lørdag, 23 april 2022 09:26

Antikke CD-spelarar med noko sterkt attåt – Stig Arne si dagbok mars 2022 Spesial

Skrevet av

Våren trugar, men me held stødig fram med CD-spelarar, og i ølspalta har ølet denne gongen vorte destillert til whisky. 

4 CD-SPELARAR

I februar-dagboka skreiv eg om ein for meg totalt ukjend CD-spelar, Xenon CDH-O5F, med framifrå resultat. Eg samanlikna han med ein Philips CD-618, kjøpt i ein bruktbutikk i Førde. Dermed var eg komen litt inn i ei CD-boble, og nokre få kveldar seinare heldt eg fram med å prøva ut eit par andre spelarar eg har hatt liggjande lenge, ein Harman Kardon HD 7400, og HD 7600 II. Etter denne samanlikninga ville eg atter lytta til Xenon, og sette denne oppå HD 7600. Då let han slett ikkje slik eg hugsar. Han let diffust. Eg fekk ein mistanke. Eg fjerna HD 7600 og let Xenon stå åleine. Då kom den gode lyden attende. 

Eg oppdaga med dette noko eg eigentleg visste frå før, nemleg at komponent som står oppå kvarandre, dvs kloss i kvarandre, smittar. Det kan vera brum frå trafoar, eller andre ting, som kan gje ein litt klemt lyd. Når det gjeld CD-spelarar, er det visstnok slik at konverterane (DAC), om dei ikkje er godt isolert, eller om ikkje kabinettet er godt isolert, sender ut høgfrekvent støy, som kan smitta over på andre nærståande apparat. Eg gjennomførte difor testen på ny, ein CD-spelar i gongen, medan dei andre sto til oppvarming andre stader. Eg har no sett saman ein ny “test” av desse fire CD-spelarane, i von om at det framleis er aktuell lesnad. Eg trudde at CD-spelarar var heilt “ute”, men Oddvar i Brukt´n seier at det framleis er god etterspurnad etter brukte CD-spelarar. Truleg av di mange av oss har mange CD-plater, som me framleis ynskjer å spela. For CD-platene er jo like gode! Alle spådomane om CD-plata si (evt. innebygde) livslengd har so langt synt seg å ikkje slå til. Som dei fleste andre spådomar. 

HARMAN KARDON HD 7400 (1991)

Akkurat som med Xenon, tok eg denne med heim frå Brukt´n, for å sjå om det var liv i han. Det var det, eg kopla han opp på anlegget og det let fint. Eg betalte han dagen etter. Seinare har han stått lagra, til eg no tok han fram att i samband med utprøvinga av Xenon. Denne kvelden starta eg med HD 7400, held fram med 7600, og avslutta med Philips 618 og til slutt Xenon. Litt for mange på ein kveld, men eg kjende jo alle desse spelarane litt frå før, med unntak av 7600, som er relativt nyleg kjøpt inn, for å sjå om han var betre enn HD 7400. Han er jo mykje dyrare. Eg følte på meg at denne spelaren hadde eit godt rykte. 

Då eg prøvde HD 7400 om att i denne omgangen vart eg ikkje like begeistra. Eg nytta diverse Mark Knopfler “testplater” denne gongen. Det er ingenting som kan avsløra eigenskapane i mellomtonen som godt innspelte menneskestemmer. Og her vart eg litt skuffa. Stemma let litt kunstig, og klangfargen var grå/svart, i motsetnad til ein meir naturleg gul/brun glans. Og stereoperspektivet hamna litt langt bak; som i enden av ein tunell. Dette har eg opplevd tidlegare både frå CD-spelarar og forsterkarar av den mindre vellukka sorten. Du vil ikke merka stort til det om du har høgtalarane kloss i bakveggen, men likevel, ikkje den mest musikalske eller naturlege lyden.

HARMAN KARDON HD 7600 II (1992?)

Denne vart kjøpt inn via Finn, rett og slett for å finna ut om han var noko tess (og betre enn 7400). Det er ein relativt tung (7 kg), solid og påkosta spelar, medium dyr. Han kom i original øskje for kr. 1500 og fungerte perfekt. Eg håpte på kveldens beste lyd med denne. Det slo diverre ikkje til. Han var marginalt betre enn 7400 alt i alt, lydbiletet vart ikkje kasta fullt so langt bak, og saman med tydeleg betre detaljering var dette eit framsteg. Klangfargen vart også litt blidare, ikkje fullt so grå/svart. Men med auka detaljering vart lyden litt for markert, og kasta mot deg heller enn å forføra deg. Summa summarum kjendest heller ikkje denne spelaren naturleg og musikalsk. 

PHILIPS CD 618 (1991)

Eg har òg lenge hatt ein CD 615, som eg har hatt eit veldig godt inntrykk av, sjølv om det ikkje er ein særskilt feit og dyr type lyd. Det er rimelege spelarar dette, denne er 3.8 kg. Eg har til og med hatt han med meg på Hortenmessa, men det kan eg fortelja meir om ei anna gong. Begge desse spelarane deler SAA 7321GP DAC (konverter dvs. omvandler frå digital til analog) og CDM 4/19 transport, og er sikkert so godt som identiske, med unntak av nokre betjeningsdetaljar muligens. Men når Mark Knopfler heller ikkje på denne spelaren let som kjøt og blod, byrja eg å missa motet. Er verkeleg ingen av spelarane mine brukandes? (med unntak av ein halvveges fungerande Revox, men det er òg ei anna historie). Heller ikkje denne let veldig naturleg, stemmene vart litt grå/ svart som på HK-ane, muligens marginalt betre, men lyden var tidvis hard. Dette plaga også HK-ane.  

XENON CDH-O5F (2000 eller seinare)

Med skjelvande hender kopla eg opp Xenonen. Skulle denne berga kvelden? Kor sannsynleg var det, frå denne spelaren frå ei - for meg i alle fall - totalt ukjent verksemd på Filippinane (men produsert i Japan), liten og lett, truleg til sals i kjøpesentra og denslags der i kring for ein slikk og ingenting? 299 kr? 999 kr? Kven veit? Han er ikkje lenger å finna på Xenon si heimeside (Xenon.ph),  og er neppe i produksjon eller til sals lenger, anna enn brukt. Etter heimesida å døma lagar dei ingenting som er i nærleiken av HiFi eigong, anna enn billege ting (men også noko PA).

Men denne berga faktisk kvelden. Det er ganske utruleg og smått usannsynleg. Han har eit glansfullt og blidt lydbilete, og stemma til Mark Knopfler er endeleg til stades på ein naturleg og overtydande måte. Har du opplevd at når lyden er god, er det akkurat som om du kan “sjå" og oppleva artisten for ditt indre auge? Det har du sikkert. Med denne spelaren får eg denne kjensla. Alle stemmer og instrument står fram naturlege og levande. Lydane er mjuke, og tydeleg plasserte i lydbiletet, heller enn pressa fram frå ein ubestemmeleg svart bakgrunn, som so ofte er tilfellet. Dette er musikk i mine øyre.  

Ein ivrig og teknisk kyndig lesar, Johan Kvaal, har informert meg om at DAC-en truleg er eit restlager frå Burr Brown, PCM 54, ein av dei fyrste frå denne produsenten. Han meiner denne multibit-dac`en utkonkurrerer fyrste-generasjon Philips 1-bit. Denne lyttetesten tyder på at han kan ha rett, men gudane veit om det kan vera andre ting som spelar inn i tillegg, eller i staden for. Eg er korkje ingeniør eller har overnaturlege evner av noko slag.  

KONKLUSJON

Alle desse CD-spelarane er brukande, naturlegvis. Ikkje alle er like nøye på det som meg, eller andre hardbarka audiofile. Bruk den spelaren du har. Han går snart i stykker uansett. Når du må kjøpa ny, kan du jo kjøpa eit par stykker og velja ut den du tykkjer spelar best, slik eg har gjort her. Og hugs at den dyraste er ikkje nødvendigvis den beste. 

Og der set me punktum for utprøving av CD-spelarar for ei stund. Trur eg. 

ØLSPALTA GÅR WHISKY

Eit par kompisar av meg er veldig glade i whisky, generelt, og eg seier sjeldan nei takk til ein dram eg heller, whisky eller ikkje. Skotske typar (whisky) har gjerne utprega røykjesmak, irske (whiskey) ikkje. Japanske whiskyar er òg populære (og dyre), heller ikkje desse har vanlegvis røykjesmak (i fylgje Stig Inge, busett i Tokyo).   

Me starta med skotske Aberlour, nyinnkjøpt tilråding frå Edvin. Nydeleg, passe røyk. Method Madness (irsk) var anonym i samanlikning. Bowmore, Oban og Mossburn fall alle i smak, med balansert røyk, medan Laphroaig vart i heftigaste laget. Kraftig røykjesmak. Eg trur du må vera fødd og oppvaksen på Islay for å drikka denne utan ei mine. Me hadde til og med ein indonesisk DRUM (utan røyk), og avslutta med Scanland, ein rimeleg variant som Helge ofte tyr til “til kvardags”. Litt anonym i høve til dei beste, men heilt ok. Den norske Goleid, i andre enden av prisskalaen, var utruleg mild i høve til alkoholprosenten, 47%, men noko anonym, og utan røyk. For meg er ein whisky utan røyk ingen whisky, men dette er naturlegvis smak og behag. Eg er ingen whiskykjennar, men me veit jo kva me likar. Og ein liten whisky er like godt fylgje til øl som akevitt, ikkje sant? Whisky er forresten destillert øl, sidan engelskmennene hadde lite druer til rådvelde. I prinsippet kan du jo destillera kva du måtte ha for hand, som du har fått til å gjæra (sats). Ein nyttar det som er rimeleg og som ein har rikeleg av, som t.d. poteter (norsk vodka og akevitt). I Austen nyttar dei ofte ris, og i utlandet kan t.d. øl vera tilsett kva som helst i tillegg til bygg. For dei som ikkje held seg til reinleikslova frå 1857.  

PS. No kan det sjå ut som om me har drukke store mengder whisky, og det har me for so vidt og, for du spyttar ikkje ut whisky som i verste fall kostar over tusen kroner literen (Goleid). Men me drikk lite av kvar. Måtehald gjeld for whisky som for alt anna.  

    

Lest 2684 ganger Sist redigert mandag, 25 april 2022 20:24
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler