fredag, 24 mars 2023 20:00

Å byte belg på basselement – Stig Arne si dagbok februar 2023 Spesial

Skrevet av

I dag byter me belgen på eit basselement, og fortel om øla me drakk i går kveld.  

Har det oppstått ein blafre-lyd frå høgtalarane dine? Ta av frontgrillen, og du kan oppleva at skumgummikanten rundt basselementet berre drysser ned på golvet. Då er rådyra gode. Du må få ny kant. 

Dei fyrste moderne basselementa hadde sokalla trekkspeloppheng, dvs eit korrugert oppheng. Desse held i det endelause, og er den dag i dag det føretrekte opphenget i mange PA-element (element til scenebruk). Slike element finst framleis, også til HiFi, og det er fleire som meiner at dette er den beste løysinga. Men dei aller fleste har i dag ein halvrund belg av gummi eller skumgummi. Gummibelgane held lenge, men ein skumgummibelg kan byrja gå i oppløysing etter kring 10 år. Og det er ille, sidan mange slike element, eller heile høgtalaren, går i søpla alt for tidleg. 

Det bør ikkje skje. Elementet let seg enkelt reparera, og kantane får du kjøpt på internett. Det er diverre få eller ingen butikkar som fører slikt lenger. Er du nevenyttig kan du gjera jobben sjølv; om ikkje, ta kontakt med ein som kan, eller ein elektronikkverkstad. Mange tek snarvegen med å skru inn eit nytt uoriginalt “postordre”-element, og det kan for so vidt gå bra, men det kan og vera at det ikkje passar optimalt, og gjev ein annan lyd. Særskilt bassreflekshøgtalarar er kresne. Desse er no som regel berre halvgode uansett, men det er ein annan diskusjon. Uoriginale element vil redusera verdien på høgtalaren, noko som kan vera viktig om det er ein kvalitetshøgtalar som du seinare vurderer å leggja ut for sal. Tandberg er eit godt døme. Du kan få ein hyggjeleg pris for eit par gamle velhaldne slike. Er dei derimot slitne, og med uoriginale bassar, får du lite og ingenting. I alle fall frå meg!

 

Slik byter du kantoppheng på basselementet

Skru ut elementet. Fjern all laus skumgummi. Ha gjerne støvsugaren klar, det kan verta mykje dryss. Skrap kanten på korga rein med eit stemjern, ein kniv eller kva du måtte finna i farta, som passar. På biletet har eg brukt ein kakespade! Alt laust må vekk, men gjenstridige restar av lim kan berre vera. Ingen grunn til å bruka miljøfarlege løysemidler får å få ein klinisk rein kant. Med fingrane gnikkar du vekk restar av skumgummi frå ytterkanten av membranen. Studer bilda, og ver klar over at dei kan veksla mellom AR 18s og Cerwin Vega - dei to siste eg har renovert. Du kan og finna videoar på YouTube til hjelp.

Før du limer på ny belg, må membranen med talespolen sentrerast i spolegapet. For å koma til, må du fjerna støvhetta/senterkapselen. Ho kan skjerast av med ein skarp tollekniv eller tapetkniv. Lag gjerne eit merke med blyant frå membranen til kapselen, slik at du kan lima kapselen attende på same plass (sentrert) i fall kanten er ujamn. Bruk kontaktlim. Det vert aldri so glatt og pent som det var, men det spelar ingen rolle. Ja, det finst måtar å unngå å skjera vekk støvkappa, men ingenting som kan tilrådast for ein nybyrjar.  

Til å sentrera kan du bruka heilt vanleg skrivepapir - det er passe tjukt. Tynne remser av plast kan og nyttast, eg har slike frå eit reparasjonssett. Dei er litt stivare og lettare å lirka ned i gapet. No limer du den nye kanten - uansett om du har valt gummi eller skumgummi - på membrankanten. Bruk vanleg kontaktlim - sokalla gummilim. Legg lim på membrankanten, gjerne i fleire omgangar, sidan han delvis vert absorbert av membranpappen. Du kan og legga lim på gummiringen, men ikkje på ein skumgummiring; som ikkje likar for mykje lim. Legg ringen på membranet før limet turkar, for då er det lettare å justera/gli ringen på plass. Press ringen på membranen mellom peikerfingeren og tommeltotten. Lat turke 10 min. før du held fram.   

Då er det klart for å lima ringen til korga. Løft membranen opp litt, slik at du kan stikka limetubetuten mellom kanten og korga. Legg ei god pølse med lim på korgkanten, og trykk membranen ned til korga medan limet framleis er mjukt, slik at membranen med kanten glir på plass. Vent til limet har turka opp litt, og press kanten forsiktig ned på korga, hardt til slutt. 

Fjern sentreringspapiret, sjekk at membranen går lett opp og ned i spolegapet utan å skrubba. No står det berre att å lima støvhetta på plass. Ha lim på støvhetta og membranen, og legg kapselen på før limet har størkna, slik at du kan gli han på plass. Jamn ut limet med ein fukta finger. 

NB! I tråd med tidlegare artiklar gjer du lurt i å nytta høvet til å dempa kaviteten mellom polstykket og støvhetta. Klypp til eit stykke filt og lim det på polstykket før du limer støvhetta på att. Dette vil suga opp resonansane og gje ein mjukare og reinare mellomtone. 

Spørsmål? 

Du brukar sjølvsagt original ring, om denne finst. Eller rettare det leverandøren din oppgjev som original. Om slik ikkje finst, må du berre godta det leverandøren har, men pass på at du får rett dimensjon i det minste. Ein gummibelg er ikkje lett å klyppa til om det trengs, men skumgummi er. Eg kan ikkje svara på kven av desse som er “best”. Sume produsentar føretrekkjer skumgummi, andre gummi. Det kjem vel an på kva du er ute etter. Om du kan velja mellom ein mjuk eller stivare ring, vil eg anbefale mjukast mogeleg, i alle fall til lukka kabinett. Til "blafre-flex" kasser har eg ikkje peiling. 

Ølprat

Ja, me prøvde nokre seinast i går kveld. Panelet denne gongen var Tore, Lars og meg, og alle øla var av typen Pilsner, som høver godt i vårsola og sumarvarmen, med unntak av dei to til høgre, som er høvesvis 7F IPA og dobbelt-IPA. Alle er poløl, vel 5%, men IPA-ane er 6,9 og 8,5.

Birra Morena er italiensk, Alhambra spansk, Mythos gresk må vite, og Perla polsk. 7F er frå hovudstaden i Noreg. I alle fall her på vestlandet. 

Alle pilsa var drikkande, men me vart særskilt oppglødde over italienske Birra Morena. Nydeleg; frisk. 

7F er ein amerikansk type IPA og kraftig humla, heilt på kanten, men god. I Ulriken Double IPA er humlen kontrastert av ein kraftigare smak, og difor noko betre balansert. Kraftig og god, men ikkje noko du ville velja i solsteiken?     

 

Lest 2260 ganger Sist redigert lørdag, 25 mars 2023 06:18
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler