mandag, 27 juni 2005 23:00

Hifi ute? Boston Voyager Universe 2

Skrevet av

Hifi høyrer vinterhalvåret til. Nordmenn må bruke sommaren utandørs, og då må vi unnvære godlyden vår. Eller må vi det?
Alternativt prosjekt før metrologien vil tillate grillsesongen å sleppe til: Boston utehøgtalarar Voyager Universe 2.

 


Av Arve Åheim 28.06.05

 

”Sommaren er komen og graset er grønt,
løvetannen blomstrar og livet er skjønt.
Eg klarar ikkje å sitja i ro,
No må vi spela diggeliggelo”
(Teddy Nelson)

Kanskje vi hififolk burde ha fri om sommaren frå dette alvorlege hobbyperspektivet vårt om godlyd, og i staden vere riktig sommaryre. Reise på festival og høyre livemusikk. Eller bruke kroppen til fysiske aktivitetar. Kanskje sitte i hagen og slappe av. Men så var det dette med musikken, då. Gode radioprogram. Kanskje sette på ein CD. Diverre har desse hankestereoanlegga gjennomgåande trist lydkvalitet. Er ein riktig så negativ, kan ein hevde at det er vanskeleg å høyre skilnad på vermeldinga og ønskekonserten. Det er rart med det, har du fyrst vorte van med godlyd, er det ille med murrande minimembranar i motvind. Øyretelefonar, javisst, men det er så usosialt. Korleis skal ein få skikkeleg utelyd? 

No er utemusikk utan øyretelefonar gjennomførbart. Fleire produsentar tilbyr høgtalarar som er tilpassa utebruk. Ein god tanke, iallfall for meg som ikkje har særleg lyst til å flytte mine kostbare referansehøgtalarar ut og eksponere dei for ver og vind. Då heller kjøpe nokre som produsentane hevdar skal tåle alt slags ver.

Boston-uteliv
Eg fekk låne meg eit sett med Boston sine nest største utehøgtalarar. Desse skal tåle endåtil sjøsprøyt. Og her ved Stadt har eg det beste testområde for slike påstandar. Utsida av huset mitt er ikkje det mest verharde rundtomkring, men når det er storm frå vest, dekkjast alle vindauge av saltbelegg. Og regndrevet står ganske tøft på, både sommar og vinter. Boston er ein høgtalarprodusent som har vore til stades i landet i mange år. Ikkje dei mest prangande tinga, men med godt ord på seg mellom kjennarar, og rimeleg nøkterne når dei kjem med påstandar, eit opplagt val for den som leitar etter god lyd, fornuftig pris, og tøffe, vasstette høgtalarkonstruksjonar

Desse høgtalarane har vore oppmonterte eitt år. Fyrst vart dei innspelte nokre dagar våren 2004. Deretter har leidningane vore fjerna fram til juni 2005, med unntak av to forsøk i mellomtida for å sjekke at alt var i orden. I mellomtida har vi hatt mykje dårleg ver, og eg tviler på at du vil ha høgtalarar permanent oppmonterte utandørs om du bur særleg meir verhardt enn meg.

 

Monteringa:
Høgtalarar som dette er utstyrte med bøyle for opphenging på vegg. Solid og stabil, men vridbar berre i eitt plan. Ettersom uteakustikk er ei langt verre effektmessig utfordring enn mine naturlege lytterom, var det fornuftig å plassere høgtalarane slik at dei hadde vegg bak seg, og dermed fekk hjelp til å spele høgre. Eg plasserte dei høgt oppe på veggen, under takrafta, slik at dei var lett skjerma mot det verste regnet, og slik at eg fekk ekstra ”baffeleffekt” av rafta. Dei medfylgjande bøylane vart sikta inn i ei vassrett plassering, slik at høgtalarane kunne svingast opp- og nedover. Såleis kunne eg ikkje vinkle høgtalarane innover mot lytteposisjon, sidan opphenget ikkje gav rom for slikt.

Vinklinga nedover lot eg peike mot eit punkt knapt fire meter frå høgtalarane, som då hang 2,5 meter over bakken. Ikkje heilt audiofilt, men ute av rekkevidde for ungar og andre varmblodige skapningar (litt insekt og spindelvev måtte likevel fjernast frå dei før andre lytteperiode tok til). Etter prøvelytting fann eg at diskantelementa spreidde lyden ganske greitt når eg kom nokre meter i frå veggen, men om eg sat i sofaen under, vart lyden ikkje så bra. Hifi-aspirasjonsnivået måtte altså stettast i stolen som stod eit stykke unna.

Forsterkeriet varierte, men var alltid av god kvalitet. Eg har brukt både Monrio Asty, McIntosh MA 6500, og til sist Creek, slik at eg ikkje hadde avgrensingar på dette. Ein del lytting skjedde også med ein eldre integrert Luxmanforsterkar, men denne matcha lyden relativt dårleg, det vart litt for tynt og kaldt.

Kablinga var nok betre enn det slike høgtalarar blir påspandert til vanleg, både Synergistic Reserach og mine gamle Monster Powerline 2. Og eg heldt elektronikken innandørs, då ingen av produsentane hadde ambisjonar om å lage allversversjonar av sine forfina forsterkarar.

 

Lyden
Desse høgtalarane konkurrerer nok i liten grad med dyre innehøgtalarar, dei vert nok heller eit alternativ til hankestereo, eller til rølpeanlegg a la russegardenparty. Og i ein slik samanlikning kjem Boston utehøgtalar ekstremt godt ut. Her går an å ha eit brukbart lydbilde. Klangmessig får ein utandørs utfordringar. Rommet er no uendeleg stort, og det er lite refleksjonar å hjelpe seg med. Sjølv om desse høgtalarane ikkje er spesielt lettdrivne, greidde dei å flytte så mykje luft at bassen var overtydande. Ikkje slik at dei kunne måle seg med inneanlegget, då måtte dei hatt ein subwoofer (Boston har faktisk ein utandørssub, men med tanke på nabolaget var det kanskje greitt at eg ikkje hadde fått ein slik tilsendt). Bass ute er problematisk, noko mang ein elbassist har fått oppleve på utandørskonsert når bassanlegget har vorte sprengt. Når du er utandørs, treng du som tommelfingerregel 3 gonger same effekt for å kunne halde same lydnivå som du gjer innandørs.
Men dei andre sidene av lyden var ganske greie. Vi hadde godt volum, og perspektivet var ganske greitt til å vere frå høgtalarar som hang på ein vegg. Diskanten var rimeleg godt oppløyst, men kunne ikkje samanliknast med det du får i eit referanseanlegg innandørs, noko som heller ikkje kan vere vitsen med slike høgtalarar. Dei er tenkte til mindre kritisk lytting, men likevel med slik lydkvalitet at du kan ha gode musikkopplevingar. Og som du ser av fotoet med jentene, det var svært populært å kunne danse og kose seg med musikk ute på ein skikkeleg måte. Eg vil tru du treng eit minimum på 50 Watt for å få passande festlyd, men ver då klar over at lyden går ganske langt utandørs, spesielt om kvelden. Å gje "nabovarsel" er nok ganske lurt.
Det kan også dukke opp mykje merkelege opplevingar. Mellom anna varierer lydeigenskapane med uvanlege faktorar som t.d. temperatur og årstider. Lyden er heilt annleis på kvelden enn midt på dagen, og om vinteren samanlikna med midt på sommaren. Artig, men til tider frusterande. Uansett lite å gjere noko med. Men tenk på kor langt lyden kan nå i seine kveldstimar, sjølv om lydnivået er relativt forsiktig.

Konklusjon:
Det har mykje for seg å lage eit uteanlegg. Særleg om du har to kanar ekstra på multimediaforsterkaren din, men du kan også bruke eigen forsterkar (som ikkje treng vere av allverdas kvalitet, berre du har passeleg med wattstyrke).
Dimensjoner med tanke på nabolaget. Og kos deg når du lukar i hagen, vaskar bilen eller plukkar bær. Klippar du plenen, bør du derimot bruke noko som ikkje bråkar.

Teknisk informasjon:

Frekvensområde +/- 3dB:    70-20 000 Hz
Passar til forsterkar på:       15 - 125 W
Impedanse:                       8 Ohm
SPL 1w/m:                        89 dB
Mål:                                 28x21x18 cm
Vekt:                                3,6 kg

Importør: www.ncms.no

Pris: 2600 kr

Lest 4915 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler

Mer i denne kategorien « InnerSound Eros Gale 3040 »