mandag, 31 august 2009 23:00

Tandberg Huldra 12: Gamalt – men godt?

Tandberg Huldra 12: Har denne gamle radioen frå Tandberg noko med hi-fi å gjera?

Av Stig Arne Skilbrei
Oktober 2009

Eg tek vare på ein Huldra 12 for ein kamerat. Han er på ingen måte Tandbergsamlar, heller ingen typisk nostalgikar, men familien hadde ein slik når han vaks opp, og då sjansen baud seg, bytte han til seg denne radioen frå Tandberg si glanstid.

Eg tenkte ein kveld at når eg først hadde radioen her, var det dumt å ikkje prøva han. Slik er denne hobbyen for meg i alle fall: Eg elskar å prøva ut alle former for hi-fi, dyrt eller billeg, nytt eller gamalt. Det er mykje å læra med dette. Eg har fått meg eit par overraskingar! Dessutan har det jo vore ein del snakk om Tandberg dei siste åra, kan hende takka vera diverse nettforum og ein viss Kjell B. Det er lett å verta smitta, eg må innrømma at eg faktisk sjølv har skaffa meg eit par Tandberg-apparat, når eg kom over nokre halvpene eksemplar for ein rimeleg pris. Rett og slett for å prøva dei ut! Det vil koma fram etter kvart: eg er bitt av basillen.

Det er litt av eit apparat dette. Eg vert forbausa når eg ser at radioen faktisk er breiare enn min Tandberg TR 2060 (som jo er eit nyare og kraftigare apparat), og har fleire knappar på fronten! Tandberg meinte tydelegvis alvor med Huldra 12, som var det siste apparatet som bar Huldra-namnet. Huldra 12 eksisterte samstundes med Sølvsuper 12 og dei nye receivarane i 2000-serien med gul skrift på svart skala, som var det siste Tandberg laga før dei gjekk konkurs i 1979 (om me ser bort frå 3000-serien, som var ei samling med separate komponent som var heilt annleis enn dei gamle radioane/receivarane). På denne tida var ein gått over til å kalla radioar for receivarar, som typisk nok var breiare og lågare enn dei gamle radiokabinetta i tre på alle sider, som brått såg gamaldagse ut i samanlikning. I nokre år dominerte receiveren stereoanlegget, før separate komponent tok over.



Dei ekstra knappane er i samband med radioen, som har både FM, mellombylgje, langbylgje og kortbylgje, mot 2060, som berre har FM og langbylgje. Baksida av radioen har same tilkoplingsmogelegheiter som 2060, men ser annleis ut, sidan 2060 har kjølefinnene stikkande ut på baksida pga. større effekt, medan Huldra 12 er glatt. Du kan kopla til platespelar og to bandopptakarar, som det står, men du kan like godt kople til ein CD-spelar og ein MP3-spelar. Kontaktane er av den gamaldagse DIN-typen, dvs. dei gamle litt store runde kontaktane med 5 pinnar. Men det er ingen grunn til å fortvile over dette, det er berre å kjøpa eit par overgangar frå phono til DIN. Dei får du i alle hifi-butikkar og radio-verkstader. For informasjon om alle Tandberg-apparat, sjekk heimesida til Norsk Radiohistorisk Forening (nrhf.no) og Tandberg Radio Shop, kor du også kan studera krinsskjema gratis.

Lyd
I den augneblinken du har fått kjøpt inn slike overgangar og kopla til det du vil, funkar apparatet akkurat som ein moderne radio eller forsterkar. Huldra 12 er jo fyrst og fremst ein radio, men eg ville prøva ut kor god han var som forsterkar, kopla opp til ein god CD-spelar. Og eg vart ikkje skuffa. Forsterkaren har god perspektivisk djupne, ein detaljert lyd,  og gode tonale kvalitetar, dvs. han er korkje ljos eller mørk i klangen, men så nær nøytral det er råd å koma. Han har heller ikkje noko problem med å driva mine heilt vanlege golvståande høgttalarar av normal følsomheit, i motsetnad til den eldre Huldra 10, som har lågare effekt.  Eg las på ein streng at Kjell B. meiner Huldra 10 lydleg sett er endå betre enn Huldra 12, om du berre har tilstekkeleg effektive høgttalarar. Det kan godt vera rett, men Huldra 10 (som eg også har prøvd) var ikkje i stand til å driva høgttalarane mine utan å streva. Resultatet var ein heller udynamisk flat og grå lyd, som er typisk når straumforsyninga ikkje strekk til. (Hovudårsaken til at eg kjøpte ein Huldra 10, er at forforsterkardelen i denne skal vera særskilt god, slik at det kan vera aktuelt å nytta han som ein rein forforsterkar.  Men dette har eg ikkje rukke å prøva ut enno).

Effekten er oppgjeven til 32 Watt, og dette skulle vera tilstrekkeleg til normal bruk, men det er likevel tydeleg at forsterkaren er litt ”liten” når det går hardt for seg, når du skrur litt opp og mange instrument kjempar om merksemda. Då klarar han ikkje heilt å henge med, lyden vert litt pressa, og vert då litt kvit/anstrengt. Men det kan godt henda at dette kan betra seg når du har gått over apparatet med rensespray, eller rett og slett har skifta ut dei mange kontaktane inni apparatet til fordel for lodding av leidningane direkte til printet. Hugs at me snakkar om gamle apparat, og det er ikkje alltid sikkert at dei er i optimal stand. Lytteresultatet må vurderast deretter. Men om du ikkje pressar han, spelar han fint! Sjå også om forbetringar og modifikasjonar lenger ned i teksten. Ver klar over at Huldra 12 også finst i ei utgåve med 60 Watts forsterkar, tilsvarande receiveren 2060. Då byrjar det verkeleg å verte interessant, denne receiveren er etter mi meining eit funn, og den skal me kome attende til. Effektdelen i standardutgåva av Huldra 12 ser ut til å vera identisk med receiveren 2030, som er den minste i serien. Han veg 8,7 kg og kosta 4500 kroner. Bruktprisane i dag kan variera frå eit par tusen for eit passe pent eksemplar til kring 4000 for eit pent. Mellom Huldra 10 og Huldra 12 finst også Huldra 11, som er ganske lik Huldra 12, slik at denne kan vera eit alternativ dersom du ikkje får tak i ein 12. Og som nemnt: Du kan kopla til platespelar, det er ikkje sjølvsagt på ein moderne forsterkar. Og ikkje berre det: Fono-steget (platespelarinngangen) er skjematisk sett identisk med det som sit i 2060. Eg har prøvd ut det som sit i 2060, og det synte seg å vera svært, svært godt, betre enn alt eg hadde å samanlikne med, som i tillegg er av nyare dato. Kan hende ikkje rart, dette var i platespelaren sin gullalder, CD-spelaren kom i 1983!  Også line-steget ser ut til å vera heilt likt, det er altså stort sett effektforsterkardelen som skil Huldra 12/TR 2030 frå dei større modellane 2045, 2060 og 2080. Det tyder at om du oppgraderar effektforsterkardelen på Huldra 12, med t.d. større ladelyttar, kan det vera mogeleg å minska avstanden. Det er sikkert mogeleg å gjera andre forbetringar også, men det finst truleg ei grense for kor langt det er mogeleg eller lønsamt å gå. Når det gjeld ”modifikasjonar”/forbetringar som kan og absolutt BØR gjerast, sjå reportasjane om TR 2060 og 2075 som vil koma om ikkje alt for lenge.

Konklusjon
Eg tykkjer dette er eit fantastisk flott apparat, både estetisk og teknisk, og at det er fullt ut brukande som ein hovudkomponent i eit stereoanlegg den dag i dag. Med Huldra 12 kan du ikkje berre høyra på radio med god kvalitet, du kan også kopla til platespelar med svært godt resultat (sjå over). Eg vil påstå at lyden er fullt på høgde med mykje av det som vert selt i dag. Eg kunne nemnt fleire nye forsterkarar som har fått god kritikk i mange hifi-tidsskrift, som eg ikkje ville hatt i staden. Og så har du fått radio på toppen. Det er kan henda ikkje rette apparatet for ein ”hardcore” audiofil, men for ein vanleg musikklyttar med hang til å høyra på radio.....Forbetringspotensialet er også svært stort, i høve til eit 30 år gamalt urørt eksemplar.

Lest 29421 ganger