Skriv ut denne siden
lørdag, 15 desember 2018 09:32

Julespesial - Stig Arne si dagbok for Desember 2018 Spesial

Skrevet av

Eg har testa mengder med jolaøl, og det ville vera synd å ikkje få dette ut i desember. Og eit par småting til. Resten må venta til neste år. 

Nad 3020 GT SS

Aldri ei Dagbok utan Nad 3020! Denne gong med ein forsmak på eksperiment eg har gjort i det siste. Det er forresten ingenting som heiter 3020 GT SS. Berre min. Eg har lenge hatt ein stabel med 3020, utan at eg nødvendigvis brukte dei. Eg tykte berre dei var fine og gode, og greie å ha i reserve. Men etter kvart oppdaga eg at Nad-ane ofte var lika gode som kva som helst, ofte betre, og brått var eg nadist. Eg brukar no stort sett berre desse, men sjølvsagt andre innimellom. Ein skal alltid veksla litt på utstyret for å samla erfaring. Men grunnen til at eg har gifta meg med ei brunette er at desse små brune har ein av dei finaste mellomtonane i forsterkarindustrien (på eit godt eksemplar, og gjerne forsiktig modifisert). Mellomtonen er akkurat passe lubben. Men at bassen er vekselvis smellfeit eller underernært er ei kjend sak, men vanskeleg å seie til ei dame. Dei er kjenslevare for slikt. Men noko må gjerast. 

For mange år sidan, ja mange, leverte eg difor min beste Nad, ein 3020A,  til reparatøren min i Bergen, Svein Ones, og drøfta problemet med han. Han lodda inn ei kraftigare diodebru, og lodda vekk kondensatorane i straumforsyninga (4x2200uF). I staden lodda han i leidningar, og strekte desse til utsida av apparatet, slik at eg kunne eksperimentera med andre og høgare verdiar, ved å lodda i slike sjølv, i enden av leidningane. Biletet vil nok forklara. Lat meg berre ta kortversjonen her: Eg starta med 2x3300uF (mikroFarad), som er litt mindre enn standard. So gjekk eg opp til 2x6800, og til slutt 2x10.000. Der har eg førebels stogga, men skal prøva endå høgare verdiar seinare. Resultat: 3300 spelar om lag som ein standard 3020. 6800 hjalp godt, mykje av fedmen forsvann, men eg kunne framleis tenkja meg betre kondisjon. Med 10.000uF skjer det eit like stort under som i jula. Brått er bassen stram som eit trommeskinn. Han går ikkje nødvendigvis djupare enn før, det er det jo elektronikken i forsterkaren, og høgtalarane, som bestemmer. Men når det skjer noko djupt nede i bassen vert dette pressa ut med stor kraft, der det tidlegare berre forsvann som mandelen i julegrauten. I pop og råkk skal stortrommene gjerne ha spenst og tyngd, og det har dei no. Gode innspelingar sprutar av spenst og presisjon, og eit trøkk eg aldri har opplevd frå ein 3020. Sjølvsagt kan ein 25-wattar framleis ikkje hamla opp med ein god 100-wattar, men forbedringa i høve til ein standard 3020 er likevel formidabel. At eg ikkje har gjort dette før! Men meir seinare. Dette var berre ein forsmak. I tilfelle du lurte, står GT for Gran Turismo, som normalt (på rumpa av ein sportsleg bil), men SS står for Stig Skilbrei, ikkje SuperSport. No over til jolaøl

 

 

Ølspalten

Jolaøl klasse F (tidlegare klasse 3) var til sals på Vinmonopolet alt i november, lenge for butikkølet. Og det er jo polølet som er det eigentlege jolaølet. Sterkt og godt. Butikk-jolaølet er ofte utvatna poløl, diverre. Ja, du las rett, produsenten vatnar ut ølet til det er nede i 4,7%. Som er det sterkaste butikkane har lov til å selja. 

Her er ein gjennomgang av juleøla frå dei store produsentene: Som vestlendingar prøver me ofte Hansa fyrst, og dette er godt i år. Balansert. Voss Bryggeri fell i særskilt god smak i panelet. Dette mikrobryggeriet på Norheim i Voss minner om heimabrygg, og skil seg ut frå resten. MÅ prøvast. Ringnes 6.5% var maltdrive og godt. Harmonisk. Ringnes 9% likar eg alltid, han er sterk, kraftig og smaksrik, men nokre i panelet, han Lars for å henga bjølla på rett ku, tykte han var ubalansert og for sterkt prega av høg alkoholprosent. Mack var i fylgje panelet passeleg godt, og som vanleg prega av brent malt, som gjev litt “kaffismak”. Bryggerhuset var kraftig med masse smak, nydeleg, bitter humle. Lars er framleis litt gretten etter 9% Ringnes, men tør opp til 6,5% Borg. Godt likt, med god samanheng mellom malt og humle. CB var litt nøytral og flat, nesten vassen, men kom seg når han vart lunknare. Aass 6,5% var søt og balansert slik ein tradisjonell jolaøl skal vera. Godt likt av panelet. Det var også Aass 9%. Definitivt ein av dei beste.  

Av utanlandske øl har me freista Krampus frå Italia, kraftig smak og lukt, vinøs, svært fruktig, likevel balansert. Svært god. 7Fjell, Bergen: Ein tanke meir norsk enn italieneren, ikkje fullt so kraftig men svært god. Nøgne Ø, Julequad (også norsk, beklagar rotet) var supersøt, nesten som ein dessert, med smak av fiken og sviske. Nydeleg, men du drikk ikkje mange av han i slengen. Eg har og ei tomflaske av Samuel Smith´s “Winter Ale Welcome”, men denne kjøper du på eige ansvar, for notatet er borte. 

Stig Arne si dagbok ynskjer deg ei retteleg god jol og eit godt nytt år.   

 

Lest 4995 ganger Sist redigert lørdag, 15 desember 2018 10:58
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler