mandag, 12 august 2013 20:42

Frå dagboka: Nad Monitor Series 3100

Skrevet av

I mange år hadde eg ein separat forforsterkar og ein kostbar, hifi-riktig effektforsterkar i monsterklassen. Ein tilfeldig samanlikning med ein komponent til ein brøkdel av prisen skulle endra dette.

Les meir:

Prøv dette heime

I førre avsnitt av Dagboka skreiv eg om nye komponent som har endra synet mitt på hi-fi ganske radikalt. Eg avslører vel at det eigentleg dreier seg om ein radio. Til og med ein gamal radio. Og fleire skal koma. Denne gongen skal eg fortelja om kva som leidde fram til dette.

 

Eg nytta lenge ein for-forsterkar frå engelske QED, kalla Vector. Denne er spesiell ved at du frå fjernkontrollen kan endra frå passiv til aktiv drift. Dette har vore lærerikt, sidan du med eit tastetrykk frå godstolen kan vurdere fordeler og ulemper ved desse alternativa. Effektforsterkaren var Electrocompaniet EC 250R. Eg var lenge relativt nøgd med denne forsterkarkombinasjonen, men no sat eg og såg på ein gamal Nad-forsterkar, modell 3100. Historia er slik at eg og korrekturlesaren min kjøpte denne brukt, til dotter hans, den dagen ho flytta på hybel for å byrja å studera. Då ho kom heim att, var forsterkaren overflødig, og eg vart spurt om eg ville kjøpa han attende. Prisen var svært rimeleg, sidan volumkontrollen, som var limt fast med superlim, hadde knekt av endå ei gong. Eg slo til, limte volumkontrollen fast på ny, og plasserte forsterkaren i ein krok, klar for vidaresal, eller kva det no var eg bestemte meg for.

Ein kveld eg ikkje hadde noko betre å gjera, eller rettare, ikkje gadd å gjera noko, tenkte eg at eg måtte prøva denne gamle Nad-en. Om nokon ein annan gong skulle koma til å spørja meg om eg hadde prøvd ein Nad 3100, skulle ikkje eg vera den så sa –nei, det har eg diverre ikkje. Eg skulle seia –naturlegvis, med ei mykjeseiande mine, medan utspørjaren såg forventningsfullt på meg, undrande på kva eg meinte om denne.

Og det skal eg fortelja om no. Det fyrste som slo meg var endringane i mellomtonen. Denne var varmare, på ein måte meir naturleg, og lenger bak i lydbiletet. Euforisk farging av lydbiletet, tenkte eg fyrst, men fekk ikkje frå meg at eg faktisk likte denne lyden. Eg bestemte meg for å ta samanlikninga alvorleg, uansett skilnadane i pris og teknologi. Etter ein del skifting fram og attende, gjekk sanninga opp for meg: dette var den lyden eg ville ha. Korrekt eller ikkje, dette høyrdest meir naturleg ut, og eg var 99% viss på at denne lyden låg mykje tettare opp til det eg opplever på konsert. Når eg ein siste gong gjekk attende til det gamle settet, berre for å dobbeltsjekka, var kontrasten grell. Lyden opplevdest som kald, hard og umusikalsk. Slik ville eg absolutt ikkje ha det.

Seinare utprøving synte at for-forsterkaren (QED) spelte svært godt i passiv drift, utan forsterking (ingen forsterking, ingen forvrenging). Men sidan dette også har ulemper, har eg vanlegvis nytta aktiv drift, med kring 5 dB forsterkning. Dette gjev betre dynamikk og mindre diskanttap, men forsterking er lik forvrenging. Denne tok form av  ein litt gråare, hardare og meir klinisk lyd, noko eg tidlegare ikkje har lagt godt nok merke til. Det var heller ingen særskilt kostbar IC (op-amp) som var nytta til forsterkinga. Ilodding av ein betre IC er under planlegging.

Etter dette prøvde eg ut ulike for-forsterkarar, deriblant fleire frå Nad, sidan desse både er rimelege og vanlege som kuskit, og fann særskilt Nad 106 som ein rimeleg, nøytral og påliteleg arbeidshest. Eg prøvde også eit svært, svært dyrt forsterkarsett, kor effektforsterkarane var veldig gode, medan for-forsterkaren var forbausande – eh – uinterressann, for å vera høfleg. Men sidan prisen på dette settet var hinsides,  var vidare utprøving berre av akademisk interesse. Det var også ei grei påminning om at pris ikkje alltid er avgjerande for lydkvaliteten.

Effektforsterkaren (EC 250R) er heller ikkje dårleg, naturlegvis, men krev lang oppvarming, og mange parallellkopla utgangstransistorar gjev utruleg kraft i den djupaste bassen, men rot i øvre bass. Dette øydelegg rytmen og presisjonen i musikken. Dessutan gjorde relativt hard motkopling til at lyden vart noko transistoraktig grå, og lite innsmigrande. (Den varianten av EC 250 som i dag vert produsert på Tau er ikkje naudsynlegvis identisk med den forsterkaren eg her har skildra).

Spørsmålet her er ikkje kva komponent som er ”best”, eller god eller dårleg. Best kan vera så mangt, alt etter kva ein er ute etter. Poenget er at den eine av komponentane hadde, på eit avgrensa men for meg viktig område, akkurat dei eigenskapane eg er ute etter: Ein etter mi meining riktigare mellomtone. Andre må gjerne velja annleis.

Uansett resulterte denne tilfeldige samanlikninga til ny erkjenning, og til eit enklare, rimelegare og etter mi meining meir musikalsk anlegg. Kall det gjerne ei nedgradering, men musikalsk kallar eg det ei oppgradering.

Dette er ikkje fyrste gongen eg opplever at ein rimeleg og enkel komponent kan låte betre enn ein dyrare, og dette er eit emne me skal koma attende til. Opplevinga markerte, for meg, starten på ei utvikling bort frå tradisjonell hifi, slik ein audiofil typisk nok definerer han. Eg vil naturlegvis ikkje slutta å prøva ut tradisjonell hi-fi eller high-end, men akkurat no klarar eg meg fint utan. Også effektforsterkaren vart selt, og i dag nyttar eg andre ting att. Men meir om det neste gong.

 

Lest 10405 ganger
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.