onsdag, 31 desember 2003 23:00

REGA P 9 + ORTOFON KONTRAPUNKT A

Skrevet av

Rega er ein av dei mest utbreidde platespelarmerka i landet vårt. Dei superenkle og snusfornuftige spelarane har vore importert fyrst av gamle Audioscan, deretter av hifiklubben, og no av Mono. Med unntak av den aller fyrste med den ”rare”, tredelte platetallerkenen, har det stort sett vore to enkle utgåver på marknaden som du skulle vere god for å høyre skilnad på. I hovudsak var det berre ein litt betre arm som skilte dei. No kjem Rega med eit flaggskip til ein pris på 40 000.

 

onsdag, 30 november 2005 23:00

RIAA-forsterkarar – nødvendig del av vinylriggen

Skrevet av

Spelar du vinyl, kjem du ikkje utanom ein riia korreksjonsforsterkar. No utstyrast svært få forsterkarar med sånt som standard, for det kostar nokre kroner, og det er slett ikkje alle som har bruk for vinylavspeling, slik som før. Arve har lova ein artikkel om nokre separate platespelar-forsterkarar, såkalla riaa-trinn.
Her er omtalale av fleire av dei mest populære riaa-forsterkarane for tida.

 

fredag, 31 august 2007 23:00

SME-arm-duell

Vår gjesteskribent Rudi, kjent frå nettstadar som Hifisentralen og Alternativaudio, er sterkt opptatt av vinyllyden, og engasjerer seg i eit systematisk arbeid med å finne ut i kva grad dei ulike faktorane i vinylriggen verkar inn på totalresultatet. Her har han gjort direkte samanlikning mellom to av SME sine pickuparmar; toppmodellen SME V, og den SME 309 til om lag halve prisen....

 

onsdag, 31 desember 2003 23:00

Steinalder-pickupar????

Skrevet av

På hifisentralen går det føre seg mange meir eller mindre seriøse debattar. Ein av dei hissigaste debattantane er Kjell Bertheussen. Han har lenge irritert Arve med bastante og sære meiningar om ting som verkar håplause. Eit døme er påstandane hans om at verdas beste pickup er Shure frå tidleg 70-tal, pickupar som ikkje har vore i produksjon sidan 1976, og som etter all logikk burde vere distanserte i det store utviklingsarbeidet som er lagt i moderne pickup-konstruksjonar.

 

tirsdag, 03 mai 2005 23:00

Technics SL 1200 GLD

Skrevet av

For nesten 30 år sidan, då eg fekk interessa for hifi, var Technics den definitivt største produsenten av platespelarar. Dei hadde drøssevis av modellar, heilt frå billege, reimdrivne opp til den fantastiske SL 1000. Technics var tidleg ute med direktedrift, og var lenge best på dette, Alle seriøse modellar derifrå var med å definere kva som var ein god platespelar.
Til discobruk har SL 1200 vore referanen i 30 år, og har levert gullfarga jubileumsmodell. Kan denne brukast til seriøs hifi?

søndag, 09 januar 2005 23:00

Thorens TD 240 mk II og Ortofon 50 mk II

Skrevet av

Det finnest så mange typar vinylrigg. Om du er lite lysten på å kjøpe brukt, og heller ikkje er spesielt gira på dei fysisk store, prangande og dyre moderne referansespelarane, lagar verdas eldste platespelarprodusent igjen enkle, greie, lydleg gode, og ikkje minst designmessig vakre spelarar til godt akseptable prisar.

onsdag, 31 desember 2003 23:00

VPI /JPW memorial 9

Skrevet av

Denne riggen har mange likskapar med Nottingham Spacedeck. Men aspirasjonsnivået er noko ulikt. Dette er VPI sin billegmodell. VPI har dyrare og grovare platespelarmodellar, og JPW finnest også i ein lengre, dyrare og meir presis arm, så eigentleg er dette den rimelegaste modellen frå denne produsenten. Så kva skal ein seie til ein småspelar til nesten 20 000?

 

Side 7 av 7