Denne er ikkje like plagsomt ljos i lyden som variantene som kom før denne utgåva, fortel han. Den er litt «tørr» i lyden, som ein monitor-høgtalar skal vera (?). Men han meiner den gjev eit «riktig bilde» av innspelinga. Han spelar sjølvsagt for det meste vinylplater og brukar Marantz Model 5 mono rørforsterkarar, Spectral transistor forforsterkar osb., så hans M Studio Monitor vert vel mata med litt betre utstyr enn dei fleste NS 10 får på inngangen.

Diverse: Fantastisk eller berre fanatisk?

Fanatisme kjem i alle former. Dei som svergjer til rør framføre transistorar, platespelar framføre CD eller omvendt, tjukke leidningar, tynne leidningar, og so burtetter i det endelause. Og det gjeld ikkje berre hi-fi. I ungdomen var eg til dømes veldig radikal. Eg er framleis ikkje konservativ, men har innsett at sunn fornuft og godt bondevit oftast er å finna mellom desse ytterpunkta, der sindige menneskje kan semjast om gode og naudsynte kompromiss. Klokskap kjem med alderen. Å hevda dette er ikkje hersketeknikk, men eit faktum. 

Vår og sumar truger, med alle fårer det inneber. Som t.d. at det vert ljosare ute, og vanskelegare å sitja inne i eit rom med dempa ljos og konsentrera seg om lyd og musikk. Me lyt dyrka i hagen, i staden for å dyrka hobbyen vår. Ja, det er mykje å irritera seg over når du er gamal og gretten. Som til dømes den årlege gjengangaren om kor fårleg det er å sola seg, for då får du hudkreft. Dette fører til at mange ikkje vågar seg ut i sola seg i det heile, og i alle fall ikkje utan solkrem, medan andre drit i alt og ligg i sola heile dagen (men etter 3.grads forbrenning i syden har du lært). Me har lett for å falla i den eine eller andre grøfta, i staden for å bruka hovudet, og vega ting opp mot kvarandre. Slik lærarane freista å prenta inn i hovuda våre, når du i norskoppgåvene fekk i oppgåve å vurdera utsegner mot kvarandre. Sjølv prisar eg våren, jamvel om innleiinga kunne tyda på det motsette. Eg set meg i solveggen vel vitande om at sol er sunt - i fornuftige mengder. Sola er den viktigaste kjelda til D-vitamin i kroppen; bruk ho, og ho er gratis. Mange av oss er låge på D om våren, om du ikkje drikk bøttevis med tran, og det er sikkert ikkje bra for hørselen. Eg nyt dei varme og livgjevande strålane frå sola etter ein lang og kald vinter. Me skal leva i pakt med naturen. Ein solbrun sumarkropp er den naturlegaste ting i verda, og det er vakkert. Me skal eta med måte, drikka med måte og sola oss med måte. So treng me heller ikkje sløsa vekk pengar på miljøfiendtlege kremar. Kjøp ei plate i staden for. CD eller LP? 

PS: Solkrem kan vera nyttig i ekstreme tilfelle. Me er ikkje fanatiske, er me vel?    

Dagens autokorrektur: Sunt bondevit vart retta til Bondevik. 

 

Ølprat  

Nøgne Ø Old Salt Tavern 6%

Her er det berre å sitera etiketten: Dette er ein klassisk Extra Special Bitter, forlauparen til dagen Pale Ale; ein favoritt i ein kvar engelsk pub. Han er fruktig og floral, og smakar korn og kjeks. Med bitte liten skrift står det: Ikke tilsatt salt. Men psyken spelar deg eit puss: Heiter han salt, so smakar han salt. Det gjer han faktisk! Men veldig svakt. Namnet er truleg henta frå ein engelsk pub, lokalisert ved ei (nedlagt?) engelsk saltgruve? Derav saltsmaken? Uansett, me likte han. Prøv òg Fuller`s ESB. 

Grieskirchner Wiener Lager 5,3%

Endå ei flaskeøl. Han utmerker seg ikkje på nokon måte, det er lager dette (her til lands oftast kalla pilsner), men som Lars seier “hadde me vorte invitert på ein til, hadde me ikkje takka nei”. Smakar betre til lenger ned i glaset eg kjem. Grunnlagd i 1708. Etikett på lettforståeleg tysk - mange av orda er nesten identisk med norsk. Det er ikkje veldig vanskeleg å skjøna at frisch tyder frisk, geschmack smak, og traditionellster bierstil tradisjonell ølstil! Zutaten: (an auf hinter in- - -) Ein neve kveitemalt i tillegg til bygg. Det merkest nesten ikkje.

Bønes Gardsøl Lyst øl 4,7%

Men her merkast det, sjølv om det ikkje står eit ord om det på boksen. Me kan ta feil, men han smakar som eit kveitebrygg. Bønes gårdsmat lagar framifrå påleggsmat, og her har dei fått laga seg eit brygg i samarbeid med Lysefjorden Mikrobryggeri. Naturleg karbonert, dvs. ikkje tilsett kolsyre.  

Amundsen Modern Day IPA 6,5%

Amundsen Bryggeri & Spiseri er ein gastropub med eige mikrobryggeri, grunnlagd i 2011 i Oslo. I tillegg til dei faste innslaga på menyen leikar Jon Malone (godt det var ein M der) stendig med andre typar, som denne og neste. Modern Day IPA inneheld ikkje anna enn dei vanlege ingrediensane, men dei har ikkje spart på humlen. So kraftig at han vert bitter. Manglande maltkarakter, mumlar Lars, og litt turr, seier Tore. Men eit funn for den som er på utkikk etter ein kompromisslaus IPA. 

Amundsen New England IPA 6,5%

Inneheld kveite, havre og laktose i tillegg til dei vanlege ingrediensane (kalla zutaten på tysk, sjå over). Laktose er eit mjelkesukker som finst naturleg i mjelka til alle pattedyr. Store Norske Leksikon (snl) ramsar opp ei rekkje bruksområde, men ikkje øl! Denne er rundare, søtare og meir floral enn over, og vart godt likt. Ein smakeleg øl. Sidan New England neppe kan tolkast som noko anna enn USA, kan denne kallast APA (Amerikansk Pale Ale) like godt som IPA (India Pale Ale). Dei amerikansk-inspirerte variantane er ofte rundare og meir florale enn europeiske.    

 

Lest 2299 ganger Sist redigert søndag, 30 april 2023 15:48
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei