lørdag, 11 mars 2023 07:38

Oppsummering av året som gjekk, litt musikk, og nyhende frå Vinmonopolet - Stig Arne si dagbok for januar 2023 Spesial

Skrevet av

Eg tok det opp med redaktøren. I staden for å skriva ein “vanleg” dagbokartikkel, hadde eg lyst til å sjå attende på året som gjekk, ein slags kavalkade. Han tykte òg det var ein god ide, heldigvis. Dei siste par åra har elles vore vanskelege, om du ser det store biletet. Det starta med ein pandemi, som gjekk hardt ut over musikklivet og anna kultur, og næringslivet. Gamle kommuniststatar har ikkje forstått at verda har gått vidare, og ynskjer fred og demokrati. Dei står på sitt, og eitt av dei har til og med gått til krig mot ein uskuldig nabo, midt i Europa. Det hadde eg ikkje trudd var mogeleg. Men i bakvendtland går allting an. 

Hifi-året 2022

Om me no snevrar perspektivet inn att til vårt kjære stereoanlegg, tykkjer eg året som gjekk også her har vore rikt på hendingar. Eg fekk endeleg liv i “pyramidehøgtalarane" til

Børja/Electrocompaniet, etter at eg kom over akkurat det basselementet eg trengde som erstatning for det øydelagde. Eg har alt skrive mykje om desse høgtalarane, men ein sluttvurdering er endå ikkje gjort. Vidare var eg heldig å få kjøpa eit gamalt sett Electrocompaniet (25W) av ein bror til Svein Erik Børja. Heller ikkje dette er testa ut, men det kjem. 

Dette var i januar. I skrivande stund er denne dagboka lese 2022 gonger! Snakk om tilfeldigheiter. Elles ser eg at artiklane vert meir leste di lengre dei ligg. 

Månad for månad: 

I februar kom eg ved rein slump (som vanleg) over ein CD-spelar på bruktbutikken Brukt`n i Voss, Xenon CDH 05F. Eg avtalte med Oddvar at eg kunne ta han med meg heim for å sjekka om han virka. Eg hadde aldri høyrt om han før, og veit ikkje mykje om han no heller (bortsett frå at Xenon er filippinsk, og at han er laga i Japan), men det er den beste CD-spelaren eg nokon sinne har hatt, uansett pris. Den dagen denne sluttar å virka, og den dagen kjem, veit eg ikkje heilt kva eg skal finna på.  

I mars skreiv eg meir om denne og 3 andre CD-spelarar, og ølspalten gjekk heilt whisky. 

I april skreiv eg om språk og jamvel fargar me nyttar for å skildra lyd. Eg reknar det som ein viktig artikkel, der eg får summert opp litt av røynslene mine med lytting, og kva omgrep eg nyttar for å skildra kva eg høyrer. Det er pokker meg ikkje enkelt! Det er eit heilt fag i seg sjølv.

I mai skriv eg (som vanleg) litt om Nad 3020, vedlikehald av desse, og om Yamaha NS 1000, som er ein av dei meir interessante i høgtalarhistoria. Ei planlagd utprøving gjekk fløyten avdi ein mellomtone hadde teke kvelden, men no har eg fått ny, kjøpt i Japan, takka vere Stig Inge. Omtale vil koma, ein vakker dag, som det heiter. Som om ikkje dette var nok, har eg fått (mot ei flaske raudvin) eit sett Yamaha NS 10 av ei venninne, også denne måtte ha nytt element (diskanten), igjen frå Stig Inge. Omtale kjem. 

I juni fekk eg endeleg gjort ein jobb som har venta lenge. Eg har jo juksa med høgtalarar i 30 år, inklusive eigne heller tvilsame konstruksjonar. Men eg har aldri prøvd ut ulike
dempemateriale i kabinettet, og kva effekt det har på lyden. Dette bør du lesa, om du som meg likar å eksperimentera. Den viktigaste lærdomen var at skumgummi ikkje har noko inni ein høgtalar å gjera. Og ikkje utanpå heller, forresten. Mange diskantelement har ein ring av filt eller skumgummi rundt membranet for å dempa siderefleksjonar. Filt fungerer, ikkje skumgummi. Det erfarte eg alt på 80-talet. Det er ikkje alle produsentar som er like nøye med lyttearbeidet. 

I juni hadde me ein gjennomgang av nokre vanlege høgtalarar som låg rundt og slang. Med litt erfaring kan du ofte berre med eit blikk vurdera kva dei er god for. Me kjenner jo mange av dei. Og produsentane; og veit kva dei plar levera.   

Die hard 1

I august skreiv eg ein viktig artikkel, etter eiga meining i alle fall, om hard lyd, og mogelege årsaker. Me endar opp med å dempa sjølve diskantelementet, med noko so enkelt som eit stykke dekorasjonsfilt. Holrommet mellom polstykket og membranet er stundom dempa, stundom ikkje, og det siste reknar eg som ein grov feil. Artikkelen syner og fortel korleis du kan dempa denne kaviteten. Det har stor påverknad på lyden.  

I september fortalde eg stolt at eg endeleg hadde fått meg ny kassettspelar av topp kvalitet, Nakamichi BX-100E (1984-1987), ikkje mindre enn to stk. Den fyrste kjøpte eg på Finn for 1500-, den andre fekk eg frå ein hifi-kompis i Bergen. Begge måtte inom reparatøren min i Bergen, men eg har uansett vore heldig, for dei ei er lite brukt og har topp lyd. Hastigheitsvariasjonar (wow&flutter), noko som er ei stor plage på nær sagt alle kassettspelarar er saga blott; høgst uvanleg. Ein smule brum irriterer, men eg høyrer det ikkje gjennom musikken. Det gjeld begge, so då har det vel ingen hensikt å leite etter feil. Det er vel slik dei er. Eg var forresten ikkje plaga med brum på føregåande modell, BX-1. Denne har Lars overteke, han trengde ein til arbeidet med VossaJazz-soga. Ja, eg hadde faktisk 3 Nak eit bel. Eg valde å behalda dei to som var identiske, so har eg reservedeler. 

Og so var det vel rundt dette belet at eg gjekk over til Apple Music, som er lossless. Eg kan godt bruka Spotify til tilfeldig lytting, men skal eg evaluere ein komponent, er det ikkje godt nok. Mellomtonen og særskilt diskanten er klemt, hard og skrikande.  

Die hard 2

Oktober (Hard lyd del 2) er òg viktig, etter mi meining. Ein hard og ubehagelig lyd er ikkje noko som nokon vil ha, og me endar endå ein gong opp med å dempa, men denne gongen eit bass/mellomtone-element, med same knepet: Ved å lima eit stykke filt på polstykket. Enkelt men uhyre effektivt.   

I november og desember skildrar eg to gamle og klassiske høgtalarar, ein liten og ein stor, nemleg AR18s og Cerwin Vega AT-40, inklusive reparasjon av dei, men ein detaljert gjennomgang av sjølve reparasjonen  vil koma seinare (byte av belg/kantoppheng). Uansett lærte eg mykje av lyttinga til desse to: Den utruleg klåre lyden frå ein enklast mogeleg tovegshøgtalar med berre ein komponent i delefilteret; og ein mykje større høgtalar med 10” bass av uvanleg kvalitet. Det er noko eige med stor bass. Det hender noko når du kjem opp på 10 tommar, han orkar so utruleg mykje meir, og er meir effektiv (spelar høgare), grunna større areal. Lyden er uanstrengt og avslappa. Skru opp, og han heng med. Ein mindre bass gjev seg tidlegare, og skrur du opp for å kompensera, byrjar det berre å skrika.

I denne moderne og overfylte verda er me i ferd med å drukna oss sjølve i gift og søppel. Eg freistar bøte på dette med å reparera heller enn å kasta. Ved å velja ut det beste av det gamle kan du få svært god lyd. Mange av dei gamle apparata har rykte på seg for å vera meir musikalske enn de i nye. Og du kan få dei rimeleg. Gjenbruk er bra både for setleboka, øyrene og miljøet.    

Vossajazz 50 år 

Vossajazz vert som vanleg avvikla i Palmehelga, 31.mars - 2.april, i år for femtiande gongen. Festivalpassa er utselde, men einskildbillettar, huskort og dagskort kan framleis kjøpast på TicketCo. “I år slår me på stortromma”, seier festivalleiar Trude Storheim til avisa hordaland. Eit uvanleg omfattande program denne gongen, sidan det er “gullbryllaup”. Det vert travelt å få med seg alt, om i det heile mogeleg. Tingingsverket av året er signert Oddrun Lilja; eit syn for såre auge. Andre festivalar og tilskiparar av kva det måtte vera kan seia kva dei vil, men dette er årets storhending på Voss og langt utetter. Denne helga er Voss hovudstaden i Vestland. Eg har vore so heldig å verta kreditert (akkreditert). Reportasje kjem. 

Notar og unotar 

Uttrågata Blueslag

Voss sentrum har to hovudgater, Vangsgato og Uttrågato. Berre for å forklara opphavet til namnet. Blueslaget består av vossingar og andre som har underhelde oss so lenge eg kan hugsa, under varierande namn. Men laurdag 04.02 var spesiell. Då skipa Voss Jazzklubb til konsert med plateinnspeling (via lydmann Yngve Høyland, Voss Lyd/Sprilt) og sterkt utvida besetning. Blåserekka åleine talde fem personar (Trond Remme, Kåre Kolve, Tore Brunborg, Jan Kåre Hystad, Morten Schrøder). Steinar Røthe på trommer (som vanleg) var forsterka med Ivar Kolve på perkusjon, og dette lyfte rytmeseksjonen til virtuose høgder. Åge Røthe på bass smilte og nikka då eg tok bilete, Asle Haaland er sjølvskriven vokalist; og Halldor Krogh, komponist og gitarist, leia oss gjennom det heile med utsøkt humor. Ubetaleleg. Sjå opp for sleppefest med konsert og plateutgjeving til hausten ei gong. 

Nyhende frå Polet

St Pierre Belgian Abbey Beer, White-Blanche, 5%
Kveitebrygg. Rund og fin som ein munk, og frisk. Godt likt. 

STEEN BRUGGE, Belgian Abbey Beer, White-Blanche, 5%
“enriched with spices”, men ikkje veldig tydeleg. Nøytral, heilt grei, men me datt ikkje av stolane.

Nøgne Ø 4885, Blanc, 5%
Endå ein kveiteøl, men ikkje utprega. Smakar meir som ein vanleg øl. Nydeleg maltsmak, god øl.

ELØ Mandarin Morning Citrus Blonde Ale, 6%
Frå Fitjar. Med morgon i namnet kan denne vera eigna som  “återstellare”? Norsk malt, pluss ekte puré av mandarin og søte appelsiner. Med denne går me sumaren smilande i møte. 

Og so har svensken Andersson vore på vitjing, som eit frisk pust frå den store verda, som vanleg med sin Nielsen`s bitter og grøne Tuborg. I bakgrunnen eldste son min, lektor Lyngstad. Han skulle på jobb dagen etter, men berre måtte prøva ein originaltappa Grøn, kjøpt i Danmark, ditt næraste ferieland på kontinentet.     

Lest 1374 ganger Sist redigert lørdag, 11 mars 2023 10:50
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.