Skriv ut denne siden
mandag, 24 september 2018 17:07

Teac CD-P3450 Compact Disc Player – Stig Arne si dagbok juni 2018 Spesial

Skrevet av

I denne dagboka skulle eg eigentleg skriva del 2 av “99% av alle høgtalarar er feilkonstruerte". Men eg treng litt meir tid. Lat meg difor ta eit kvileskjer med å skriva om noko heilt anna, men ikkje mindre interessant, eigentleg.

Kvifor all verda skriva om ein billeg 90-tals CD-spelar, som ikkje hadde vunne ein gruppetest om du hadde betalt like mykje som til Stormy Daniels?

Av di det er mykje å læra av å koma seg ned på jorda.  

 

Skulle reparera

Som den idioten eg er, tek eg ofte på meg oppdrag som eg ikkje burde. For mange år sidan, eg gjentek mange, tok eg på meg å sjå på ein CD-spelar frå ein kollega, som ikkje virka lenger. Altso CD-spelaren. Ho trudde ein av barnebarna hadde fått noko mat inni plateskuffa. 

Eg er ikkje sikker på om eg nokonsinne prøvde spelaren, eller berre leverte han vidare til reparatøren. Men denne reparatøren fekk seg brått jobb austante, altså på austlandet, og fekk stendig mindre tid til å reparera. Eg hadde gløymt både spelaren, og mykje anna, før han brått ringde her ein dag. Eg har ikkje snakka med han på årevis. “Kan du koma og henta utstyret ditt?” seier han. “Eg skal flytta, og må rydda." Eg seier sjølvsagt ja, og avtalar tid. Vel framme syner han meg ut på altanen, medan dottera koker kaffi til oss. “Her”, seier han, og eg får nesten sjokk. Fem flyttekartongar med hifi. Eg hadde ingen aning om at eg hadde levert so mykje. Eg spør om han har reparert det. “Eg er ikkje sikker, det er best du sjekkar”, seier han. Det brukar han uansett å seia. Vel heime tenkjer eg at her er det berre ein ting å gjera, nemleg å sjekka eit apparat i slengen, og tek med meg eit tilfeldig apparat. Som syner seg å vera ein Teac CD-spelar, med lapp “Kollega. Mat i luka?” Eg må le, for eg hugsar historia. Ok, me lyt sjekka, so eg tek med meg spelaren inn på kjøkkenbenken, for der er det best lys, og skrur av dekselet. Med lesebriller og hovudlykt leitar eg etter mat. Eg vert svoltne på tanken. Men det einaste eg finn er eit hår, med litt støv på, som eg får tak i med ei nebbtang og fjernar. Uansett ikkje mykje å verta mett på. Etter ein grundig “visuell inspeksjon” finn eg ingen spor etter heftige barneselskap; bles vekk eventuelt støv og monterer dekselet att. Etter ivrig trykking går skuffen endeleg ut og inn, ein fastkilt CD vert lirka ut, og det er på tide å kopla opp spelaren til stereoanlegget. Han spelar utan hikke, og eg skryt meg sjølv opp i skyene. Men det kan jo godt henda at det er reparatøren min som har fiksa han. 

 

 

Må levera

Eg kunne jo berre halda kjeft, og selt spelaren til den fyrste og beste som spurde, for nokre hundrelapper. Eigaren har garantert avskrive spelaren for lengst og kjøpt ny, eller gått over til Spotify. Men eg er ikkje slik. Eigaren skal ringast. Men fyrst vil eg testa spelaren. Elles har eg jo ikkje lært noko. Den einaste seriøse måten å testa på er eigentleg blindtest, og so ofte eg kan arrangerer eg blindtest i tillegg til mine eigne “solo” testar i djup einsemd og konsentrasjon. Men eg gidd ikkje arrangera blindtest for ein slik gamal dritt, og byrja berre å lytta. Teacen fyrst, og “referansen” etterpå. Eg reagerer på at lyden er noko flat og grå, men held ut, og spelar kutt etter kutt. Eg er litt nervøs, for det er ikkje nødvendigvis enkelt å samanlikna CD-spelarar. For CD-mediet er jo perfekt, ikkje sant? Og det er vel faktisk slik at mange CD-spelarar spelar ganske likt, om du ser stort på det. Kor ligg skilnadane? Neppe i transporten, for om for om bit-ane kjem fram, kjem dei fram. Her er det anten eller. Men det kan sjølvsagt ligga skilnader i DAC-ane, og i line-trinnet. Etter kvart som fyrste øla byrjar å verka, klarar eg å konsentrera meg, og blokkera ut verda ikring. På kutt 8 verkar det som om spelaren brått vaknar og opnar opp, noko som muligens ikkje er unaturlig, sidan han ikkje har vore spelt på på årevis. Eg spelar ut plata, og spelar til og med om att ein del kutt, for å dobbeltsjekka. (Plata er “enough of that jazz”, med Jan Magne Førde, ei fantastisk innspeling, frå Norsk Plateproduksjon i 1996). 

 

 

Revox B 266 The Signature

So er det berre å flytta signalkablane og CD-plata ned til spelaren under, og spela vidare. Eg hadde etter kvart vent meg til lyden frå Teacen, øyret/hjernekombinasjonen har ein tendens til å venja seg til det fyrste som vert spelt, difor kom den nye lyden som eit sjokk. So utruleg mykje var borte at det var nesten slik at eg lengta attende til Teacen. Men det som var vekke var berre tåka, og det var ganske dramatisk no å koma direkte på musikarane. Frå begge spelarane høyrer du tydeleg musikken, det er eigentleg ikkje noko som manglar frå Teacen, men Revoxen er heilt utan slør. Heilt rein. Skilnaden er dramatisk, trass i likskapane. Ytre sett  spelar begge ganske likt, og ein vanleg brukar med kjerring og ungar og høgtalarane kloss i bakveggen hadde kanhende ikkje eingong høyrt skilnad. Men for ein audiofil med høgtalarane 3 meter frå bakvegg og ein rimeleg god forsterkar er overgangen heller dramatisk. Det tok berre sekundar å høyra skilnaden, men eg tvinga meg uansett til å spela gjennom heile plata, sjølv om øl nummer to byrja å verka sterkare enn ho burde. For om ein “test” skal vera seriøs skal begge apparata spela like mykje. Sjølvsagt burde testen ha halde fram dagen etter, og då i motsett rekkefylgje, men det er grenser for kor mykje tid eg gidd å spandera på ein gamal CD-spelar. Men det var nyttig. Du set større pris på utstyret ditt om du med jamne mellomrom samanliknar med noko ringare. No er eg spent på om eigaren vil ha spelaren attende. Om ikkje har eg ein pent brukt damekøyrt CD-spelar rimeleg til sals. 

 

Ølspalten

Eg hoppa over ølspalten sist gong, eg var so oppslukt av hovudteksten at eg ville lata han stå åleine. Dessuten var han ganske lang. Lat meg seia noko om glas denne gongen. Dei fleste gjev no meir eller mindre blaffen i kva glas dei drikk av, men om dei prøver å oppføra seg, eller får besøk, set dei ikkje fram mjølkeglas til raudvinen. 

Alle har vel høyrt at det spelar ei rolle kva fasong dei ulike glasa har, alt etter kva som skal drikkast. Men den fyrste gongen eg erfarte dette var litt uventa. Eg drakk jamnleg vatn av eit kvitvinsglas med klokke på jobben, for då blanda eg ikkje med kollegane. Det smakte fortreffelig, for me har jo godt vatn her til lands. Ein dag fann eg ikkje att dette glaset i farta, og drakk av eit vanleg “mjelkeglas”. Det smakte frykteleg. Eg reagerte, og lurte på om det var noko i vegen med vatnet. Det var det ikkje. Det var noko i vegen med glaset. Klokkefasongen, eller rosefasongen, som snevrar glaset inn øvst oppe, konsentrerer og forsterkar smaken av godt, friskt vatn. Eg har aldri trudd at eg skulle legga so godt merke til det. Det er kan hende ingen dramatisk skilnad, men han er der. 

Eg har drukke ein del øl som eg og ein kamerat har laga saman, sånn i full fart. Det vert jo billegare enn å drikka kjøpeøl heile tida. Noko av det har vore ok, men ein del av det har hatt ein “bismak”, sjølv om det visstnok minkar på biebestanden i verda. Eg har likevel tvinga det i meg, som den gjerrigknarken eg er. Men ein kveld var alle ølglasa i oppvasken, so eg fann eit stort mjølkeglas med rette veggar i staden. Det reduserte bismaken. Pussig, tenkte eg. Men det var ingen tvil: klokkeglasa framheva ølsmaken, inklusive bismaken, noko mjølkeglaset ikkje gjorde. Kraftige øl og heimabrygg kan du med fordel drikka or vanlege mjølkeglas, men pils og øl med lite smak bør definitivt serverast i innsnevra glas, med eller uten stett, for å framheva smakane. Elles smakar det ingenting. Skål.    

  

Lest 6821 ganger Sist redigert mandag, 24 september 2018 17:28
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler