Høgttalarane sto eit bra stykke frå bakvegg, peikande rett fram, og spelte noko klassisk musikk som eg ikkje kjenner, og Keith Jarrett live. Det var kjekt å høyre kor godt han har lukkast. Lydbiletet var verkeleg djupt, med fiolinrekkja laaangt bak, og med verkeleg atmosfære kring live-opptaket til Keith Jarret. Og alt dette med ein heilt standard Sony XA5400SA CD-spelar, og ein relativt enkel og liten integrert forsterkar; Kora explorer 90, med rør i forforsterkardelen, og 60 W transistorert effekt-del. Kablane var av eigen produksjon, naturlegvis.
Høgttalarane var Usher Dancer Mini S-1, og Roald var ikkje den einaste som demonstrerte med Usher. Dei er tydelegvis populære, og, etter kva me kunne konstatera, vellydande. Detter er ein ny modell til kr 29995,- pr. par. Dei er golvståande to-vegs.Elles hadde Roald med seg forsterkarar frå sitt nye agentur NuForce, med masse spennande elektronikk. Det vart ikkje tid til å fordjupe seg i desse, men den interesserte kan ta kontakt med Renaissance Audio, eller ta ein kik på www.nuforce.com