Skriv ut denne siden
mandag, 28 september 2020 19:59

Svart-kvit i fargar – Stig Arne si dagbok august 2020 Spesial

Skrevet av

Ein Non Stop av fargar og smakar i dag: Ein blåfarge Cobalt frå Audioquest, ein svart kringkastar frå Google, flyttetransporten til Jonatan er vonaleg miljøvenleg grøn, blada kjem i alle glossy fargar og ølet kan vera alt frå gyllen gul til Guinnes svart. 

Audioquest Dragonfly Cobalt

Eg har fått meg eit nytt leikety: Ein liten og søt dings i form av Audioquest sin nyaste DAC: Ein pitte liten dings, på storleik med ein minnepinne, som går rett inn i USB-utgangen på Mac-en. Frå denne fører du signalet, som no er omvandla til analog, til stereoanlegget, med ein leidning som har mini-jack i eine enden og phono-pluggar i andre. Leikety og leikety fru Blom: Når du nyttar datamaskina som signalkjelde, er ein god DAC brått ein viktig del av stereoanlegget, og det kan løna seg å samanlikna mange. Med ein middelmådig DAC får du ikkje ut god lyd uansett resten av anlegget.  

Eg har i lang tid nytta DAC-ar frå HRT i California, men har i den seinare tid vore plaga med ein tendens til hard lyd, og eg veit av erfaring at det ikkje skuldast Nad-forsterkarane. Desse skil seg ut ved nettopp å ikkje ha hard lyd, slik som mange andre. Eg likte umiddelbart lyden frå Cobalten, som er den dyraste i serien, men likevel rimeleg samanlikna med “high-end” variantane av slagsen. Konstruktøren er ingen kven som helst: Gordon Rankin, kjend frå fleire andre verksemder og konstruksjonar. Eg har framleis ikkje høyrt eller testa så frykteleg mange DACar, men denne er eg glad for, og han vert ikkje kopla vekk med det fyrste. Eg har vidare høyrt at grunnleggjaren av HRT skada seg stygt i ei sykkel-ulukke, og har mysst interessa for å føra HRT vidare, men kan ikkje stadfesta dette, sidan heimesida deira er oppe og står, sist oppdatert i år.   

 

Chromecast

Eg har lurt lenge på kva i helsike “casting” er for noko. Eg høyrde det fyrste gongen frå ein ekspeditør i ein Elkjøp-butikk. Ekspeditøren hadde ein travel dag, so eg fekk ikkje fretta han ut. Og seinare har eg visst gløymt å sjekka da ut. Til i dag. Meir tilfeldig las eg litt her og der på ein nettside kalla Darko.Audio, og fekk ei grei forklaring: Det er Google sin måte å strøyma på. Eller på “nynorsk": A streaming solution. So veit me det. Og meir veit eg ikkje akkurat no. Er dette noko eg treng setja meg inn i? Javel, men ikkje i dag. Men det er greitt å ha oversynet. Flink kar, han der John Darko, som ser ut til å ha peiling på det meste. Til dømes snakkar han mykje om software i samband med dei digitale løysingane, og særskilt i samband med Android er dette utruleg forvirrande og utmattande. Me som nyttar Apple sine produkt treng heldigvis ikkje å bry oss so mykje om dette. Det er den store fordelen med Apple andsynes PCar og Samsungar og det som verre er, som kan føre til direkte livsfåre grunna brå blodtrykksauke og valdsame verbale eksplosjonar, etterfylgt av dundrande hovudpine og stygge utslett.      

Flytting

Jonatan, Stig Inge sin designar i Japan, skal for fyrste gong flytta inn i eige hus, og det er sjølvsagt eit storhende. Eg snakka med Stig Inge over FaceTime, og fekk og eit ord med den nybakte huseigaren. Eg gratulerte med kjøpet, og gav han i same slengen nokre velmeinte tips om innreiing og plassering av høgtalarane, noko som naturlegvis er viktig for slike som oss. Og noko forbausende, lytta dei ivrig og tolsamt til det eg sa. Truleg av di eg utsrålte eit viss mynde, sidan eg har flytta ein del sjølv, og snakkar av erfaring. Råda er enkle og sikkert innlysande: Gå rundt i (det framleis nakne) rommet og finn ut kvar det er naturleg å sitja. I kva ende av rommet trist du best? Eventuelt midt på langveggen, med utsyn tvers over rommet? Når dette er bestemt, plasserer du høgtalarane ved høgre eller venstre kortveggen, og møblerer der etter. Høgtalarane må ha fråstand til bakveggen, helst 1/3-del av lengda på rommet, minimum 1/5, i verste fall 1/7. Er rommet stort, kan du og ha høgtalarane på langveggen, slik at dei spelar tvers over rommet. Er rommet mindre er dette sjeldan å anbefale, sidan fråstanden mellom lyttar og høgtalar då vert stuttare enn naudsynt.  

I det siste har eg hatt best resultat med å plassera høgtalarane relativt nær kvarandre, peikande beint fram. Om du insisterer må du gjerne vinkla dei inn mot deg, men om du plasserer dei lengre frå kvarandre og i tillegg vinklar inn, oppstår nesten alltid eit “tomrom” i midten. Eg har endå til gode å høyra god lyd frå eit slikt oppsett, sjølv om det er mykje brukt. Då forsvinn den viktigaste dimensjonen av alle, nemleg atmosfæren, det at høgtalarane fyller rommet med levande lyd slik at du nesten kjenner at du er til stades under framføringa. Grunna ei lang og smal stove har eg berre godt  halvannan meter mellom høgtalarane, og det funkar ypperleg. 

Blad

I førre dagboka fortalde eg at eg har mengder av hifi-blad - og dobbelt opp av mange av dei, av di det er mange som ikkje vil kasta sine, og heller gjev dei vekk til meg. Eg ynskjer å selja billeg eller gje vekk dei eg har dobbelt av, men har ikkje høyrt eit knyst. Ikkje ein einaste henvendelse, ingen telefon (93 46 75 69). Besynderleg. Dette er blad av topp kvalitet, med testar og lærerike artiklar. At ingen nytter seg av dette tilbodet er både skuffande og merkeleg. Sjølv elskar eg å slappa av på sofaen med eit hifi-blad, og tek gjerne i mot fleire, sidan eg har lite frå 70-talet og endå mindre frå 60-talet. Frå 80-talet har eg plenty, og vil gjerne dele med andre dei eg har dobbelt av. Men om ingen melder seg, går det i papir-returen. Og det er både trist og unaudsynleg. No har eg gjort det enkelt for dykk: Telefon-nummeret står over. Eg svarar mellom 12 og 24 alle dagar. 

Ølspalten: Fyllesjuk

Apropos dundrande hovudpine: I førre ølspalten lova eg å skriva om korleis du kan unngå å verta fyllasjuk. Og for ein gongs skuld skal eg gjera som eg har lovt. Det er ingen problem å unngå fyllesjuke, om du veit kva du gjer og kjenner knepa. Men lat oss ta det litt gradvis: Sume drikk ein gang i året, på jolabordet eller den årlege festen i utlandet, og då drikk dei med begge hendene. Slike kan ingen berga: Dei drikk til dei spyr. Dagen etter er eit helvete, men det positive er at dei har gløymt det til neste gong. Dei fleste putlar og drikk litt i helgane, og veit å oppføra seg. Stundom kan det gå heftig føre seg, men om me fylgjer nokre enkle råd, klarar me oss. 

Dei vanlegaste råda kan alle: Eta litt (helst noko feitt og salt) før festen, undervegs og før du legg deg, og drikka vatn før du går til sengs. Ha alltid eit glas vatn på nattbordet, drikk av det når du er oppe for å lata vatnet. Det vert mykje springing og pissing, men du vaknar utan skallebank.

Her kjem dei verkeleg avanserte, men framleis enkle råda: Relativt ny forsking (for meg i alle fall)  syner at inntak av alkohol senker blodsukkeret, slik at det kan løna seg å drikka noko søtt undervegs (men ikkje so søtt at du spyr). Etter to-tre øl finn eg meg alltid eit glas saft eller brus. Pass på å drikka litt vatn eller saft undervegs mellom øla eller drinkane utetter kvelden, då er du i betre form og mindre dritings når du legg deg. Drikk noko søtt før du køyar, og hugs å ta med vassglasset til nattbordet. Slik kan du vakna relativt skadefri, sjølv etter monalege mengder alkohol. 

 

Dagen derpå

Dagen etter skal du, i tillegg til morgonkaffien eller tekoppen, drikka store mengder vatn, eller kva du no måtte føretrekkje. Når du har drukke deg utyrst, skal du drikka dobbelt so mykje. Ikkje gje deg før du pissar like mykje som kvelden i førevegen. Et gjerne store mengder egg og bacon, men ikkje gløym det søte. Drikk jus, saft eller brus. Damo kan få eta sjokolade utan at du må kjefta på ho. Eit siste knep passar for nokon av oss: Ein reparasjonsøl. Eller ein “återstellare”, som svenskane kallar han. Er eg i live dagen derpå, men litt uhiren, er ingenting som ein kald øl til frukost. Då er eg raskt i vater att, og vel so da. Men stogg der, om det ikkje er laurdag eller 17. mai. God betring.  

 

Lest 3112 ganger Sist redigert mandag, 28 september 2020 21:45
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler