fredag, 06 november 2015 06:39

ENDELEG - Stig Arne si dagbok november 2015

Skrevet av

 

Endeleg, endeleg, endeleg! Eg har fått tid til å setja meg bak datamaskina att, og skriva ei oppdatering.

 

 

 

 

 

Me (heile audiophile) var til dømes på Hortenmessa. Sjå eige avsnitt. Var eg ikkje på High End i Munchen og i vår? Så har eg vore på ei mengd konsertar som vanleg, seinast Osafestivalen på Voss, som var samstundes med at Stig Inge Bjørge vitja meg frå Japan (Han som driva Lyra). Me åt, drakk og gjekk på konsertar heile helga, og eg var heilt utsliten då han reiste. Men ikkje han, han reiste rett vidare til neste “evenemang”, analogmessa i Krefeld i Tyskland. Han kom til meg rett frå jubileet til Oslo Hi Fi Center.

Om du er ven med han på “fjesbokji”, som me seier her i høgborgi til Per Sivle, vil du finna bilete han har teke frå både her og der. I tillegg er mykje i stereoanlegget mitt nytt, eller i alle fall til utprøving, det må me og snakka om. Og ikkje minst: Eg har byrja å arrangera blindtestar. Det er kanhende det mest interessante eg har gjort i heile mi audiofile “karriere". Eigen artikkel vil fylgja. Eg har dessutan vitja skribentkollega Arve eit par gonger utan å nemne det, og det same gjeld redaktøren, så eg har mykje lytting å fortelja om. Det kjem. 

 

 

KLOKKER 

Men lat meg byrja med ei artig historie. Stig Inge tok i vår på seg å stilla med eit eigna stereoanlegg for demonstrasjon av ei særs teknisk avansert klokke, slike som vert nytta i alt frå CD-spelarar til romfart. Verksemda det er tale om lagar slike klokker, og ville demonstrera kor mykje betre desse var (og let) enn “vanlege” (og rimelege) klokker. Stig Inge kopla opp eit anlegg hjå ein hifi-kompis (Pieter) med eit stort og godt lytterom, slik at dei kunne semjast om eit eigna anlegg/ein god kombinasjon av forforsterkar, effektforsterkar og høgtalarar for denne demonstrasjonen. Brått gjekk den eine monoforsterkaren opp i røyk, og “lyttepanelet” såg seg litt rådville om i rommet etter ein rask erstatning. Stig Inge fann ein lettare trimma Nad 3020 som dei har lånt av meg. Denne vart kopla opp (som effektforsterkar), og lydarane var nøgde med resultatet. 

Stig Inge reiste til demonstrasjonen med ein Conrad Johnson PV 10 forforsterkar (modifisert av RHB Sound Dezign) og min Nad 3020 som effekt. Vel oppkopla kom det ingen relevante lydar ut av Conraden, så Stig Inge såg ingen annan utveg enn å nytta min Nad 3020 som integrert forsterkar.  Ingen av dei høge herrane i dress og slips ante kva som spelte, men alle var samde om at det hadde vore ein vellukka demonstrasjon. Eg har ledd godt av dette mange gonger. Av alle anlegg som Stig Inge, og kompisen hans, Pieter, hadde til rådvelde (og det er ikkje lite!), var det min 30 år gamle Nad 3020 som i praksis vart redninga. For moro skuld kan eg leggja til at eg har ein bra stabel med 3020, og ingen av dei har gått i stykker utan at eg har gjort det sjølv. Dei er forbausande robuste apparat, desse. Dei har berre ein svakheit, men det kjem eg attende til når eg skriv om - nettopp Nad 3020.

PS. Stig Inge har gjeve meg løyve til å fortelja attende denne historia, men ein del namn måtte naturlegvis utelatast. Eg HAR bilete av styresalen til verksemda på mobilen, som Stig Inge tok i all hemmelegheit, men eg har ikkje peiling på korleis dette kan overførast til Mac-en, så det får vente. 

 

 

DEMPEFØTER

Eg har fått låne 4 dempeføter, meir eller mindre mot min vilje. Dei vart berre attletne her. Og då må dei jo prøvast ut. Lånaren har nytta føtene mellom to komponentar, og let vel over resultatet. I mitt tilfelle står føtene mellom ein tuner og ein Conrad Johnson PV 10 forforsterkar. Eg har prøvd ut føtene, kan hende ikkje veldig grundig, men nok til at eg ikkje kan rapportera om same suksess som lånaren. Føtene er ein prototype, og eg vil difor ikkje røpa produsenten, men eg tykkjer utprøvinga var såpass interesann at eg vil skriva om det. Moralen er litt sånn: - kva skal du med dempeføter dersom du ikkje treng dempeføter? Eg tykkjer at ein sunn dose skepsis mot dippedutt-hysteriet er på sin plass. Og i alle fall viss dingsane er dyre, og effektane dårleg forklart eller dårleg dokumentert. Eg har prøvd meg med litt grunnleggjande logisk tenking: Kva gjer eigentleg eit sett dempeføter? Eg tenkjer tre ting:

  1. skapar større avstand mellom komponenta. 
  2. gjev demping (?)
  3. tilfører andre positive eller negative element?

Punkt ein er viktig, og noko ein kan hende ikkje tenkjer over: Føtene lyfter som regel komponenten over litt opp, og dette har eg god erfaring med. Ein skulle tru at dette minkar påverknaden mellom komponenta, elektromagnetisk stråling og denslags, og ikkje minst utstråling frå transformatorar. Eg høyrer og at DAC-en min strålar ut støy, så all fråstand mellom komponenta er etter mi meining av det gode. Det var faktisk mogeleg å høyra ein mindre hard og meir atmosfærisk lyd med dempeføtene på plass. Erfaringa mi er at dette fyrst og framst skuldast fråstanden. 

Under punkt to sviktar dempeføtene i dette tilfellet. Eg har kjent og klemt på føtene. Dei er ganske harde, og fjøyrer dårleg. Eg trur dei er tenkt å stå under ei tyngre vekt, som t.d. høgtalarar. Lånaren stadfester delvis dette, og opplyser at ein mindre variant (med meir demping?) er på veg. 

Under punkt 3 sviktar det og. Undersida og oversida av føtene, som liknar ein puck, er av ein slags litt hard filt, som gjer at føtene glir mot underlaget, og mot komponenten over. Dette gjer at forforsterkaren rett og slett ikkje står stødig, og fører med seg ein noko grå lyd med dårleg fundament i bassen. Det verkar som om mykje av bassen og spensten i bassen er borte. Eg trudde ei stund at det var høgtalarane som var “dårlege i bassen”, men det synte seg heldigvis ikkje å stemma; oppdaga eg seinare. Endå eit punkt talar i mot at desse føtene er eigna mellom forsterkarkomponent: Ein del av det dempande elementet er visstnok magnetar som støyter mot kvarandre. Eg har ingen gode erfaringar med magnetar eller magnetisk materiale i nærleiken av kjenslevar elektronikk, så dette er hovudgrunnen til at eg IKKJE vil nytta slike føter mellom komponenta mine. Dette kan og vera årsaka til det eg oppfattar som ein litt grå lyd, og stadfester mistanken om at desse føtene berre er eigna under tunge høgtalarar eller høgtalarføter. Der kan det hende dei passar godt, for konstruktøren er trass i alt ingeniør med mekanikk og resonansar som spesialfelt. 

Eg dobbeltsjekka resultatet med å fjerna og installera føtene fleire gonger, naturlegvis, og med å prøva nokre heilt andre føter i staden, denne gongen relativt mjuke halvkular i eit gummi-liknande materiale (sorbotan?) frå Audioquest. Med desse sto forforsterkaren stødig, og fekk noko demping, noko som tydeleg gjorde forforsterkaren godt, kan hende særskilt av di dette er ein røyrforsterkar, slik at røyra får optimal stønad og demping. Lyden vart etter mi meining tydeleg betre med dette, bassen kom attende med tyngd og spenst, og lydbiletet fekk atter klårleik og glans. Det høyrer med til historia at eg også arrangerte ein blindtest, med ein røynd lyttar i panelet. Han vart orientert om at dette var ein test med og utan dempeføter, men visste ikkje i kva lytterunde føtene var til stades. Han høyrde faktisk skilnad, men meinte at denne var liten, og av ein beskjeden karakter samanlikna med å prøva ut to heilt ulike komponent (slik me har gjort fleire gonger). Han var og litt i villreide om kva han meinte var “best”. Eg deler fullt ut synspunkta hans, og vil i framtida nytta sorbotanføtene frå Audioquest eller tilsvarande, eller ingenting. 

 

 

Lest 6744 ganger Sist redigert lørdag, 21 desember 2019 09:19
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler